Eg kan tre eit kjede med utrop, som hujaaaaaa, himmel og heeeeeerleg……
Her eg sit. Endeleg sit eg her i fanget til min grøne stol. Eg er kjempeglad og overlukkeleg. For eg er i gjennom. Eg har utført. No kan eg vifte med tærne og sprute vatn på bilane som køyrer forbi. Om eg vil.
Eg har ferie. Eller eg har så godt som omtrentleg ferie. For eg må bruka enno ein dag……eller litt av ein dag før eg er heilt i mål.
Men i kveld kan eg klappa meg på skuldra. Eg har stått i en serie av tidlege morgonar og å utføre. Noko har vore i privat regi. I går var eg i Trondheim. Om knappe to veker skal eg i bryllaup. I går sto klede på programmet. Eg fann meg fort ein kjole. Veit kva eg likar og kva eg ikkje likar. Men da eg skulle finna meg sko orka eg ikkje meir. Starta å kaldsveitta og bli skikkeleg elendig. Trur eg er allergisk for butikkar.
Mellomste søster berga meg og oss. Med mat og hus nede ved sjøen. Vi hadde det riktig triveleg, hadde det eine latterutbrote etter det andre. Eg var så sliten at eg snakka frykteleg skeivt.
Yngste vart att hos mellomste og så køyrde vi heim.
Til dagen i dag. Der eg vakna først klokka fire, så før fem og da klokka var litt over seks ga eg opp. Eg sto opp og kom meg i gong. Med å bæra og frakte og styre. Alt gjekk bra. Det kom folk, folk opplevde det positivt, så det vart ei solskinshistorie i det lette regnet. Det å setje seg inn i bilen etter utført dåd var berre så herleg. Og siste etappe, etter kontoret……da crusa eg gjennom regnet, med musikk og sol i mitt indre. Og inne i hovudet song det; eg har ferie, eg har ferie.
Kva eg skal gjera?
Neeii, det er ikkje så viktig – eg skal berre gjera det eg vil. Eller mest det eg vil. Og eg skal hengje skuldrene akkurat der dei skal henge. For eg skal skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg kosa meg.
Å så deilig! Nyyyyt ferien <3
Gratulerer med ferie 😀 He-he.. og så deilig du fant deg kjole da 🙂
For en herlig beskrivelse! Gratulerer med (nesten) ferie! :D:D:D
Ja, gjør det kos deg skikkelig!
Ikke stå opp før 12…:)
Den genseren på bildet såg så flott ut.
Hjartans tillukka med di nye lukkekjensle, måtte den vare ferien ut, og det gjer den sikkert.
så deilig med ferie og så utrolig godt att du har det bra ) herlige bilder har du også ,og du jeg er alene hjemme denne uken på dagtid om bilen din skulle finne på å rulle innom hi hi ,og når min mann er hjemme på kvelden så synes han det er bare koselig med ,litt selskap i heimen han også
Kos deg og nyyt ferien din 🙂
Margrethe Hjertaas: Takk <3
frodith: Takk. Bra start at kjolen er på plass :).
karidansen: Takk, må litt i morgen.. men så to uker fri :).
maiken: Ha, ha, jeg sov faktisk til 12 i dag :D.
Ja, hun som har den på liker godt handarbeid.
Oldemorbloggen: Takk, kanskje ikkje like sterkt etter som ein blir vant til det :).
fruensvilje: Det har vært skikkelig koselig, men i denne omgang må jeg bare ta dag for dag. Hvor går bobil turen i år?
baremegoglivet: Tusen takk :).
første reise med bobilen blir til Melhus,vi må besøke elsdte sønn og familie
fruensvilje: Det er klart :)-