Livstilsendring

Det har starta. For tre veker og tre dagar sidan starta den.

 

Eg har vore sliten, sliten og sliten i mange år. Dette ville ingen ende ta. Inn i mellom har eg forsøkt å trena, forsøkt å leggje om kosthald og gått ned opp til femten kilo. Men eg har ikkje fått det til, eg har hamna attende til det utgangspunktet eg opparbeidde for mange år sidan. På eitt år klarte eg å plussa på førti kilo ekstra på mi eiga vekt.

 

Det har vore mykje som la seg i sekken min, men vekta er nok ein viktig årsak til at eg føler meg sliten. Eg vart til slutt sjukemeldt i mange prosent og klarte etter ei stund og redusere den med tjue. Da var det stopp. Inn i mellom opplevdes det også for mykje, for lite skulle til for eg mista oversikta.

 

Til slutt fekk eg tilbod om rehabilitering. I tre veker og tre dagar har eg vore her. Fokuset har vore delt i fire; arbeid, kosthald, trening og tankar.

 

Kosthaldet er mykje grønt, lite feitt og hyppig. Vi et fire måltid om dagen og skal helst rekka mellommåltid. I starten følte vi at vi åt og åt og åt. Da eg vog meg etter tre veker hadde vekta redusertes 5,4 kilo.

 

I tillegg har vi treninga, som eg datt delvis ut av på grunn av kne og gnagsår. Men pulsen har vore auka kraftig opp til mange gong. Vi har treningsrom, spinning syklar, basseng og naturen. Det er gymsal med klatrevegg. Så tilbodet er mangfaldig.

 

I tillegg har det vore fokusert på tankar og korleis mønstra i tankane kan dra oss ned og bort frå målet.

 

Vi er komen til enden. Til evaluering og til framtida. Eg har ei føling med at eg har teke sertifikatet på nytt. No skal vi ta over ansvaret for bilen sjølv. Ein av mine første planar er å lage meg ei plan. Ei timeplan. Og eg har teke av søndagskvelden til å sette den opp. For no er eg straks i gong på eiga hand. Med livstilsendringa mi.

 

Nest siste dagen

 Så er vekene gått og eg sit her. Snart klar for framtida.

 

Vi er komne til endes. I morgon er siste dagen på Muritunet Det vil seie at eigentleg er den på måndagen. Den dagen er det likevel berre utskriving. Så heile gruppa reiser i morgon. Og eg er på tur på laurdag.

 

I morgonkveld skal eg gje meg tid til å tenkje “kva no?”, i dag er eg her enno. På same nivå som eg ikkje tenkte så mykje på korleis opphalde vart før eg kom hit, like lite tenkjer eg på tida etterpå med anna enn spenning. For eg veit ikkje. Men drivet i meg vil eg seia er sterkt.

 

For meg har det vorte ein del avgrensingar på det eg syntes var det viktigaste, det med trening. I går fekk eg likevel med meg ein tur til Muldalsfossen. Eg kom meg opp. Og eg kom meg ned. Da var beina skjelvande og hadde problem med å gå flatt.

 

Fotoapparatet var med på turen, så her kjem ein ny biletkavalkade.


Muldal

Enn å bo slik på kanten av ein hammar?


Utsikt


To gardar hadde livgrunnlaget sitt her.

Eg kom meg opp som sistemann…….eller -dame.


Bratt er det både opp og ned.


Her ser du vegane som går i sikk og sakk. Trur det var tretten svingar.


Langt der nede er vegen og ein tunnel.




Oppe over hammaren ser du Muldalsfossen vi var oppom.

 

Men det var ei god økt beveging både for kropp og sansar.

 

Med sko i høgda

I dag var det lenge nok. Eg tok dei fram og tok dei på.

 

Etter ei veke i berre sandalar fekk eg gjera eit forsøk på noko anna. Først gjekk dagen tett med alle matmåltid. Under middagen ytra eg tankane om å ta på meg sko. Nokon hadde tenkt Zakariasdammen oppom Tafjorden.

Slik vart det. Eg tok på meg turklede og fjellsko.

 

På tur innover smale, svingete veger tok eg ingen bilete……….men naturen fortsett med si fantastiske framsyning, elver på stupbratt tur ned i sjøen.

Fargane, frukttrea og hus på berghyller oppe i fjellet.

 

Opp frå Tafjorden var det bratt med tunnelar og vegar som svinga seg rundt seg sjølv.

 

Og så var vi der.

Eg bruker ikkje meir ord, men legg ut nokre av bileta.

Utslått

 

Nokre gamle minne kom deisande i går. Eg tru dei slo meg ut……

 

Yngste er heime i pinsa. Ho hadde rydda på romme sitt, og etterpå gått inn på ei bu for å sjå etter klatreutstyret sitt frå før vi flytt hit vi no bur. Ho fann ut at ho hadde vokse langt bort frå den storleiken ho hadde da ho klatra. Men ho fann også meir. Ho fann nokre ljosbilete og ein genser.

 

Genseren strikka eg i fargerik bomull. Den gjorde seg mot sommarbrun hud i siste halvdel av det frie åttitalet mitt. Mi yngste sendte meg eit bilete av seg med genseren på.


Eg var på segletur i den genseren. Like etter eg hadde møtt igjen faren til barna, eg møtte han to gong i livet…..to periodar. Eg var i Trondheim og feira at han fylte 30 år. Etter det fløyg eg til Bergen og var med på å segle der i frå til Egersund. Eg tok ut tre filmar med bilete, den største varianten med ca. 30 bilete pr. rull. Og eg var redd for om båten gjekk i rundt at eg skulle mista alle desse bileta av hav og himmel og skyer. Vi kom fram etter ei veke, og da var både ho som bad meg med og eg lei av skipperen.

 

Dei andre bileta var frå ein fotoseanse i eit atelier på Smestad. Eg var 20 år og nettopp flytta til Oslo.


Vi skulle ta bilete av klede vi hadde laga. Eg hadde med meg undertøyliknande klede. Vi hadde vore på Folkemuseet på Bygdøy og teikna. Eg var så fasinert av detaljane på undertøyet, noko eg forsett er. Detaljar på undertøy frå gamle dagar.


Så eg tok med meg ein av dei første, kanskje første, syoppgåva vi hadde. Inspirasjonen min frå undertøyet på Folkemuseet.


Eg tok og med meg ei skinnbukse eg hadde sauma. Eg prøvde å leika tøff.


Men det er kanskje akkurat det som har slått meg så ut. Det sårbare som ligg over meg. Eg var frykteleg sårbar. Det er mest som røtene av den rekk meg heilt hit, 36 år seinare. Etter eg fekk sendt hit desse gamle bileta har eg følt meg usikker og sårbar.

 

Eg trur berre eg skal gå og trena eg.

 

No.

 

Det har vore for mange dagar i passivitet. Og  til inne treninga treng eg ikkje sko, berre musikk på øyra medan eg får opp pulsen på elipsemaskina.

For denne sårbarheita er ikkje nokon blivande stad….

 

 

Pinseaftan

Veret på pinseaftan  seier noko om veret til sommaren har eg høyrdt. Men eg hugsar ikkje korleis dette var….

 

Her bles det. I natt regna det så eg spekulerte på om det var syndefloda som var i gong att. Og så er det surkaldt. Til frukost viste gradestokken 4 grader.

 

Og her kjem fleire talopplysningar. Har lært at CRP’n skal være ca. 8. No synest eg at sjukdomsting er nokså kjedeleg – men altså dette er eit mål i blodet når alt er tilnærma normalt. Min var her om dagen 18, det er fortsatt ikkje noko å bekymra seg for, dagen etter var den hoppa opp i rundt 70 …… det var da penicillin kom fram. Dagen etter var det nede på 62……..og i dag 33. Så her er eg på tur attende til normalen……i allefall slik blod- og betennelse mål. Resten kan eg ikkje gå god for J. Og i dag har krykkene fått fri.
 

Men attende til pinsa……..ei kald pinseaftan spår enten om ein kald- eller ein varm sommar. Eg satsar på at det var det siste. Uansett kan det ha snudd seg til slik no. Absolutt.

 

Eg har støvsuga og smårydda. Kanskje eg skal ta inn nokre heggkvistar eller noko slikt blomstrande med lukt…….

 

Eg har snakka med yngste på FaceTime. Det var morsamt. Så no har eg vore heime ein tur, sett dyra og sett det hadde vorte grønare der også i uteverda.

 

Elles har eg monter saman ein genser.

ENDELEG!!!!

Og i ettermiddag, eller i kveld skal eg ta fram eit strikketøy har eg tenkt……til GrandPrix. Kanskje eg kan lese litt meir i boka mi også…….i kveld på senga.

 

Så berre foten tåler meir trykk no skal siste veke BRUKAST så til dei grader.

 

Og akkurat no flimrar solstrålar glitrande gjennom lauvverk utanfor vindauga.

 

Det er pinsaftan og vi skal få servert brennsnut til middag. Har eg ikkje hatt to tanter frå sunnmøre har eg ikkje hatt peiling kva det var, men det er kjøttsupe. I dag presterte eg å seia “er det så longt”, så no er det nok på tide eg kjem meg heim snart. For eg seier  “langt”  og ikkje “longt”.

 

Eg er ikkje så pakka ned i den slitne følelsen, eg har ikkje så vondt verken i kne eller i gnagsår. Så eigentleg er alt skikkeleg på rett veg. Skikkeleg, skikkeleg på rett veg.

 

God pinse.

 

Over halve

 

Så er halve tida gått. Over det. Tredje veka er i gong av dei fire.

 

Valldal presenterte ein grå dag i dag. Litt kaldt, og eg skulle gjerne unngått sandalane. “Du ser så sommarleg ut” sa sjukepleier eg var framom her om dagen.

 

Det er tid for føter. Før eg kom hit starta hunden og halta, katta halta og eg fekk eit kne som fekk meg til å halte. Mest som ei smitteeffekt heile greia. Så kom eg hit og eg fekk vekk haltinga på knefoten. Da fekk eg ein gnagsårfot, så haltinga vart forflytta til den andre foten. Men så grodde gnagåret og alt var på rett veg.

Trudde eg.

 

Ei natt vakna eg mange gong av stikkande og brennande smerte på gnagsårfoten. Det viste seg det hadde kome ei stor blemme ved sidan av der gnagsåret var. Og sko er ikkje til å bruka. Eg måtte fram med krykkjene igjen og i dag var det berre å gå i gong med antibiotika. Så ikkje heilt etter plana.

 

Men tenkjer det eigentlege arbeidet startar når eg kjem heim.

 

I tillegg har eg levert bil og fekk telefon i dag om at det var myke meir arbeid enn det eg hadde fått pris på. For så nokre timar etter at dei hadde funne ut noko og at det den var innlevert for ikkje var naudsynt. I tillegg var prisen ned på ein fjerdedel. Så her er det overraskingar alle vegar.

 

I kveld droppar eg kveldsmaten, og finn senga. Trur berre eg velje å sove meg betre.

 

………er vi så glad i

 

Gratulerer med ein dag som snart er gått. Vonar den har vore fin for alle. Nasjonaldagen. Eg har kosa meg.

 

I dag har eg feira 17. mai så godt som for meg sjølv. Eg veit i grunn ikkje om eg har gjort det før. Og i alle fall har eg hatt med meg eitt – eller alle tre barna dei siste 23 år. Så kva anna passa enn og ta ein selfie…..held eg på å gå i barndomen utan barn i rundt meg tru…..dette har eg alltid heldt meg langt unna -.

 


Eg er ikkje ein gong glad i å ta bilete av meg sjølv, får nervøse rykkingar under nasen, på høgre side. Men shitt, det er 17. mai og noko må ein finna på når kjolen klistrar seg inn til beina som ein kjynnau unge. Eg måtte finne fram ein underkjole…….og da var eg pynta og klar for dagen.

 

Ute var det slik 17.-mai-stille før det starta. Regnet som var lova hadde måtte gjeve frå seg plassen til sola. Kan det verta betre?


Inne var det og pynta enkelt og effektfullt for dagen.

Og så kom toget. Det kom med flagga og musikken og alle bunadane. Det var utrulig mange bunadar å sjå. Trur ikkje eg har sett eit tog med så mange bunadar. Sunnmørsbunadar.




Det musiserte forbi, gjorde ein sving -. Og så kom dei attende.

Da dei kom framom inngangen til Muritunet stoppa dei opp. Så snudde dei seg mot oss, og ein dirigent var plutseleg på plass. Dirigenten heva hendene opp mot dei kvite fjella, og så stemte dei i med nasjonalsongen.


Eg kjende tårene ville koma, men så bestemte eg meg for at når eg sto her blant alt det vakre med så mykje godt i vente, var livet for stort, og eg ville berre nyte og ikkje sloss med tårer. Så det gjekk. Men etterpå fekk eg høyra at dei var mange med dei same kjenslene. Tårane-.

 

Så var dei ferdige, og toget var i gong igjen og forsvann innover mot Sylte. 

Etter lunsjen og ein pause, skifta eg om til treningsklede. Flagga vaia bortover vegane.

 

Men ikkje alt var pynta til fest. Dette området fasinerer meg. Det er så stygt at det mest vert vakkert.

 

 Så var eg ved elva. 


Det blomar og lukta ligg tjukk i lufta, hegg, spirea og hyll.


Løvetanna sprutar opp. 


Eg tenkjer løvetannlikør.

 

Grana spirer, og desse ljosgrøne skota kan brukast både som te og mange andre ting.

Vegen i dag gjekk opp til fossen. Og det var rart kor mykje mindre bratt denne turen var i dag. Utsikta er så flott.

Under: Oppover Valldalen.

 


Eg rakk akkurat middagen da eg kom ned. Vi fekk servert marsipankake som dessert. Eg tok eit lite stykke. Det var søtt. Det var forskrekkeleg søtt. Det var berre å hella etter med kaffi.

Det vart for søtt.

 

Fekk besøk på soverommet

Eg vakna med ein touch energi. For i dag hadde eg lyst til fleire ting. Ohoiiii…….

 

Butikk, tur, trening inne……ja, så og rydding i hytta..og vasking av klede. Skjønar..??

 

Etter frukosten skulle eg skriva to brev som eg skulle senda. Det føltes surt og kaldt ute, så eg kledde på meg. Eg skulle kjøpe meg 17. mai sløyfe, blåbær, te og litt nøtter for å kosa meg med i kveld.

Før eg reiste hit til Valldal var eg ein dag oppe på setra, for mellomste hadde så lyst og ta seg ein tur dit medan eg var borte. Men ikkje hang nøkkelen på kroken sin, ikkje låg den i nøkkel skuffa. Ikkje fann eg den i korga eller kleda eg meinte å bruka sist eg var der.

Da eg pakka ut etter eg kom hit kjende eg noko i lomma til ei turbukse. Og JA……der var nøklane, så no skulle eg i veg å sende dei.

 

Da eg var i butikken og hadde funne fram det eg skulle ha, oppdaga eg at eg ikkje hadde teke med meg korthaldaren. Og JA……..eg vertoppgjeve av meg sjølv. Men det positive var at eg fekk ein tur med rask gange attende, fekk skifta til ein meir pustande utapåjakke. Kom meg til butikken og fikk handla og gjort det eg skulle.

 

Før eg gjekk skulle eg skifta på senga. Da eg kjem inn på soverommet labbar ein stor dorsk skapning mot meg. Den var så dorsk at eg henta apparatet før den måtte ut. Slikt besøk var ikkje velkommen. -Sjølv om han mangebeinte virka både hårete og barsk vart han vippa ut.

Ellers regnar det no, så den tenkte skogsturen er skrinlagt. Men det skal bli eit besøk på treningsrommet for full musikk om litt.

Ein raud torsdag

 

I dag var ein av helgedagane i mai. Ein raud og fri dag med støle musklar.

 

Her går tida fort, som det skulle være ei overrasking. Dagane er aktive. Dei siste dagane har føtene mine vore tømmerstokkar. Tunge som bly.

Vi går turar, trenar og held på. I går hadde eg ei krevjande oppleving og ei fantastisk god ei. Den krevjande var ein opp-opp tur. Nokon på gruppa spekulera på om det var den same dama som dei gjekk med dagen før, for da hadde eg både fart og kreftene til å kommunisera i bratta. Men eg mista mest pusten på tur opp til setra.

Vi var opp på ei seter som heite ….(og det namnet har eg ikke her no :)). Det som overraska meg var gardane som låg utanfor synsvidda når vi er nede i sentrum. Fordi det er så bratt at dei kjem vekk.


Seinare fekk eg være med på handtrening. Det var utruleg god. Tenk å stikka hendene ned i varm voks slik at dei vart gode og varme. Ta av voksen og trena hender…

 

I dag hadde vi og ein fin tur opp og forbi Olavsstøtta. Opp til støtta var det svært bratt, men etterpå var det vakkert og flatt å gå innover. Vi gjekk i to timar.

 

Seinare var eg med på ein busstur inn til Gudbrandsjuvet. Og igjen var eg imponert av vakker natur. Eg tok bilete frå alle vinklar og legg her nokre ut:








Og så til slutt på tur attende var vi innom Jordbærstova, og eg hoppa over kaka og tok berre ein kopp kaffi. Men skeia ut med røykelaks vel attende.


 

Orsak

 

Tid, tid og atter tid. Kor blir den av? Flaksar den av garde som ei forvilla kråke…….?

 

Eg trudde når eg hadde all tid til eige bruk, da…… Men her er det ikkje slik, akkurat gått inn i mi andre veke på Muritunet. Ferdig med første veka, og den gjekk og fort.

 

Men til saka………eg vil lesa og kommentera bloggane eg brukar. Og eg veit, eg har vore heilt elendig den siste tida, til å lesa og kommentera. Eg har rota meg inn i lange bildeforteljingar……også var både kapasitet og tid bruka opp.

 

Eg kjem attende, og eg les og nokre gong så………nei, det blir for lang forklaring.

 

Men er klar over det er mitt tap at eg ikkje rekk det. Men eg har ikkje gløymt dykk sjølv om eg prøver å springa av meg nokre kilo medan eg speidar etter overskote. Og det kjem sjø…..

 

Hadde behov for å seia dette, for eg vil men akkurat no får eg det ikkje til.