Det snublande tilvære

 

Kva er det eg gjær så frykteleg feil, tenkjer eg. For noko må det være når alt skal snuble slik.

 

Det gjorde han politimannen i dag også. Han gikk forbi bilen søster mi og eg satt i, og han ser inn…….ser riktig lenge inn i bilen. Plutselig fyk han framover, tvikrokete, og beina går som trommestikker under han. Det var det siste eg såg før han forsvann utanfor synsvidda. Men eg har ledd mykje i dag av det synet.

 

Dagen starta fri med sol på.

Herleg!

I dag kom også denne fuglen som flaug frå vindauge til vindauge. Pikka på ruta og flaug opp og ned framom vindauget.

Leita han etter make skal tru?

Vart han så forheksa av seg sjølv at han sette livet sitt i fare?

På bakken oppheld det seg katter, dei kan gjere slutt på livet til ein forelska stakkar frykteleg fort. Dette har skjedd fleire dagar no. Denne pikkinga og flaksinga. 

Kanskje er det fleire, eller kanskje er det berre denne eine…..?

 

video:img7484

 (1. videosnutt-innlegg med ein forelska ein)

 

Dette var før fridagen min hadde kome i gong. Medan frukosten vart fortært. Eg fann ut at byturen fekk vente, reiste eg tidleg nok på måndag rakk eg turen inn til byen da. Men eg kunne sjå kva dei hadde på sentrum her av treningsklede først til dei fire vekene min vart tanken.

Det var berre det at den foten med eit kne ca. midt på ikkje hadde vorte betre, heller verre. Derfor måtte eg sende ei melding til legekontoret. Fekk time kvart over elleve, og kvart på var eg klar.

Eg kunne dra innom bilverkstaden for å tinga tid for skifte av hjula i samme slengen tenkte eg. Sommerdekka måtte på.

Men kvar var hjula……?????

Dei sto ikkje der eg trudde. Da er det ein bitte liten tanke startar å spire….. Var det ikkje slik at dei vart kasta fordi dei var såpass utslite i haust……..?

Og det var nok slik. Eg kunne rive meg i håret og alt slikt, men det vil ikkje hjelpe. Eg må finna ei løysing, og aller først bruke tid på å fortvila litt.

 

Eg dumpa inn i bilen og vrei rund nøkkelen – utan reaksjon!!!!!

Og eg som skulle væra ferdig med dei sju magre no, det var dei sju gode som skulle starta dette året……. Eg sat i allfall inne i ein heilt daud bil.

 

Eg bikkar meg attende til huset og bankar på hos veslesøster.

Ingen reaksjon.

Opnar døra og hunden hennar kjem meg i møte. Så ropar eg namnet hennar.

Ingen respons.

Ropar fleire gong. Eg høyrer noko romstering som eg trur kjem frå soverommet. Kanskje ho kavar etter krykkjene sine tenkjer eg, kanskje har ho smerter slik at ho vil væra i fred. Så etter og ha stått der ei stund bikkar eg meg attende. Prøver ein gong til for å fastslå at bilen er like livlaus. Eg får ringa legekontoret og fortelja om ståa, men kjem på eg skal prøva å ringa søstera mi først.

 

Ho tek telefonen, ho kan køyra, eg ringer legekontoret for å høyra om det går bra om vi kjem for seint……..i det heile. Eg kjem meg til legen.

 

Der blir eg klemt og kjent på, og det blir teke ultralyd. Og jau da, der inne er det vatn i stor mengde. Enden på heile er at eg blir sendt til røntgen, for legen er ikkje sikker på om det er så lurt med rehabilitering no.

Blææææææ!!!!!!

 

Så eg er lei og kjei og oppgjeve og oppgjeve, og sa eg at eg er OPPGJEVE!

Eg har lyst til å grina, men eigentleg blir det også tragikomisk når det ballar seg på slik. Likevel lurer nokre frustrerte tårar.

 

Så det vart bytur på meg i dag likevel. Vi anløp foreldra våre, for søster mi var ikkje kledd og ho heldt på å verta sjuk etter ei stund, ho slit med daglege smerte pga. av MS’n sin. Mor og far hadde koka kaffi og smurt nistepakke åt oss, mor hadde funne fram betre egna klede for henne.

Den halte hjelper den blinde………her var vi ein meir eller mindre redusert gjeng, men alle bidrog med sitt. Og eg fekk gjort det eg skulle.

 

På torsdag er det ny legetime og studering av bilde av kne. Reknar med det er slitasje gikta som har funne kneet. Eg håper eg kjem meg i veg. Eg var innom Stormberg i Kristiansund, og dei var så snille å henga til side ein del klede som eg kan koma innom på måndag å prøva, om turen går sørover til Valldal.  

 

Og dette er nok så kjedeleg å lesa om – men kva anna kan eg gjera enn å skriva det av meg?

 

Vi møtte mi yngste, og vi åt middag saman alle tre. Yngste og eg vart einig om at tre veker er for lang tid enno til å væra frå kvarandre. Da vi drog var augo hennar like banke som da eg kom. Ikkje berre, berre å vera 18 år og skal bera eit vakse liv på skuldrene. Enno er det trong til å væra lita.

 

No står bilen og ladar, for det plukka far fram da vi var framom på tilbaketuren. Og eg fekk ljos i bilen, så eg klarte og sette minus og pluss rett. Da kan dagen fortsetja som den skal i morgon. Så da gjenstår løysinga på korleis eg skal greie å kjøpe hjul………….men eg finn nok den også.

 

I morgon startar dei sju gode åra, det var ikkje på overgongen til eit nytt år det skulle skje. At eg ikkje skjøna det………..

 

Ei veke att

 

Eg sit her og dinglar. Overtrøtt, overmett…..ja, det meste på over……

 

Denne dagen var eit mareritt før eg vakna. Den roa seg ned til ein travel dag i solskinet. Eg vakna fire, fem, seks  og da klokka var halv sju sto eg opp og trilla søpla med til vegen. Det var tømming.

 

Eg starta roleg, tok meg tid til kaffi og frukost. Men så ramla dagen i veg, i over elleve timar heldt eg det gåande. Og eg veit det er galskap. Eg blir sint på meg sjølv, det er akkurat slik strekking eg ikkje skal!

 

Men det er berre ei veke att. Om ei veke er eg framme. Framme ved det eg legg håpet mitt i no.

Muritunet!!

 

Først skal eg berga verda, ta månen ned og henge den opp igjen. Eg skal ta ein piruett, eg skal eta meg mett og alt skal gå rett. Rett.

Og rett. Tenk om det går galt. Tenk om eg gløymer noko.

 

Og om natta er kaoset i fullstendig.

 

No har eg likevel lagt denne dagen attom meg, og eg trur eg kom meg rimeleg heilskinna frå den. Eg har ein tamper dag igjen, der eg må blåhalda på husken.  Slik at ingen tankar dett ned.

 

Og så er det alt det private. Klede…..eg må ha meir enn eit treningsantrekk  når eg skal leve eit bevegeleg liv ein månad borte. Når eg skal rehabiliterast for å bli ung, lett og sprek med energien til ein rakett.

– Skal eg ta den byturen i morgon, for det er den einaste dagen?

 

Men så er det kneet, eg har oppdaga eg har eit kne. Eit kne som ikkje kan bøyast. Heilt bortkasta spør du meg. Kven har bruk for noko slikt? Så skal eg oppsøkje……….NEI, eg orkar ikkje lege!!!

 

Så er det bilen som trillar rundt med piggane ut……riktig nok omtrentleg heilt slitt ned. Men eg trur ikkje slikt gjer seg i mai likevel. Så eg må gjera noko med det, i verste fall kan det gå om eg får time måndags morgon, før eg køyrer. Køyrer sørover, over fjell og fjord……

…….med kofferten pakka-!

 

Ai, ai, ai……. kofferten!!!! Det er fælt det. Pakke ein koffert gjev meg skjelvingar inn til mitt innste. Tru eg tok knekken på all pakkekomfort da ungane var små og vi farta mellom besteforeldre i julehøgtider og andre dagar. Og eg var alt for oppteke av stilfulle ungar, med riktig antrekk, strømpene som passa til, hårpynt og smykke. Hattar og jakker og akkurat det skjerfet. Og det høyrde hanskar til. Kor var hanskane……????



Og til slutt skulle eg pakka åt meg sjølv og eg hadde vorte tjukk og hadde ingen klede, så da var pakkinga enno vanskelegare…….om det høyrest enkelt ut.

 

Og det er akkurat her eg skal gje meg. Gje meg med min skvaldrande klagesong.

– For det går bra, det går så bra.

Og i mitt indre ser eg koffertar, kne og bilhjul fyke rundt og rundt og rundt…..

 

Derfor skal eg sjå om eg finn ein illustrasjon (som fekk bli barna frå den gong eg pakka til fire) – til dette og rett og slett posta det. Når eg først har skreve meg inn i ein ny dato slik.

 

Gjeeeesp………….eg er i alle fall trøyt!!!!!

 

Gjennom tid og rom

 

Ein kan verta sett ut av opplevingar. Meir nokre gong enn andre gong.

 

Det er laurdag og mellomste har ikkje stått opp. Radioen står på. Dei les opp nyheitene. Eg reagerer med å gå inn på rommet til henne som ikkje har stått opp.

 

Ho sit oppe i senga.

 

Veit du det?

Ja, ho veit.

 

Ho har høyrd på søstera si som denne veka hadde vore i studio i ein nærradio på direktesendingar, ei artig hending som vi har hengt med etter beste evne vi i familien. Ho sit der med datan i fanget og høyrer. Midt i sendinga får ho presentert nyheita.

 

Ho sit med ryggen bøygd og tårene trillar.

 

All verdens ulykke kjem så nære. For to år sidan på denne tida var det ho som var i Nepal med folkehøgskulen ho gjekk på. I år er den same skulen midt opp i naturkatastrofen. Heldigvis har det gått bra med alle. Med alle dei på reisa frå skulen. Ho har vore i kontakt med ei venninne som er med i år.

 

Det er nok mange tankar som går i gjennom henne. Dei ho møtte den gongen i det fattige landet. Lever dei, eller kanskje var livsgrunnlaget borte før katastrofen. Lestane som vart strikka den gongen til dei barna som trong dei, med tråden som rann gjennom fingrane, kva møter den tråden no…………

 

Det skeivfordelte livet.

 

Det fjerne blir plutseleg så nære, ei lita stund.

 

Eg las innlegget til Karidansen, ho sa det så rett fram det ein mang gong kan tenke.

 

Det er ikkje så lett, ikkje så lett.

 

For oftast er det for langt unna. Men det kjem nærare, både gjennom reising………og ikkje minst når tragedien skyler inn på strendene vi rekreer på for overfloda vår. Ein annan tragedie, ein lengre tragedie.

 

Ein kan tenkje. Alt handlar om økonomi og makt på eit eller anna vis.

 

Og kva kan ein gjera?

 

Om ikkje anna kan vel alle stille seg det spørsmålet. Det lettaste svaret er at dei kan for det sjølv, for da er vi fritatt.

 

Tårene hjelper ikkje så mykje, anna enn at dei hjelper oss sjølve.

 

Men å øva opp litt bevisstheit er kanskje ikkje skadeleg……..

 

Fredag og aprilsnø

 

Vinteren vil ikkje heilt sleppe taket. Men sommaren lurar i sprekkene.

 

Det er helg. Fredagen er straks over. Det er kaldt i min del av verden. I dag har eg sett både løvetann og snø. Både tidleg sommar og vinter.

Snøen var strødd over trea da eg køyrde over fjellet. Sidelengs var det snødd. Eg var for å hente mellomste.

 

“Eg har lyst på biff og fløtegratinerte potet” sa ho da eg spurte.

 

Så det har vi ete. Vi har kosa oss og vi finn nok straks natta begge to.

 

Og denne enkle rapporten får være nok i kveld. For eg er frykteleg oppbruka av dagen. Den var litt for lang, veka har også vore for lang.

 

I morgon skal eg svare, lese og skrive til andre sine ord.

 

No seier eg berre god natt.

 

Ein storm i våren

 

Det bles ein vårstorm utanfor huset. Eg er glad, sliten, lei og takksam. For det går an.

 

Eg kom heim etter ein alt for lang dag i dag. Både prikkete og rutete så sliten. Og så går eg inn på bloggen min. Kan tru eg vart glad for dei heilt utruleg fine kommentarane på eit full-fart-innlegg før klokka bikka midnatt i gårkveld. For det innlegget måtte inn før da, om det skulle stemme med dato. Så dette var eit riktig godt plaster på ein dag med hovudet i koma og alt for klagande kropp. Dagen vart fin i det gule ljoset stormen, som herjar utanfor veggene, laga.

Tusen takk vakre bloggarar.

 

Dei to første dagane i veka vart trøndersk. Og vi som kom frå ein utpost på nordmøre fekk godt stell. Foreldra mine drog inn våren med alle sansar da vi var på tur dit. Våren låg blå over horisontane. Sola var kledeleg sjenert, og ekrene hadde starta å grønskast. Det er no like før alt eksploderer, det mange av oss glede oss til; varmen og lettheita i den ljose årstida.

 

Foreldra mine hadde ei stortid da dei fekk omvisning i huset som søster mi og mannen har kjøpt og flytta til.

-Stort og med ei herleg plassering.

Dei riktig kosa seg med inntrykka, foreldra, utsikta og alt. Dei har ei dotter med MS, dei har meg med alle desse reduksjonane, så da er det godt dei har ei som har det materielt bra og. Eg veit, som mor, kor viktig det er at barna har det bra.

 

Men eg orka ingen butikk da vi var i den trønderske hovudstaden. No er det under to veker til eg skal veg å berre konsentrera meg om meg sjølv.

Til rehabilitering.

Det er både eitt og meir eg til treng til det opphaldet. Eg gle meg til å være der og eg kvir meg til pakking.

Men vi hadde det bra i solveggen, eg vart raud  kinna,  vi åt mykje god mat, vi fekk oss ein liten gåtur i nærområdet og vi tok verda med ro og ikkje med storm.

 

Og i kveld fyrer eg i omnen, eg er heime i min eigen heim i blåsten. For stormen kom i dag.

 

Fem år

 

Tid er noko som ein av og til godt ser omrisse av. Og kva seier det oss…??

 

På dagen i dag for fem år sidan posta eg mitt aller første blogginnlegg. Den heite iidb.blogg. Kvifor eg starta var eg nok ikkje heilt klar til å ta innover meg. Men eg hadde ein ide at denne bloggen skulle føre meg dit eg ynskte. Den varte eit par år, der eg skriv mykje om stresset mitt. Eg vel og avslutte den, men jentene mine ber om at eg ikkje sletter den. Derfor finnes den enno.

 

Etter ei lita stund startar eg opp att med ein anonym blogg som ender i fadese. Den vart sletta.

 

Så lagar eg ein ny på ei plattform som heiter webnode. Den kallar eg BforBakk, og skriv ei stund der. Deretter opprett eg denne her på blogg.no. Desse kombinerer eg i dag. Dvs. eg skriv mest her.

 

Kvifor denne stor lysta til å skrive blogg?

 

Dette var eit spørsmål eg møtte på i starten. Kvifor hadde eg så lyst til dette?

 

Skal innrømme at spørsmålet sette meg ut i starten. Hadde eg så lyst til å visest……nei, eigentelg ikkje.

 

Etter kvart fann eg svara. Dette at eg lika å skriva, ta bilete……..få bruka kreativitet var og er viktig. I tillegg starta eg ein prosess, kvar var eg og kor skulle eg. Eg har lært mykje om både andre og meg sjølv medan eg har heldt på. Den har ført til utvikling. Den har vore ein spegel.

 

Dit eg trudde eg skulle koma, dit er eg ikkje kome. Eg verken les meir eller strikker, syr, teiknar meir i dag enn for fem år sidan. I staden strekte eg så mykje at strikket sprakk, stress er ikkje lurt har eg lært. Så eg driv og skal byggje meg opp igjen fordi eg går på under halv maskin.

 

Bloggen vart ein prosess, og eg oppleve at eg er på rett veg. Vegen til overskot og leva i samsvar med seg sjølv.

 

Så vanskeleg og så enkelt

 

Synest ein at ein har for lite problem er det enkelt å laga seg nokre fleire.

 

I dag har eg utøva ein utstrakt tankeaktivitet mellom skal og skal ikkje. Slike øvingar er fryktelege synest eg. Hjernen blir så tafsete av det. Så da eg til slutt hadde bestemt meg, trur eg, gjekk eg ut i sol og vår.

 

Der blas det ein spiss vind fylt av sola og utan varme. Eg tok eit blikk på terrassen min som ber sterke vitneprov over kva fjoråret gjekk ut på. Ikkje noko vakkert skode. Plankebitar, steinull og kjøkenskuffer. Eg fann meg ein plastsekk og gjorde eit lite forsøk. Fann og fram hagesaksa og fekk unna noko bringbærkratt. Og vinden blas  vond-i-hovudet inn i mitt stakkars sundtjafsa, runde hovud der det hadde gått heilt rundt i dag.

 

Energien og evna til fysisk utfordringar treng eg ikkje skryta av. Avgjorde eg fekk væra glad for det vesle som vart gjort, da eg gjekk inn for ein kopp kaffi etter ei ikkje utprega lang stund. Medan eg lova meg å gå ut att for å plukka ein forsiktig bukett kvitsymre ……eller kanskje dei berre skal få stå…….

 

Igjen ville eg i dag prøva og finne ut av var kva eg helst ville og kva eg syntest ville væra bra i etterkant. Enn at enkle ting skal væra så vanskeleg.

 

Kva det er snakk om?

 

Jau, eit besøk for å sjå kor mellomste søster har flytta. Ho har fri og vi er bedt. Minste søster var ute og farta og sa ho var attende i morgon før ho reiste. Planane vart lagt etter ho var dratt. Så viste det seg ho ville bli lengre. Og da fekk eg problem med hunden-. Så det har handla om eg skulle reise eller ikkje. For eigentleg har det vore godt og våre i ro heime, men foreldra mine er fastlåst til huset sitt i kvardagen. Dei gledde seg til turen. Søstera mi gledde seg til vi kom. Resultatet var at det var mykje att og fram og rundt omkring. Det har vore mange løysningar oppe.

 

No ser det ut til at vi reiser og tek med oss ein ikkje reiseglad hund. Mellomste jenta mi har organisert, for ho har lyst til å møte Lucas og han er kjempebeigeistra for henne. Sist eg snakka med henne på telefonen sette eg på høgtalaren og hunden sprang bort til vindauga og pistra. Kom ho? Pistringa varte ei lang stund etter samtalen.

 

Det som gjer dette vanskeleg er at ho bor ikkje slik at ho kan ta han og søster mi har ein mann som er negativ til å få hund inn i huset. Sjølv om han ikkje er der om kvardagane. Derfor er det nok ingen god ide at hunden er der.

 

Så dette har eg bruka stor kapasitet på, og fleire med meg. Ein heilt unødvendig bruk om eg hadde sagt at eg må sjekke opp med veslesøster først og om ho kunne passa boffen. Har eg gjort det har alt dette vore unngått.

 

Så enkelt og så vanskeleg.

 

Men no må eg pakka veska.

 

Mobil og helg

Først vaknar eg klokka sju, det er for tidleg. Klokka ti vaknar eg av ei melding. Da var det på tida og opne dagen.

 

God morgon ein laurdag i april.

 

Tenk så fint, både april og laurdag. Sjølv om dagen er grå har den sukker på.

 

Eg har inga plan i dag. Eg er så glad for planfrie dagar. Glad over at ingenting skal skje. Berre slikt eg finn på. Og for å være ærleg kan det væra mykje. Men det er ingen andre som skal ha tida mi i dag.

 

Dagen starta med ein telefon frå ei venninne, ho hadde nettopp kjøpt seg leilegheit på Tøyen og var høg. Men det er så godt å snakke med nokon som er meir oppteke av å leve enn avgrensingane av alder. Ho snakka om eit ektepar ho kjende som hadde flytta til Frankrike for å starta eit senter med kunst og kultur, og dei var over pensjonsalder……..

For det er LEVA vi skal til vi døyr. Og venninna mi, som har slitt i mange år, fortener og ha det godt.

 

Etter den lange praten fekk eg ordna meg frukost, tok fleire appelsinar og laga meg juice, hadde kjøpt meg eit olivenbrød og knekkebrød med frø og korn. Knekkebrød bør eg steike meg har eg tenkt ei stund. -Ein kopp ekspresskaffi. Sjølv om frukosten vart sein funka den supert.

 

Så ligg dagen rimeleg lang framom meg. Eg bør både slikt og sånn. Det er greitt og få unna slikt som er kjedeleg, men som gjer frykteleg godt når det er gjort!!!

 

Har starta. Eg rydda på mobilen. ALT for mange apps utover fleire sider. Eg systematiserte dei, grupperte og la dei eg bruka mest på første side.

 

Ser boffen er glad for og ha matmor heime, han luskar forbi stolen eg sit i, går i ein ring og legg seg med eit dusk og eit velfornøgd snøft. Så noko tid bør eg gje han, det får aksepterast, og i tillegg får eg frisk luft og gode følelsar attende.

 

Ønske dykk ein god laurdag!

 

Dagen gjekk

 

Den gjekk berre forbi. Dagen. Helsa så vidt. Har du det bra sa den.

 

Eg hadde ikkje tid til å svar på slikt. Det var for mykje å gjera. Hovudet var kopla litt ut. Liksom det berre sa tut-tut når eg tankane skulle bruka. Det var flatt tak og flatt batteri. Men føtene sto på jorda. Dei berre sto der og fekk bera vekta av dagen. Og av alt som gjekk skeis. Heilt av seg sjølv.

 

Godt over halvparten av ein dag var gått da eg ga opp å væra irritert. Ga opp å ville krypa inn i mi eiga hole. Eg ga meg berre over. Let våren bloma. Let folk på slutten av livsreisa møtest. Med krykkjer og gåstol. Før alt er for seint.


Seint på fredagskvelden sit eg i godstolen med datan i fanget. Eg kom og hit. Like før fredagen bikkar ein ny dag. Snart skal ljosa slokkast for natt og drøymer i møte med ein ny dag.

 

Melankoliens blå djup

 

Ein regntung dag er over. Igjen. April har fått bremser. Det er vått og vått og enno meir vått. Og så er det kaldt.

 

Omnen er pakka full av ved og gjev ei frossen skjel varme.

I kveld kryp eg inn i meg sjølv. Som ei lita jente. Under bordet med duken vernande over. Eller ei lita Tommelise, med føtene opp framom meg, som eg held armane i rundt. Under eit grønt blad som det dryp tunge regndropar frå. Akkurat der eg sit er det tørt. Trur eg har gul kjole med raude, store prikkar.

 

– Om eg var ei Tommelise.


 

– Men eg er meg.

Og eg må til å gjera noko som er lurt. For no sit eg med data i fanget og har berre lyst og snavla. Og det er ikkje lurt.

Føler meg litt einsam. Utan vener. Litt slik at ingen forstår meg.

Og så tenkjer eg det er bra. For kanskje det betyr ørlite grann meir energi?

At eg ikkje er så fornøgd med den holebuartilvære lengre.  Men eg har ikkje tiltak til noko meir i kveld.

Ikkje enno.

Det var kanskje i kveld eg var invitert på noko eg tenkte eg kanskje skulle væra med på??? Så eg skal leggje meg tidleg for å stå opp frå melankoliens blå brønn i morgon.

Utkvilt.