Slik MÅ du fordi du bør fordi du skal

 

Livet vil alltid sjølv avgjera korleis det vert. Og folk vi alltid meina noko om det.

 

Da eg var ung trudde eg at dei som var vaksen var akkurat det. Vaksne. Eg trudde kvart menneske fekk betre forstand dess eldre det vart. Eg har nok alltid sett på forstanden som ein klokskap livet har utvikla. Ein vart betre å leva samen, til å forstå kvarandre, fordi ein hadde funne ut så mykje gjennom eit levd liv. -Slipa av seg dei spisse kantane så ein kunne ta dei kloke avgjerslene.

 

Eg hugsar samtalen mellom tre lærarinner, dei hadde nettopp fylt femti år og dei prøva å overgå kvarandre med å fortelja om feiringa si. Den eine meire fantastisk enn den andre. Eg var nokre år over tjue og kraftig desillusjoner over ein slik konkurranse.  Dei var ikkje betre og mognar enn barn “eg er dyktigare enn deg!”

 

I dag sat eg attmed eit bord saman med tre personar. På nabobordet sat ei som syntes det var forkasteleg med dei jordbrukseigendomar som folk berre sat på. Folk burde selje til yngre krefter var hennar tydlege meining – slik at dei unge fekk sjansen til å gjera noko produktivt med dei. For da kunne vi få unge par til å flytta hit til kommunen trudde ho. Vi rundt bordet mitt var alle tre slike sittarar……. Så ho syntest sikkert det var godt å få sagt noko slikt direkte til oss, sjølv var ho i gong med utvikling og i tillegg var ho nokre år yngre.

 

Eg reflekterte over dette; at sjølv om vi alle hadde passert femti og den eine var langt opp i sekstiåra, så kan ein vel fortsett skapa noko. Og alle vi tre hadde born, faktisk tre kvar, kven veit kva dei vil ein gong ……….

Og til slutt, eg ser når landbrukseigendomar vert lagt ut for sal blir dei liggande lenge.

 

Eg brydde meg ikkje om å delta i ein samtale som eg opplevde som dømmande. Så eg valte berre å høyra på. “Du har vel litt skog du” sa ein av dei andre til meg. Kor på ho var raskt ute og vil vite om eg var mykje i skogen. For………eg skulle nok ikkje hatt denne eigedomen. Godt vaksen, utan mann og ikkje vart det noko med meg heller………

Eg vert av og til så frykteleg sliten av dei små samfunna og alt dei veit og alt dei synest. Men eg er i gong med å bli meir tjukkhuda og kanskje eg rekk å nå i nok energi før eg blir alt for gamal………..og da kan den henda eg ikkje vil gå like stille i dørene.

 

Men hittil har eg nok med å byggje meg attende til det livet har forbruka. Og så vil eg hjelpa foreldra mine så langt eg kan for at dei skal ha dei siste åra best mogleg. For den kjærleiken ein kan gje kvarandre er viktigare enn den dyre bilen og alle dei flotte tinga ein kunne hatt om ein har hatt eit anna fokus.

 

Og ein gong vil jorda bli prisgjeve for maten som kan dyrkast der for dei fleste, og ikkje som i dag; korleis tena på den for at få kan kjøpe seg fleire ting, slik vi skal for å pynta oss for kvarandre. Og ha den gjevast femti års dagen etter ein har vore ung.

 

Om det er så klokt veit eg ikkje. Det kjem nok an på augo som ser.  

 

Basar

 

Med det same eg såg det annonsert på facebook tenkte eg YES, dette må eg delta på.

 

Biletet viste eit kvitt lokale med prismeljosekroner i taket. Nye gardiner var det og. Lokalet til samfunnshuset i barndomen min. Der eg feira juletrefestar, 17. mai’ar og gjekk på dansekurs i folkedans, seinare var det både fester med både trekkspel og Drømmen om Elin, og anna meir fest-leg musikk. Her hadde eg mitt første møte med å drikka alkohol. Her var det duka til langbord i hesteskoform den dagen eg gifta meg, og ikkje minst alle basarane.

Basar……

Basarane med damer attom bordet som skreiv namnet ditt i ei bok med nummer. Og gjenstandane. Dei broderte dukane i korsting på veggen, babysett hekla i ljosegult, heimstrikka lester og dokker i pappkasse med gjennomsiktig plast – så ein riktig kunne nyte herlegdomen. Vann gjorde ein aldri, det var helst ein gamal ungkar med vinnarlykke som gjekk ut døra med dokka.

Og til slutt, fruktkorga!!

Den herlege fruktkorga med både brus og sjokolade i. Den gongen det berre vart kjøpt inn brus til Jonsokkvelden. Brus som vart drukke gjennom eit hol i toppa laga av ein spikar. Den gongen brus var Brus med det vesle innslaget av korksmaken frå toppa.

Ein gong på slutten av sekstitalet, der ljoset i taket var ein naken, kvit kuppel. Før tingas tilstand fekk all makt på himmel og jord. Den tida ein ting hadde ein verdi.

I den store salen med trefarga vegger. No var dei måla kvite. Og det skulle væra basar sto det på facebook.

Basar.

 

Eg hadde gløymd det da mor ringte. Jau, eg kunne godt væra med dit sa eg. Artig å sjå korleis det hadde vorte etter oppussinga, og basar hadde eg ikkje vore på i dette århundret.

 

På søndag tredde vi inn i dei nymåla lokala med prismeljosekronane. Dei som hadde stått for oppussingsjobben hadde vore flinke.

 

Ved det lange bordet satt damer og skreiv namna inn i bøker. Akkurat som før. Det var ingen broderte dukar på veggene, elles ein overflod av ting. Alt litt meir og større enn tidligare. For no hadde tinga all makt både her og der.

Og folk hadde nok like lyst til å vinne ting. Dei hadde møtt opp i hopetal. Først var dei artig å sjå på folka. Artig å snakka med dei. Artig å møte barndommen i moderne drakt. Og alle barna som sprang som sinder og så’e over golvet opp att og opp att igjen. Det var frykteleg mange barn. Og eg hadde vorte den gamle dama liksom på eit blunk, som satt og spurde kven er den og kven er den?

 

Det var første fase. Andre fase hadde eg mest lyst til å legge meg under bordet og sova. Det hadde vorte uuthaldeleg kjedeleg. Eg skjønte ikkje korleis eg skulle halda ut. Eg vart heilt apatisk, og hadde det ikkje vore for mor hadde eg kjørt fort som……..bort og vekk.

 

Så kom vi til siste fase. Da hadde eg fått maur i rumpa. Reine ADHD tendensane, eg vrei meg og skjønte ikkje kvifor vi måtte venta til trekninga var ferdig. For eg vinn aldri, så eg syntest vi berre kunne dra. Så da siste lodd var trekt på ei forstørra fruktkorg, da sto eg klar til å dra. Trur du eg vann no………nei, som sagt, eg vinn aldri.

 

Vi var nok den første bilen som køyrde frå parkeringa.

Etter tre timar på basar!

Men likevel og tross alt, det var artig å møte på basaren rimeleg likt slik den var ein gong. Og no skulle fleire rom målast og nye stolar kjøpast forsto eg. Men dei skulle ikkje kjøpa fleire prismeljosekroner.

 

Men det blir nok ei stund til neste gong eg fer på basar likevel tenkjer eg.

 

Utanom tid og rom

 

Spent er eg. Men eg må kanskje lengre inn i framtida for å være sikker. Tørre å være sikker etter alt som har vært.

 

For over eit år sidan fekk eg vite at det fantes noko i huset vårt som ikkje skulle væra her. Noko frå ein annan dimensjon. No kan vi tru på slikt eller avisa det. Eg har plass til å tru at det finnes mykje meir enn kva vi veit. Elles har eg også erfart hendingar utaføre den vanlege tyngdekrafta, for å seia det slik.

 

No er ikkje dette eit gamalt hus og ingen har døyd i her. Ikkje har eg lagt merke til noko heller. Men yngste såg noko ikkje så lenge etter vi flytta hit, ei gamal dame som gjekk etter meg, og ungane har vore litt mistenksame at det var fleire her enn kva vi såg. Fleire enn kva som skulle vera her. Elles gjekk lyspærer for eit godt ord og vi har hatt elektrikar her utan han fann nokon årsak. Og hunden har hatt det med å bjeffa om natta.

 

Så fekk eg vite om at det var ei gamal dame og det var ein logikk at akkurat ho kunne være her…….men på ein annan side var det også rart; At ho skulle gå igjen for ho var godt metta av livet da ho døyde.

 

I sommar fekk eg vite at det var ikkje noko særleg i fjøset heller.

 

Før vi flytta hit var fjøset leid ut til ein som ville driva med oksar. Ein dag kom ein mann og sa at han syntest vi burde ta oss ein tur inn i fjøset. Det var ikkje som det skulle væra der sa han.

Så vi gjorde så.

Det vart ei sterk oppleving. Eg kom halvveges inn i fjøset før eg snudde, og det var meir følelsen der inne enn synet som slo meg ut. Gråten braut opp i meg før eg var ute. Der inne hadde ikkje dyra det godt. Vi kontakta Mattilsynet, og etter kvart vart det slutt på lidinga til dei halvlevande dyra. Det tok likevel mange veker før alt var over. Vi fann eit dødt dyrekadaver nedpakka i noko plast da vi flytta hit ei god stund etter den tragiske hendinga.

 

Slik var det ikkje det minste rart om fjøset hadde sitt. Ei slik dyretragedie er ikkje kvardagskost. Heldigvis.

 

For ei stund sidan hadde vi besøk av nokon som fekk problem med energiane på garden. Eg fekk gjengjeve synet for mange år sidan. Dyra som lei, dyra som skreik og dyra som låg i båsen. Personen fortalte om det eg såg den gongen, men som ikkje hadde vore fortalt.

 

Og den gamle dama av ein annan dimensjon her i huset, sto å kika bort mot fjøset. Ho sto i eit vindauga å såg i den retninga, fekk vi vite. Ho hadde vore glad i dyr da ho levde.

 

Eg fekk vite at det ikkje var rart eg var sliten. Denne energien tok på, den tappa. Yngstejenta mi bar seg også over at ho vart så frykteleg sliten når ho kom heim. Og eg tenkte at eg skulle nok funne ut og fått nokon hit som fjerna slikt som ikkje skulle væra. For det var absolutt verdt å prøva. Var det ein liten sjanse for å ha bitte lite grann meir energi var det verdt det, tenkte eg. Men det å få tak i nokon opplevde eg som eit stort tiltak.

 

Personen som fekk problem med energiane ville besøkje fjøset for å sjå om noko kunne gjerast. Det gjekk ei god stund, kanskje ein time. Da var eit sliten menneske som kom attende, eit menneske som var tappa for opplevingane i fjøset og som måtte henta seg inn igjen. Som ikkje klarte å snakka om det med det same og som hadde behov for ein lang, varm dusj.

 

Etterpå fekk vi vite…..vite korleis dyr for dyr forvant og fekk fred. Vi fekk høyra om dei sterke følelsane hos dyra. Smerta. Og om hovudpina som forsvann hos personen som tok på seg dette.

 

Her inne i huset var det ei slags forklaring, ei friskare luft, ein opnar energi som mest kunne forklarast biletleg. -Som fragment i lufta som vart forandra.

 

“Den gamle dama er borte”, sa personen da den hadde fått igjen energien sin.

 

Ho som hadde vore glad i garden og dyr var borte. Kanskje det var det som var hennar misjon med å kome attende etter så mange år sidan sin eigen død. Og no var det fullført og dyra hadde fått fred.

 

Korleis er det no?

 

Energien?

 

Eg tør mest ikkje tru, men inne i meg har eg nok ei mykje større sikkerheit enn eg uttrykker verbalt. Det første som skjedde med meg var at eg greidde og legge meg før det lei langt på natt. Alt er ikkje like stort tiltak.

I går var eg på butikken med mor mi, eg køyrde ho heim og gjekk meg ein bratt tur i skogen, eg kom inn att og drakk kaffi. Eg fekk sett hunden inn i bilen, saman med søppel eg skulle kasta for foreldra mine, køyrde bilen ned på vegen – attende og henta tilhengaren som eg fekk drege og trilla ned til bilen, hengt den på. Eg hugsa å stoppa ved søplekassane for å kasta søppelet, eg kom heim og fekk tatt av hengaren og teke inn alle varane som eg handla på butikken. Som eg så sette på plass medan eg laga middag. Og eg følte meg ikkje tappa og utslått etter alt dette, som i mi verd var mykje. Og da har eg ikkje sagt noko om kleda eg sette på vask. Ikkje vert eg så utslege med tanken på ting som må gjerast heller.

 

Er alt slik det kan virke er det svært, svært stort. Så stort at eg tør ikkje tru enno.

 

Av og til

Av og til klaffar det. Heilt perfekt. Slik som med middagen i kveld.

 

Eg skulle gjerne vist eit bilete. Eit bilete med smak. For dette vart berre så godt at det var ein fryd. Heilt overraska over at smaken vart så god.

 

Klokka var mange da eg kom heim. Måtte få i meg noko mat med ein gong, og hadde nokre havre- og banan plettar i frysaren som eg tina opp. Da klokka var halv ni forsto eg at no måtte eg koma meg ut om eg skulle få til denne turen min.

Men først skrua eg på omnen,

fann i eit lite stykke laks som eg la i folie. For middag må ein ha.

Skar opp ein halv, stor søtpotet,

ei lita persillerot,

la over nokre spinatblad og

kutta eit fedd kvitlauk.

Salta og pepra,

tok over nokre dråper med olje med basilikum i og ein dasj sherry.

Sette det inn på 180 grader.

 

Så gjekk boffen og eg ut. Første bort i vedboden og fylte ei veske med ved. Etter det tok vi turen ned til vegen.

“Sitt” sa eg til boffen, og han sette seg.

“Klar” sa eg da ingen bilar kom.

 

Vi tok vegen ned til sjøen. I tussmørket. Sjøen låg heilt spegelblank og prikkete etter dei ørsmå regndråpane som falt. Fjøra var fotsid. Marsfjøre i april. Boffen er ikkje så begeistra når eg blir ståande heilt i ro og berre sjå. Eg synest det er godt å kvila augo i naturen, formane, kontrastane, fargane – det gjer så godt for balansen som menneske. Boffen startar å pistra når det går for lang tid med slik balansering. Han synest nok ikkje like godt om det han.

 

Vegen attende var enno mørkare og ikkje minst brattare. Men fjør i hatten, eg kom meg ut. Heime kasta eg nokre vedskier inn  omnen. Så tok eg ut maten. Den hadde stått i omnen mest ein time. Eg la alt på ein tallerken og tok med meg eit stort glas vatn. Og så smakte eg!

 

Det er eigentleg berre å seia nam, nam, ikkje ofte eg er så tilfeldig heldig.

 

Men av og til…….kan det skje :).

Sommaren og energien

 

Eg ser på gamle bilete frå ein datapinne. Bileta er frå 2012. Det er tre år siden.

 

Dei passar meg godt. Bileta. Sjå på sommaren for tre år sidan. Sommaren i kommunen min. Den vakre sommaren er som balsam for sjela.

Dagen i dag vart litt for lang. Eigentleg vart den alt for lang.

For lang.

Til frukost greidde eg å dekka på til stress. Det har blest friskt eit par dagar. Eg oppdaga eine sofaputa ut på jordet da eg sto opp i dag. Dei to andre låg på terrassen men den tredje var………..borte.

Så eg tok meg ein runde utan å finne den fjerde. Det einaste som skjedde var lita tid og ein hund som heldigvis kom da eg ropa. Brødskiva vart fortært i bilen.

Puta vart funne under hagebenken da eg kom heim i kveld.

Heldigvis.

Eg hadde dette møtet om framtida som første oppdrag. Berre dei første to, tre månadene vart set ned på papiret. Gjorde ein avtale om å tur kvar dag. Greitt å gjere den type avtalar, for eg har ei plan om å fungera langt betre enn kva eg gjer no.

Neste gong, neste møte, håper eg at eg har teke eit langt skritt framover.  

Fortalte om rehabiliteringa, som eg forresten fekk ringt og meldt meg på. Samtalen gjekk fint og greitt og alt det der. Dama eg snakkar med er veldig søt. Likevel, etter den timen var eg pumpa. Og eg hadde mange timar igjen av dagen.

Derfor var det godt i kveld, å rømme attende til sommaren for fleire år sidan. Det grøne, vatnet  og blomane ga meg ein oppleving av energi.

Snart er det helg. Denne helga reknar eg med ingen kjem heim. 

I morgon står eg anonymt fram i avisa.

“Dette bør du heller fortelja legen din” sa mor. Ho syntest ikkje om det.

“Tenk om dei skjønar det er deg”, sa ho.

Eg sa at det brydde eg meg ikkje om. Skal ein ikkje ha rett til å ha sitt eige “uperfekte” liv………..

Kanskje eg skal skrive ei novelle i helga, eller berre skrive mange blogginnlegg?

Og nyte våren og glede meg til sommaren 2015.

Framtid

 

Fortsett vind, rokk og fokk. Ein dag med mest ingenting er over.

 

Plutseleg vart dagen berre heime. Eg hugsa ikkje korleis plana var frå før påske. Og nokre av notatane var borte frå mobilen. Det viste seg eg berre kunne være heime. Men eg trur mest ein slik fullstendig sløv dag gjorde godt. Ein slik dag kan går fint. Eg var så vidt ute og gjekk meg ein tur, men det blas og var så kaldt – derfor var det ingen god tur.

 

I morgon skal eg ha møtet om kva som skjer, kor eg er og kvar eg skal. Møtet eg gløymde før påske blir i morgon. Kan være greit å repeter rammene, for dei har eg gløymt.

 

Eg har funne ut at eg kan ta i mot tilbodet frå Muritunet. Ein stad med rehabilitering. Men eg fekk ikkje tak i henne eg skulle snakka med i dag. Så får ordna det i morgon, og håpe det ikke er for seint. Trur dette kan løysast praktisk. Det blir i mai og eg har berre to avtalar notert, som skal kunne flyttast. Det er mange fridagar som jentene kan kome heim for å passa dyra, slik at søster mi ikkje må ta alt. Og for foreldra mine er det ei lys årstid, så om eg vert borte i fire veker er dette den beste tida dette kan skje på for dei også.

 

I kveld skal eg legga meg for ei normal natt. Det er nokon som seier at natta er dagen si mor. Det trur eg.

Ei påske er over

 

Dagane går og går. Hendingane og følelsane kjem som perler på ei snor. Som ei vandring i ulent landskap. Det var slik påsketuren vart i år.

 

Desse dagane går fort. Plutseleg er vi langt inn i framtida. Forbi hendingar og oppgåver. Livet er mest som eit spel med level som skal løysast.   Eg veit ikkje kor langt eg har kome. Berre at nye oppgåver ligg klare.

 

Bloggen har eg berre hatt tid til å tenkje på. Ikkje tid til verken å lesa eller og skriva.

 

I dag er vi framme ved andre påskedag.

 

Dagen i dag er grå, men det har vært vakre dagar. Vakre soldagar, eg har registrert det.


For å gå attende til Osloturen vakna vi til ein vakker dag dagen etter siste blogginnlegg. Vi skulle ta turen inn til sentrum. Da vi står og venter på toget får eg telefon frå venninna mi om at det meste har skåre seg, ho driv å klargjer husvære sitt for fotografering og sal. Ho får ikkje til å kome inn til sentrum og eg har ikkje tid til å dra ut til henne – for kort tid til neste avtale. Så eg tek med meg jentene mine attende til der eg gjekk i min ungdom.

Opp frå Karl Johan, gjennom Slottsparken, ut i Parkveien og ned Hegdehaugsveien. Der eg budde dei fleste av åra mine i Oslo. Var det her og var det slik, ville jentene høyra. For noko av livet mitt frå den tida har eg fortalt.

Dagen etter pakka vi veskene og koffertane for å ta reisa nordover. Sonen og kjærasten vart med oss oppover. Og så var vi på veg onsdag før skjærtorsdag. I finvêret.

Ut av Lillestrøm var det køkøyring som løyste seg rimeleg fort opp. Vi fekk høyre om ei trafikkulykke der fleire biler var innblanda ved Minnesund. Der måtte vi passera. Og det gikk så treigt at det gikk mest ikkje framover. Men så var det like oppunder påske og ikkje beste tidspunktet og være i trafikken. I tillegg starta bensinmålaren å bevege seg mot tom tank. Men noko spenning må ein ha. Og vi greidde å ein stasjon før det var heilt tomt.

 

Timane vart mange på turen. Vi fekk handla inn til påske nedst i Gudbrandsdalen, der tanken både på påske og feiring av 18 åring måtte ha plass. Det var mest ikkje plass til handleposane i bilen etterpå.

På Dombås fekk vi oss mat på ein litt luguber matplass. I svingane opp til Dovreplatået  kom ein bil i fart, passerte forbi så gnistane fauk. Den låg langt framom heile vegen……..eit langt stykke……. så slakka den på farten og blinka inn til sida. Eg følte ikkje eg hadde heilt godt sikt, men passerte. Like etter kom den i tempo igjen, passerte forbi igjen så gnistane fauk. Så roa den atter ned…….men vi brydde oss ikkje om å køyre forbi meir. Den ville sikkert leike sa ungdommen.  Det ville ikkje eg.

 

Framme på Oppdal skifta vi førar. Den kvinande lyden i bilen vart meir og meir intens. Til slutt var den konstant. På Kyrksæterøra starta det først med ein hump, så rasa kilometerstanden til 0. Straumen på bilen held på å forsvinne. Vi ringte veghjelp utan å få noko hjelp, det einaste dei kunne gjera var å senda ein redningsbil. Det var natt og vi hadde under ein halvtime heim, vi var slitne og hadde bilen full av pargas. Så vi la i veg, med dårleg verkande vindaugeviskarar, sludd på utsida av vindauga og kondens på innsida.  Det vart ein spanande tur, spesielt da vi var over det siste høgdedraget og det låg 20 cm snø i vegbanen. Men under over alle under, vi kom oss heim og opp den siste bakken med klampen i botnen.  Og eg vil skryta av bilføraren som klarte dette.

 

Påskelaurdag fekk vi vegbil hit, og utruleg nok starta bilen – så eg seier at vi kanskje kunne køyrd bilen til verkstaden på eiga hand. “Nei”, svara redningsmannen, “denne bilen burde ikkje køyrast”.

Heldigvis viste det seg at det var berre å skifta ei reim.

 

Vi fekk feira henne som hadde fylt 18 år for snart ein månad sidan på fredag. Vi hadde ein triveleg ettermiddag med familien.


Om kveldane spela ungdommen Ludo på nye måtar, dei såg film og dei snakka. Dei diskuterte korleis tida hadde forandra seg sidan dei var små, og at dei var glade dei fekk veksa opp ei tid med gamle verdiar. Og eg sat der som flua på veggen, berre nøyt å lytta på neste generasjon og tankane deira.



Laurdagen feira yngstesøster mi dei 50 åra ho straks vil runda. Ho hadde invitert til eit selskapslokale. I tillegg køyrde ho oss billause dit. Ettermiddagen baud på god mat og eg tok meg eit glas øl til bacalaoen. Så da eg fekk telefon om at bilen var ferdig……juble, juble……… måtte eg berre utsette hentinga til neste dag. Men eg må skyta inn at det var alldeles herleg å ha tilgong på bil igjen.


Mellomste søster og eg heldt ein tale til henne som fylte år. Og dei yngre i familien syntes det var artig å høyra om ting dei ikkje hadde visst. To syskenborn hadde skreve ein song til denne sta veslesyster vår, som til tross for MS har reist både til India og to gong til Peru – noko vi med friske bein ikkje har gjort.

Vi var køyrt heim av tanteungen og kjærasten hennar, så da var det enno fleire ungdommar rundt bordet som snakka og diskuterte. Eg koser meg så med å høyra på refleksjonane deira, så eg hadde det fantastisk med mest berre bruka øyra.


 

Først påskedag kom og gjekk. Eg hadde for første gong ikkje påskeegg å dela ut, eg hadde ikkje greidd å tenkt på alt da vi var å handla. Men det vart måling av påskeegg og det var lammesteik. Til og med ein tur ned til sjøen vart det for nokre av oss.

 

Og i dag reiste dei alle, ein etter ein. Nokre til Oslo, nokon til Trondheim og til slutt yngste. Vi køyrde inn til foreldra mine med rester etter lammelåret, så åt vi middag der. Dei vart med på ein biltur, yngste vart sett på bussen og vi køyrde vidare i grått vårvêr. Vi fann kvitsymre, gåsungar og aurikkel.

 

Kvelden har vorte natt. Ute bles det bra. I huset er berre eg og dyra, og i morgon er kvardagen attende. Det har vore ei krevjande påske, men no er den også historie.