Fragment

Livet er som ein stjernekikkert, full av fragment som lagar bilet. 

 

Og som i stjernekikkerter lagar det nye bilet når ein vrir og snarrar, slik at fragment og farga glass skifter posisjon.

Nokre gong er det umoglege mogleg. Nokre gong skjer alle draumane. Som det er strødd stjernestøv på vegen. Alt er ved det same, sjølv om alt er annleis.

Seinsomaren bølger over ekrene. Sola sender lange skuggar. Varmen har ein kald fukt i seg. For vottar, frisk pust og fyr i omnen skal overta. Det einaste som er trist er at tida går så fort og åra vert liggande attom.

Men alt skjer heile tida. Det er ei gyllen tid. Mett av frukt og bær og alt det andre som veks.

Vi snurrer med som bileta skiftar i stjernekikkerter. Fargane, ljoset og skuggane lagar nye motiv. Livet kan visa seg fram som mest perfekt.

Trådene i alle draumane vev saman nytt materiale. Like før hausten bankar på. Og det berre er å rette seg fram og ta i mot den. Ta i mot alt. Berre fordi ein lever og fordi ein fungerer.

Som ein hymne til livet er alt nokre gong heilt i vater. 

Eventyr i boble

I sol og regn har dagene gått. Som glitrende dråper på en snor. I en boble. 

 

Men nå må jeg prøve verden utenfor bobla. Øve på at ferien snart er slutt. Siste uka av ferie er i gang.

Det er fortsatt sol og regn.

Jeg har hatt fantastiske feriedager. Har tatt en stor reise i mitt eget liv. I mitt eget hjem.

Ser innlegget kommer ut på bokmål i dag – da må det bare det.

Dette ene.

Himlene har vært vakre.

De kan jeg dele med dere. 

For eventyret kan finnes akkurat der du bor. 

Fjas, tull, ferie og fri

Slik i mellom alt kan det vera noko kaos i heimen. 

 

For når ein har nokre dagar for seg sjølv må ein rydde og kanskje vaske. Så da roter ein i veg i eit forsøk på denne ryddinga. Akkurat no er kaoset nokså heildekkande.

 

På måndag reiste yngste. Det vil seia, eg køyrde. Seint på kvelden var vi framme.

Og enno seinare var eg heime. 

Føråt hadde vi ein skikkeleg mor/dotter tid med «spa». Eg låner snappen ho sendte. Ein må unne seg litt tull.

Det var nokre fine dagar med henne i heimen. Slik det er når ungane er heimom  

No skal eg køyra mor til butikken, før eg fortsett ryddinga her. Men før det sjå om eg kan slå plen før regnet kjem…..og så kom det, så plenklipping kan eg sette strek over og eg fekk teke inn kleda som hang til tørk.

Men aller, aller først no, drikke opp vatnet før litt yoga.

Det er alltid noko på programmet. Ha ein riktig fin onsdag. 

Søndag i regn

Mellom regnbygene kom vi oss ut. Det kjendes godt. 

 

I dag hadde vi planlagt ein tur der eg sprang da eg voks opp. Men her regna det så stritt, at det å legga ut frista lite.

Eg tok solhelsinga fjerde morgonen på rad og kjende at eg ikkje var så vaklevoren som eg var først, da eg sette ein fot fram og la den andre bakover.

Dagen gjekk og til slutt fekk vi på oss sko og sette oss i bilen. Vi stakk hovudet innom foreldre og besteforeldre med lovnad om å komme innom på returen.

Regnet var mest fråværande da vi la i veg oppover lia. Måtte på med regnjakke ein gong.

Og….eg trong mest ikkje kvila på turen opp. Det er nokså bratt. Sist eg gjekk opp er ein to-tre år sidan. Da måtte eg stoppa i eininga for å få att pusten.

Så var vi oppe.

Yngste gjekk fram på hammaren.

Utsikta ut Mjosundet, Rotøya og Aursundet var fin å sjå att.

Vi skreiv oss inn i turboka. Var framom det nedrasa fjøset, som høyrde setra her oppe til.

Så gjekk vegen ned att. Mest like hardt det. Og ikkje minst -, unngå fall.

Da vi kom inn i hus hos foreldra mine, åpna slusene seg. Det regna ikkje med måte. Men vi satt tørre i sofaen og drakk kaffi. Av og til er det heilt greit med flaks.

Men det var godt og få gjort denne turen. Vonar det ikke er så lenge til neste gong.

Ei riktig fin treningsøkt. 

 

Perodisk fasting

Ei stund no har eg ete i ein periode på døgnet. Noko som høver meg godt. 

 

For lenge sidan forsøkte eg ein kort periode 5:2 kuren. Primært for å gå ned i vekt. Den fungerte ikkje optimalt. Etter det har eg heldt meg til det vanlege kosthaldet.

Da eg var i Spania snakka eg med ein som introdusert meg for periodisk fasting. Det høyrdest interessant ut og eg bestemte meg forsøka det når eg var attende.

Som tenkt så gjort.

I godt over ein månad har eg ete første måltidet etter 12.00 og ikkje ete etter klokka 20.00. Litt variasjon og nokre unntak har det vore, men dette er hovedregelen.

Dette passar meg utmerka. Mindre stress, mer enkelt og mer energi.

Om morgonane drikk eg mykje. I den seinare tid har eg starta med eit glas varmt vatn med pressa sitron i.

Kvifor eg gjer dette er på grunn av fleire ting. Og det kan eg skriva meir om seinare. Men eg oppleve at mat er så enkelt. Eg har meire energi og noko er vekten gått ned. Men fett som ligg samla mellom bla. dei indre organene vert omgjort til energi seies det.

Men som sagt, eg kan skriva meir om virkning på kroppen seinare.

Det eg opplever som best er kanskje at fråtsing ikkje har plass. Det er det ikkje tid til. Eg kan ikkje gnomsa godteri og anna tull. Ikkje det at eg har nokon kjensle av at eg treng det heller.

Som lita syntes eg frukost var eit frykteleg måltid. Eg vart kvalm.

Som ung droppa eg dette måltidet. Men etter eg fekk barn vart det innført til punkt og prikke. Derfor kan det henda dette passar meg ekstra godt.   

Er det nokon av dere som har prøvd perodisk fasting?

Hundane og setra

Ein dag med motsetningar som ro og dramatikk. 

 

Men å vakna, berre gå rett ut å drikka eit glas vatn i sola. Medan dagen ligg åpen framom, utan anna innhald enn det ein finn på. Det er så godt!

I gårkveld reiste vi opp på setra. Vi starta med eit bad i vatnet. Seinare vart det både kortspel, yatzy og ein tidleg kveld.

Eg sat nedmed elvebredden og let meg forsvinna i naturen og alt det vakre, før yngsteberta sto opp. Da ho gjekk på do vart boffen sittande igjen å spekulere på kor det vart av henne.

Og han var godt fornøgd da ho dukka opp igjen.

Før vi tok morgenbadet, tok vi ein runde med solhelsing. Spesielt å gjera det ute attmed vatn, i sola.

Vi snakka om å ta ein bertur, men da koppvasken vart teke, fann eg ut at meir også kunne få ein vask. Yngste sit og les i seterboka om ein gong besteforeldra var oppe.

«Kan vi ikkje henta dei», spør ho.

Ein god ide, så eg gjer frå meg medan ho går ut for å henta noko å pynta bordet med.

Med eit vert eg vars eit spetakkel ute, eg fer ut. Litt lenger borte ligg jenta på bakke mellom to hundar i vill slosskamp.

Både jenta og hundane var delt, ja yngste kom seg bort frå dei før hundane vart delt – men da var skaden eit faktum. Så det endte med lege, stivkrampesprøyte og mange tårer.

I tillegg har vi ein sliten hund.

Vi kan ikkje skylde på anna enn at av og til går ikkje alle ting slik dei skal. Og nokre gong tåler ikkje hanhundar kvarandre, uansett kor bra dei er kvar for seg.

I kveld er det ein sliten, men fatta stemning i huset. Og så får vi håpa at yngste slepp å få betennelse i bitta. Noko arr blir det nok.

Å gå mellom to sinte, store hanhundar bør ein ikkje. Men min yngste er ei både modig og kjempende sjel, med eit stort hjarta. 

Ein spesiell dag

Den 7. august har vore spesiell i 27. år. Slik som fødselsdagane til ungane vert. 

Det var eldstemann som er det ein må kalla vaksen. Ein ung mann med meiningar, eigenskapar og livsveg utanom gjennomsnittet. Det kom ein delegasjon både nordfrå og frå sør.

Som møttes i ei grøn lunge med sommaren i lufta.

Vi åt, latteren satt lett. Og kvaksen var så hissig at nokon også knall; som i å hyla.

Mot slutten av selskapet sette han som fylte år, seg ved ved pianoet. Vi ville alle ha høyrt meir. Dei lange fingrane høver godt til tangentar.

Etterpå, etter nokon reiste nord og nokon sør, hadde eg ein ekstra passasjer i baksete. Det var ho her.

Ho har att litt over ei veke før studiane startar. Så vi to skal feira nokre dagar ferier saman.

Og han som fylte år skulle feira vidare i byen med kameratar. 

FERIE!!!!!

Så er eg der. Ved ferien min. Eg kunne låsa å gå og sjå fram mot fire veker fri. 

 

Da er det ikkje feil at sola skin når eg har låst kontordøra attom meg. Akkurat no er eg heilt fortumla etter eg har gått igjennom papirbunkar så høge som tårn.

Lukkekjensla da eg gjekk ut var mest til å ta på, som noko fysisk. Skulle eg gå innom butikken å kjøpa meg frå sans og samling tenkte eg. Men fann ut alt var fullgodt fantastisk utan. Og så kunne eg unna meg eit glas likør, tenkte eg.

I første omgang skal eg ikkje noko….eller, noko skal eg nok. I morgon fyller eldstemann 27 år.

Himmel!

Så eg har planer med døtrene.

Men eg vil prøve å kjede meg litt, slik at tida går sakte. Og så skal eg kanskje fiska, gå tur, fjelltur og ikkje minst overnatting på fjellet.

På setra.

For eg skal så lite og så mykje. Og ikkje minst, eg skal kosa meg så tærne slår krøll.

Endeleg er det sommarferie!!!!

Søndagen før ferie

Turen gjennom enno ei veke gjekk fint. Fortsatt er dagane travle. Litt til. 

 

Sol og regn har fargelagt dagane. 

Veka starta med mor sin fødselsdag. Ein av sommerens absolutt varmaste dagar. Temperaturen ute viste 34 grader. Vi satt inne, åt kaker og jaga kvaks. 

Eg arbeidte noko tungt etter arrangementet i helga. Men kom meg slik halvveies ut i veka. 

Torsdag var det siste dag på biblioteket før sommerferien. 

Fredag hadde både mor og far avtalar i Kristiansund, så da gjekk turen dit. 

Eg fekk sett på datamaskin. For vil kjøpa ny ut av det eg fekk i fødselsdagsgåve. Hadde med meg pulsklokka mi, den hadde mista reima og fått ein sprekk i glaset. Vart fortalt at den berre hadde eit år garanti. Noko eg synest er rart etter kjøpsloven. Så det må undersøkast. Gjekk ut att berre med kjøp av ny reim til Fitbit?en. 

Fekk i staden kjøpe meg blomster og ljos på Plantasjen. To solsikker og nye krukker blandt anna. 

Lørdagen var av dei late.

I dag er siste arrangement på museet denne sommaren. I morgon er siste arbeidsdag før sommerferien min, gjett om eg gleder meg?

 

Du må ha ein riktig fin søndag.