Og ute skin sola

 

Sola skin frå blå himmel. Det bles ein kald vind. Men det er nydelig. Det er så vakkert.

Eg vakna etter ei for kort natt. Men eg fekk plastsekkene ned til vegen, plastsekker med plastavfall. I går gløymte eg det. Kom på det i natt og vurderte å stå opp. Plastsøppel blir henta anna kvar månad og eg hadde tre fylte. Så var glad for at eg vakna slik at eg fekk gjort det.

Har fri til i ettermiddag, men vurderer å kutte friheita ned og reise heimafrå tidlegare. Det er alltid så mykje ein kan gjera.

I dag er eg altså trøtt og glad.

Og forkjølt. Men pytt.

Eigentleg handlar dette innlegget om ingen verdens ting.

Eg kan skrive om alle invitasjonane som har ramla inn, men er såpass asosial for tida at eg må vurdere. Men på laurdag har eg takka ja til eit 40 års jubileum.

Og ennå er det berre mai. Har tatt ned kassane med klede for sommaren.

Det set meg på ein tanke. At eg må setja på ein vask med klede……….

Så da sluttar eg dette intetsigande innlegget med å ynskje alle ein fantastisk fin dag.

Ein fin mai dag.

 

Korleis har vi det i dag

 

På ein grøn, våt dag i slutten av mai. Ja, sei det – korleis er ståa………

Eg drikk sitronvatn og Chiafrø, for det gjorde Mayaindianerne las eg her for nokre dagar sidan. Chia er sprekkfull av forsterka sunnheit og sitronane er fulle av C-vitamin. Så at det førte fram til rennande nase, sår hals og slike uggenheita – det såg eg ikkje for meg. Likegodt, eg er forkjølt med tett skolt og vonde muskar og varm panne.

Musklane er eg vel eigentleg vant til er det. Vonde.

Knea også, dei har plaga meg eitt år. Forresten det var det eine, men no har det andre også starta. Men vekta trur eg er med på dette komplottet, har den vore lettare så har det vore enklare.

For eg vil slenge ut ein påstand om at eigentleg har eg det ikkje så ille.

Til tross for at den gamle bilen har starta å lukte brent og mest ikkje kjem seg opp bakkane.

For det finnest løysingar.

Dei fleste månadene etter jul mista eg noko viktig. Tiltak og energi vart så fullstendig borte og kroppen gikk inn i ein smertetilstand.

Smertene er ikkje borte, men eit snev av energi og tiltak har vendt attende.

Det er det viktigaste av alt.

I dag har eg fri. Tanken var at det skulle væra sol og at eg skulle ta fram plenkløpparen eg kjøpte for mange år sidan. Og at eg endeleg skulle setje den samen for å bruka den. – Eller at eg kanskje skulle sjå på høgtrykkspylaren som har stått i ei eske i enda fleire år.

Slikt kan skje når energi og tiltak forsvinn.

No skjer likevel ting.

Litt forkjøling, overvekt og muskelproblem er ein bagatell. Eg kjenner eg kan. Eg kan litt og skal klara meir.

Eg høyrer, ser og snakkar. Det siste er særs viktig. Det hjelp ikkje berre å sjå og høyra.

Så alt i alt står det bra til.

For eg kan meir og eg trur meir.

Det er viktig det.

 

To dagar i mai

 

Da det mest gjekk opp…..med det kjæraste og vakraste du har. Møte med dei i den vesle gjengen som var så utruleg små ein gong.

 

Men så kunne dei to dagane ikkje verta ein dag. Slik at alle møttes samtidi. Det var likevel ikkje langt i frå.

Alle møttes vi over to dagar. Både borna og mor og far. Slikt er ikkje heilt enkelt å få til når dei som var små er vorte vaksne og mor og far er skilt og ein tillegg har ein viss geografisk avstand.

Sonen kom oppover til pinshelga og eit slektsstemne på farssida. Meininga var at han skulle feira 17. mai saman med oss som skulle veg å sjå på henne som var russ. Men så var det desse billettane.

For å treffe han tok eg turen over fjella på 16. mai for å få nokre timar saman før han reiste sørover, sjølv om det ikkje var så lenge sidan vi møttes i Oslo.

Mellomste vart med meg heim der vi leita fram bunadene til jentene. Ho som var russejente var fast bestem på å skifta til bunad etter russetoget, og slik vart det.

På tur ned til toget med ei frossen bunadsjente og russejente.

Ho i raudt vart stoppa og like velvillig delte ho ut korta sine kvar gong.

Russetoget kom medlyd og rop utan vi såg ho vi skulle sjå.

video:img0886
 

I byen var det stappfullt avfolk.

Fekk ein liten fotosesjon dei siste minutta av russetida hennar.

– Er det ikkje trist å ta den av seg ville eg veta, men fekk negativt svar. No var det eksamen og karakterar som sto klar for å ta konsentrasjonen.

Men først fekk vi ete ein god middag like nedanfor der ho bor. Før tre av oss tok ferga attende til våre liv.

Og eg hadde fått møtt heile gjengen på to dagar.

 

 

Eg gjorde det

 

Skodda heng nedover fjellsidene og det er første pinsedag. Ei kald pinse gjev ein varm sommar sa ei nettopp til meg.

 

Så denne sommaren må verta fantastisk.

Dagen går i C-dur som der er sagt……..er eigentleg det seint?

I alle fall er dagen laid back. Men juicemaskina har fresa meg ein fantastisk god juice av jordbær, appelsin og melon. Den vart nydeleg!!!

I starten av veka fekk eg det for meg at nok var nok. Eg hadde tenkt lenge. Eg hadde også starta undersøkinga. Eg har blogga om det. For leeeeenge sidan.

Her står det, om nokon er interessert……..men det er ikkje eit vidare godt eller interessant  blogginnlegg.

Men attende til måndagen. Eg hadde skifta til sommerdekk på bilen eg trudde ikkje heldt så lenge at den fekk det i år.

Det gjorde den.

Så tok eg sjansen, dura over fjella medan eg gjekk ned i 1. på automatgiret for å koma meg over.

Inn butikkdøra og rett på sak. Etter alle desse månaden utan å vera rett på.

– Eg må ha hjelp sa eg til butikkmannen. Og han var hjelpsomheita sjølv.

Så no har eg sportsur, aktivitetsur eller kva eg skal kalla det.

Eg SER.

Eg ser om eg er i rørsle både natt og dag.

Så no er eg i farta.

Forsiktig i farta.  

For eg har tenkt å nyta denne varme sommaren etter den kalde pinsa……….lett.

 

 

Ut av det

 

Når det ljosnar etter mørke kan ljoset verta skarpt. Så må ein mysa seg framover.

Eg veit ikkje. Eg tenkjer på alt ein ikkje veit og alt ein trur. Trur ein veit. For det må nok være slik. Alt vert mykje enklare da. Når ein trur ein veit. Når mange nok trur dei veit.

Eg veit ikkje -.

Det er vår og frå før det ljosnar held fuglane konsert. Det er som ein brus av forventningar.

Eg held på å krype ut av det siste halve året. Eit halvt år med utfordringar.

Er dei over?

Ei god samanblanding av folke ein er glad i som har det vanskeleg, gamle bilar, helseproblem og restskatt.

Blir ein lei?

Ja, det blir ein.

Korleis skal ein koma seg ut av tvangstrøya av problem tenkjer eg utan å ha svar. Utan å få svar.

For eg og trur. Tru på noko anna.

Og så spekulerer eg på kva eg gjer feil-.

For eg prøver å gjera mitt beste. Slik alle gjer.

Eller……har dei rett dei som set to strek under det dei gjer………

Slik kan ein tenkja.

Hjelper det?

Nei, eigentleg ikkje.

For ein må berre prøve vidare. På det ein trur på. Ta kampane og vera menneske.