Dagar med selskap og ferie mot ein ende

 

Sola rakk mest heilt ut ferien. Og folk fyller år. I går var det eit av søskenbarna.

 

I går var det og ein dag med selskap og kaker. Så no må eg nok over på den nøkterne linja straks. Men slikt er triveleg av og til, og gårdagen var absolutt av det trivelege slaget. Så etter at yngste hadde vore hos doktor og konstatert at kyssesjuke hadde ho i alle fall ikkje, og ho tok bussen attende til byen og skulen, drog eg i selskap.

Vi møttes først på puben til pizza. Da eg var lita var det butikk her. Puben ligg idyllisk i strandkanten i Mjosundet. Godt besøkt både av trafikk på land og på vatn.

Etterpå vart det kaffi heime hos ho som fylte år. Trur vi alle hadde nokre hyggelege timar.


Da eg reiste heim fekk eg med meg ein fantastisk solnedgang. Og eg måtte stoppa. Her heiter det Eidestranda.

I dag er det fredag. Eg tenker å gå i gang med slik som gjer hus og heim hyggelegare; hjelpemiddel er vaskebøtte og støvklut. Så skal eg planleggja handling og tenne opp i omnen. Ja, for i dag er det surt og regn. I kveld kjem mellomste heim, ho skal arbeide i helga. Men i kveld skal vi hygge oss.

For eg er framme ved siste feriedagen min i sommar.

I barndomens rike

 

Så kom kvelden. Dagen gjekk med mangt. No er eg ikkje til så mykje meir, men har igjen ein oppgåve….

Snart er dagen ved enden, men skal hente yngsteberta, som har slitt med vond hals lenge. Må få henne til legen i morgon.

Elles gjekk møtet på Skype i dag greitt, greitt å få ein oppdatering av kosthald og val.

Og så vil eg dela bilete frå bardomens rike. Var artig å fotografera frå der eg sprang som lita…….ja sprang…….for eg sprang mykje.

I dag fylte eine morbror min år. Morbror er det same som onkel.

Mor sin bror = morbror.

Han er den yngste i ein syskenflokk på seks. No er det akkurat halvparten igjen som lever.

Her for den eldste gjenlevande bortover sjøen med båten sin. Han var sjuk i dag, men hadde kome seg og tok ein båttur før han kom framom veslebroren. Da hadde han vore å knipsa bilete frå der jordmora vart henta i frå for 79 år sidan, da yngstemann kom til verda.

Her voks dei opp, og hit sprang eg for å vitja mormor og morfar min. I det kvite huset. Vi bada i fjøra og leika ferje med prammen lenge før vi starta på skulen. Vi var ein gjeng syskenborn som voks opp saman.

Mor var den som flytta lengst heimafra ….ca. 70 meter…eller kanskje 200. Vi budde like attom båtbyggjeriet her under, så det var ikkje langt. Det strata morfar min tidleg på 20-talet.

Her bodde moster mi, i huset med valma tak.

Moster = mor si søster.

Mor hadde ei søster.


Ute på sundet her var vi mang ein gong. Nokre ekstra modige og svømte over.


Over til Rotøya. Eg gjorde det aldri, men eg rodde over for å sola meg på svaberg. Og eg fiska. Eg lika å fiske, sjølv om eg var redd for å få eit lik på kroken. Kva visste eg om kva som kunne vere nede i den mørke sjøen. Fantasien var det ingen ting å seia på.



Her sit vi. Det er lenge sidan barndomen. Dei grå og kvite håra dominerar. Saman med lyden av krykjer og andre hjelpemiddel. Det var ein gong….det var ein gong ein annan gong…


Men no må eg henta yngste på bussen, eg treng tida til sentrum…..

Ein tirsdagskveld

Så kom regnet. Ute er det mørkt og den vinflaska vi snakka om å dela på terrassen med tende talgljos, veslesøster og eg, vert i alle fall ikkje i kveld.

 

Framtida er i ferd med å stiga opp på dørstokken. Telefonar og meldingar vitnar om det. Eg kjenner motstand, for eg vil ikkje inn i framtida enno. Eg vil ha varme sommarvindar og vera fri. Eg vil ikkje ha alvor. Eg vil berre at alt skal vera artig.

I dag har eg bruka dagen til å landa, men trur det er ei buklanding……for det humpar slik.

Eg leitar etter artigheita, men den geipar berre mot meg så eg endar med å verta heilt ulykkeleg. Så eg leita meir, og finn ingen ting. Eg krafsar og klorar for å sjå om det hjelper.

Men eg veit. Eg må roa meg. Dra pusten djupt, bretta opp ermane og gå i gong med alvor og kvardag. I kveld, allreie i kveld må eg det. Sjølv om eg er i ferien enno.

I morgon skal eg vera med på ein Skype konferanse med gjengen frå Muritunet. Om kosthald og ståa. Hjelp og trøste sier eg. For eg har ingenting å skryta av. Eg kan berre fortelja om at eg er langt utanføre vegen. Men ikkje kor mange meter….. Eg har noko arbeid å gjera, skrive ned og tenkje……og eg kjenner motstanden med å sjå på kor lite flink eg er.

Elles er eg i gong med noko –  med å byggje meg eit støtteapparat, både med samtalar, med rørsle og hjelp for problem eg har med kroppen. For eg vil, eg vil så frykteleg at eg velje å plukka med meg den hjelpa eg kan . Eg som vil klara alt sjølv, som vil vera uavhengig har tatt eit slikt val. Det kostar å sleppa tøylar, så det må gje resultat-.

For eg vil ha energi til å ikkje fortsetta her eg har vore lenge. Eg vil opp og ut.

eigentleg er det nok spanande. Det er slik eg må sjå på det. Vegen til det nye livet og all energien eg skal nå tak i.

Derfor må eg landa, humpa meg i ro på den ruglete landingsbanen. Etter ferie og alle opplevingane. Og samtidig veta at dei er der, alle og alt. At eg må velja tillit. Og at eg gjera det eg må og som er det beste. Da får eg alt. Både prinsen og kongeriket, energien, gleda og få bruka meg til det eg skal.

Slik tenkjer eg ein tysdag før eg går i gong meg å sjå på kva som er bra av det eg har gjort sidan mai og Muritunet.

Noko bra må det da vera……..

Siste turen siste dagen

 

Eg vil visa nokre bilete frå den siste turen før eg reiste heim. På laurdagen gjekk ferda mest heilt inn til Folgefonna.

 

Og høgt vart det også. På det meste er 850 meter over havet. Det er bygd opp kraftanlegg innover fjella med eit vell av vegar. Ikkje alle førte fram. Vegane gjekk over demningar og innover i fjell. Mest som frydefullt sug i magen, gjekk vegen vidare og vidare. Brattare og brattare. Trur den siste stigninga var på 30%.

På vegen inn torde eg ikkje sjå anna enn rett fram. På turen attende var eg mykje meir vågal. Her kjem ein biletkavalkade frå turen.

Høgt opp ser ein litt av vegane.

Og da ein ikkje kom lengre låg isen å duppa i vatnet.


Det ser kaldt ut, men ikkje problem med bare armar.


Lengre ute er det folk som padlar. Ei oppleving må det væra……

…..men ikkje staden for bading.





I det området her var det mange som telta. Ellers var det fint ordna for å ta ein pause, desse sitjeplassane var skikkeleg fine…..til likt med informasjonen.



Alle desse turkisblåe vatna.

Demningane med stein.





Her var Bjørnabølsvatnet og Storvatnet som vart heva. Dette skjedde same år eg vart født; i 1958.

Så var turen over, og eg hadde berre ei natt å sova i før turen gjekk heim att til Nordmøre.

Eg hadde lagt ei svært fin veke attom meg der ytst i Hardangerfjorden. Ei veke som vil leggja seg i minna sitt arkiv. Glitrande, varm og spanande.



Kvar gjekk vegen?

Med “sjøgang” under føtene og ei aning hovudpine er eg framme dit eg fann ut var best og reise.

 

Ein heil dag i bil er i meste laget. Men eg fann ut det var best. Ta alle timane og reise dit eg følte mest for.

Reise nordover. Reise heim.

Ei heil veke med inntrykk på fordøyast.

Og så hadde eg lyst til å få noko av finvêret heime også. I tillegg hadde eg time hos psykomotoriker i dag.

Så klokka ti i går sat eg i bilen, utrusta med matpakke og vatn. Papiret med vegane eg hadde notert ned  låg att, men da eg oppdaga det var eg på veg, så det fekk stå til.

Tok ein stopp for å fotografera Furubergfossen med ordentleg kamera.

Tanken var å ta mange stopp. Vøringsfossen var ein av dei. Men det var mykje trafikk, og nokon køyrde så roleg at når eg hadde kome meg forbi ein gong ville eg ikkje utsetta meg for å måtte forbi ein gong til.

Så ingen stopp for Vøringsfossen.

Ikkje i Hardangerfjorden heller. Men du får tru meg på at ljoset var fantastisk av ei sol på tur oppover himmelen.

Om du ser godt etter er det strikka strømper til trea her.

Eg reiste over fleire fjellplatå; Hardangervidda, Valdres flya, Rondane og Dovre. Heilt, heilt enormt. Syna må eg samla inni meg for å ta fram når vinteren herjar.



På Fagernes unna eg meg ein ispause og ein kopp kaffi.

Denne gongen køyrde eg ikkje feil. Eg fekk mobilen til å lade såpass at det heldt og eg kunne bruka gps.

I Trøndelag gjekk sola ned og da eg var på tur gjennom Hosten oppdaga eg ein bleik måne over vatnet. Så eg måtte stoppa for å ta bilete.

Da eg såg utover min eigen fjord i tussmørket, med ein så blank og blid himmel, måtte eg forsøka å fanga den også. Men da vart blendingsopninga for lang.

Så no er eg heime til seinsommar i sol og varme.

Det er godt. Og det er sakn.

Tre og blomar i Baroniet

Av og til ser vi ikkje skogen for berre tre er det sagt. Andre gong er det akkurat det ein gjer……

 

Fredagen var ein slik perfekt dag med sommar  i alle krokar. Eg ville ta turen til Rosendal og Baroniet før eg reiste.

Eg stoppa på tur dit bort for å ta ein telefon. Sjøen var i rørsle av varm, løa luft. Eg måtte ta bilete av sommaren.

Eg parkerte og dette bilete møtte meg. Det var og mange fleire, og med litt søking på nettet fann eg ut dei var måla av grafittikunstnaren Gaute Haugland og at prosjektet starta i mai i år.

Eg fann vegen opp til Baroniet Rosendal.

Måtte ta bilete av dette huset, takkonstruksjonen er så fin og denne svaien såg eg på fleire tak.

Desse friserte trea fasinerte.

Så var eg framme ved alleen opp til slottet. Og turen oppover var fantastisk. For å ha sagt det ein gong for alle – eg er svært fasinert av tre. Så frå no av skal eg visa bilete av tre og tre og enno meir tre.



Lauvverket var som eit tak over meg der eg gjekk mellom alle desse fantastisk trea.

Stammene var kolossale.

Så var eg oppe i den store hagen. Her fann eg enno meir tre.

Og hemelegsfulle gongar.

Og så låg slottet der med ein gedigen rosenhage framom.

Eg lukta meg gjennom den.

Men porten inn til slottet var eg for sein til å gå inn i gjennom, så det får verta ein annan gong.

Så eg fortsette vegen min i hagen og let meg fasinera av trea.



Avdeling for nyttevekster og blomster.

Ein flott stamme som ein gong hadde vore eit tre.

Så var eg attende til alleen og returen. 

Utover eit jorde låg det slengt sau…og dei var ikkje dau, berre utslege av varmen.

Og den kraftigaste stammen fann eg på slutten av vandringa mi, denne var gedigen.

Har du vitja Baroniet?

 

Nord eller sør

Ute skin sola. Eg må taka ei avgjerd. Framtida ventar og eg skal inn i den.

Eg ser ut av vindauge der sola auser strålane sine utover. Vindauga står ope. Og eg må ut i den verda. I dag og i morgon. For eg må finne ut kvar vegen går.

Eg har hatt nokre fine dagar. No er det ei veke sidan eg sloss med det som skulle i kofferten og usikkerheit. Og etter ein strabasiøs tur var eg framme med open retur.

I eit gamalt hus med ei trapp som eg syntes var vakker i sin elde, har eg levd, tenkt og vore heilt utanfor mi vanlege verd.

Mange turar tenkte eg å ta. Men det vart mindre av dei. Dei får eg ta når eg er heime.

Eg fekk nokre teikneynskje.

“Eg skal teikne når eg er heime” sa eg. Da vert det ikkje var svaret eg fekk, og så vart det kjøpt inn teiknesaker. Nokre skjønar meir enn ein trur.

Så etter teiknefattige år har eg teikna. Og det gjer godt. Forsvinna inn i streken. Men den er stiv og rusta, ikkje rart etter så lang pause. Enno har eg eit ynskje å oppfylle og det gjer eg meir enn gjerne.

Etterpå må eg dra. I morgon, eller kanskje søndag formiddag….

Kor skal eg dra?

Tanken var å reise til Oslo, men veit ikkje om det er rette tida no. Sjølv om eg er glad i byen. Kanskje eg skal ta meg ein tur seinare………

Eg snur og snur på tankane.

Gruer meg for den lange turen heim. Men trur eg har lyst dit, til boffen, blomane på terrassen, væra i verda mi der. Summera veka eg har levd i.

Summera, sakna og sjå -.

Om ei veke er ferien over. Da skal eg måla overskote eg har samla. Da skal eg fortsetja med det eg veit og det eg trur på. For da er eg i framtida, ei framtid eg alt har tatt første steget inn i.

Men skal eg reise nord eller sør?

Det må eg finne ut straks, og eg veit det kanskje………….

 

Revebjøller opp til Myrdalsvatnet

Når sola skin og sommaren enno er her må ein ut. Vegane er mange, men så framande. Likevel må en gjera eit framstøyt i framandland.

 

I går var eg kjempetidleg oppe. Eg såg sola klyva nedover fjella.

Eg hadde plukka ut ein tur som tok ca. tre timar. Vegen gjekk opp frå Rosendal, like ved baroniet. Ein kunne køyre eit stykke opp i lia for å parkera.

Eg fann fram. Hadde smurt meg matpakke og la friskt i veg oppover bakkane. Sola skein og grashoppa gnissa. Var mest som ein kjensle av andre himmelstrøk.

Eg hadde tatt med meg fotoapparatet, lada opp batteri og fått minnebrikka på plass. Så frå eg tok fram det var eg mest i Nirvana. For alt virka mest heilt greitt.

Det første som tok merksemda var revebjøllene. Dei var så mange og så rake der dei voks oppover attmed grusvegen eg gjekk etter.

Sildrande bekkar rann og kryssa under vegen.

På andre sida gjekk Melselva med varierande nærleik.

Etter eit stykke dukkar ein setervold opp. Den heiter Midtsetre og har vore i bruk frå 1600 talet. Men husa som står no er alle frå1900.

Noko av vegen gjekk gjennom skog, ei glede i ljos og skygge.

Ein mystisk stein er mystisk, men det sto ei grei forklaring på steinen.

Så var eg oppe ved vatnet. Båthusa låg skulder ved skulder ved enden av vegen.

På ein liten odde sto det bord og benkar og bau meg ned. Maten smaka nydeleg i sola og den stille verda. Høyrde sauer langt oppe frå høgjellet.


Vatten gjev ei så god ro i sjela.

Speglingar i vassflata.


Idylliske båthus.

Starten av elva.

Enno ligg det snø i fjellsidane.

Turen ned igjen.

Utsikta, varmen og lyden av gnissinga skulle eg gjerne ha delt med deg.

Rosendal nedanfor, og Dimmelsvik lengst borte, der eg bur.

Og her har vi utsikt til Hardangerfjorden, og øya som ligg i biletet heiter Snilstveitøy.

Og da kvelden kom oppdaga eg at eg hadde fått skilje for første gong denne sommaren.

Dette var ein vakker tur ein vakker dag.

 

Tur over alle blåne

Nokre gong legg ein ut på dei store turane. Både geografisk og i livet. For stillstand er ikkje noko å trakta etter………

 

Så har eg slukt mil, mange mil. Ei øving eg ikkje trur eg skal gjenta på dette viset, for den var krevjande.

Kom også heim litt for seint på laurdag, etter eg hadde køyrd yngste til Kristiansund. Vi laga middag saman hos henne, og ho er så fornøgd med den nye heimen sin.

Heime hos meg sjølv igjen, fekk eg pakka ferdig. Eg tenkte å starta turen sørover skikkeleg tidleg, men kom meg ikkje opp før kvart på sju. Så skulle eg rydde, vaska av koppar, gjera klart for dyr og plantar, slik at det skulle væra enklare for henne som hadde den jobben. Ho har sine avgrensingar når det gjeld rørsle.

Da klokka hadde passert åtte, da var klede for all slags vær pakka inn, sko, matpakke og ein stor termoskopp med kaffi. Den bikka eg innhaldet av berre nokre kilometer etter start.

Været skein, riktig ertande, der eg starta på turen min. Den vakraste, varmaste dagen denne sommaren, sette eg meg til attom eit ratt. Ikkje rart eg spekulerte på kva eg var i gong med no………

Men at turen vart spekulativ DET kan eg skriva under på. Det var glitrande vakkert der eg for. Da eg køyrde oppover trønderske dalar bles det slik OHoiiiiiiii….. Varm fønvind som ein sommar på toppen av livet, der trea viste undersida av blada like mykje som oversida.

Trafikken viste seg kø-aktig gong på gong. Eg hadde lyst fort fram.

Eg kunne ikkje køyra den ruta eg hadde tenkt pga. av brannen i Gudvangtunnelen. Eg måtte køyre om Beitostølen. Så klarte eg å køyre forbi der eg skulle ta av. Da eg endeleg oppdaga det, resulterte det i ti mil ekstra køyring.

Det er her, på bilete over eg oppdagar det. Enno visste eg ikkje kor mykje feil dette resulterte i, men da vart eg mest kvalm.

Og enno ein gong klarte eg å køyre feil, for eg tok opp mobilen for retninga og oppdaga ikkje før etter mange mil at den viste vegen om den brannskadde tunnelen enno ein gong.

Men for nokre inntrykk. Eg tok meg berre ikkje tid til å stoppe opp. Valdresflya, Geilo, Vøringsfossen, Hardanger…….ja, da eg køyrde langs Hardangerfjorden mørka det. Den turkise sjøen vart skjult i mørke og eg hadde berre dei, smale svingete vegane å å sjå på. Der parkeringa i opp og nedkjørsler imponerte meg. Snakk om å parkera på millimeter.

Og så kom regnet.

Endeleg var eg framme, like før denne dagen var slutt. Der mobilen lada ut på tampen og eg hadde store utfordringar med å få den til å lade igjen. Eg gjekk ut i den kalde, våte verda, eg var svimmel så verda gjekk mest i rundt. Men med varm supe og ei natt søvn var svimmelheita mest borte dagen etter.

Og i går fekk eg ein køyretur i ein utruleg vakker natur. Rosendal bærer nok namnet sitt med rette. Eg har med meg fotoapparat, men eg veit ikkje om eg får det til å fungera. Så da eg skulle ta bilete av Furubergfossen i eit fuktig yr av vatnet frå osen, hadde eg berre mobilen å bruka. Og den gjev ikkje rettferd.

Så så langt om turen min hittil. No er sola på vitjing her også. Eg har kvilt fint ut etter den strabasiøse turen på laurdag, og eg skal ut i verda og nyte livet.

Ha ein riktig fin dag alle som ein.

Pakkrydde

I dag starta dagen tidleg. I morgon startar den enno tidlegare. Berre fordi eg har ferie.

Med litt blanda kjensle rotar eg i eit forsøk på å rydde for å pakke.

Ute er sola.

Eg sette meg litt i solstolen, men da kom eit slør framom den. Så eg gjekk inn for å gjera eit framstøyt. Da starta eg å prøve klede. Fann fleire nye antrekk, som eg fann ut kunne vera fine, berre magen vert mindre. Heldt på ei stund slik, laga to dungar, ein for reperasjonar/omsying av slikt eg ikkje vil kasta. Og ein dunge for når magen vert mindre. Men ingenting vart pakka i koffert. Den jakka må eg ha med tenkte eg. Men eg må ha meir enn den jakka…….

Eg liker ikkje pakke, da finn eg på alt anna. Vaske skap, gjennomgong av lagra klede slik som i dag.. Og det går så seint……

Dagen sto opp tidleg fordi eg synest bilen måtte ha ein sjekk. Utanom slitasjen var det ein skru som var borte, sa dei på verkstaden, så den kjensla av at noko heldt på å ramla av stemte. Da hadde det vorte bomstopp. No skulle det ikkje væra nokon fare med å leggja ut.

I dag skal eg ut på ein kort tur. Yngste vil reisa til Kristiansund i dag. Skulen startar på måndag. Venene lokkar. Ho skal ha med seg den store planta si, symaskin og ein del fleire ting. Eg skal ha med meg ein del tom kassar attende. Og så har vi begge lyst til ein tur innom Plantasjen.

Heime igjen skal det pakkast ferdig. Så må eg rekka og leggje meg tidleg. For i morgon startar dagen grytidleg, fordi eg har ein lang køyredistanse framom. Eg køyrer sørvest og hamnar sannsynleg i Hardanger. Etter ei vitjing der tenker eg å ta turen øst og nok litt meir sør, trur eg, for å peila meg inn mot Oslo. Men turen er open for innfall og forandring av planer. For samtidig er det meldt eit fantastisk vêr her eg bor, så det å reise bort til kanskje ikkje fullt så bra-, kjennes ikkje bra…… 

Kan enno ombestemme meg så klart …….

Men det er fint å kome seg bort litt også. Og så er det fint om eg har igjen av ferien når eg er attende. Så eg dreg nok……

 

Har du noko forslag til kva eg bør få med meg i ytre Hardanger?

Kvar har du vore på ferie i år?


Frå Oslo tur da eldstemann og mellomste var små og yngste ikkje var født enno, på midten av 90 talet