Kan du trylle med hovudet mitt?

 

Det regnar nitrist. Det er så vått og grått at det kjennes. Eg ser mistrøstig ut og prøver å huke meg fast i noko positivt. Ser lista er lang. På det som er negativt.

 

Framtida, tenkjer eg. Jula. Det er ein bra tanke. Eg gleder meg til den, til maten, varmen og ljosa. Dele tid med dei eg er glad i. Fekk og ein invitasjon i dag som gjorde meg glad. Frå kjærasten til sonen. Leilegheita dei hadde flytta til var slik omtrentleg ferdig og dei hadde fri i helga, så dei ville invitere meg nedover. Men bil som treng reperasjon og billettar som er høge i pris så nære inntil, så må eg berre seia nei…. no. Likevel skal eg ta turen nedover, snart.

 

Det regnar.

 

Eg er eit vrak og ikkje snill verken med eller mot meg sjølv. Eg et lakris og anna usunt, om det er berre er i helger så er aktiviteten på eit lågmål i tillegg. Den har vore det lenge no. Lenge nok. Det har eg tenkt ei stund. Og resultatet let seg ikkje skjulast. Eg ser gravid ut. Gravid med mi eiga usunnhet. Nokså tragisk eigentleg.

 

Her om dagen opna eg lokket på nokre vitaminer. Ei positiv utvikling. Eg tok omega3. Det er nok både alfa og omega. Og eg trur at eg er mindre stiv i ledda når eg reiser meg opp no etter eg starta å ta lokke av og ta kapslane opp for å putte i munnen. Så kva skal eg gjera for og koma meg vidare?

 

Eg vil ikkje sitja og sjå trist ut på verda fordi eg har så dårleg form. Så eg må.

Må!

Eg seier det til meg sjølv opp mot mange gong om dagen. For eg har ikkje planar om å bli ei gamal kjerring enno. Ikkje på mange år skal eg dit. Så eg må. Må, må og må.

 

Kanskje det hjelper å skrive om det, tenkte eg. For og setja søkelyset på det. Kanskje det kan skje noko i tankemønster og handling da, tenkte eg.

 

Det regnar.

 

No får eg berre sjå om det var noko hjelp i å skrive om elendigheita. Men forventar nok uansett ikkje joggetur i morgon.

 

Men har du, som no kanskje har greidd å lese gjennom heile innlegget, nokre gode tips og koma med for og koma seg i gong og i form…..ja, så er eg skikkeleg takksam for det.


Korleis overtyda seg sjølv om at ein må koma seg over dørstokken? 


Ungdom i vår kultur

 

 

Held noko på å skje i ungdomskulturen når vi snakkar utdanning? Held vi på og få eit skilje? Dei som tek utdaning og dei som droppar ut? Er det økonomisk tufta? Handlar det om evner eller resignasjon? Kva er det som skjer? Eg trudde at alle? ville ta utdaning i dag.

 

Eg har alltid likt best dei som stiller spørsmål ved sanningar. Dei som vel å sjå i andre retningar enn det som storparten gjer. -Enn det som er det mest behagelege.

 

Eg likte den einsame ulven, opprøraren, han som klarte å stå utanføre presset. I utgåva av både henne og han. Eg likar ulvane enno.

 

Samtidig har eg alltid meint at utdanning er viktig, viktig for og ha eit val. Seinare i livet. Dess meir utdanning desto betre. Sjølv om eg høyrer til unnataket, for det er forskjell på høgre utdaning om den er teoretisk eller om den ligg i dei kunstnariske felta. Eg hadde ein oldefar som ville at sønene skulle utdanna seg, sjølv var han. Dei valte å være frie og skaffa seg sin eigen lærdom. På godt og vondt. Eg hadde ein morfar, det hadde gått nokre tiår og han var framsynt. Han ville at mor mi, ei kvinne født på 30-talet, skulle utdanna seg. Eg vaks opp med jenter i mi eiga samtid som fortalte at foreldra snakka dei frå å utdanna seg, for det var bortkasta. Dei skulle da berre gifte seg likevel. Eg var sterkt sjokkert over at nokon kunne tenkje slik på 70-talet.

 

I dag er utdaning noko som er sjølvsagt. Trudde eg. Det er mest vorte komisk i si litt overdimensjonerte fokus. Når eg møter eldre og i alle fall godt vaksne menneskjer som slår kvarandre i hovudet med kven som har mest vekttal. Når folk ikkje har rett til å uttale seg utan dei har eit papir. Når det som var sett på som sunt folkevett ikkje gjeld lengre, så kan det bikka ørlite grann over i komediens skjer, for det vert noko med proporsjonar. Noko i retning av keisarens nye klede. Det er så.

 

Men likevel, i det samfunnet vi lever  er spelereglane slik dei er. Ein kan tilegna seg dei for å bruka dei til det ein sjølv synest er best, helst som i mest samfunnsnyttig.

 

Når eg, som alltid har meint at utdaning var viktig og som trur at dei haldningane har eg planta vidare, møter motstand i frå mine eigne. Da spinn eg. Da blir det glatt under føtene, eg virrar og krafsar opp veggar i forvirringa eg opplever. Eg får lyst til å bli den store mektige som set på plass i store ordelag og fortel sanninga i eksemplanes ljos. Og det er det enklaste, og eg gjer eit fattig forsøk. Men eg kjenner på dumskapen i det.

 

Er det noko som skjer?

 

Som sagt har eg likt rebellane, dei som går dei nye vegane og får til det storparten meiner ikkje går. Og samfunna utviklar seg alltid. Det syner historia. Det har eg sett i mi tid. Det viser kor lite vi veit om sanninga. For den er alltid farga av si tid. Jorda er alltid flat på eit eller anna viset. Det som er sanninga i dag kan ha forandra seg i morgon.

 

Når eg møter motstand mot utdanning hos mine eigne, ser eg da resultat av oppvekstvilkår? Ser eg på symptom på noko i samfunnet? Er det dumskap, naivitet eller klokskap? Sjå det, det kan eg ikkje veta, for eg er ikkje synsk. Eg er berre eit vakse menneskje som har levd nokre år med mine erfaringar av livet. Og skal eg væra heilt ærleg veit eg ikkje. Eg veit ikkje. Eg blir berre frykteleg fortvila og forvirra.

 

Handlar det om tida i dag? Samfunnet vi har fått? Om shoppinga dei unge lærer seg til, på alt? Om at dei ikkje treng å anstrenga seg for noko, drøymen kjem av seg sjølv? Er det ein drivhus generasjon vi har fått, under drivhustaket vårt? Med ljosegrøne, skjøre stilkar av alt for store drøymar? Er dei reaksjonar av all informasjonen dei får på godt og vond og avstanden til det verkelege? Det ekte livet der kvart menneskje blir sett på ut av verdien av seg sjølv? Som menneske. Utan silikonpupper og oppsvulma lepper og musklar fulle av tilførte stoff?

Eg trur på ungdomen. Men eg spekulerer på om noko er i ferd med å skje? Er det slutten på ei tidsfase som eg ser ein flik av? Kanskje slutten av vår sivilisasjon? For andre kulturar, dei undertrykte, ser på utdanning og skolegong som vegen til å ha ein stemme. Utdaning er lik makt. Derfor er viljen til å utføre sterkt til stades. Er viljen i vår kultur så mett av den materielle velstanden at det vert for vanskeleg? Det er lettare å rette fokuset mot seg sjølv, riktig i mot seg…kroppen og den personen ein vil framstå å være, vert det som er viktigast. Der melankolien boset seg i hjernen og tek bort vitsen. Vitsen med livet.

 

Eg veit ingenting, men eg veit det er mykje som er ut av proporsjonane…..og at det ikkje fører til noko godt å ha eit for stort fokus på det.  Ein kan berre gjere sitt beste. For alt går sin gong, med eller utan…….men tankane surrar.

 

Det har vore fint å fått andre sitt synspunkt på opplevinga av ungdom og utdaning i vår kultur.  Er det noko som skjer?

 

Mat er godt

 

 

I dag kom eg heim slik eg oftast brukar, på hjul. Eg parkerte og gjekk inn. Middagen brydde eg meg ikkje å venta så frykteleg lenge med. Eg var slik rimeleg svolten. Det var tagliatelle med laks, erter og ein krema saus. Nedfrosen rest. Det smaka og eg vart slik passe mett. Men ein søthunger dukka opp. Noko lite hadde vore godt tenkte eg. Men ikkje noko goodis igjen etter helga. Og det er da eg greier å overraske meg sjølv. Etter slusing av to hundar tek eg rett og slett opp miksmasteren. På ein heilt vanleg måndag. Utan grunn. Eller…litt grunn…….og……….kanskje litt meir grunn.


 

Desse hadde gått langt over akseptabel modning for å eta vanleg. Eg tenkte eg kunne frysa dei ned til smoothie, men det var da eg ana ein kombinasjon……. søt hunger + banan +baking.

 

Så plutseleg hadde eg baka bananmuffins, med grovt mjøl og havregryn. Slik at det er ingenting å få dårleg samvit for.

 

Ordna meg ein kopp kaffi.


 

Så da var det berre å kose seg.

 

Dette var ikkje det dummaste eg kunne finne på ein heilt vanleg måndagskveld i all enkelheit.

Husk; refleks og koser viktig i haustmørke!

 

 

 

BforBakk

Gleda i alt

                                   

Timar kjem og timar går. Vi er med i dei heile tida. Vaken. Sovande. Vi er med på vårt vis.

 

Så er vi framme ved ein ny laurdag. Det neste døgnet inneheld ein time ekstra. Denne timen som forsvann i vårljoset kjem att med hausmørket. I morgon kveld vil kvelden vera mørkare tidlegare. Og slik held vi på. År etter år. Flyttar tida att og fram. Eigentleg synest eg det har vore greitt og fortsett den tida vi har med oss frå sommaren. Men det som er det gode med dette er den eine timen meir å sova i.Om ein kjem seg i seng til riktig tid. Det er ikkje alltid like enkelt ein laurdagskveld.

 

I helga har eg jentene mine heime. Dei var så trøyte at den eine la seg tidlegare enn den andre. Dei er fortsett trøyte.

 

Eg kom meg ut av senga mi som det vraket eg har gjeve meg lov til å verta.  Eg stolprar meg ut på golvet, reknar med eg sukkar tungt også. No har eg tillet forfall i eit halvt år. Det er interessant å sjå kor dårleg form ein blir i da. Den gode tanken er at det skal lite til før ting er betre. Det er ei trøyst. Eg tenkjer eg snart skal snu om dette arket, og eg har tenkt det ei stund. Kanskje eg har tenkt det lenge nok men lovar ingenting til nokon.

 

Utfordringane eg har framom meg no er tenner og bil. Ja tenner. Eg er ikkje ferdig med dei. Det viste seg, da eg trudde at alt kom til å gå bra, at akkurat det gjorde det ikkje. Eller….bra? Det viste seg at eg må rotfylle den eine tanna. Det har vore verre om den måtte ut. Og dei siste dagane har ein av dei andre også gjeve seg til kjenne med ny intensitet. Dette fører tilubehag når eg et. Men stoppar eg å eta fordi..?? Og det er kanskje like greitt det, at eg ikkje stoppar.

 

Eg ser likevel på glitret som er framtida. Framtida med alle dei mulegheiter ei framtid kan ha. Eg gler meg til den. For uansett er løysningane der. Og eg gler meg til tenner og bil er fortid. For det blir det. Og eg gler meg til eg snur arket og finn dei nye vegane i irrgongane i hjernen. For vi har så lett for å gå i dei tankebanane vi har gått. “Nei, eg greier ikkje dette”,seier vi til oss sjølve og let oss ikkje greie det. Noko realisme kan så klart væra greitt og ha med…….for eksempel tanken påflyga for eiga maskin, altså ikkje i eiga maskin, berre med sin eigen kropp utan tilbehør er greitt at ein tenkjer ein ikkje klarar. Det er sagt at tru kan flytta fjell, og det er nok noko i det. Men eg for min del har akseptert at så mykje tru greier eg  ikkje stable på beina.Så drøymen om å flyga har eg overlet til  flya som flyselskapa eig. Og eg drøymer rett som det er å ta ein tur med ei maskin, hit eller dit. Men ikkje riktig enno. Det blir etter eg har snudd arket nok.

 

Framtida er ikkje noko langt unna. Den er like framom nasen vår heile tida. For oftast er den tida som kjem rimeleg lik den vi var i. Men for kvinna frå Kristiansund sist onsdag, vil eg tru framtida plutseleg fekk ei brå forandring, etter telefonen frå Norsk Tipping. Eller dei som lever i nærleiken av fjellet Mannen i Romsdalen. Dei veit at framtida har ei forandring dei ikkje veit.

 

Men vi skulle nok vore flinkare til å levd dagen spesiell. Eg har tenkt på dei føtene som ber meg i rundt, dei er så sjølvsagte.Det er dei ikkje for dei som sit i rullestol. Eg tenkjer på dette å kunne glede seg, eg tenkjer på det vi har mulegheit til.Og ikkje minst, greie å stikke hovudet over skodd laget som gjev utsikta til å sjå mulegheita. Det er mykje betre å væra der,enn at skodda skjuler det som gjer alt lettare. Planta frøet til gleda og få det til å spire. Det er viktig. Få gleda til å spira og spreie seg.

 

Den tanken eg tenkte da eg gjorde det som instinkta hadde plassert i meg, let kroppen min bli ein tunnel for nytt liv. Eg nøydde meg ikkje med tanken at slik er vi laga, eg måtte laga meg ein grunn til for at dette skjedde. Det var da synet avringane i vatnet som spreidde seg kom opp for mitt indre auga. Greidde eg å hjelpe til at dei nye liva som kom fekk evna tilå spreia det som godt var, likt ringane i vatnet, da var det ein vits i det tenkte eg. Den tanken har nok rulla opp att igjen nokre gong,i forskjelleg ljossetning kan ein seia. Det er ikkje alltid ein har følt å lukkast med det i for stor grad. Når naboar står utaføre døradi ein kald desemberkveld like før jul for å klaga påein av dine. Når dundyner som er hengt over omnen for å kunne vermasmå kroppar når dei er i seng vert gløymt, før dei gjev seg til kjenne med røyk frå brente hol. Fordi ein er hamna i eit sjokksom opplevast utanføre dimensjonane. Det er ikkje da ein føler ein har lykkast. Seinare inn i framtida, den som kom og no er fortid, da ser ein at eit og anna var det likevel gong i. Men ein veit ikkje om det er seg sjølv ein kan takka og det er eigentleg ikkje så viktig.

 

Det som er viktig er å kunne gle seg over mest mogleg. Få den til å spreie seg som ugras.

Greier ein å bruka gleda konstruktivt

til det beste, ja………da er mykje bra.

Synest eg.

Ein og to er tre

Sola skin innover golvet i lange banar og på fatet ligg ein gjeng flekkete bananar. Sola rullar enno over fjella, men eg trur ho blir litt oppskrapa under magen. I natt har mister frost vore på vitjing, det låg att vitnemål i skuggane.

Og eg har ferie og hadde ei nokså god plan om strand og sommarklede og slikt. Fordi eg trudde eg kunne ha godt av det. Men så spekulerte eg på at eg kanskje ikkje ville ha godt av det likevel. Sanden og stranda med ei bok har nok fungert fenomenalt. Men så var det den haugen med papir eg berre må igjennom og som ikkje kunne venta, – kan ikkje venta lengre enn til i morgon. Den er så frykteleg vanskeleg å koma til denne dungen. Det er frykteleg dumt, men slik er det. Så ferien min vart eit opphald framom ein papirdunge. Men i morgon er eg fri. I morgon må eg væra fri og ferdig med dungen. Men sola skin og det er godt. Det vert lettare da.

Eg er nokså flink til å plaga meg sjølv. Det skal eg slutta med.

I går greidde eg ikkje finne unnskyldningar for å ikkje køyre vekk eit lass søppel. Eg streva med å få hengaren på, den sto så kjelkete til og var så tung. Eg sukka, stønna og pesa og hadde så klart lyst å berre gå i frå det. Men eg tenkte på kor godt det ville verta etterpå, når det var gjort. Uansett kor sur mannen som er sjef over søppelet ville bli når eg kom, over mine ryggeeigenskapar. Eg har vore i disputt med han før.

Eg innrømmer det tvert, eg er ikkje flink til å rygge med hengar. Og det liker ikkje han som bestemmer over plassen, han syntes ikkje eg hadde noko der å gjera med ein hengar da. Så da vert turen dit eit enno større tiltak enn berre å slite med å fylla hengaren full og få den på bilen.

Sist eg var der bestemte meg for å få til rygginga, og da gjekk det faktisk. I går fekk eg sola rett i augo da eg skulle rygge meg attover, så eg kom ikkje dit eg skulle. Det kom og ein bil til som kunne rygge, og eg syntest han tok på seg eit oppgjeve ansikt, mannen, ikke bilen, – men eigentleg drit eg i menn som tek på seg forskjellege ansikt  når dei sit bak eit ratt.

Det er noko med menn og ratt. Sist eg var i Trondheim var eg utsett for eit par av desse mennene som tek på seg dette spesielle oppgjeve ansiktet. Den eine fløyta til og med, og eg må seia eg ikkje skjøna kvifor. Det er ikkje så enkelt når det er vegarbeid og du ikkje kan køyra dit du skal.

Den andre reaksjonen var ein mann som rista sakte fram og attende på hovudet, slik frå side til side.. Som ei slags øgle. Det eg gjorde var så forferdeleg at han måtte riste sakte att og fram på hovudet for å understreka kor ille min opptreden var. For han trudde sikkert at da ville eg verta så mykje betre når han rista på hovudet som i sakte kino. Kor dum går det an å bli tenkte eg. No var det ikkje så ille det eg gjorde, eg heldt på å køyre inn på ein veg, men stoppa da eg såg bilen til denne mannen kom. Men eg køyrde litt for langt fram, men ingen fare for noko samanstøyt .

No er det slik at i motsetning til rygging med hengar, så veit eg at eg er ein nokså bra bilkøyrar. Så eigentleg er menn som skal understreka med ansiktsuttrykk kva dei synest om mi bilkøyring komisk, og det er bra – for dei har kunne ført til at eg har vorte usikker. Det har ingen hatt noko bruk for. Ein tanke for menn med for mykje ansikt bak eit ratt.

 

Men i går var mannen som er sjef over søppelplassen heilt eineståande, mest som ein kunne kalle han for blid. Da eg sa eg skulle eigentleg ha stått der, for det var mest av slikt søppel eg hadde, sette han seg utan å kny inn i bilen for å rygge den på riktig stad. Men eg såg også han hadde problem med å rygge med sola i augo.  

Og til slutt, etter og ha køyrd enno fleire lass med hengaren vil eg og verta flink. Men eg har ikkje teke meg tid til å øve.

 

Vi menneskjer har så lett for å tru for mykje at vi veit. Vi veit eigentleg så frykteleg lite. Vi veit det vi har erfart og lært. Men alle har vi så alt for lite kunnskap til å vite alt. Og mang ein gong er det slik at dess mindre vi veit desto meir trur vi at vi veit. Heile tida vert vi utsett for påverking av at vi skal ta til oss ei særskilt haldning. For eksempel kan ein sjå på presentasjonen av nyheite frå NRK og TV2, dei kan ofte ha ei vinkling som avvik frå kvarandre. Dei vil ha oss til å tenkje på forskjellege måtar.

Så har vi fått eit program på NRK som kallast Folkeopplysningen, der dei legg legevitskapen til grunn. Dei klaskar i bordet forskingsresultat på eit slikt vis at vi skjønar kor dum vi har vore fordi vi har trudd på slikt som kiropraktorar og kinesiologi, for her er vi narra fortel dei oss.

Eg tenker det er mest utruleg at ein i 2014 kan senda eit slikt program, der ein latterleggjær andre profesjonar under naturvitskapen si fane. Men som sjåar kan du ikkje etterprøva dette, for du har ikkje kunnskapen, det vert ei sak du brukar  følelsane på. Og det er dei vi brukar, etter vi har vorte påverka i den eine eller andre retninga.  

Tru på naturvitskap eller Gud.

Og alt, heile tida vert vi bombardert med argument for at vi skal meine det eller slikt.

Takke meg til menn med ristande hovud, dei er for oftast enkle og ukompliserte. Du veit kva dei vil ha.

 

Sola lagar lange skuggar. Men den er her enno. Eg skulla ha vore ute for å lytta på den, for kva den ville seia om saka. Men den tie klokleg stille. Eg har tenkt at når eg er kome dit at eg ikkje treng å seie meir, da har eg nådd målet. Da er eg vorte klok. Når alle kan halde på med sitt og eg kan berre bruka øyra. At munnen min ikkje treng å uttale eit ord. Men eg er inga sol. Eg er berre meg, med alt for mange ord som eg må tømma meg for. Og det er for så vidt greitt det.
For meg.

Nyt sola.

BforBakk