Ein kan tenkje at ein skal gjera noko, fordi ein vil. Men tida kan gå for fort og alt renner bort.
Denne gongen skulle ikkje det skje. Så eg starta planlegginga ein dag på jobb, da eg var på biblioteket. Eg lånte med ei lydbok.
For ei veke sidan var eg i gravferd. Da lova eg å koma på vitjing seinare. Så det var til henne som satt igjen eg lånte lydbok til. For kanskje kunne det væra godt å få fri om ho greidde å verta slukt opp av orda frå boka.
Eg vakna til fridagen min og til våren, eit par timar etterpå var vinteren komen attende enno ein gong.
Eg gjekk i gong med det eg hadde tenkt, steike vaflar. Kvelden før laga eg eplesyltetøy. Ned i korga pakka eg dette og litt til.
Eg ringte for å høyra om det passa at eg kom.
Vi hadde ei fin stund.
Da eg traska heim eit par timar etterpå var eg glad. Fordi eg fekk gjort det eg hadde tenkt og det kjendes riktig.
Eg er så flink til å tenkje alle desse tankane, men det meste vert aldri meir enn tankar.
Så sjøl om den våte snøen var riktig utriveleg, var dagen fin likevel. Det var godt å labba heim.
Så godt at eg måtte ta bilete av ein grå dag, som for meg var ljos og lett fordi eg hadde fått gjort det eg hadde tenkt. Det gjorde meg godt, og ho eg vitja sa ho var glad for at eg kom.
Når dusjen er ein tragedie av alt for varmt vatn, da er det å dusje litt varmt. Og nokså uutholdeleg.
Kan ein seia-.
For slik kan det væra.
Når ting ikkje er heilt på stell.
Slik har det vore nokså lenge.
Så starta vasken å tetna. Da klosettet også ikkje var tett, men laga vått golv – da var tida komen. Til å ringa rørleggerten. Og han kom til slutt.
Ein morgon.
Da eg skulle på jobb.
Han svinsa og svansa og utførte. Klosett, vask og dusj fekk ein overhaling.
Og så dro eg på jobb.
Heime igjen var eg spent. Spesielt på den varme dusjen med dårleg trykk. Så berre for at eg hadde lyst til å sjekke ut om det var forandring, spratt eg inn i dusjen for andre gong den dagen.
Spent på strålen frå dusjhovudet.
Vatnet kom i kaskader, med trykk og til å regulere. Plutseleg kunne ein dusja i både kaldt og varmt vatn.
Til morgonen i dag tenkte eg at eigentleg trong eg ikkje dusja i og med eg dusja i gårkveld. Men så fann eg ut at ein dusj kunne væra greit.
Og no trur eg sanneleg eg skal stilla meg under dusjen ein gong til, berre for at det er så artig å ha ein dusj som virkar godt igjen.
Ein enkel dag etter helga. Ein dag med å venta, og ein dag å bia….med å tenkje på bier.
Først og fremst venter eg, eg ventar på rørleggeren som det hittil har vore stilt i frå. Rundt klossetet ligg ein våt dam. Eg har fri i dag og vil tru han dukkar opp før arbeidsdagen hans er slutt.
Om nokre timar skal eg køyra yngste til bussen. Vi har hatt nokre koselege døgn saman. Det er kanskje vanleg, eg håpar det, at ein trivest så godt saman med sine. Eg storkosar meg saman med ungane mine.
Her er det kos med boffen. Han fyllte ti år for eit par dagar sidan sidan. Tenk det, det har snart gått ti år sidan han kom til oss ein mai-dag i 2009.
Dyr altså.
I går var eg på kurs. På kurs om eit anna dyr, dyr med vinger. Meir nøyaktig bier og kubar.
Vi var mange som hadde møtt opp til kurs på ein søndag.
Eg må seia 1. dag var interessant. Kurset går over tre dagar.
Lærekurven i går var bratt. Ikkje visste eg at inne i ein bikube finnest det ei dronning, nokre fleire dronar som er hannar, og resten av gjengen; arbeidarane. Og at arbeidarane er alle hokjønn. Vi fekk vite korleis ein kube er bygd opp og om næring og årstider i kuben. Kva for planter bør væra i nærleiken og om sverming og sjukdom.
Kvifor eg har meldt meg på…. tjaa…..eg synest birøkt som sagt er interessant. Om eg startar opp er eit anna spørsmål, det er mykje som skal til.
Men det ligg bra til rette for å gjera det. Eg har grunn, eg har husmasse og eg synest det er bra med tanke på miljø. Men ein bør være frisk, ikkje minst ha ein god rygg, der er ikkje situasjonen heilt på parti.
Men først skal eg gjennomføra kurset. Så får eg tenkje.
Men no har eg fått med meg ein nabo på årsmøtet i viltforvaltninga, som lederen har uttrykt – det er dumt å ikkje delta når ein sit der med nokså mykje grunn.
Kanskje eg ender som ekte gårdbrukar til slutt likevel. Og eg som var svært glad for at eg ikkje kom frå ein gard da eg var lite, og som skulle til Paris for å designa klede.
Laurdag i alle rom og langt inn i sjelen. Og utaføre ruskar naturen.
Ikkje slik at det er laurdagsskinande blankt og fint, med vaska golv og rydda. Som eg var ei husmor med krav til slikt. Men det er så alldeles herleg å vite at her sit eg og kan.
Eg kan – ja, dagen lang, om så var. Men det er ikkje plana. For det er ikkje vondt å gjera noko. Eg gleder meg til å gå i gong med kjøkenet, det har vore ein overlevelsesarena den siste veka.Eg har ikkje hatt tid og ikkje kapasitet……eg har knapt laga meg mat, men når eg har gjort det har eg rota enno meir.
Ute durar det og skramlar det. Det bles og ruskar. Kvite snøfiller går vassrett langs fjorden, sjølv om det er plussgrader. Men det er ikkje verre enn at sola slepp gjennom med nokre strålar.
Eg såg det var meldt vindhastighet opp i 17 sekundmeter seinar i dag. Da er det sterk kuling. Er nok ute i bil da, når vinden får såpass fart. Skal henta yngste som kjem heim ein tur. Inn i mellom eksamener og jobb med bacheloroppgåva si. Det er spanande det ho er i gong med. Film.
Vaskemaskina nynnar og romlar trygt inne på vaskerommet. Eg likar lyden av vaskemaskin. Men eg likar også å vaske klede, lukta av reint.
I morgon skal eg forresten på eit kurs. Første samling. Om bie-røkting. Eg synest det er interessant.
Og så fekk eg endeleg ringt rørleggar i går, så han kjem mest sansynleg innom på måndagen. Toalettet lek, det er kjedeleg. Blir bra å få det i orden. Det starta forrige veke, men eg hadde ikkje tid til å væra heime denne veka som har gått. Men no er det berre ein glatt og god laurdag, der dei første timane er sluntrane frie til å gjera det som fell meg inn.
Eg hadde sendt ein forespørsel om venskap til ein ven av henne.
No skal eg innrømme at eg har ståka inn i mellom, og av den grunn sendt spørsmål om venskap. Slikt er ekkelt, men eg trur ikkje eg er den einaste. Men denne gongen var ikkje det tilfellet, for når ein sit og knotar på ein mobil er feiltrykka lett å gjera.
Det kjem også spørsmål, frå utenlandske, ukjente folk. Gjerne med ein eller annan militær rang. Dei vert avvist.
Eg brukar ikkje fb-kontoen min så mykje, så spørsmålet om venskap er det ikkje lengre så mange av. Men her om dagen kom eit spørsmål. Først vart eg mest usikker, men så skjøna eg det. Og eg svara.
Det var både rart og artig. Spørsmålet kom frå ei ung jente.
Oppover tida har eg hatt anfall av å ville gjera det eg syntes var riktig. Prøve å gjera ein forskjell, liksom.
Som lita ville eg gjerna berge ein Biafra unge. Redde naturen frå søppel forsøkte eg også på slutten av sekstitalet, noko dei andre ungane lo av. Eg meldte meg inn i Framtiden i våre hender, til det vart for dyrt for studiesituasjonen.
Besøksheim tenkte eg, og så vart eg det.
Eg fekk overbevist han eg var gift med. Vi hadde alt to ungar.
Ho som vi fekk ansvaret for nokre helger var året yngre enn mi yngste. Ho var hos oss gjennom eit år. Da var eg gravid på nytt og samstundes vart det snakk om å utvida ordninga. Så eg måtte seia nei.
Så det vart berre dette eine året, eit år i ein unge sitt liv. Der eg gjorde meg nokre tankar om det var riktig å plassera så små ungar ei og anna helg hos framande.
Den vesle ungen hadde store alvorsame augo. Kva visste ho om tidsperspektivet.
Før dette skreiv eg på ei historie om ein liten unge som ikkje hadde det rundt seg som den skulle, eg måtte legge vekk skrivinga, det var for stor parallell.
Seinare traff eg mora, og eg fekk vite korleis det gjekk med ungane. Og eg har tenkt litt etterpå korleis det gjekk ut over det eg fekk vite frå det tilfeldige møtet med mora den gongen.
Denne jenta var det som tok kontakt. Ho hadde funne namnet mitt i rapportane eg skreiv etter besøka. Ho var usikker om ho skulle ta kontakt sa ho.
Vi skal ta oss ein prat ein dag. Eg vonar så at ho har det bra i livet sitt. For alle ungar fortjener ein god start.
Eg sa eg syntes det var fint ho tok kontakt. Og at eg har bilete fra da ho var hos oss.
Av og til kan fb være meir enn det eg synest det er i det daglege. Og så er eg spent på samtalen som ligg framom.
Klokka fortel om minutt som skundar seg langsomt forbi.
Eg har huset for meg sjølv. Saman med dyra. Første dagen slik på fem veker.
Koseleg med folk og koseleg å være for seg sjølv.
No var det godt.
Kaffe og brødskiv i einsom majestet.
I går køyrde eg heim sonen og kjæresten. Fekk henta bankkortet mitt samstundes.
Det har vore ei aktiv veke, mykje som skjer. Alle fem vekene har vore aktive.
I dag tenkjer eg å ta ei vitjing hos foreldra mine, samstundes som eg får henta ladaren min på kontoret. Mobilen er utlada, og det er ikkje så lurt. Om nokon prøvar å nå meg.
Lett for at tilvære startar å snubla, når det er for mykje som ein prøver å plassera inn i dagane. Og alt kan ein ikkje bestemma, for ting berre kjem, hendelsar berre oppstår.
Slik vanlegvis har eg eit både jamt og godt humør.
No er det litt skyer på denne himmelen min. For mykje styr eigentleg.
Og eg gløymer og styrer i veg, kjaser og er frynsete-.
Så når eg i tillegg får to trafikkbøter i går, ETTER eg har betalt. Da er liksom tolmodet slutt. No kan eg legge fram dokumentasjon på at dette er i orden, men det er så himla unødvendig å bruka tid på slikt som skal fungera.
Mest heime oppdaga eg at eg hadde gløymt av bankkortet mitt….heldigvis har eg eit anna kort, slik at eg får kjøpt det eg må.
Eg var på kontroll på sjukehuset i går, og eg skal visst stoppa med noko av medisineringa som nok har ført til problem med auga. Over på noko nytt og anna, men ført må eit kobbel av leger diskutera saka.
Eg vil ha VÅÅÅÅÅÅR!!!!
Eg vil ha latter og glede!
Ikkje slufs, snufs og slafs, snø og sludd og kladd.
Tanken og trua heldt ein dag, tirsdagen vakna eg utan å orka løfte på augelokka.
Eg skjøna ikkje korleis eg skulle greia å senda melding til jobben. Med stort møye og mykje besvær, fekk eg sendt orde “syk”……for eg skriv ikkje nynorsk slik til vanleg.
Eg fekk og gratulert henne som fylte heile 22 år. Vurderte så vidt om eg skulle ta turen til Trondheim for å feira yngsteberta. Før eg vart sjuk.
Ellers sov eg meg gjennom dagen i ørka.
Onsdagen skulle eg må eit møte, men måtte stå over.
Torsdag skjøna eg at eg ikkje klarte biblioteket. Men det har vore bedring dag for dag likevel.
I dag skulle eg prøva meg på butikk. Det slo meg heilt ut, heime att krøyp eg under dyna å sov fleire timar. Seinare klarte eg laga mat.
Med nød og neppe.
Vi er to i huset, og vi har konkurrert om kven som var sjukast.
Det snytest og snufsest.
Dette skulle eigentleg vært ein romantisk kveld, men basselurskane som vart igjen sist helg, sette stoppar for slikt tull.
Gratulerer med dagen alle damer, no er dagen straks over for i år. Og når den forsvinn, håpar eg dette som har herja i kroppen sler følge.