Den siste haustdagen

Så var den over. Denne hausten. Vi skal inn i det som er enno mørkare. 

 

Eit desembermørke som likevel vil tenna mange ljos. I glede, sorg og forretningsteft.

Men enno held hausten fast. Ein kan sjå ut på hausten. Tenke; er det slik det er-.

Skal ein verta slukt av dette? 

Hausten-.

Alderdom-.

Har ein mista friheita og er vorte prisgjeve hausten.

Slik kan ein tenke.

Men så kjenner ein det. At hjarta bankar. Bankar for ljoset, bankar for varmen, bankar for det som er fint. Det vare, det som åpnar opp.

Uansett. 

Kva er det ein vil? Ein har alltid valg. Og friheita til å være den ein er, den skal ein alltid ta vare på. Om det er haust, vinter, vår eller sommar. 

Gjev du deg friheita?

 

 

Når nettene blir lange

Den blå himmelen forsvann inn i regn og uvêr. 

 

Sykkelen eg leide vart sykla attende i dag. Det å leie ein sykkel på slutten av november var visst ikkje noko sjakktrekk.

Ikkje var det lys på den heller, så eg måtte konsentrera meg på sykkelturen attende.

Natta etterpå orka eg mest ikkje røre på ein finger. Eg var slått skikkeleg ut. Feber på 39 saman med ledd som svikta er ikkje ønskesituasjonen. Heile kroppen var eit monstrum.

Eg sov og sov og sov.

At ledda er eit problem er ikkje så rart, eg måtte slutte med den biologiske medisinen pga. av auge som fekk ein negativ reaksjon. Men det er slikt som skal arbeidsast med og finnast meir utav. Så klart litt kjedeleg at det vert slik når ein har ferie.

Men når ting først skal være som dei er, så er eg i dei beste hender. Trur ikkje eg har opplevd så mykje omsorg nokon gong. Eg vert pleia etter alle kunstens reglar.

I dag er eg halvveges i ferien. Eg er oppe igjen. Så ting går framover. 

 

 

Toalettkomoden

Eg trudde den var lysegrøn. Den var kremfarga. 

 

«No skal du sjå kva eg har kjøpt», sa han da de snakka på telefonen. 

Han hadde vore på bruktmarked. Der fann han den.

Toalettkomoden.

Han hadde sykla med den heim.

-Fordi at ho skulle føle seg meire heim.

-Fordi ho hadde ein toalettkomoden med spegel.

Derfor hadde han kjøpt kommoden og sykla heim med den. Slik at ho kunne sminka seg framom den. Når ho kom.

Den var kremfarget.

«Det ligg ikkje noko i skuffene», sa han.

«Eg får legge att noko i dei, sa ho. 

 

Busstider og slikt

I dag var det bom på bussen. Men i staden vart det nokre naturinntrykk. 

 

Plana i dag var å leie ein sykkel. Så vi skulle ta buss inn til byen.

Men så viste det seg at vi hadde sett feil på tida.

Og da vart det i staden frisk gåtur i det flate, danske landskapet – med himlane, trea og lyset.

Så eg kosa meg likevel, med å ta bilete. For det er også ein dag i morgon til å låna sykkel i. 

 

Eple i november

Koseleg med mobilblogging. Det er liksom så enkelt det. 

 

Første dag i ferien straks over. Det var koseleg å verta møtt av dette.

Det lei ut på natt før reisa var over. Men først picnic på Hovedbanegården. Den ligger i København. Før noen timer med tog sørover.

I dag har dagen vore sløv og skikkeleg laidback. Ein liten tur ut.  Det er flatt.

I hagen blomstrer det litt enno.

Sjølv om trea står nakne.

Men det fantastiske gode epletreet byr på enno.

Noko fuglane er glade for.

Varmen frå september er over, men inne er varmen slik den skal være. Ferie i november er ikkje det dummaste ein har. Sjølv om ikkje reisa gjekk så langt sørover. 

  

 

Luft under vengane

Når ein skal reise, er det alltid litt kav i rundt det. Men eg har nok kanskje aldri reist ein laurdag. 

Meir presist ein laurdags ettermiddag. Inga kø ved innsjekkinga. Lite folk over alt. For framtida tru eg at eg vil reisa på laurdag.

Riktignok vart det for lita tid da eg skulle ut av huset. Søpla som skulle kastast, info til ho som skal passe dyra. Måtte ta det over telefonen etterpå. Eg rakk ikkje feia golvet.

I Trondheim var det tre som skulle være med ut til Værnes. Dei måtte plukkast opp både her og der. Ikkje rakk vi ein kaffekopp heller før eg måtte sjekka inn.

No sit eg på Gardemoen.

Det fylles opp. Om ikkje lenge går eg ombord i eit nytt fly.

Korleis er laurdagskvelden din?

 

Distré damer og krøll

No skal eg ikkje masa om helge som fyk og tid som går frykteleg..så hysj! Men det har vore helg.

Denne helga kom yngste heim. Da vi er på tur til besteforeldra vil ho gjerne køyra. Ho har vorte flink attom rattet.

Vi finn ut at vi treng pleie da vi var heime att, slik som ansiktsmaske og andre slike pleiegreier.

Så kjenner eg plutseleg på at eg vil vekk med hår. Hår oppå hovudet. Yngste hjelper meg.

Her slit vi ikkje frisørstolane ned for å seia det slik.

 

I gårkveld får eg ein telefon frå yngste. Ho er framme ved døra si i Trondheim.

“Mamma”, seier ho, nøkkelen til bilen ligg i lomma mi”.

“Ekstranøkkelen” seier eg kjekt, samtidig som det dukkar opp ein mistanke.

Det blir starten på ein leiteaksjon, gjennom alle lommar og sekker. For ekstranøkkelen ligg ikkje på plassen sin. Og ei sterk kjensle av at den ligg i bilen. Håpet om at bildøra ikkje vart låst blir knusa da eg tek turen ned til bilen.

Og eg som skulle tidleg på jobb i dag, det er mykje som skal gjerast. Men etter å ha kava utover kvelden, vart eg einig med meg sjølv at dagen fekk verta heime i dag.

Kanskje var det meininga.

Det var da eg hamna i eit akutt jålehjørne. Fann nokre rosa krullesaker fra gamle dagar. Dei vart snarra opp i det håret.

Nokre timar etter var det også vorte krøllar på utsida av hovudet. Dei inni synest ikkje så godt.

Så slik vart dagen i dag.

I kveld, etter mørket var komen, gjekk ei dame og ein hund att og fram på ein busshaldeplass. Bussen stoppa og dama fekk henta ut ein pakke.

Det var utruleg godt å pakka opp innhaldet. Ein slik liten dings er viktig.

I morgon tidleg skal den brukast, og eg kjem nok til å nyta å vri den om. Da skal eg krusa innover mot sentrum, og håpet er stort og breit om at det sit ein supereffektiv skapning attom rattet.

Da vil nok krøllane vorte glatta ut i ein streng topp.

 

Valg i kvardagen

Fredag på kalenderen. Eg greier ikkje kjenne på kva som er det smartaste å gjera.

 

Tenkte det no, at kanskje betre å berre ta eit valg og gå for det-.

Det er ikkje dei store spørsmåla som kverner i hovudet mitt. Berre fullt av kvardag. Eigentleg skulle eg ha fri i dag. Dagen skulle delast mellom husarbeid, handling med mor og måling i atlerieet.

Når yngste kjem heim, passa det så fint – kunne plukka ho opp  etter måling. Men så er det ting eg ikkje rakk på jobb og som eg tenker eg . Ting eg bør sende ut og ting eg må finne ut av.

Neste veke er det mange møter, veka etter har eg ferie.

Så her sit eg. Skal eg gjera det slik eller slik…. 

 

Kjenner du deg igjen, eller er du av dei som er flink til å strukturere dagen din?

 

 

Om avslag og løysing

No har eg hatt litt av nokre dagar. Såpass krevande at dei greidde å rokka i grunnfjellet mitt.

-Slik etter kvart har eg lært leksa om løysningane som alltid vil dukke opp-.

Etter kvart seig lærdommen inn.

Eg har lært om å bekymra seg og om å overleva-.

-Og at eg er heldig på mange vis. Heldig med reaksjonane mine, for dei har kunna vore meir krevjande for meg, om eg måtte gjennom ein stor mengde tungsinn i tillegg.

 

I fire år har eg gått på det som heiter AAP (arbeisavklaringspengar) i 50%. Først i fjor sommar fekk eg ein diagnose på problema mine.

-At eg hadde leddgikt, for å bruka eit enkelt ord.

No nærma tida seg for slutten, men det var søkt om utvida periode for AAP fordi det tok så lang tid å koma dit eg er no. Og eg er ikkje kome i remittering, det vil seia at sjukdommen vert heldt nede gjennom medisinering. Så overraskinga var stor da det kom eit avslag, samtidig som perioden omtrenteleg var over.

1/3 av den økonomiske situasjonen dett vekk frå no om torsdagen.

Slikt er sjokk. 

 

Slitenheita er det som er det største problemet, så det å gå inn i heile jobben igjen no har nok temmeleg fort set meg på sidelinja.

Så eg måtte arbeidda meg gjennom reaksjonen på vedtaket. Men eg gjekk heldigvis nokså fort til handling.

I dag kom eg meg hakket vidare. Resultatet veit eg så klart ikkje.

Men det er alltid bedre å gjera enn å fortvila.

Eg sat oppe halve natta i natt, for å koma i mål. Da eg kom heim frå jobb i dag, gjekk eg meg ein tur i lutter glede. Over at eg hadde lagt det tyngste attom.

I denne omgong.

No er det opp til andre ei stakket stund.

Og for å seia det i klartekst; eg er ikkje ute etter at nokon skal synest synd i meg – for det er det IKKJE!

Alle har sitt.

Det er riktig som det er sagt; Det handlar aldri om korleis ein har det, berre om korleis ein tek det. 

 

No skal eg ha ei god natt. Det ynskjer eg deg som er innom også, drøym om alt det vakre <3. 

 

 

Blomster og planter og runde år

For snart fire månader sidan runda eg eit nytt tiår. Midt på somaren med ferie og mange andre ting som skjedde.

 

Slik vanlegvis brukar slike dagar markerast på jobb. På avdelinga mi vart den markert. Men ikkje med sjefen og alle ansatte på huset.

Heilt greit for meg, har ikkje nokon trong til at den etter kvart voksne alderen min treng å utbasunerast. Men så vart det oppdaga. Derfor vart det ei markering i sist veka som var. Med blomster, kaker og gåve.

Vi har fått ein ny sjef, og eg vart imponert over alt han hadde fått med seg. Så eg måtte seia det, at mest alt eg skulle seia i min tale, var sagt. Men noko sto ikkje på takketalen min; Han fortalte at nokon hadde sagt at skulle dei hamna på ei øde øy, kunne dei tenke seg å hatt meg med.

Det var kjempehyggelig og fint sagt.

 

No står buketten på stovebordet mitt. Prøver å få den til å vare og kutter stilker.

Det er så hyggelig med blomster.
Har hatt nokre fleire fornyingar, så det blomstrer rundt meg om dagen.

Helga har som vanleg gått fort. Ein av ungane var heime, eldstemann. Det har vore så hyggeleg. No er det søndagskveld.

Vil tru helga di også har vore fin.

Rikig god kveld <3.