Siste juli med laurdagskjensle

Vi har vi feira. Intenst og med fullt av mat. Eit år er ikkje lang tid.

 

I fjor følte mor fødselsdagen sin som ein stor belastning. Vi kan feira hos meg sa eg til henne. Eg trur kanskje eg og feira dagen min da……

Og slik vart det, fødselsdagen vart her.


I år tok ho alt på strak arm. Artig å registrera at ho er betre i form i år.

Vi kom tidligare for å hjelpe til. Gulrot og potet var skrella. Elles var det sodd. Vi var ellev til middag og tolv til kaffi.

 

Eg trur mor hadde ein fin 83 års dag. Da ho var lita brukte ho å seia at ho hadde fødselsdag siste juli, for da slapp ho og tulla med om det var 30. eller 31. juli som var hennar dag.

Her er det mi mellomste i aksjon. Oppryddinga gjekk raskt med mange hjelpande hender.

Så var selskapet over slik som dei brukar å bli. Hengaren min har stått hos foreldra mine med hagerusk ei stund. I morgon må vi ha den for å køyra flyttelasset til yngste. Så vi tok likegodt med oss rusket heim. Eg fekk svinga hengaren medan eg hadde opp til fleire tilskodarar med forskrekka ansikt. Eg er ingen kløppar med hengar, men eg fekk det til. Så det så!

Jentene har styra ute i regnet, fått rusket av og vaska hengaren. Får håpe den tørkar til i morgon. Det har regna tett i heile dag, men i morgon er det meldt sol. Det har gjort flyttearbeidet enklare.

Yngste har båre kassar ut i bilen. Ho gler seg til å flytte til sitt nye husvære. No blir ho der berre i helga for å treffa vener, så kjem ho attende hit.

Så slik har denne dagen gått. Ein dag med laurdagskjensle, sjølv om det berre er fredag.

FERIE

 

Endeleg, endeleg…..eg vil dra på eventyr, eg vil ha ro, eg har ferie. Eg er fri……… Endeleg er ferien her.

 

I går var lista lang. I går ettermiddag var den ikkje ein gong halvert. I dag gjekk eg på…..med……. dødsforakt, og i kveldinga gula eg ut siste punktet. Det var at eg la inn svar på e-postadressene mine at eg ikkje var attende før 31. august kl. 9.

Korleis trur du det føltes???

Eg boksa i glede ut i tomme lufta, og så gjekk eg inn på butikken og kjøpte feriekos for kvelden. Begge jentene var komne heim, yngste med ny seng. Den hadde mellomlanda her til vi får dra den med vidare på laurdag.

“Smågodt” sa mellomste.

“Salsa” sa yngste.

Og slik vart det. Mor sjølv sa “eggelikør”.

Eg skal steike Pavlova og sylte ingefær i kveld. Til i morgon.

Men først er det kos på søtt og salt på høgt plan.

 Dagen starta med at da eg køyrde heimafrå oppdaga eg at det var set ut plastsekkar så eg skjøna det var plasttømming. Eg snudde bilen og henta mine to sekkar. Da eg kom attende sette eg sekkane inn i et skur. Framme i vegen kom ein bil med blinkljos. Eg rakk å starta så vidt, da såg eg det var søppelbilen som kom for å henta plasten. Så der må eg seia eg hadde marginane på mi side.

Da eg rydda opp på pulten min ved enden av dagen vart eg vars eit papir under skriveunderlaget. Eg tok det fram og fikk sjå at inni papiret låg kvitteringa på eit utlegg eg hadde hatt i mars. Gjett om vart glad for å få dei pengane attende.

Bra start får ein seia.

Så no skal eg flagra med tærne, kasta på håret, blinka mot verda og flørte med fridomen fire veker til ende.

Doble gleda

 

Dagen er ved slutten, akkurat denne er det…..for nye står og venter fint oppstilt. Som perler på ei snor. Snart kjem første ferie perla.

 

Det er 29. juli og eg har vore å henta ved. Det er koseleg med flammar i omnen her eg sit og et ein middag, sjølvkomponert med glasnudlar og kjøttdeig…….ikkje heilt treff, men ok. I går orka eg ikkje laga meg middag. Det var i går og slike dagar har eg ikkje så mange av.

I dag kan eg konstatere at ferien ikkje startar i dag men i morgon – i morgon ettermiddag. Det gler eg meg til.

 

Da eg sto opp i dag hadde eg lyst til å stressa, men så bestemte eg meg at akkurat det ville eg ikkje. Kom eg ein halv time seinare enn tenkt gjekk verda ikkje under. Eg hadde ingen avtale. Det gjorde godt for eit hovud og ein kropp med vonde strammingar. Berre gå roleg og tenkje ein tanke i gongen. Køyre fint mest under fartsgrensa og høyre lydbok. Vera til stades akkurat der eg var. Eg har klart denne øvinga i heile dag.

Dei første dagane av ferien min er det lagt planer for.


 

Fredag er det feiring av mor, ho fyller 83 år. Har lova og laga ei Pavlova med mykje frukt oppå. Trur eg skal sylte ingefær også, for det gjev eit så godt sting.


Laurdag køyrer vi alle kassane til Kristiansund, kassane til henne som skal flytte dit igjen.

Så har det passa og tatt desse dagane på setra …. men kanskje for få dagar til disposisjon akkurat no…… ?!

Torsdag i neste veke reiser jentene og faren ned til Oslo for å feira eldsmann sine 24 år. Eigentleg skulle eg nedover og, men eg har ingen til å passe boffen. Akkurat det er litt trist og ikkje vera med å feire han som kom for 24 år sidan…..men kan ein ikkje så kan ein ikkje.

Eg må nok få sjekka bilen, for eg likar ikkje lydane heilt. Så skal eg på lengre tur bør eg nok det.

Elles har eg myke eg kan gjera, eine husveggen må målast, grase skulle vore teke og det er myke meir eg kan gjera ute. Og nokre turar i nærmiljøet må eg få til.

Enno har eg nokre planar til som ikkje er tidfesta enno. Eg sit her no med ein kjempe god kjensle av at alt ligg framom meg.

Eg nyt det. Ha alt framom. Ein må prøva å nyta alt dobbelt – når det skjer, men også medan ein gler seg til at det skal skje.

 

Snart, snart

Om å mest ikkje stunda opp. Der er eg no. Samtidig med murstein som ligg på augelokka. For eg er trøyt.

 

Eg har lyst til å eta. Eg har lyst til å væra for meg sjølv. Eg er skikkeleg i fråssande, anti sosial mood.

Og da eg kom heim skein sola. Eg gjekk rett ut på terrassen, slepte alle kleda mest rett ned og la meg i undertøyet i min badenbaden. Men så lenge gjekk det ikkje før himmelen samla skyene framom sola. Så da fekk eg berre kle på meg.

Så avhengig eg er til å ha tid for meg sjølv dukka det opp ein forskrekkeleg tanke……..korleis ville det vera å dele alt med nokon igjen. Korleis ville eg ha takla det no???

Det å væra to om å dra saman høyrest veldig greitt ut…….men det å ha nokon rundt seg alltid. Eller mest alltid.

Kan eg greia slikt igjen?

Nokon gong?

Men i dag skal eg i alle fall ikkje flytta saman med nokon, eg kan gje meg lov til sitte her som eit slakt.

Og i morgon, i morgon kan det henda……om eg er riktig flink…….at eg kan avslutta veka mi. Og da har eg ferie.

Smak på ordet FE – R – IE.

Eit ord som smelter på tunga. Som skal hjelpe å få energi på fote.

Trur eg.

Tamperveka over

 

Og her sit eg med hovudpine, lemus og er heilt set på sidelinja. For eg har nok forbruka meir enn eg har og er berre frykteleg klar…….

 

For litt sidan reiste jentene til Trondheim. Dei skulle vaska ned hybelen til mellomste, ho skal ut ved slutten av månaden, det skal bli restaurant der ho har bodd. Ho har ein ny på handa. Og ho tenkjer å ta eit år studium med spansk i året som kjem. Ting går seg til………for alle, slik etter kvart.

Eg sit her og er oppbruka. Etter tamperveka.

Etter feiring av meg sjølv på fredag gøyv eg laus på laurdag. Det var eit arrangement eg skulle vera med på både laurdag og søndag. Men før ting starta på laurdag skulle vi sjå på ein hybel i Kristiansund som yngste hadde forelska seg i. Vi hadde tronge margin for å få dette til. Da vi sto på tur til å reisa oppdaga eg at nøklane eg skulle ha der arrangementet var –  dei låg att på kontoret og at setene i bilen var våte etter ein skikkeleg regnbye der  takvindauge hadde stått open…… Skikkeleg god start på dagen.

På turen til ferga med for lite tid, fekk eg kartlagt at det fantes folk med nøklar, så eg kunne hoppe over turen innom kontoret. Og det var bra, for på søndag fann eg den heime i skuffa der nøklane ligg. Og ikkje har eg rukke ferga heller, om eg har prøvd.

Likevel. Eg skal ikkje prøve på å skjule at stressfaktoren nok har vore i høgste laget i det siste.

Men med handklede i bilseta saman med varme, gjekk turen til byen. Vi fann hybelen, jenta likte den – men ei anna jenta hadde kika på den føe, så ho hadde på ein måte forrang syntes mi yngste. Men seinare same dag kunne ho juble.

Vi hadde ei ferje vi MÅTTE ta attende, før eg måtte være på plass der arrangementet var. Vi stilte oss i ferjekø og fann ut vi rakk å kjøpa oss ein softis. Kiosken var stengt oppdaga vi da vi vel var nede ved den. Så kom ferga og på tur attende, forbi bilkøa møter eg ei som har tilbydt seg å hjelpe til. Ho spør om ho kan få sitte på med oss, og det er så klart greit. Så ho parkerer bilen.

Det som skjer i neste omgang er heilt utruleg, eg observerer at han som er i bilen framom går ut av bilen sin og speidar………og da ser eg det, ferga legg i frå. Eg er i sjokk da eg skjøner kva som skjer, neste ferje går ikkje før om ein og ein halv time. Og eg skal opna arrangementet……..når neste ferje går………trur eg.

Eg får vite av henne som sit om bord i ferga at pga. av en tankbil tok dei bare på eit mindre mengde bilar. Det var noko som var praktisert fekk eg og kunnskap om denne strålande dagen.

Ho som skulle få skyss med oss ordna seg ny skyss på overfarten. I tillegg kom ferga attende og køyrde ein tur utanom ordinær rute. Før den tid hadde kiosken opna, så vi fekk oss softis. Eg fekk også vite at eg hadde tatt feil av tidspunktet er skulle ønske velkommen, det var ein time seinare enn eg trudde. Så slik sett ordna alt seg i tur og orden.

Altså gjekk alt bra. Men da endeleg tidspunktet for opning var der, hadde stresset gjeve meg store problem med konsentrasjon, så den velkomsttalen var ikkje noko å ropa hurra for. Heldigvis var ikkje det den store attraksjonen, men reknar med at eg ikkje vert nedringt av spørsmål av liknande oppdrag. Og det er heilt greitt det.

Elles var det ikkje så mange oppmøtte, men vi som var der fekk ein herleg dag med sjø, båt, sol og notkast.

Neste dag var eg oppmøtt igjen. Og det var ikkje det at eg hadde så omfattande oppgåver, heller det at oppgåvene mine var såpass uklare at eg vart sliten av det. Men den dagen var også i sol, vind, sjø og…………. irsk musikk. Publikummet, som denne dagen var mange fleire, var godt fornøgde. Og eg var frykteleg godt fornøgd med å væra heime i går kveld.

Da hadde eg hatt ei veke med arrangement både gjennom jobb og dugnad privat. Feira fødselsdag, funne hybel til yngste, vaska ned ei seter, og ein dag måtte eg væra buffer/rådgjevar for gjengen med etterkomarar kvar sin gong. Veka har ikkje vore ein lettvektar. Og eg tenkte, at når denne veka var over…………., da skulle eg, da skulle eg………..for andre gongen i mitt liv ta………..FOTBEHANDLING!!!!!!

Så i dag, da eg endeleg hadde ein fridag, da sette eg meg i bilen tidleg, køyrde og henta foreldra mine. For dei skulle også. Og eit minutt på ti hadde eg lagt dei mil og kilometer attom meg som måtte til, og vi ringte på til fotterapeuten. Vi hadde altså den første timen klokka ti.

Eg kom ut der i frå på lette føter utan hard hud på hælane og med ei ny fotfil. Og eg skal innrømme at eg var ikkje til så mykje meir i dag. Da eg fekk spørsmål om å hjelpe til med noko datagreier sto hovudet mitt i stampe, eine auge rykka og rykka det i denne lemusa.

Så eg trur det er bra ferien nærmar seg. I morgon har eg tre timar med slikt ein skal. Og onsdag, onsdag håper eg kan gjera frå meg slik eg skal…………..for timane eg har bruka er alt, alt for mange. Men vi får sjå.

Til helga har eg i alle fall ferie. Og da skal eg kosta på meg eit jublande HURRA – !

 

Face og fødselsdag

Ein gong i året skjer det. Eit år blir plussa på. Og slik blir ein litt om litt eldre. Klokare seier ingen noko om -.

 

Her om dagen skulle eg feire meg sjølv. Plana var på sjølve dagen. Da eg kom heim på ettermiddagen… Men riktig slik gjekk det ikkje. For den mellomste sa au, au over tåa som fekk ein benk på seg dagen før. Derfor var det andre prioriteringar. Og vi fekk stadfesta at heil var den om ikkje anna.

Eg slo på data og facebook og tenkte at i dag ville det nok væra smått med helsingar, all den tid eg hadde vore dårlege på å senda gratulasjonar til andre. Men nokre hadde hugsa meg såg eg. Og fleire og fleire helsingar fekk eg utover dagen. Til slutt passerte det helsingane eg fekk i fjor.

 

“Kven er det?” spurte jentene, da dei såg helsingane som hadde kome inn.

Og eg fortalte og forklarte. Henne gjekk eg på skule med, ho er venninne til søstera mi han var lærer og han der kjenner henne…… og slik bortetter. Og eg kjente det som ein god følelse, at desse folka ga meg litt tid av si tid. Det gledde meg å få helsingar på dagen.

Eg fann ut at eg skulle vera flinkare året eg gjekk inn i med å senda helsingar. Ikkje sikkert andre hadde det slik som meg, men likevel. Eigentleg vart eg overraska over kor glad eg vart.


Neste dag feira vi dagen. Med bacalao, heimlaga is og kaffi og kaker. Og da va eg starta på enno eit år av mi livsreise. Så eldre blir eg stadig vekk, men klokare veit eg ikkje om det hjelper på med……

I sol og regn

Så er dette året sin Bakkseterdag over. Og folk møtte opp i hopetal.

 

Eit døgn med alle slags vêr har passert. Og her sit eg, som eit vrak. Augo er trøtte og eg er lemster i kroppen. Og så må eg til å lage bacalao, kake og dessert. Til gjestene i morgon. Men det einaste eg har lyst til er å legga meg. Eg er regelrett trøtt.

Kan eg rekke det i morgon? Rekke alt i morgon før halv tolv? For da må eg dra heimafrå. Kan eg det? Kan eg svara på spørsmålet om å opne eit arrangement i morgon? I kveld er det umuleg å svare på slikt.

For eg er trøtt kjenner eg. Frykteleg trøtt i kveld.

Eg har vore eit døgn på setra. Det har vore regn, det har vore vindstilt, det har blåst, det har vore sol, det har vore kaldt og det har vore varmt.

I går kveld var det mange folk i aktivitet. Vi vart sittande ute til myggen beit godt og natta nærma seg. Nedanfor setervolden var ein flokk hestar. Ikkje alle hestane kjende kvarandre, så to starta å sloss. Dei sette baken mot kvarandre og sparka attover mot kvarandre. Det virka skummelt. Det gjekk nok likevel bra.

Jentene var inne i bua og spela spel saman med andre ungdomar. Da eg kom inn tok vi oss eit slag kort før vi gjekk til å la oss.

I dag starta folk å komme opp i åttetida. For å koke ost og gjera alt klart. Det var for surt å eta frukosten ute. Tente opp i omnen.

Så vart det bering av stoler og bord før eg køyrde ned boffen. Han skulle få sleppe å være der når det vart så mykje folk. Det ville ikkje væra noko godt for han.

Og så starta folk å komme. Mest to timar før arrangementet var i gong. Etter kvart fyltes området opp. Rømmegraut, vaflar og sveler fekk kjøparar. Det var folk over alt. Og vêret skifta. Av og på med genserar og regnklede.

Til slutt var det slutt. Vêret fekk ein skikkeleg kaldfront og folk forsvann smått om senn.

Så var det opprydding. Og da rydda eg visst bort det som var att av energi. Så her sit eg…..eller heng i ein stol. Har allereie sovna ein gong.

Frå seterliv til mobil

 Eg vakna med dundrande hovudpine. Den har heldigvis gjeve seg. Slikt har eg ikkje tid til.

 

Ei bleik sol prøver……. Da eg var ute å hang opp klede kjende eg at litt fikk den til. Lufta er kald, men ein liten varme stråla ut av den overbredde sola. Overbredd av eit tynt skydekke.

Dagen starta med å få unna litt. Før frukosten. Eg har og stroke dukar, gardiner og pyntehandklede. Og eg har set på ein maskinvask til.

Seinare reiser vi opp på setra, da skal vi ha med oss dette opp. Saman med sengeklede og mat og mykje meir. Kanskje skal eg ta med ei flaske vin også. Skal tru kvar eg har lagt dei gryteklutane eg strikka for å ha dit…….åja, dei låg fortsatt i handarbeidskorga mi.

I gårkveld var vi oppe å vaska ned den vesle bua. Det var yngste som var med og ho hyla for kvar ein edderkopp ho såg. Så stille hadde vi det ikkje. Men vi fekk gjort det vi skulle, så vi reiste frå ei rein seter utan daude fluer i vindaugskarmane.

I kveld skal vi overnatta. For det er tradisjon. Kvelden før Bakkseterdagen overnattar fleire av oss som har buer der. Etter at alt er klart grillar vi og er sosiale.

I morgon er det seterdagen. Det brukar å væra mykje folk som kjem. For veret har bruka å vore bra. I morgon seier både YR og STORM regn! Men dei seier faktisk det i dag også…….og den sjenerte sola har eg alt nemnt. Så heilt er ikkje appene på mobilen min å lita på.

Apropos mobil, på setra er det ikkje dekning. Det synest eg er så herleg.

Men eg kan nok ikkje sitte her å skrive, eg må handla og det tyder på ein tur i butikken som omtrentleg neste post på programmet. Skal også handla inn til torsdag, for når eg kjem heim i morgonkveld skal eg klargjera neste dag. Når eg kjem heim på torsdag må alt være klart for da tek eg med meg gjester og eg skal ha ei forsiktig feiring av meg sjølv. For tida går.

Ha ein riktig fin dag.

Søndag i juli

På tampen av ei helg med ei heil, ny veke framom. Likevel er veka mest alt oppbruka. Slik er det. Men om denne veka vert travel, så er det like før ferien min snart…….

Første ordentlege pust i bakken denne dagen. Nettopp heime frå og køyrd mellomste til bussen. Ho kjem att allereie onsdag. Begge jentene var med meg i dag tidleg til vaffelsteiking på historiske område. I denne regnfulle og grå dagen rekna eg besøket likt null. Men så kom den eine etter den andre, så dei fire timane gjekk fort.

Eg rakk akkurat å laga ei supe av nykål, gulrot og løk da eg kom heim. Hadde også i pølser og blåskimmer ost og litt krydder. Det vart faktisk ein svært god smak av blandinga.

I morgon skal eg veg igjen på slikt ein må. Yngste har ein sommarjobb ho skal innom. Eg håper eg er opplagt til å dra opp på setra når eg kjem heim. Den må vaskast. På tysdag tenker vi oss dit for overnatting, og dagen etter er det ein slik seterdag med sal av rømmegraut og vaflar. Så da vil det nok verta ein arbeidskrevjande dag, om den ikkje regnar vekk. Ikkje dei beste varsla.

Torsdag er det nokre timar i bøkene si verd att. Etterpå har eg tenkt å ha gjester og må ha det meste klart til eg kjem heim.

Men no skal eg ikkje masa meir om veka mi. Den kjem, og den går……..og neste søndagskvelden skal eg senka skuldrene og kruse roleg gjennom siste veka fram mot ferie. Det er plana.

Og veka som har gått har vore hastig………og eg hugsar mest ikkje korleis, men fredag var det endeleg sol. Og det var fint å sjå ut. For da sat eg inne og såg ut på finvêret. Da var ein nabo og slektning ført til det som blir kalla den siste reise, men eit så stort oppbod av folk at ingen har sett maken. Han var ein triveleg mann.

Så slik kan eg sjå både attover og framover i tid ein søndag i juli.

Ein regntung dag

Kvar kjem det frå alt regnet? Når sola ikkje er framme? Er det ikkje sola som skin på sjøen som lagar fordamping? Som blir regn? Korleis kan regnet lagas utan damp?

 

I dag (som var i går) vakna eg til drypp, drypp. Eg sette meg inn i bilen til drypp, drypp. Eg kom heim til drypp, drypp. Elvane fossar kjempestore. Det er regntungt.

Boffen vil ikkje ut, han protesterer skikkeleg. Men da eg fortalte at jentene kjem heim spissa han øyra og sprang bort til vindauga og klynka. Dei sit på bussen og reknar med at når dei går av kjem han ut for å villa møte dei.

Eg har kjøpt inn til ein noko spesiell kyllingfaitas. Fann oppskrifta inn på ein blogg forlenge sidan, men hugsar ikkje namnet på bloggen. Men denne oppskrifta har vore bruka mang ein gong. Den er med både ananas, aioli og koriander……men akkurat no hugsa eg noko eg har gløymt……spekeskinka.

Elles har eg lånt fleire dvd’ar.

Kjenner denne sommaren med så lite sol tynger. Ein sommar eg hadde eit ynskje om skulle gå fort. Men eg såg den for meg i sol da ønsket vart produsert. Vente i sol er ikkje det verste ein gjer. Vente i regn vert noko heilt anna. Liksom alt regnar vekk.

Eg er lei av å ha strekt og styra. Lei av den svake hukommelsen som lagar usikkerheit. Lei av usikkerheit. Lei av å snuble i andre sine avgjeringa. Lei av avslag om slikt som skulle gå min veg og krav som går mot meg. Eg har lyst til å reise meg opp, rista meg kraftig og gå min veg. Frå alt. Berre gjera det eg vil. Utan alt ein må ta og ingen av dei ein møter på sin veg summerer og forstår rekkjevidda av. Men trur kanskje det er sunt og bli såpass lei. For gjennom dette kan ein verta ein betre forvarar for seg sjølv.

Tenkjer eg medan regnet plaskar ned. Og utan det gjev så mykje forståing til den som les.

Det kjem dagar med sol igjen og dei dagane gler eg meg til. For eg skal styra skuta både i regn og sol. Medan eg speidar mot horisonten for skjær og båe. Og medan livsvindane stryk over meg og set spor.

I dag er ein ny dag. Det har vorte fredag. Det er endeleg opphaldsvær. Eg vurderer ein snartur ut før dagen startar, men ser klokka er for mange. Så får nøye meg med dusjen før eg kle meg i svart. Dette er ein slik dag ein gruer seg til. Ein nabo og eit søskenbarn til far min er borte for alltid. Foreldra mine kjem seg til kyrkja på eiga hand, men skal være der for hjelp og støtte – bokstaveleg talt. Faren min har ikkje balansen lenger.

Så det skal være godt når denne alvorsame dagen er vorte kveld.