I gjennom

Så er eg nok i gjennom nok ein gong. Som flo og fjøre, som pulsen, som i rytmen til alt -.

 

Og kva er det eg skriv om no da, i sludd mot slutten av ein oktober månad……..

Men eg trur kanskje eg ser ein rytme i mitt eige løp -. I dagane og vekene mine.

Eg må ile til og seie at alt er mykje betre enn kva det har vore. Med smerter og slikt. Og gjett om eg er glad for det!

Det er for tidleg å vite om dette eg ser omrisset av, er rytmen eg skal leva med.

For det som er så fantastisk bra er at dagane mine i seinare tid er så mykje betre enn kva dei har vore.

Slik kort fortalt er rørslene mine slik omtrentleg på plass, kan gå i vanleg tempo, får meg opp av stolar utan stønning, greier kle på meg rimeleg greitt og greier å bære ting, tygge osv. I tillegg har eg fleire dagar med ein tanke energi.

Slikt er skikkeleg artig og svært godt.

No har eg hatt nokre dårlege dagar att, men trur eg kanskje er i gjennom for denne gongen. Fredagskvelden set eg denne sprøyta som skal ta ned immunforsvaret for at betennelsane i kroppen skal gå ned. Så det kan sjå ut som inntil fredagen, og litt etter er, eg meir nede.

Logisk.

Eg må nok like vel meir fram i tid for å sjå om dette er rytmen. Om det er det, er ein slik rytme ikkje noko problem, det går kjempefint.

 

No er eg også meir over på alternative tenkemåten, les og prøver ut. Men det treng eg mykje tid på å finne ut av. Er det nokon som har sine erfaringar med leddgikt høyrer eg gjerne frå dykk.

 

Ute er det haust. Intens haust.

I dag køyrde eg mellomste til bussen, ho skulle attende til Trondheim etter nokre dagar heime. Dagar som gjekk fort og var fulle av trivsel. Eg prøva å vekkje strikkegenet hennar. Kjøpte garn og pinnar. Garnet var så mjukt som kattungar utan klør. Litt løe. Slik at feil kunne tålast. Og ho vart ivrig på å få seg eit skjerf. Første natta etter ho hadde pinnane mellom fingrane, drøymde ho at ho strikka.

 

I gårkveld fekk eg meg eit lite sjokk da eg kika ut. Terrassen var kvit. Av snø !!!

 

På bilen har eg sommardekk enno. Litt nervepirrande kan det vera å ta ut bilden da. Men om tysdagen skal temperaturen stiga igjen, så tenkte å venta litt til med å skifta. Så da er det berre å køyra roleg.

Har starta å snakka om jula med mine. Opnar for den slik den har vore dei siste åra. Da vert vi mange, og det er svært hyggeleg. Men eg må nok planlegga enno betre i år enn tidlegare for å få det til. Det viktigaste er at vi er samla.

 

Søndagen startar å mørkna. Flyttinga av klokka gjer utslag.

No skal middagen fram. Søtpotet og karbonadekjøttdeig. Kjenner eg er litt svolten.

 

Ynskjer deg ein riktig fin søndagskveld, den siste søndagen i oktober.

Ro i forbifarten

 

Det er vakkert om hausten. Spesielt når vêret er fint. Vi er heldige slik, denne hausten.

 

I går hadde eg fri utan å ha fri. Eg skulle køyre mor mi til augnelege. Vi hadde nokre ærend etterpå. Blant anna ein tur innom helsekost. Eg kjøpte nokre produkt, men eg kan skriva om det seinare….om eg ser dei gjer ein forskjell.

 

I dag var det arbeid. Møte. Av og til kan eg verta stressa over ting som eg skal i gjennom. Det brukar likevel å gå bra.

Når eg var ferdig med det eg skulle tok eg meg tid til å nyta. Ta meg ein runde og festa deg eg såg til den digitale verda.

Tenkjebenken.

Den sto der den vart plassert med retning mot dei sju hav.

Fleire som har fortelt at dei hadde oppdaga den og gjort akkurat det den inviterte til, setja seg ned og let tankane flyte.

 

Det gamle naustet, eg er så glad i dette motivet når floa står høgt.

Himmelen viste mest fram ein engel syntest eg.

Heim igjen køyrde eg med lydboka på, og vegane kunne ikkje verta for lange. Så den bortimot timen det tok å køyre heim var eg ikkje på Nordmøre, men utanfor Namsos.

 

Da eg køyrde langs min fjord var det ikkje mørkt og ikkje ljost. Og eg kjende det i kroppen kva eg skulle. Inne skifta eg til passande klede, tok på meg joggeskoa og refleksvesten. Og misteren med dei brune auga sette seg sporenstreks ned for å få bandet på seg.

 

Etterpå vart det tv, blomkålsupe og til slutt no grøn te.

 

Eg skriv med meditativ musikk på øyra.

Livet, det er ikkje så verst det.

 

God natt til dykk som er oppe og godmorgon til deg som kanskje finn innlegget mitt i morgon.

 

 

Enden og starten

For veka er over og ei ny er i emning. Midt i hausten.

 

Veka har gått som eit olja lyn. Men fullt av innhald. Både bra og trist. Slik livet er.

Eg er mett og eg er trøtt.

 

Dei siste dagane har eg klart å vore fysisk meir aktiv. På torsdag venta eg dei to timane etter jobb for  bassengtrening.

Fredag vart via bortgongen av eit syskenbarn til mor. Slikt blir ein oppbruka av.

 

Men i går fekk  eg meg ein runde. Både oppover og nedover. Pulsklokka var fornøgd.

Nede att tok eg bilete av brøytestikkane.

Hatt ein dialog kor vidt dei var set godt nok ned. Bruka spett og fikk dei ikkje djupare. Det var så godt eg klarte. Satsar på det går bra.

 

I dag var nok ein nydeleg dag.

Men sola er sid.

-Ville ut i hausten og sola. Det var berre at det tok tid. Først håpa eg bøsseberarane kom før eg for. Dei var ikkje å sjå. Så kom ein med nokre papir for ein traktor eg selde i fjor. Etter dette var klokka så mange at det var på tide med lunsj. Så eg ba like godt opp henne nede på kaffi. Slik gjekk det enno meir tid.

 

Da eg endelg var klar skein sola berre på andre sia av fjorden. Så eg fann bilnøklar, hundeband og pengar. Og flaks over flaks, da eg opna bakluka for hunden, kom det ein bil opp oppkjørselen. Så da fekk eg avlevert pengane til aksjonen.

 

Men da vi var frammen og bilen parkeret, var sola forsvunne frå vegen. Da ser eg ein veg oppover skogen. Men det er så på nippen at da hunden og eg legg i veg oppover er sola borte der også.

Bratt er det også. Men sååå……er boff og eg oppe og seeeer sola.

Den er på tur ned i fjellet.

Den fargelegg naturen så fint.

Eg måtte fotografere. Så klart!

 

Det var bratt ned att også…..inga overrasking det. Både okla og kne er ikkje noko å lita for mykje på. Men kjende eg fekk opp pulsen. Det er bra!

 

No sit eg her nydusja og alt for mett. Senga er ikkje langt unna i tid. Eg er trøyt så det held.

Det går sikkert an å leggja seg så tidleg også.

 

 

Stemma og songen

Alle kan syngja med det nebbet dei har. Eg og kan det.

 

I dag kom det ei dame innom kontoret. Ho dreiv på med ein master som songpedagog. Veldig ung og med mykje god energi i rundt seg.

Ho skulle ha elevar for oppgåva si. Elevar i alle aldersgrupper.

 

Kva om eg meldte meg på……..tenkte eg. Ikkje det at eg trur det har gått eit stort songtalent tapt og at det no kan takast fram. Aldri for seint liksom.

Men…….

Stemma vår fortel så mykje om oss. Vi kan høyre på stemma om folk har det-, eller ikkje har det bra.

 

For mange år sidan mista ein av mine mest stemma si. Den vart bitteliten og heilt utan trykk. Dette var like før ekteskapet mitt tok slutt, og stemninga var ikkje heilt god i heimen for nokon. Latteren og gleda hadde flytta ut. Det er vondt uansett årsak å avslutta eit ekteskap. Så dette var nok noko av grunnen.

 

Tiltaka vart fleire, det vart snakka med skulen slik at det vesle vesenet som hadde det så vondt kom i samtale. Det neste var å starte med klatring, det gjev meistring og kraft. Det siste eg fekk i gong var songundervisning. For da måtte den vesle stemmen som hadde flytta opp i halsen, jobbast med. Eg hugsar songpedagogen ikkje heilt hadde tru på teorien min, men det brydde eg meg ikkje om….eg var sikker i mi sak. Og det tok ikkje så lang tid for den vesle ungen var trygg på sin følsame måte igjen.

Eg trur stemma er svært viktig for kjensla av kven vi er. Vi som har ei stemme som kan brukast.

 

Når eg skal snakka til mange folk, får eg ofte problem med stemma, spesielt om det er eit større lokale. Det er for så vidt heilt greitt å stå framom mange menneskjer……men eg føler at stemma mi blir for lita. Ikkje nok trykk. Eg er svært glad i mikrofonar, da treng eg ikkje være redd for ikkje å verta høyrt.

 

Så kanskje…….

 

Eg skreiv ein mail nokså fort etterpå, at kanskje eg kunne tenkje meg å ta timar.

 

I tillegg syng eg mest aldri lenger, eg song mykje før. Ungane var svært glad i songen. Men det byrjar å verta ei stund sidan, så stemma er nok nokså rusta.

 

Kva er det ein ikkje kan finne på.

 

I heile vide verda kan ein eigentleg alt. Eller mest alt.

Og det er bra det!

 

Så da får vi sjå om eg startar med timar.

 

 

Ein månad

 

Da har eg heldt taumane i ein månad. Og det gjev resultat.

 

Den 19. september tok eg tak, om enn noko snublande.

Eg kjende at nok var nok.

Da var eg i gong. Med kontroll av meg sjølv.

Eg er ikkje slik knallstreng, men les for å auka kunnskapen og i tillegg støttar eg meg til ein app. Den er fin og funker. Namnet på den er Lifesum.

Gjennom den prøvar eg å ete ofte nok og riktig. Mest mogleg samansetting mellom karbohydrat, protein og fett. Det er ikkje det at eg er superflink, men det har starta med reduksjonen av meg.

Etter ei veke var eg gått ned 1,9 kg, neste 0,6 kg, den deretter 1,2 kg og i dag ned 0,8 kg. Så til saman har eg minka 4,5 kg på desse vekene. Er godt fornøgd med det.

Et ofte frukost av yoghurt, frø og bær.

 

No er det slik at det er lett i starten, å gå ned.

Men no skal eg til med ein ny månad og sannsynleg vil det væra mindre å mista så lett. Så eg må passa meg for ikkje å mista motivasjonen når vekta startar å gå seinare av, det er ikkje den eg skal mista –.

 

Eg har vore gjennom dette nokre gong før. Veit eg greier fint å helda motivasjonen i eit par månader. Men så……slepp eg taumane, og ikkje ti ville hestar hjelper til å få meg i gong att. Akkurat når det skjer må eg finna koden som får meg til å fortsetja. Finna eit par ville hestar til.

 

Fortalte legen min i går kva eg er i gong med, og eg sa at når det skjer kan det vera godt å ha henne i bakhand. Så kom ho med eit par råd som eg visste ikkje vil virke.

Men så sa ho: “Ein vert flinkare og flinkare når ein øver seg”.

Og det veit eg. Så den setninga vert mitt mantra. Denne gongen skal eg klare det.

 

Og så les eg enno meir. Om mat som skal hjelpe til med å minka betennelsar.

 

Dette var ei oppdatering.

På meg og ståa mi.

Dette er den ubarmhertige verkelegheita ein månad attende i tid, og slik sett ser eg vel fortsatt slik ut. Desse kiloa utgjer ikkje så mykje (I himmelens namn,kvifor legg eg ut dette……..treng vel strengt teke ikkje være så ærleg vel……..).

 

Så skal eg lova meg sjølv at om ein månad skal eg skriva eit nytt innlegg om korleis den månaden har gått.

For eg er i gong.

 

Kva gjer du for helsa di?

 

 

Pannekake til frukost

 

Pannekake med bær og kesam er godt til frukost. Spesielt når det er helg og kanskje betre tid.

 

No er nettopp ei helg over. Yngste og eg kosa oss med pannekake både laurdag og søndag. Søndagen hadde vi igjen frå laurdagen.

Dette er enkelt å laga. Sunt trur eg også eg vil påstå, for her er ikkje bruka verken sukker eller kvitt mjøl.

Her skal du få oppskrifta, om dette kan friste:

Bananpannekake med havremjøl

2 bananar

2 egg

2 dl havremjøl

2 dl havremjølk

1 ts kanel (evt. meir)

 

Bananane kan godt vera godt modne. Først blir bananane mosa. Har så i egga, havremjølet og havremjølka i. Eg bruka foodprosecor, da går det fort. Ein kan så klart buka havregryn og vanleg mjølk.

Steik små pannekaker i panna, bruk gjerne kokosfeit å steike i.

Vips så er pannekakene ferdig.

Saman med bær, slik som vi bruka no i helga; blåbær, bringebær og jordbær. Og så ein klatt vaniljekesam.

Vi drakk grøn te til medan det brann varmt på omnen og etterpå var vi klare for dagen.

 

Bon appétit.

 

 

Så kan eg pakke ut ei ny helg

For denne veka gjekk fort gitt. I morgon er fredag som er fridag i morgon. For meg.

 

Tre gode dagar har passert gjennom og forbi mitt liv. Dagar med både munn og mæle og kropp til å bevega seg i. Eg blir så glad at eg kan bli litt overstadig. Men eg trur ikkje det har noko å seia. Alle må få lov til å verta høg ein og annan gong.

Helga er ikkje full av planer. Akkurat slik eg likar det.

 

Ein kveld etter eg hadde lagt meg, tenkte eg på dei “stille rom”. Det å ikkje tenkje. Berre væra der utan tankane, som eit stille rom inni seg. Det var ein god tanke.

For eg tenkjer, fantaserer, drøymer og har eit yrande liv inni meg. Og det er nokså artig. Men når ein skal sova kan tankane og fantasiane forskyve nattesøvnen.

 

Ute dryp det vått. Eg øver på henge skuldrene der det er naturleg. Og det kjennes så godt å øva på slikt.

I morgon ynskjer eg meg enno ein god dag. For vi vil alltid ha meir av det som er bra.

 

Har du fantasi som kan boble og korleis brukar du den?

 

 

 

Fisking i skyggeland

 

Det luktar sopp av fingrane. Av meg. Synest eg. Men det er ikkje den verste lukta.

 

Eg er luktvar. Dagen i dag har vore fin for alle sansar, litt lukt av sopp tålest.

Måndagar har vorte fridag.

Når den står opp med sol i auga og alt som vakkert er, fann eg ut at eg skulle gjennomføra det eg tenkte i går.

Så eg snudde ryggen til sola og gjekk vegar som det er ein stund sidan eg har gått.

Rogna var som oppkvikkarar i skogkanten.

Før eg tok meg inn i bratta og skyggeland.

Ned til sjøen bar det. Og der låg den å sukka og klukka.

Fiskestonga hadde eg med. Kanskje det vart fisk til middag………

Men det einaste eg fekk var ein liten mort som måtte få leva lengre. Så han kasta eg ut att.

Elles kom det symjande ein fugl som letta og flaug bort.

Boffen var i vilske, peip og småbjeffa og forsøkte å få tak i ongelen etter kvart kast -.

Derfor måtte eg konsentrera meg, for eg hadde ikkje lyst på nokon hund på kroken. Og ikkje ville eg detta uti. Men denne uvanen eg har med å setja brillene opp på hovudet straffar seg.

Ved eit kast låg dei plutseleg i sjøen. Så for å berga dei før bårene skvulpa dei for langt uti var det berre å setje foten uti og ned. Slik fekk eg berga dei. Det er ikkje så mykje tøy i meg, men da eg datt da eg skulle ned ein kneik, og plutseleg sto der på alle fireføtene, registrerte eg det gjekk heilt greitt. Trur faktisk ledda har godt av å ikkje verta teke så omsyn til eg.

 

Sola starta å fargeleggja tretoppane oppom oss. Og eg fann ut at det vart nok ikkje fisk til middag i dag.

På tur opp att fann eg ein liten handfull mengde kantarell. Så dei vart steikt til lunsjen. Det er den lukta som sit att. Men da vi kom opp var både boffen og eg svært modne til ein pause. Bakkane tok på.

Og eg nøyd med fridagen min. Sjøl utan fisk.

 

 

Å sitja fast

Av og til er det heilt umogleg å koma laus. Fordi en forsvinn inn i noko anna.

 

I kveld greidde eg ikkje kome meg ut av bilen.

– Etter eg var framme.

Eg vart berre sitjande der.

Før dette hadde eg henta foreldra mine til ein biltur. Dei hadde funne ut vi skulle finne ein stad å ete.

“Smøla” foreslo far. Han hadde arbeidd der i ungdomen.

Men dit ville absolutt ikkje mor. Det var alt for seint syntest ho, og litt rett kunne ho ha i det. Lurt å starte tidlegare på dagen.

Så det vart Kyrksæterøra. Vi køyrde over Skardsøya og utmed kysten.

 

Eg måtte stoppe bilen å ta bilete av sola som skein på vatnet.

Bussen som kom akkurat da stoppa. Trudde sikkert eg skulle med der ute i audemarka.

Vi fann staden vi brukar å finne når vi er der og handlar. Dei serverte skikkeleg søndagsmiddag, skinkesteik med surkål, spareribs og fløytegratinerte potet. Fleire dessertar var det også.

 

Og jau, vi vart skikkeleg mette. Eg og som prøvar måtehald.

 

Så var eg heime att.  Foreldra hadde funne tv’n og Victoria.

Eg bry meg ikkje så om tv. Men eg druknar i lydbøker. Eg høyrer bok etter bok i bilen. No er den tredje boka med Ingrid til Barøy, Rigels øye av Roy Jacobsen som eg forsvinn inn i.

I bilen, i mørke, utanfor fjøset er eg med henne på leiting etter russaren. Eg må skifte cd for å høyra vidare. Eg sit fast i boka. Eg er i 1946, krigen er nett over og ingen har høyrd om Rigel som gjekk ned. Skote ned av Engelskmennene.

 

Men tilslutt klarte eg det. Da enno ein cd var høyrd ferdig. Eg kunne ikkje setje inn enno ein til.

Så derfor kom eg meg opp til huset, gjennom kaldt, vått gras. Slå på pc’n for å skriva dette før eg legg meg.

 

Likar du å lese/høyra lydbøker?

 

 

Laurdag heile dagen

Eg ynskje meg ein dag lengre enn lang. Ein med effektiv og god klang.

 

Samtidig som den inneheld all ro som ein treng. Og tur ut i vêr, vind, regn og sol. Ein dag med plass til alt.

Men bilen skal få stå i ro.

Eg kjenner eg har behov for å rydda rundt meg. Rydda litt meir ordentleg.

Vaske.

Eg vil det skal lukte reint i alle kre.

Og så har eg ei helg med berre meg. Meg og dei firbeinte.

 

Eg fekk ein kommentar her om dagen; noko om at eg virke friskar sjølv om eg har vorte “sjukare”. Sett det i apostrof eg, for eg trur ikkje på sjukdom. Ikkje når det er meg det er snakk om.

Fekk brev i går om at eg hadde gløymt av legetimen min. Visste ikkje ein gong eg hadde time. Det er litt mykje styr med dette-.

 

I gårkveld surfa eg på nettet. Alternative tankar. Mat og slikt.

Men eg er i gong. Om enn ikkje med dei alternative tankane.

 

Laurdagen er min.

Vind og vêr.

Og eg er.

Tenkjer på alt eg kan. Når dagen er lang.

Men sjølv om halve dagen har gått er mykje igjen.

 

Eg er så glad for alt ein kan lære, om livet og slikt. Om alt det er utvikling i. For der ein møter veggen, der det er mørkt og det som er tungt – der finnest det så mykje ein kan få auka kunnskap av.

Det finnes så mykje glede – og gje ein den næring veks den. Det er så fint.

Slik vert det glitring og funklande augeblink av.

 

Og der kom sola fram igjen.

Ynskjer deg ein fin laurdag<3