Dette innlegget har eg skreve før. Eller omtrentleg. Temaet har vore lufta. Dette at nok er nok.
Men først kan eg seie litt om dei siste to nettene og dagen i dag. Eg har lagt attom meg ei kort natt og ei hostenatt som til slutt førte til vasking av golv. Da hadde eg spydd på ein jakke, ei veske, ein hund og på to golv. Natta i natt var berre kort.
Så eg spekulerte litt på om all kjøring i dag ville gå bra. Men den gjorde det. Fekk henta mor til tannlege….det tek meg ein og ein halvtime. Til saman tre timar bilkøyring.
Men vi tok oss ein tur på Kafe Koselig. Viktig å kosa seg.
Og så kjøpte eg meg neglelakk og leppestift. Har ei plan om å bli litt meir jålete.
For nok er nok!
På mange felt. Eg har tenkt det. Tenkt at eg må snu. At eg held på å gå opp snarvegen til alderdom. Med energitap, smertene i alle desse ledd, overvekt, tid som vert bruka i hovudsak på andre…..tida som er att til meg er bruka til jakta på sjukdomen.
Men eg vil da ikkje vera ein sjukdom……no bannes eg……fy fader……var det slik det skulle enda.
Og JA……det kan hende om eg ikkje tek meg saman.
Så no er eg attende til der eg har vore nokre gong før. Som inneheld fokus på rørsle og matinntak.
Eg fann ein app som eg lasta opp. Om inntak av mat. Funker den bra kan eg skriva om den.
I dag fekk eg meg berre ein liten tur rundt omkring i “hagen”. Plukka og klipte i vekstar. Kom ikkje opp på skrittnivået, men etter fire timar med søvn er det akseptabelt dit eg kom.
Og såg med forskrekking på kor vegen var øydelagt etter siste regnskyll.
Men i dag skein sola og det har vi fått lovnad om framover. Blå himmel er nam, nam.
For no har eg snudd og teke første skritt i riktig retning.
Wish me luck…
har ein app eg eg..fekk iallefall augene opp for kor mykje eg putter i meg
lykke til :=) dette greier du om du virkelig ønsker det
Lykke til. heier på deg og håper du får det bedre.
Lykke til! Viljestyrke og fokus er gode egenskaper for å nå mål 🙂
Hurra og lykke til! Noen ganger må man bare ta nye tak og fortsette. Flott innlegg som minner oss om det samme. Tusen takk!
fine bilda mami, og lykke til! :*
ann sissel: Kva heiter app’en du brukar skal tru…men reknar med du er fornøgd med den.
fruensvilje: TAKK!!! Må det :).
Siv Svanem: TAKK, trenger det nok, må gi meg et bedre liv:))).
GTduA: Det er så sant og tusen takk :D….får håpe jeg har en god porsjon.
natheless: Takk og takk :)). Må det, men denne gangen satt det nok langt inne. Må nok jobbe en del med hodet for min del, tenker jeg. Klem 🙂
Asbjørg: Takk skal du ha, treng det nok :* <3
Virkelig , LYKKE TIL!
Ja, bruke tid på deg selv. Og nei, jeg er ikke den rette å si det men gjør det likevel….:)
maiken: TUSEN TAKK!!!
Så må du huske deg sjøl du også <3