Slik er det

 

Akkurat slik, og akkurat det er det ikkje noko å gjera med. Så da gjer eg alt anna som eg kan.

 

For laurdagen er stått opp og eg med den. Dagen er alvorsam, men sola dreg på smilet attom skyane. Eg trur det er kaldare, kjente det da eg kom heim i gårkveld. Det var kaldare luft.

Eg er i gong med å få dagen på føtene. To tablettar sa legen i går, eg var hos henne. Eg var der for å få svar etter eg tok MR av knea. Enkelt og greitt er brusken på tur bort, så da er knaking og vondtar slik dei skal være. Eller slik det vil være og bli.

Så no er både kne og hender slik.

Så klart synes eg det er kjedeleg, men eg må sjå etter kva eg kan gjera. Ikkje kva eg ikkje kan.

Legen ville redusera arbeidsdagen, men eg ville venta…….sjå meir, tenkje meg om.

Det er ei stor gruppe menneske som slit med dette.

Ja, ja…….fibromyalgi, utbrent og slitasjegikt……..der det er hjerterom er det husrom. Og slike problem er ikkje det minste farleg.

 

I dag er eg bedt på fårikålmiddag og etterpå er det kino med “Kongens nei”.

Det vert triveleg.

For triveleg og bra og fint kan eg ha det i bøtter og spann.

 

Ein riktig fin laurdag til deg som les, kva er dine planar for dagen?

 

 

Harmoni i handel og vandel

 

For ein september.  For ein haust. I dag har dagen vore vakrare enn ein draum. Eg tok ikkje bilete da det var som vakrast, eg tenkte eg fekk gøyma det i minnet.

 

I dag skulle mor til tannlegen.  Vi køyrde oss ein tur etterpå, ved ein glitrande fjord, så blank og med så mange fargesjatteringar at det var heilt utruleg.

 

Elles har eg hatt ein dag med butikkar og handling. Mat til både hund og meg. Eg har vorte flink til å unngå produkt som er ferdiglaga og halvfabrikata til meg. Eg går også for mykje økologisk.

 

I dag kom også desse massasjeballane eg tinga. Frå i morgon startar eg å stå på piggar til morgonstellet. Ei oppfordring frå psykomotorikeren.

 

Ein annan ting eg kjøpte meg i dag var ei ny fiskestang. Så no skal eg gjera alvor av å gå ned til sjøen for å fiske. Hadde lyst i kveld, men klokka var litt for mange.

 

Eit par nye planter fekk eg også tak i, litt usikker på namnet……skal finne det ut, men ikkje i kveld.

 

Men eg fekk tatt nokre bilete da eg var hos mor og far. Sjøen heilt spegelblank.

 

Ser du kva dette er?

Eg skulle ta eit bilete av Alpeklematisen som vaks innom og utom verandaen.

 

Før eg for laga sola teikningar i fjella.

Heime var sola gått ned, men den fargela skyene. Det var ei slik ro. Høyrde det klang i bjøllene frå kyrne på jordet like nedanfor huset saman med nokre raut.

Da eg kom inn, etter og ha sett alt på plass, tok eg ein runde med vasskanna og spruteflaska…….så fekk plantene litt stell. Det må eg være flink til når eg har gått til innkjøp av så mange nye planter.

Det er harmoni i hausten min.

 

Har du hatt ein vakker dag?

 

Ynskjer deg ein riktig fin septemberkveld.

 

 

Symjetak

Morgonen kom  men den lågmælte lyden på telefonen. Først håpa eg tida var stilt feil.

 

Det var den ikkje. Så det var berre å koma seg opp. Ute var det ubestemmeleg grått. Eg fann fram badedrakt og handduk. Heldt på å gløyme sjampo og såpe……men fekk pakka det ned.

Etter juicen var eg på veg i bilen, men tid og lydbok. Eg fann parkering og var inne i gongen nokre minuttar før garderoben vart låst opp.

 

Eg har fått tilbod om trening i symjebassenget. Det var godt å kjenne det varme vatnet omslutte kroppen.  Det var berre damer, det er visst berre damer som har kropp. – Som har sagt stopp.

Eg helsa, var mange kjente.

 

Så starta det, kjente det stramma og var vondt og godt. Mest som ein vert meditativ. Augo forsvann i spegelbilete i bassenget, vindauga og skogen utanfor – i bassenget.

 

Etter treninga fekk vi nokre minuttar til eigentrening. Kroppen kjendes varm og mjuk, eg la meg framover i vatnet……..berre nasen som stakk opp.

Tok nokre symjetak.

Kjende føtene var med, at eg greidde å ta fråsparka.

Fullstendig, aldeles herleg.

Dei gongane eg bada i sommar greidde eg mest ikkje symje fordi eg ikkje klarte å sparke frå. No klarte eg det.

 

Da eg kom heim skein sola. Eg gjekk forbi dei blå haustastersane og kjende det skulle bli godt med frukost og at dagen var god.  

                                                                                                                                                                                                          

Søndag, tankane og maten

Eg sit her med ein sein søndagsfrukost, både tanketom og med tankar. Sola skin sidt innover golvet.

 

For det er ein vakker haustdag, så ut må eg etter kvart.

 

Eg et heimbaka brød og risbananpannekaker.

 

Det er vemodig, alle haustar står utanfor døra og bankar på. Dei vil verta minnast.

Dei har alltid hatt ei sorg i seg. Over at sommaren var over. Men hausten kan bære seg sjølv fordi den er også vakker og god.

Tenkjer eg medan eg gomlar pannekake.

 

Veka mi har hatt eit vidt innhald. Den har vore travel, såpass travel at eg er litt svimmel over alt. Men så tåler eg nok ikkje så mykje.

Eg vart forskrekka da eg var hos psykomotorikeren, over kroppen min. Det var så lett å samanlikna kva som var og kva som er. Når det er ti månader sidan sist.

Eg har eit arbeid å gjera. Men eg kan!

 

Eg har møtt dei som ikkje kan -.

Og eg har vore der alderen har innhenta livet. I veka som er gått.

 

Fredagen vart eg bedt på middag hos jentene. Dei  hadde kyllingfilet fylt med spinat og parmaskinke og ost snara i rundt. Til dessert fekk vi varm sjokoladefondant med is. Ja – det var godt. – Og triveleg. Dei er flinke.

mingla vi alle vidare. To til kjærleiken, faren til tv’n, yngste fekk kanskje besøk…..men funderte på om ho eigentleg hadde venner…….og eg skulle trille attende over fjella.

Men først tok eg ein butikkrunde for å sjå om eg fann noko slikt:

Det er for å gi undersottene massasje under….ein må starta på botnen for å kom seg opp…..litt slik til topps……

Det gjorde eg ikkje, fann slike altså, så bestilte på nettet i går. Men eg fekk kjøpt økologisk rug, så no skal eg til å lage gjæring for surdeig.

 

Så slik held vi på.

Kvar er vi og kor går vi……

 

Men eg skal straks ut i hausten og sola. Trur ein tur er sunt for kropp og sjel. Uansett årstid.

 

Ynskjer alle ein herleg søndag.

 

 

Akkurat no

 

Dagen strekte seg bort i kvelden før eg var heime. Eg trudde eg skulle være heime før. Huset låg der som eg forlèt det.

 

Eg har ei kjensle av fridom i ufriheita. Hausten verkar så enkel. Alt er så enkelt. Og eg har tid. Eg kjenner på tid.

I bilen har eg lydboka, den høyrer eg på medan eg køyrer fint og roleg gjennom verda mi. Heime har eg fleire bøker eg har opna. Eg les litt. Eg har eit strikketøy eg kan få ferdig på eit blunk. Om eg strikkar. Eg strikkar litt. Til og med lappeteppet har fått nokre nye lappar.

Morgonane inneheld grøn juice, og i dag rakk eg ikkje meir. Snar skal eg i gong med surdeigsbrød om eg greier å halda liv i gjæringa eg må starta opp. I dag skal eg koka meg ei ny supe til middag. For eg drikk ein del av det. Nokså mange av dei vegetabilske.

Rund meg har dei grøne plantane auka, og eg vatnar gjevnleg, til og med sprayar blada med vatn.

Alt er så greitt.

Utanom kroppen. Men det har liksom ikkje all verda å seia. Eg satsar berre på at den skal verta betre.

I morgon har eg time hos psykomotorikeren, snart eit år sidan sist. Han gløymde meg i alle. Det gjorde meg frykteleg sint oppdaga eg. Men eg skal gje han ein sjanse, for eg har trua på det han gjer. Så eg satsar på at sinnet forsvinn i det store bilete.

For alt er greitt. På ein måte.

-At regnet kom attende. – At veka mi er litt for fullpakka. Det er denne kjensla av fridom.  Ikkje sikkert den var her i går. Ikkje sikkert den kjem i morgon. Men akkurat no er den her.

 

Etter ein lang dag

 

Klokka ringte halv sju, no er den halvtolv på kvelden. Og det er hysterisk godt berre å sitja her å trykke bokstavar utover skjermen.

 

Etter morgonens vanlege prosedyrar var det nokre timar attmed pulten. Før eg henta mor på slikt ho må.

Turen gjekk til Kristiansund på ein av dei varmaste dagane….kanskje i heile sommar, og i alle fall i haust. Sokkane måtte eg ta av meg, og bukse og langerma bomullsgenser var i meste laget. Og eg som hadde mobilisert meg med regnjakke og ulljakke-.

 

Eg tenkte også sjå etter regnkappe og støvlar. Det orka eg ikkje.

Byen var liksom så tom i dag. Kanskje var det fordi yngste ikkje bor der lengre……..

 

Men vi to som tok turen i dag fekk kosa oss både med god mat på kinesisk og innom eit knippe med butikkar. Gjorde det først kjøp med tanke på høgtida ved enden av året også.

Til slutt var vi innom Plantasjen. Eg fekk kjøpt meg eføy, aloe vera, kala og hengeasparges. Handla også lyng til å setje ute.

 

Far hadde koka kaffi til vi kom dit. Trur eg drakk tre koppar før eg tok bilen den siste etappen.

No sit eg i ein tilstand tilnærma overtrøyt……..og ja, senga står øvst på plana.

 

Skal berre ta bilete av kala først, mor fortalte at momor mi hadde kvite kala i vindauga. Eg hadde lyst til å kjøpa det også.

 

 

Søndag med sol og regn

– er snart over. Ein fin dag i september. Ein slik dag ein vil gøyme i minnet.

 

Denne helga kom og gjekk også. Enno er det nokre få timar, men sola har gått med attom fjella.

Eg sit her med smaken…… Den er god og fin. Både gjennom opplevingar og maten. Når barna kjem heime er maten ekstra viktig. For vi skal kosa oss. Det obligatoriske spørsmålet frå meg er “kva for mat skal vi ha?” For oftast får eg ikkje svara……..men vi kjem fram til løysningane.

Fredagskvelden var det halvfabrikata, chicken tandoori, gårkveld var det heimlaga pizza og i dag baka laks med heimlaga lakris/bringbær is som dessert.

Eg sette maten i omnen før vi tok oss ein skogstur. Da skein sola etter ein regnfull formiddag.

 

På ei høgde møtte vi fullt av sauer. Dei var nok nysgjerrig på oss. Yngste fikk lyst til å helsa nærmare på dei og lista seg bortover. Og plutseleg fann saurene ut at dei ville helsa og kom mot henne i samla tropp.

Ho såg dei med dei største horna kom først og vart litt engsteleg. Men da mellomste ropa at dei var ikkje farlege slappa ho av. Dei først snappa grastustene ho baud fram før dei snudde og fekk avstanden til oss igjen.

 

Det er herleg med sola og hausten når den er så mild og god.

Så snudde vi nasen ned att. Hovudærendet  var vatnet i brønnen, og tilkomsten var så bra at det rann over.

Vi gjekk forbi kyrne og nedover vegen. Før vi var heime og kunne ete.

Og så hadde jentene pakka sekkene sine og turen attende til byen sto for tur. Første turen saman attende der begge har adresse Trondheim.

“Korleis er det” ville eg veta, “når draumen er realitet?”

Tida gjekk så fort, sa dei, at dei mest ikkje fekk kjent etter. Men når tanken fekk plass kjende dei ilingar i magen av glede. At draumen om å bo i same by ,i same hus, i same leilegheit hadde skjedd.

Og så kom bussen å snappa dei vekk og boffen og eg sto att i verda vår.

 

 

Sola skin og eg drikk grønt

 

Torsdagen glitrar. Til og med inne, sjølv om det er støvete. Fordi sola skin.

 

Eg sit her og ventar, på at eg kan eta. I går starta eg på att. Og verknaden var der med ein gong. Så no har eg ein kropp som er på parti. Men eg likar ikkje å putte slikt i meg. Likevel var det fantastisk. Eg var framom mor og far, eg svinsa i rundt, opp og ned av stol, utan kamp.

I dag har eg ikkje heile dagen heime. Det har vore godt med ein heil dag her. Ute og inne….ute i sola for glede og inn for å få vekk støvet.

Denne helga blir vi fleire. Er ikkje heilt sikker på kor mange, men jentene kjem i alle fall.

 

No skal eg laga min grøne juice. Den skal være reinsande. Reinsar kanskje litt ut av det eg ikkje er så glad for å ta. Trur eg snart har drukke den kvar morgon  i ein månad. Den er ein god start på dagen.

Den er laga av:

2 epler, 3 cm squash, 3 cm agurk, 2 cm ingefærrot, 1/3 sitron, ½ selleristong og ein neve spinat

Så puttar eg det i juicemaskina og får ein god, grøn juice ut.

Prøv den ein vakker dag. Om du kan og om du vil.

 

Men uansett, ha ein vakker dag.

 

På veg mot mørke

 

Men attom, attom……..finnest ljoset. Alltid.

 

Ein sving innom for å fortelja at det er ikkje noko nytt under sola. I mi verd. Dagane labbar mot haust. Ein venner seg til det også.

I dag har eg vore i Kristiansund. På MR. Desse knea som har gjeve meg avgrensingar på eit blunk-. I dag vart dei skiva opp i avfotograferingar.

Før ærendet hadde eg eit anna ærend.

Planter!

Eg kjøpte meg fleire planter som skal ha god reinsande effekt. Treng det trur eg.

På tur heim kom den lova vinden. Det ruska  håra slik at dei sto på kryss og tvers oppå hovudet. Ute på havet fauk sjøen kvitt. Men tura med ferga attende gjekk overraskande greitt.

Heime skein sola gjennom skyene. Laga naturen fantastisk gyllen.

Da eg kom opp der eg bur var fargane vorte enno meir intense.

No drikk eg natt te og gle meg på å krypa under dyna.

God natt.