Vår

 

Så er påska over. Eg er attende til kvardagen med rennande nase.

 

Dagane kom og gjekk. Dei første og fleste med regn. Sol over dei siste. Snøen som låg breddheil er borte frå åker og eng.

Vi feira ho som fylte år første delen av mars med familien på palmesøndag.

Jentene forsvann nokre dagar etter feiringa. Men kom attende lengre uti påska. Da eg kom heim etter dei var dratt var tavla fullsett med gullappar. Dei hadde ikkje funne kritt. Men skikkeleg koseleg var det med dei lappane.

Det har vore mykje folk, men lite av friluftsliv. Dei to siste dagane vart det strikkinga på terrassen i sola.

No er alle dratt, det siste påskemåltidet med mellomste……….ja, eg har lært ein ikkje skal leike med maten……

Attende til kvardag saman med dyra, vår og ein ikkje heilt god allmenntilstand.

Snufs og snyt…..

Fredag før påske

I dag vil eg lage påske i heimen. Ta ned kassen med påskepynt.

 

Eg har fri. Godt etter nokre travel dagar. Så i dag skal eg vera flink med å gjera det påskehyggeleg.

I kveld kjem jentene heim. I helga skal vi feira ho som fylte år for litt sidan. Sonen vil være i Oslo denne påska med flytting på programmet.

Eg rakk å køyra innom Plantasjen for kjøpe blomster i går på tur heim frå byen.

Etter biblioteket var eg innom kontoret, da gjekk det seint rundt både på data?en og i hovudet. Ikkje så rart etter to lange dagar med møter, foredrag og omvisning i kalde hus.

Det skal verta godt med påskefri no. Sjølv om måndagen ikkje vil være fri for meg.

Ein riktig fin fredag både til deg og alle.

 

Den forbaska telefonen

 

Enn at ein mobil kan skremme og lage meir uhygge ein kva en trur kan gå an…….

Det finnest alltid, og mest alltid, naturelge forklaringar på alt. For tida leiter eg etter den naturlege forklaringa.

Og så spør eg der ute i den store verda om nokon har opplevd noko liknande som det eg no skal fortelja om:

 

For plutseleg har eg vorte husredd  og livredd telefonen min. Om kvelden.

Det starta sist søndag.

Eg skulle ikkje noko før eit stykke utpå måndagen, derfor hadde eg ikkje hast med å leggje meg.

Best det var starta alarmen på mobilen. Eg prøvde å slå den av, men den berre fortsette. Så eg tenkte telefonen heldt på å klikke. Eg fekk den likevel av til slutt……….men etter ei lita stund starta den att.

Heldigvis gjekk det greitt å få den av denne gongen.

Da eg litt etter gjekk å la meg og skulle stille alarmen for neste dag såg eg det….

 


 

Fullt av gongar var alarmen stilt inn slik. Eg har aldri stilt alarmen inn til natta……og så mange gongar etter kvarandre.

Den einaste som eg hadde hatt besøk av om dagen var søster mi, som ikkje kjenner til denne type telefonar. Derfor har ikkje ho stilt den. Og det har heller ikkje vore naturleg at ho skulle gjort det på tull, ho er ikkje typen.

Måndagskvelden gjekk alt greitt.

 

Tysdagskvelden hadde Lucas nokre sterke reaksjonar i elleve tida.

Han bjeffar og bjeffar slik at eg til slutt kjenner det startar å prikke i nakken fordi det er skikkeleg ubehageleg. Eg høyrer også nokre lydar. Men no har vi mange av skogens dyr som kan ta turen forbi husnovene, og den eine katta var inne. Riktig nok låg ho under bordet og sov.

Neste dag er eg innom alarmen ein tur. Det er da eg ser det!

Ein seks-sju gong etter kvarandre var alarmen stilt…

 


 

På same tidspunktet hunden bjeffa som verst var alarmane stilt.

Eg syntes det var ekkelt.

Om kvelden skrudde eg av telefonen.

 

Torsdagskvelden hadde eg besøk.

Tida går fort i hyggeleg lag.

Eg har nettopp fortalt om opplevingane mine med telefonen. Da gåralarmen på, og klokka viser 00:00……..

Eg kaver og får skrudd av alarmen, fjerna innstillinga og slått telefonen av.

 

Det skal innrømmast at da eg kom heim i fredagskvelden følte eg meg utrygg. Eg slo av telefonen da klokka var halv elleve. Det gjorde eg også i gårkveld og kjem til å gjera det i kveld.

 

Eg vil tru det er noko som har klikka i telefonen. Operatøren hadde riktignok ikkje høyrt om noko slikt.

Eg har ikkje ringt Apple enno, for å høyra med dei.

Og er det inga naturleg forklaring på det, så er det ei unaturleg forklaring. Da har eg besøk av eit spøkelse som er glad i teknikk. Akkurat den tanken synest eg ikkje om.

Og det eg i alle fall ikkje likar er at eg har vorte redd huset mitt om kveldane, huset mitt og telefonen.

Det likar eg ikkje!

No er alle alarmar avskrudd, dei eg har bruka og dei som stilte seg av seg sjølv.

 

Har du opplevd noko liknande som dette?

 

 

Femte mars

Ein dato yngste mi fekk utlevert som fødselsdagen sin.

 

“Kva for dato skal vi velje” sa legen.

“5.mars” sa eg.

Det var tre veker igjen til termin.

Eg heldt på å bli tullete av svangeskapskløe og problem med bekkenet. Så fødselen skulle settast i gong.

Eg tok bussen med baggen ned til sjukehuset.


Ei prinsesse fyller to år
 

Dei sa at det fort kunne verta ein annan dag. -At dei måtte gjenta behandlinga før det vart fødsel.

Men det viste seg at det gjekk raskt når det først var i gong. Etter ein del tumultar, var jenta ute. Så da eg litt etter fekk servert mat, spurte ho som serverte meg om  det ikkje meg ho hadde snakka med ute her for eit kvarter sidan.


På tur med kakaotrut

Og det stemte det. Å gjera unna seg ein fødsel så fort vil eg i grunn ikkje tilrå.

Men eg hadde fått ei lang jente og det raudbrune håret sto opp som ein kost. Ho som beit jordmora i fingeren før ho vart født.


Klar for første skuledag
 

Og kampviljen har ho innabords. Ho har kjempa med kameratar av den fem år eldre broren sin. Ho tek ordet når ho må.



Søsken
 

Ho har sine meiningar. Men likevel er ho full av kjensler. Tårene kan godt finne på å koma akkurat når dei ikkje skal.

Når mellomste søster møter verda med eit stort smil seier ho at da treng ikkje ho smile slik, fordi den jobben gjer søstera.


Søstrene sisters


Bilete lengst ned  frå tur til å gje nissen julegrauten på stabburet

Eg synest det er svært greitt at ho ikkje konkurrerar, men ser at dei har kvar sine rollar og er kvart sitt individ.


17. mai


Ein somar frå barndommens rike med eit av alle dei ansikta og gleden ho deler med oss andre
 

I år er ho russ, snart  ferdig med tre år vidaregåande. Ho synest valet vidare er vanskeleg. Det siste er at byen Trondheim står på førsteplass. Det er akkurat der mellomste bor, dei har tette relasjonar, i helga er ho saman med henne for ei innflyttarfest står på programmet.

Dagen sin feira ho i byen ho bor i.

19 år.

Før åt spekulerte ho på korleis ho skule gjera det. Det var alt for lite der ho budde til å be dei ho ville. Ho hadde heller ikkje lyst til å spørje hybelverten om det var greitt om ho feira dagen sin der. Til slutt hadde ho mota seg opp og det var heilt i orden. Berre for å verta kidnappa , for vennene hadde ordna til overraskingsselskap ein annan stad.

I påska skal vi feira ho saman med familien.

 

 

Besøk ein laurdagsmorgon

I nokre verdar er grensene svært viktige. Dei usynlege grensene av lukt, mitt og ditt.

 

Lucas og Miranda kosar seg i sola

 

Sola sildra utover landskapet med stormande ljos og glede. Alt var fredeleg og glitrande. Boffen hadde ete og tok seg ein tur ut. Eg høyrde det kom nokre bjeff. Så eg gjekk bort til vindauge for å sjå kva han reagerte på. Vi har tre kattar, så først såg eg ikkje dei to kattane. Ei på rekkverket på terrassen og ei nedanfor på golvet. Da eg såg nærare på dei såg eg dei var framande. To store, kraftige kattar med kort strittande pels. Augo som såg ut som ein vinterdag. Dei såg rett og slett slitne ut som dei kom frå eit hardt liv. Eg hadde aldri sett desse kattene før. Så medan eg sto der å spekulerte på kva for katter det kunne være, og om det kunne være av alle dei kattane som budde her før vi flytta hit………..

Akkurat da kom Ludvig, vår svarte, langbeinte hannkatte. Han hoppa sjølvsagt opp på rekkverket og forsiktig nærma snuten seg den katta som sat med ryggen til. Han rykka attende, lukta var nok ikkje kjent. Så sat alle slik ei kort stund i fred og fordragelegheit.

Men runda Lucas hjørnet, da starta det. Dei to nye reagerte på hunden som kom. Den på rekkverket hoppa ned, skaut rygg og slo etter Lucas med klør. Ludvig reagerte prompte og kasta seg inn i den kampen som var i emning. Plutseleg var både hund og kattar under eit bord som sto der, og det vart eit spetakkel.

Da får eg og fart på meg. Ut gjennom terrassedøra, og der ser eg to av kattene er komne på rekkverket……..og det neste er at dei fer gjennom lufta fleire meter, før dei landar i oppkjørselen. Men dei har tydelegvis overlevd fallet og fyk nedover vegen. Og Lucas etter!

Eg prøver å kalle han attende, men ropar for døve øyra.

Over hovudvegen bers det med kattar og hund. Og på vegen er det stor trafikk. Når kattene brasar nedover skogen veljar han likevel å snu og unngår så vidt ein bil.

Han som aldri nærmar seg vegen aleine.

Til og med når jentene kjem med buss stoppar han oppe i vegen og ventar. Først når dei er komen dei ca. ti metrane opp frå hovudvegen til der han sit, slepp han si elleville glede til.

Utpå terrassen heng berre ein eim av kattpiss att. Sola har igjen innhenta roa.

Oversikta av skadde og falne har eg nok ikkje. Men at dagen starta med krig fordi vi fekk besøk er sikkert.

 

 

Dagar som går og går og går

 

Eg veit ikkje att og fram på tida. Den er eit utydeleg begreip. Det einaste er at den går.

 

Det er lenge sidan eg har sitte her med data’n i fanget. For tida går så forskrekkeleg. Eg skjønar det. Vi er snart midt i mars.

I dag er det nydeleg både ute og inne. Ute skin sola. Inne er det ryddig med blomster på.

Det er laurdag og eg unner meg latskap.

Og ein kopp med kaffi.

Eg veit ikkje heilt kva som opptek tida mi. Men noko har eg tenkt å lage blogginnlegg om.

For noko må eg gjera på, utan at eg her kan framheva noko spesielt.

Eg kan heller greie å skriva om alt eg ikkje gjer, men det er så frykteleg kjedeleg at eg let det bli.

Men noko eg har gjort lite i det siste er å skrive…..for orda har kanskje ikkje så lyst til å lufte seg som tidlegare.

Men slikt kan plutselg gå over.

Og eigentleg trur eg det er pc’n si skuld……for den er ein tolmodsprøve å skriva på. For den kan fort kome  til å dra samen alle orda, samtidig som den hoppar over bokstavar. Slik som s for eksempel. Så må eg gå over heile teksten, dele opp og setje inn.

Det øydelegg for skriveglede.

Derfor-, den dagen eg blir akutt rik går eg rett i veg å kjøper meg ein ny pc……eler kanskje ein mac…….

Men av og til tek eg på dette…..og i dag er sinn og vær så vakkert at eg har tolmodet.

Vakker laurdag til akkurat deg som les.

 

Vår i år

 

Våren har blå årer over fjella, og fjorden er mørk. Som den i djupt alvor super vinteren i seg.

 

Våren kom i dag. Som ein ny månad. Ein dag seinare enn til vanleg.

Etterlengta.

Eg måtte bort, sjølv om eg skulle væra heime i dag. Da eg kom heim, og etter ei stund tok eg med meg kroppen min ut. Og boffen. Kroppen var tung. Boffen var lett og ellevill. Men både boff og kropp hadde godt av ein tur ut i kvelden som heldt på å blåna. Nokre snøflak flaksa forbi, to – tre landa på kinnet som små, våte insekt.

Da eg kom inn i hus igjen var mørket kome. Litt seinare for kvar kveld. Vi er på veg.

Mot ljoset.

Det er ein slik glede i det.

Også eit vemod.

For åra og vårar som har gått og det som kjem i mot ein på vegen.

Mange har kravd meir enn eg hadde å gje. Det kjennes. Men likevel, det har skjedd noko. Det utbrente er ikkje så utbrent.

Det er rart korleis mykje er annleis. Hovudet fiksar fram informasjonen eg treng, eg hugsar meir og eg slepp å leita så mykje gøym og leit med orda. Det er som eg tek meir plass i mitt eige liv

Samtidig tek kroppen min meir plass, men det får berre våge seg. Til så lenge.

Men eg må nok ta skeia i ei anna hand……..som det heiter.