I nokre verdar er grensene svært viktige. Dei usynlege grensene av lukt, mitt og ditt.
Lucas og Miranda kosar seg i sola
Akkurat da kom Ludvig, vår svarte, langbeinte hannkatte. Han hoppa sjølvsagt opp på rekkverket og forsiktig nærma snuten seg den katta som sat med ryggen til. Han rykka attende, lukta var nok ikkje kjent. Så sat alle slik ei kort stund i fred og fordragelegheit.
Men så runda Lucas hjørnet, da starta det. Dei to nye reagerte på hunden som kom. Den på rekkverket hoppa ned, skaut rygg og slo etter Lucas med klør. Ludvig reagerte prompte og kasta seg inn i den kampen som var i emning. Plutseleg var både hund og kattar under eit bord som sto der, og det vart eit spetakkel.
Da får eg og fart på meg. Ut gjennom terrassedøra, og der ser eg to av kattene er komne på rekkverket……..og det neste er at dei fer gjennom lufta fleire meter, før dei landar i oppkjørselen. Men dei har tydelegvis overlevd fallet og fyk nedover vegen. Og Lucas etter!
Eg prøver å kalle han attende, men ropar for døve øyra.
Over hovudvegen bers det med kattar og hund. Og på vegen er det stor trafikk. Når kattene brasar nedover skogen veljar han likevel å snu og unngår så vidt ein bil.
Han som aldri nærmar seg vegen aleine.
Til og med når jentene kjem med buss stoppar han oppe i vegen og ventar. Først når dei er komen dei ca. ti metrane opp frå hovudvegen til der han sit, slepp han si elleville glede til.
Utpå terrassen heng berre ein eim av kattpiss att. Sola har igjen innhenta roa.
Oversikta av skadde og falne har eg nok ikkje. Men at dagen starta med krig fordi vi fekk besøk er sikkert.
Ja, slik kan dramatikken kome inn i livet, og det på ein vanleg dag. Me har og ein hund i slekta, som blir aldeles rasande når ho ser ein katt.
Som katt og hund 🙂 Dette var jo en bitte liten bloggnovelle, og litt spennende ble det jo og 🙂
Oldemorbloggen: Hunden tåler godt dei tre kattane i huset….men det var desse som ikkje høyrde til. Hannkatta vår er ikkje komen attenden enno.
MOONBEAMSCORNER: Action på lørdagsformiddagen :)), men har ikke sett mer til han som kasta seg ut i kampen.
Måtte bare le, ser det hele for meg….Er nå flott at ikke kattene hoppet i strupen på hverandre da, for her hos meg, i min gate er det litt av et hierarki. Pus her vet nøyktig hvilke grenser hun har , alle veier…. Og når her er hundebesøk, må jeg bare la henne være på et rom for seg selv….
Var aldeles nydelig , den pusen som sitter på bildet der…
åja dyrene hvet å forsvare sitt teritorium )
maiken: Jo, det var vel egentlig det som skjedde, to fremmede katter og katten vår + hunden som akkompagnerte det hele med bjeffing. Kattene sloss i lufta da de datt ned fra terrassen. I gårkveld kom hannkatten vår tilbake, da hadde jeg begynt å spekulere på om hadde blitt skadd. Kattene og hunden her er gode venner, men de kjenner hverandre.
Miranda på bildet er sjefskatten, tror hun er rundt 12 år….hun veit hva hun vil:))). Artig med dyr….når de ikke sloss.
fruensvilje: De gjør det :).