For glatt og for høg fart

 

Av og til er det betre enn andre gong å være heime. I dag er ein slik dag.

 

Heimturen etter møtet gjekk fortare enn eg greidde å følgje med. Hovudet var liksom oppbruka etter ein lang dag. Eg snakka med ei sjuk veslejente på telefonen.

Ja, eg brukte handsfree.

Ho skulle til Molde og var redd for at forma med feber ville stoppa turen.

Plutselig ser eg gule skilt og eit kryss framom meg. Eg greier ikkje å tolka riktig kor eg er og tar vegen til høgre som også vil seia ein skarp sving. Bilen vil ikkje lystra slik den skulle. Glatt veg og sentrifugalkraft gjer sitt, eg ser vegkanten koma mot meg i alt for god fart. Eg prøver å rette opp…..

brasar eg ut snøkanten. Bilen som kjem etter stoppar og han som køyrer spør om eg treng hjelp.

Ein er litt forvirra i ein slik situasjon.

Eg har behov for å visa at eg har full kontroll.

For så vidt hadde eg det og da. Greidde å komme meg ut av førerdøra……så vidt, etter og ha slått den inn i snøen nokre gong. Fekk sett ut varseltrekant og ringt bergingsbil. Men eg hadde tatt refleksen ut av bilen, og det er dumt når det er mørkt. Eg bruka blinklys på mobilen når eg bevega meg ute.

Men eg må få lagt refleksvesten på plass.

Det som var hyggeleg var at svært mange stoppa for å spørja om eg trong hjelp.

Vart mest flaut.

Eg ringte inn til vegsentralen for å seia i frå om bilen som måtte bergast, og så slo eg av motoren og hadde bere naudblinken på……..da vart det meir flyt i trafikken forbi meg. Men ei ung jente kom bort

“eg må sjekke på ordentleg” sa ho.

Eg ba ho køyra forsiktig, og det gjorde ho sa ho og var glad for at ho snart var heime.

Det var faktisk så glatt på vegen at det var skummelt å gå på den.

Bergingsbilen kom, drog meg ut av snøfonna og eg kunne køyra bilen vidare.

Og ja………det var kjempegodt å være heime igjen.

 

Til deg som køyrer bil, du må sjekk at du har refleksvesten i bilen og så må du elles køyra fint og etter føret.

Riktig god natt :).

 

 

Eg treng råd

 

God motivasjon er viktig for å få til forandring. Kva motiverar meg? Kva motiverar deg?

 

Forandringane eg vil ha er å verta meir fysisk aktiv. Eg har skrua ned aktivitetsnivået mitt til ein gratisbillett til rask alderdom. For tida kjem eg meg berre sporadisk ut. Eg har eit energinivå som lagar dørstokken om til Mont Blanc.

Plan ein; MOTIVASJON

Eg likar lys, skygge og former. Den bestemåten å leika med slikt er fotografering. Eit fotoapparat er ein god hjelp til å koma seg ut. Men apparatet eg hadde takka for seg i haust. Mobil er ikkje ein god nok erstatning.

Eg har funne ut at det er ei lur investering å få kjøpt seg eit igjen.

Eg vil ha spegelrefleks fordi eg kan skifta linser. Det bør ikkje vera alt for dyrt og ikkje alt for tungt, men likevel gå an å utvikla.

 

Kan du gje meg råd på typar apparat?

 

Eg har kome fram til at ei sportsklokke/armband vil vera motiverande og ein god samarbeidspartnar. Men pga. lite energi og det at eg er utbrent, skal det lite til før eg opplever hindring i å sette seg inn i teknikk. Så eg må finne meg eit produkt som er lite komplisert. Det er trur eg vil ha bruk for er steg, puls og søvnrytme………og kanskje at den kan brukast i vatn.

Eg vert veldig glad for råd om produkt.

Kva for erfaringar har du?

 

Dette er første del av motivasjonen for å koma seg i gong igjen. Håpar du som les kan gje meg gode innspel…….og så ønskjer eg deg ein riktig god kveld.

 

 

“Mykje vil ha meir…..

 

….og fanden vil ha fleir.” Slik er det med meg og.

 

Eg skreiv sist om at eg vakna med eit snev av energi.

Eg vil ha meir!!!!

Meir energi. Eg trur heller ikkje dette er så frykteleg spesielt og at eg heilt åleine med og ha det slik. Om å ville ha meir. I tillegg må eg nok arbeide for det. Kan ikkje berre forventa å få det deisande ned i fanget.

For å ikkje verta heilt ned i kjellaren har eg prøva å forstå meg sjølv. Kvifor eg vart så fullstendig tømt denne gongen. Og eg ser det, eg trur og eg aksepterer at slik må det berre vera. For ei stund.

Men verkeleg ikkje noko blivande sted. Berre det at eg skriv det er eit positivt teikn. Eg har og funne ut at eg skal auka ut slikt ein berre må gjera. Eg skal 10% opp frå 1. februar. Må nok ta småe steg.

Det har til og meg vore for ambisiøst å leggje planar…..men dei har starta å spinna i hovudet mitt no.

 

Eg har vore gjennom ein skikkeleg leksjon med å ha tillit og gje slepp. Det var ein av punkta på nyttårslista mi. Her er den. Men erfaringar av redsla ligg såpass i margen at det hjelper ikkje kva du seier til forstanden om dagen. For om natta bit ein kjevane saman så ein mest ikkje klarar å tygge når dagen kjem.

Dette tok nok energien min da eit nytt år starta. Redsla av kva no…….kva kom til å skje…..

 

Men eg har tru på at no er eg framme ved at eg kan starta å arbeide meg opp igjen. Det er somt ein ikkje har styring og kan påverke. Slikt ein berre greie å akseptera.

Og det at eg er framme ved å starta oppbygginga igjen, det er ein god tanke.

Ein svært god tanke.

Heilt fantastisk

 

I dag vakna eg til ein fridag med skyfri himmel.


Eg kjende det før eg sto opp. Før eg opna augo. Kroppen var ikkje så vond, kjakane var ikkje så stramme. Så bestemte eg meg………….ja, det var det eg gjorde……….bestemte meg for å opna augo. Trur aldri eg har bestemt meg for det før, for det brukar å skje automatisk.

Da eg sto opp hadde eg lyst til å gjera ting. Så eg gjekk i gong med tømming av kattkasse, tok ut eit golvteppe fullt av dyrehår og la det ut i snøen. Slikt. Før eg ordna meg mat.

Samtidig chatta eg med eit par av ungene og sendte til og med ut eit bilete på snappchatt. Har faktisk fått kommentar på at eg sender så skjeldent ut snapper. Grunnen er for låg energi og for dårleg husk.

Eg oppdaga det da eg sprang opp og ned trappa, eg kunne det…………knea var ikkje så vonde.

Og så plutseleg skjønar eg, eg har meir energi. For første gong i det nye året føler eg på energi.

No skal eg ikkje bruka den opp på å jubla om den, men det var fantastisk godt etter fleire veker der den har vore heilt av og borte.

 

Ha ein super dag i vårt langstrakte land.


Berre bare føter i snø.

 

Snø og ved =

 

Strev og strev.

Som også vil seie trening.

Som eigentleg er bra……….

 

Og resultatet vert varme i omnen og varme i kroppen. 

I dag sloss eg med snø i fleire timar. Så da smakte det med heimlaga brød og kaffi etterpå.

I helga vart vi avgløymt av brøytaren. For vi har brøytar.

Her står ein arbeidshest oppsala og grei skulle ein tru. Men eg kan den ikkje, og ein må visst ha både musklar og kunnskap for ri den.

No er eg ikkje sikker på om det går å starta den. Men vegavgift betaler eg.

Så i går da eg skulle ut på hjul, rulla hjula seg fast i laussnøen. Eg fekk bilen laus etter ein del strev, og da eg kom heim var det brøyta ei stripe opp til huset.

I dag da søster mi skulle ut med bilen sin, måtte ho rygge ned til vegen utan og ha særleg sikt. Ho greidde å passera bilen min og med hjelp av eit ekstra par augo kom ho seg også ned til den kommunale vegen. Ho har ikkje nokon god vinterbil. Men handikapbil har ho.


 Her står eg i eit kryss….

…..ned….opp….bort….

….og berre nyt synet av all snøen.


Eg skulle grava meg fram til vedbua. Det er nokre meter, og ein føler seg mest overmanna. Eg kom meg fram til fjøset og fram til vedbua etter ein del tak med snøskuffa.


I dag var eg mest glad for at naboen ikkje har ordna opp vedbua som fekk knusa ein vegg av ein høyball i august. Det var liksomberre å gå inn da eg endeleg var framme. Når ein kom seg forbi den gapande kjeften av skrape tenner.

Fint som fotomotiv kan ein også seia det er.

Og veden kom i hus. Fekk tent opp. Ete.

Og så skreve eit innlegg på bloggen….trur det er nokre dagar sidan sist no.

 

 

Juice og søvn

 

Juice og søvn har ingenting med kvarandre å gjera, anna at det handlar om dagen i dag.

 

For da eg vakna etter ti timar søvn var eg alt for trøtt. Og alt med at eg ikkje skal noko før i ettermiddag, kraup eg under dyna igjen. Så sov eg like godt eit par timar til.

Tru eg held på å verta ung eg, dei skal trenga mykje søvn.

 

Da eg endeleg var oppe for dagen kom eg på at eg berre hadde frosne

brød. Men til sist helg tenkte eg å laga juice og kjøpte inn ingredienser. Det orka eg aldri å laga.

 

Derimot vart det juice i dag. Den vart laga av:

1 eple

1 appelsin

1 kiwi

¼ ananas

2 cm ingefær

 

Det vart eit stort, søtt, sterkt glas som reiv litt. Følte kroppen vart riktig glad.

Etterpå vart det ein kopp kaffi.

Så får eg tru at brødet tinar såpass til eg må dra, slik at eg får meg med ein matpakke.

Blir nok ein bra dag dette.

 

Kor mange timar søv du om natta?

 

 

Kva ventar du på?

Eg sat der i bilen og plutseleg fossa tårane opp i augo……. Songen vart synonymt med det eg var i gjennom.

 

Vi var på tur til byen med barna. Dei gledde seg for vi skulle i bassenget. Til Pirbadet i Trondheim. Ein heil dag med leik og moro. Dagen før hadde dei fått vite noko av det verste du kan fortelje barna dine. At vi som foreldre skulle gå frå kvarandre.

Turen inn til byen var eit stakkarsleg “plaster”.

På bilradioen dukka Gwen Stefani med “What You Waitng For?”

………….ja, kva var det eg venta på………….no var eg der.

 

Da mellomste var født tenkte eg at no hadde eg to, ei jente og ein gut. For tanken på å gå var komen. To barn var dobbelt så mange som ein. Det kravde ein på ein annan måte.

Men frå tanke til handling er eit stykke.

Berre nokre rykk i lenka.

Så kom sommaren da eg trudde eg måtte vera skikkeleg sjuk, så kvalm og elendig. Det viste seg eg var gravid sjølv om eg hadde prevensjon. Jenta var meir enn velkoma.

Tre tenkte eg, kan eg venta meg meir enn tre friske barn.

Kanskje eg skal gå no?

Men det sat djupt inne at barna skulle verta skilsmissebarn. Eg prøvde å forandra han som var far, for eg visste litt for lite om slikt. At det å forsøkje forandra nokon ikkje er så klokt…vi er dei vi er.

Vi flytta, fekk nokre år i felles arbeid om hus og hage.

Ekteskapsrådgjevar var forsøkt, han avslutta ei rad med møter med

“at no er det for varmt å sitje inne på eit kontor”.

Det einaste som sat att var da han sa at nokre gong er folk alt forskjelleg gjenga.

 

Så etter femten år i ekteskapet var det ikkje meir å venta på, lenkene var for slitt.

Der i bilen på tur inn til Trondheim var ei tid slutt og ei ny tid sto klar.

Songen vil alltid minne om denne hudlause perioden der eg endeleg torde noko ein hadde trudd ein ikkje ville klara.

– Stå i leine.

 

 

 

Æ følje dåtter åt sjefen

 

Gutar var ein gong noko som opptok meg stort. Noko spanande og uutforska.

 

Eg var svært sjenert da eg voks opp. Men min eigen vilje hadde eg. Til og med svært godt.

Det var ikkje sikkert eg sa så mykje, men eg visste kva eg meinte og kva eg ville.

Det forundra meg at eg var så to forskjelleg personar; den heime og den borte.

Heime hadde eg tryggleik og var den eg var. Borte vart det verre. Innrømma noko så fortærande at ein var sjenert gjekk heller ikkje. Så ein fekk skjula det så godt som ein kunne.

 

Noko anna var at etter som eg vart eldre syntest eg gutar…….., eller nokre av dei, var verdt å kika nærmare på. Men med sjenansen var det ikkje så mykje å gjera anna enn å venta på å bli plukka.

Bygdefestene var ein fin arena for slikt. Eg hugsar første gongen eg hadde vore på fest. Mellomste søstera mi kom inn på rommet mitt om morgonen å ville veta

“gjorde du slik som dei gjer på film?”

Eg gjorde meg ein tanke kostbar før eg måtte ut med det.

Eg hadde KYSSA!!!

Og litt beskjemma fortalte eg at det hadde vore to. Det var eigentleg mest usømeleg. For sømeleg var eg.

 

Faktisk vart festane måla ut etter om eg hadde kyssa nokon. Ei fest utan kyss var liksom ikkje ei bra fest.

Men så var det han stakkaren som følgde meg heim, vi møtte nokre andre og han presterte å seia at

“æ følje dåtter åt sjefen…. “.

Eg vart mest like sint som ein okse som får ein raud klut vifta framom seg.

Men eg stanga ikkje fysisk.

Stakkaren var nok ikkje av dei tøffe han heller, og noko skulle han vel seia. Og så kom noko så idiotisk ut.

Eg prøvde nok å seia noko om at eg var som andre og familien min var også det sjølv om vi åtte denne arbeidsplassen.

Eg prøva å stange med orda for å få inn fornuft i tankebanane han hadde.

 

Ein annan gong var det ein som ville meir enn å kyssa og klina. Eg var fast bestemt på at dette skulle eg ordna opp i sjølv og koma meg ut av, så eg sloss for at viljen min skulle sigra. Så da dei andre kom å banka på sa eg ikkje eit knyst om at vi var to med forskjelleg viljar attom døra.

Det ville berre vera kjempeflaut.

Til slutt kom eg meg ut, ut gjennom døra og opp på vegen etter og ha vunne kampen.

Søskenbarnet mitt kom akkurat køyrande i ein bil og stoppa for å høyre om eg skulle sitja på. Han snudde bilen så da vi køyrer forbi der eg hadde kjempa kom han som eg hadde kjempa mot.

Søskenbarnet stoppa og spurde om han også ville sitja på.

Han sat seg inn også sa han

“ho der er så sint ho”.

Søskenbarnet mitt drog litt på smilet og sa

“er ho det?”

Kleda i uorden tala vel og sitt språk. Og noko meir vart ikkje sagt om den saka.

 

Eg slutta nokså tidleg å dra på bygdefester. Sjølv om eg lika å kysse likte eg ikkje denne fangsmetoden der ein eller annan fyr fann ut at deg skulle han ha, og så starta kampen. Og eg visst kva eg ville og kor grensene mine gjekk. Riktig nok opplevde eg ikkje eit så kraftig åtak som den gongen eg vart omtala som ho som var så sint. Men å bli drege tvers over eit dansegolv mot sin vilje hadde eg heller ikkje sansen for.

 

Etter kvart forandra eg interessa, ikkje for kyssing..men for gutane. Gutane var ikkje meir interessante. Der i mot menn, menna var absolutt interessante. Og til slutt gifta eg meg utan at det vart enden som i snipp, snapp, snute……..

Ut i det blå

Så var alle orsakingane bruka opp og det var inga anna råd.

 

Eg fekk kle på meg å ta turen ut i ein dag på hell. Det eg er fornøgd med er at eg kom meg ut. Det eg ikkje er så glad over er korleis eg oppleve det. Men det er nok ei blanding av form, tankar og årstid. Turen hadde ikkje sneve av å og ha ei god kjensle, sjølv om fargane var vakre.

Irritasjonen medan eg sloss for å koma inn i kleda. Gleda hos boffen, planlegging av slik og sånn. Eg var både skjelva innmed margen og i ordentleg i ulage da eg la i veg.

Eg hadde bruka opp orsakingar for å ikkje gå ut.

“Eg er lat og vil ingenting, og det vert eg ikkje lykkeleg av” chatta eg med mellomste på facebook like før.

“Du har funne ut mykje da” sa ho som var yngst.

Så ti dagar ut i 2016 har eg ingenting å skryta av. Berre knakande ledd, kne og kjakar som knekk. Det siste er nokså ekkelt nå eg et.

Skal eg berre setja meg ned og let alderen skyfle over meg og svelgje meg med hud og hår…..eit såkalla retorisk spørsmål…….kven vil det liksom………

Eg må nok berre ta på arbeidet. Arbeidet med denne forbruksvara som heiter energi.

Slik sett har eg ikkje meir å meddela. Og det er vel akkurat det eg har lyst og ha……….proppfull av glede og positiv glød………ja, ja lange sutrepave, vi får satsa på noko betre.

Riktig fin søndagskveld, den kan eg i alle fall seia og meina.

Onsdag og mest helg

 

Nokre få timar i morgon og så helg. Vi er på fart inn i eit nytt år.

 

Eg søv mykje, men kanskje det kjem av at året er så ungt. Det unge på kvile. I går var eg hos lege for å ta ein prøve eg ikkje kunne ta før jul. Etterpå køyrde eg til foreldra mine, og der sovna eg. Gong på gong. Så i går vart det ikkje noko tur.

Her om dagen vart eg invitert inn i ein fellessamtale på face. Styrketrening i kveld. I nærområdet. Kjempebra tiltak. Eg vil være med, men ikkje i kveld. Det var mørkt da eg kom heim, så ingen gå tur i dag heller. Trøyt i dag også. Eg kunne ha lagt meg framover pulten og sovna.

Det er nok det nyfødde året. Kanskje du er trøytt også?

Men i dag fekk eg endeleg gjort noko eg lenge skulle gjort lenge. Eg tok ein cd inn i spelaren i bilen. Ein cd eg fekk tideleg i desember. Eg vart ikkje overraska, kan ikkje seia det……for eg rekna med den var bra. Men den var så bra at eg vart sitjande i bilen for å høyre meir da eg kom fram.

Da eg kom heim orka eg ikkje lage meg middag. Eg hadde røyklaks att frå jula, så eg steikte eggerøre og lagar meg smørbrød.

Og så kom det snø i ettemiddag.

Eg trur eg er så trøyt at eg nok må legge meg straks. -Utan tur og styrketrening, med nysnø og flammar inne i omnen……i eit nyfødt år.