Glad og gira

 

Av og til kan ein verta så gira at søvnen forsvinn bort i natta. Den vert så og seie ein skygge.

 

Ofte skjer det ikkje, ikkje no lengre. Før – i den grøne barndom kunne slikt nok skje.

Eg har eigentleg mest skrytt over evna mi til å sovna. Slikt straffar seg!

Så i dag er eg rutete og stripete inni meg av trøytleik, og gle meg til at dyna skal viska ut dagen.

Det er opp til fleire grunnar til at søvnen forsvann.

 

Eg har auka aktivitetsnivået, da vert alt travlare.

Plutseleg går det opp for meg at året snart er omme. Eg hadde gløymt å føre over ei ferieveke eg ikkje har teke ut, til neste år. Så da må eg berre ta den veka på styrten.

Derfor må eg skunda meg enno meir.  For å rekka det eg har piska opp, på kortare tid.

Men det er frykteleg artig å kjenna at alt er så mykje meir av alt. Kroppen min kan brukast igjen.

 

Da eg fekk diagnosen tenkte eg at det som ikkje er bra må brukast til noko som er bra.

For ein del reumatiske sjukdomar kan ein søkje rehabilitering der varmen er høgare enn i Noreg. Ein må senda søknaden inn til Oslo universitetssykehus der det er to søknadsfristar i året.

Det gjorde eg.

Ein dag låg ein konvolutt i postkassen. Ein tynn konvolutt. Der sto det at dei hadde teke imot søknaden. Eg rekna ikkje med uansett at eg fekk opphald første gongen eg søkte.

I går låg ein ny konvolutt i postkassen. Ein tjukk ein.

Der sto det: Du er innvilget behandlingsreise.

 

Eg har berre litt over ei veke for å finna ut om eg får det til; hund, kattar, jobb, utskrift frå lege og sjukemelding. Det er ein logistikk. Men vil prøva å få det til.

 

Og tankane, tankane rasa som nokre pingpong ballar da eg skulle sova.

Det eg skulle rekka før ferieveka, og tanken på fire veker med trening og full fokus på meg sjølv. Såg for meg lange gåturar på ei Spansk strand.

Ikkje fekk eg sovna, og da eg endeleg gjorde, vakna eg etter fire og ein halv times søvn. Da sto eg opp, koka meg graut og for på jobb.

 

I morgon må eg væra utkvilt for å få unna meg ein haug av oppgåver slik at eg kan ta ut ei siste ferieveke.

Og i den skal eg laga jul i huset.

 

Men glad og gira vart eg.

Dagane med både gleda og det andre

Dagar og år….vert til år og dagar. Og dei små ungana veks seg til. Her om dagen var det mellomste, desemberbarnet som runda nok eit nytt år.

 

Ho ville feira i byen.

Så vi vart invitert. Ein salig blanding av ungt og gammalt.

foto:Asbjørg

Men kven tenkte på det…..

Det vart servert tacolefser som vi kunne putte inni det vi ville. Variert med laks eller kylling.

Kaker etterpå.

Samtalen gjekk om alt og mykje.

Studiar, arbeid, glede og sorg.

På tvers og på kryss over bordet gjekk orda.

Latteren satt laust og lydnivået blir høgt når mange skal dela hendingar og tankar.

Eldstemann og eg kom oss for seint i veg. Han har vore heime her hos meg nokre dagar, sjukemeldinga gjekk mot slutten. Gipsen var teke av handa, handa fungerte betre og betre.

 

Like før vi skulle køyra høyrde vi sterk motordur over taket.

Eg fauk ut på terrassen og ser eit helikopter som går inn for landing like attom nabogarden.

Da ser eg det, bilar med blinkande ljos og etter kvar kjem mange utrykingskøyretøy.

Blir sett ut når ein får ei slik hending like utom stuedøra si.

 

Seinare har eg fått vite det gjekk bra med dei involverte. Heldigvis!

Og vi kom oss til slutt i veg til ei hyggeleg feiring av mellomste som er eit år unna eit kvart århundre.

 

Dagar og år.

Det er veven med renning og innslag.

Seier eg, som har gått nokre rundar.

Med glede og sorg.