Sorg

 

Ein farfar i livet skull´ alle ha syng Odd Nordstoga.

 

Eg hadde aldri nokon farfar i livet.

– Ikkje farmor heller.

Far mista faren sin tidleg i tjueåra. Da sa hjarta stopp.

Hjarta hadde vore for svakt. Men om hjartemuskelen ikkje var laga for eit langt liv, var kjenslene i dei sterke. Da farmor døde fjorten år før han, greidde han ta vare på dei fem borna dei hadde.

Farmor reiste bort da far var åtte. Etter to år med behandling for tuberkulose skulle ho koma heim. Og det gjorde ho.

I ei kiste.

Tæringa hadde blussa opp igjen.

Søskenflokken på fem vart ein samansveisa gjeng. Far fortalte om mange episodar frå dei var barn. På trettitalet hadde han vore med faren sin å planta epletre. Det var i ei lun helling dei vart set ned.

Da eg mange år seinare, gjennom tidas underfundige krumspring, sat som eigar av garden far vaks opp på, var gleda stor og sterk da eg fann eitt av epletrea oppe i skogkanten. Det var som eg nådde tak i farfar min. Vel var epla sure, og ikkje greidde eg å ta vare på det eg hadde funne slik eg ynskte – men ei glede og ein rikdom var treet.

Og ein vakker dag var eg sikker på at eg ville få attende av kreftene eg hadde mista av alt livet hadde gjeve meg til utfordring.

 

I dag vakna eg tidleg fordi dagen hadde slikt å gjera som eg måtte kome i gong med. Men aller først tok eg med meg boffen på ein tur oppover jordet til akkurat der epletreet sto.

Først såg eg det ikkje. Eg såg og såg utan å forstå.

Blikket mitt leita. Ville ikkje forstå kva det såg.

 

Nokon hadde tatt bort trea. Alle trea som sto der.

Eg prøvde å få epletreet til å koma fram.

Eg høyrde stemmen min sa “NEI, NEI, NEI!

Det hjelpte berre ikkje. Det vart inga forandring av haugen av grein og kvist.

Nokon hadde teke seg til rette. Til rette på mi mark og hogd ned epletreet etter farfar.

Kjensla var frykteleg uverkeleg og vond.

Eg må venne meg til det sa tanken.

 

Etter dagen var ferdig. Etter det travle var over, kom tankane. Dei hogg til, som ei sorg, som eit tomrom. Treet var borte og kunne aldri verta reparert.

Kven er det som har teke seg fridomen til å ta seg til rette slik…….ja, eg spør, men ingen har svara meg enno.

Og til tross for haugar med svar vil eg aldri få treet attende.

Treet er hogd ned.

For alltid.

 

 

 

 

Søndag med sol

Sol og blå himmel samen med snøfrie bakkar er godt etter dagar med snø, grått vær og regn.

 

I går kom eg meg ut av huset for første gong på ei veke. Eg var likare.

I dag sto eg opp til flommande sol. Og tanken på tur kom flaksande likt årets først humle. Eg såg den prøveflaug i dag. Men aller først vart det kaffi på terrassen med dei nedunder.

Fann ut at turen fekk gå ned til sjøen. Lenge sidan sist.

Over vegen og på tur nedover jordet oppdaga eg fullt av stokkar som låg i vegskråninga. Og da eg fann rester av ei billykt skjøna eg at her hadde det vore samanstøyt. Det rare er at vi ikkje hadde registrert noko sjølv om vi bor på andre sida av vegen.

Så bar det inn i skogen med oss, Lucas og meg.

Grønt og mosekledd.

Lengre nede møtte vi skogsvegen, der låg det att snø.

Vatn som speglar tre har alltid fasinert meg.

Sjøen spegla våren.

Så var vi nede.

Tang er i mange farger.

Lucas fann ut at no fekk matmor vera med å leika.

Til slutt fekk vi ta turen opp att.

Turen gjorde godt, den var hard nok for etter ei veke med snufs og hark…men godt gjorde den.

 

Ei veke etter

 

Å sjå på verda ute innanfrå er greitt det. Ei lita stund. Men det er greitt når det går over.

Her sit eg……og kan ikkje anna gjera…….kan eg skriva.

Og så skreiv eg det.

Men eg kan nok gjera mykje anna. – Enn å sitja her.

“Du høyrest betre ut i stemmen” sa mor mi tidlegare i dag da vi snakka saman på telefonen.

Eg har vore heime heile denne veka. Eg har sove, eg har berre sitte der……..i stolen. Men hovudpine. Ikkje har eg orka tent opp i omnen. Har laga meg mat inn i mellom.

Eg ser fristar og møte flagrar forbi. Her eg sit.

I dag har eg bruka mobilen for å henta meg litt inn. I verda der ein berre må gjera.

Blomane frå påska hell på å visnar. Hybelkaninar samlar seg i hordar. Vonar det ikkje er for å gå til angrep.

På meg.

For det treng eg ikkje. Nok som det er.

Eg har sett vår og sommar i auga utan anna kjensle enn noko som kunne likna panikk…….eller apati………ikkje så likt kvarandre eigentleg. Men likevel………

Kan hende det har kome av det eg måtte gjennom denne veka. Eg vel å tru det.

Plutseleg kjende eg ein snev av glede og tiltak i sta, da eg fekk attende ei positiv melding. Riktig nok forsto eg ikkje ordlyden, men likevel……glad for dette stinge av glede. Det hjelpte nok på at akkurat da spela Raga rocers fritt liv på radioen. Det vekte opp nokre halvgamle gen frå ungdommen.

For eg vil da så mykje. Eigentleg.

Og det vil nok hjelpe å høyre til saman dei friske igjen. Dei som ikkje hostar, nyser, fnøser, frøser, fryser og berre er heilt alminneleg frisk.

Heilt greitt og rett fram.