År som går

 

Nest siste dagen i året ser ut som ein mørk vårdag. Bekkane i fjellet på andre sida av fjorden er store. Det susar i lufta. Det er enno meir vêr å bruka opp før året er omme.

 

Korleis var 2016?

Eg kjenner det er vanskeleg å svara……anna enn at det har gått frykteleg fort.

 

Såg nettopp eit bilete av ein mann med gevær, samankrøkt, med eit vaktsamt blikk, attom eit hjørne. Korleis er det livet der kuler kan føre til døden…… Der ein spring rundt for å drepa fordi nokon har funnet ut at det må til. For at dei trur dei vinn. Sende fly inn over områder for å drepe å øydelegge.

Kva er å vinna?

Heimar, tryggleik og det kjærleiken skapar. Meie alt ned for at nokon meiner det til.

Drepa -.

Alle menneska på flukt; menn, kvinner og barn.

Det slo meg det latterlige ved at menneska ikkje er komne lengre. Som dei ikkje er ute av sandkassa. Eller…….eg trur barna har mykje meir empati, dei brukar berre ein plastspade å slå i hovudet på den andre ungen når dei vert uening.

Men året har vore prega av flukt og terror.

 

Eg kan berre slå av tv’n og tenkje på noko anna. Være varm og god og mett. For mett faktisk.

 

Og ikkje hjelper det om ein tenkjer på det heller. Det ein kan gjera er forsvinnande lite. Så ein får konsentrera seg om det ein kan, om det ein har. Dei ein er glade i og dei ein kan gjera ein forskjell for.

 

Om eg har vore flink til å hjelpa i året som er gått?

Der kan eg nok alltid gjera ein betre jobb, ikkje for å være flink – men med å bry meg.

Eg har gjengen min og andre som ramlar innom sirkelen.

 

Elles har eg eit par avgrensingar. Men eg vil påstå at den utmatta og energifattige personen eg har vore er på betring. Eg får forresten ein del tilbakemeldingar på det. Samtidig har kne og hender streika dette året. Men med psykomotorisk fysioterapi og å tåle litt vondt, har eg tru på betring her også.

Eg trudde eg skulle få auka jobbeprosenten min i år, men har gått i gjennom ein prosess med meg sjølv om at kanskje er ikkje det innan rekkevidde, men ein veit aldri….

 

Ungane og foreldra mine klarar seg stort sett bra.

Yngste starta med å studera i haust, ny by og nytt liv, så klart krevjande. Bor i kollektiv blant anna saman med mellomste, der gjekk ein draum opp for begge jentene. Mellomste er i jobb og vurderer å ta fram att tanken om utdanning. Ho får god støtte av kjærasten. Eldstemann, som igjen bor i Trondheim, er saman med ei jente eg ikkje har helsa på. Da eg fekk gåver frå ho på julekvelden vart eg så rørt at tårane kom. Ho må væra snill. Til og med han har starta å snakka om udanning. Han som har vore i mot det i mange år.

 

Dyra er med oss. Kattene er så gamle at vi er usikre på kor gamle dei er. Men vi trur det var 14 år i sommar sidan vi henta dei to søsterkattene. Boffen er ein godt voksen mann som vart sju år sist vår. Den siste, hr. Ludvik, som også er ei katt, tek lange pausar frå oss.

 

Hus og heim; sist sommar vart ikkje graset slått. Grunnen var fleire. Ikkje vart tverrveggen på huset måla heller, så no ser det passe slitt ut. Ikkje fekk eg unna meg ein mengde rask, for uhell hadde seriekobling……

Likevel, det kjem både tid og råd.

 

For no har eg bil. Er det noko dette året har vore prega av er det bilproblem. Frå kva eg skulle velja av to gamle bilar til eg fann ut eg skulle gå for ein “ny”. Som heldt i snaue fem månader før alt gjekk i stå. Men no er den reparert med ny motor og gode greier, så vil tru den går og går og går i mange år.

 

Vaskemaskina seier eg ikkje meir om, men det er vel sal på nyåret.

 

Kreativitet, aktivitet, det sosiale og kjærleik må nok få jumboplassen. Ikkje det at det er ille. Men eg har ikkje tatt i ein pensel, prøva så vidt teiknetusjar, har strikka litt – men ikkje frykteleg aktiv. Absolutt forbetringspotensiale.

Har forsøkt turar i området mitt, gått, men det kunne ha vore fleire. Elles er eg i basseng og har nokre øvingar eg skal utføre dagleg. Og kanskje greier eg å ta solhelsinga ein vakker dag. Aktivitet som å delta på ting har det vore litt av, men absolutt forbetringspotensiale her også. Reising har det heller ikkje vore så mykje av. Byturane til Trondheim og Kristiansund, sjølv om nokre har vore med overnatting, gjeld mest ikkje. To turar til Oslo. Så har berre heldt meg innan grensane i Noreg. Men her har eg lova meg at ein til to turar til varme bør eg unna meg gjennom året. Når kroppen ikkje er på parti kan eg like godt bruka det til noko positivt.

 

Sosialt blir det mest familien, og alt i alt har eg lita tid berre for meg sjølv. Men eg har lite sosialt liv privat med vener. Fordi det er ein bit det ikkje vert tid igjen til. Og eg ser den, og er klar over at eg kanskje skulle ha gjort ein innsats her. Men det er ikkje noko å stressa med. Elles har eg dei eg møter gjennom nett, slik som på blogg og andre interaktive funksjonar.

Eg vil takka for at eg har fått lov til å verta kjent med dykk som gjev av dykk sjølve her på blogg og elles.

 

Kjærleiken er nok det som har vore magrast dette året, ikkje så mykje som eit kyss. Men slik kan det verta når fjorårets store forelsking vart eit magaplask, da står ein ikkje giv akt for noko nytt slik med ein gong. Og så skjønar eg at eg ikkje har åra på parti, ikkje at eg ikkje trur på knallforelsking langt inn i det grå. Men den handlar om tilbod både den eine og andre vegen. Men…….det kan eg seia om meg sjølv, eg er ein ukueleg optimist.

 

Kva meir er det ein tek opp i horoskopa på nyåret……berømt og rik, det vart ikkje dette året heller. Og akkurat det har både mindre og mindre betyding. Eg er nok eigentleg glad for ikkje å væra berømt, det gjev fridom. Økonomisk klarar eg meg greitt nok.

 

Så attende til slik eg starta. Eg som har valet med å stenge det tragiske i verda ute. Det året her, til likt med alle andre år…….eg sit med vinnarloddet. Året som har gått har for meg vore storveges. Eg er heldig.

 

Svært heldig.

Eit lite skrubbsår og at eg ikkje fikk den raude kjærleiken på pinne, det er ingenting.

 

Og så har eg fått noko anna eg set svært høgt, eg har ei balanse inni meg, eg har eit blikk som gjev meg mykje humor, eg kan å gråte og løyse opp spenningar. Og ikkje minst, alle desse eg får væra glade i, alle dei som var med gjennom heile året. Det at eg får lov til å leva i varme, naivitet og tru på det gode og at menneske har val.

 

For eg slapp å vera redd for kula.

 

 

Meg VS eg

 

Ljoset er sløkt ute og tent inne. Her sit eg og ventar på at eg lagar middag åt meg.

 

Den står og varmar seg, så slik er oppgåva enkel. Snart skal eg legga opp på tallerken, kanskje unna meg ein akevitt og eit glas øl til.

Eg er for meg sjølv.

I dag for dei.

I går fekk mellomste vitjing av kjærasten og i dag tok han med seg begge jentene attende til byen der dei alle vil feira nytt år.

Da eg kom heim i ettermiddag var huset tømt for tobeinte, berre dei firbeinte att. Ute regnar det slik at elvane går frodande kvit. Temperaturen er tett oppunder ti grader den tredjesiste kvelden i året.

Eg fann to julegåver på pulten min i dag, dei har eg ikkje pakka opp enno.

I går kom ein pakke i posten. I den låg grøn neglelakk, den måtte eg prøva den med ein gong.

Ute bles det. Sjølv om det er mildt har eg tent opp i omnen, radioen står på. Eg har tent nokre talgljos. I kveld skal eg væra saman berre med meg. Det er litt sørgjeleg når alle fer, tenkte eg i dag tideleg…….koma heim til tomme hus…….

Og det er det.

Likevel, det er også kjempegodt å berre væra saman med seg sjølv, ingen eg skal tena, berre meg sjølv.

Så her sit eg. No venter eg på at eg skal dekke opp til meg. Eg gleder meg på mat. Trur eg er litt svolta.

 

Og det var eg. Etterpå somna eg slik at eg mest ikkje greidde vakna. No er eg mett og ikkje riktig så trøyt -.

Undrast på om eg skal dra fram tv’n eller ta ein prat med meg sjølv for å høyra korleis eg eignetleg har det…..

 

Frå solsnu til romjul

Dagar har gått. Som eit hurtigtog gjennom dagane har tida gått. Og oppgåvene har stått i trengsel.

 

I dag kan eg eiga tida mi sjølv. Så eg ynskjer denne dagen lang og mest uendeleg. Huset har vore fullt av folk. Det er både triveleg og koseleg  og arbeidsamt.

Tida før jul vart spesiell. Vi fekk ei gravferd midt i alt. Etter bisettinga henta jentene og eg roser. For her har eg og to gravlagt. Derfor tok vi turen bort for å leggje på blomster for ein altfor liten gut og ei alt for lita jente.

Mest litt symbolsk var dette på den mørkaste dagen i året, da sola snur.

Sonen vart med heim frå byen etterpå. Da var to av mine komne heim til jul.  Og dei neste dagane var det berre å setja opp farten. Dei små nissane eg laga av trolldeig for 10-15 år sidan hadde hatt tida si. Vi får prøve å lage nye til neste år.

Vesle julaftan kom mellomste heim og ho hadde til og med bakt småbrød og koka karamellar som ho tok med. Da var juletreet på plass og vi kunne ta ein tur til besteforeldra. Plana om lutefiskmiddag den kvelden måtte vi skrinleggja.

Vi starta med rømmegraut på dagen julekvelden. Søster mi, som ikkje et sukker, fann mandelen og fekk derfor marsipangrisen. Kokte ris både til grøten og til riskremen første juledag.

Julekvelden var vi her alle. Mor og far, faren til barna mine, yngste søster mi med dotter og gjengen min. Det er svært hyggeleg å være såpass mange. Praten gjekk på høgt nivå.


Men da to av dei mest høglydte i selskapet, som også generelt snakkar mest om det dei er oppteke av, var heilt einige om det var best å ikkje snakka så høgt om det dei meinte, da fekk eg meg ein god latter.

Dei to jentene mine var ei svært god støtte, dei sto på og hjelpte til med maten, bordekking og rydding.

Julefrukosten har vorte mest det viktigaste julemåltidet. Det å setja seg rundt eit bord med heimlaga brød og mykje godt pålegg er herleg.

Jula er mykje mat.

Samværet er viktigast, så maten og til slutt gåvene.

No har ikkje vi ungar i jula vår for tida, vi kan alle kallast voksen. Den eldste er 92 år og den yngste 19. Vi har ei jul under kontroll. Ingen som går frå konseptet med gåvene.

Men eg fekk mykje fint og slikt eg ynskte meg.

Utdeling av pakkene.

I går starta folk å reisa. Først foreldra mine. Dei var redde for været som var meldt så dei for etter frukosten. Sonen, tantebarnet og faren til barna reiste først etter middag. Faren kom seg heim til været starta. Men det vart nok ikkje så ille her i midt Noreg.

Så da er jentene og eg att. Dei vert her enno nokre dagar. Men nyttåret vil dei feira i byen.

I dag har vi teke dagen med ro.

Jula er frykteleg koseleg med mykje folk og så er det kjempegodt når det stilnar av. Når ein kan krypa opp i stolen. Koka seg ein kopp kaffi, ta fram data’n for å blogge eit innlegg.

Riktig god jul.

 

 

Det er berre å slenge fram eit juletre

Litt huff og buff og latter må til, vi er så mange og så ulike……..

I ein enkel familie kan det være mange utgåver av oss.

Da ungane var små var det tre familiemedlemmar som heldt på å gjera meg tullete når dei var samla innan dei same veggane. Ingen hadde den blandinga av dei høfelege og sosiale eigenskapar som lagar smidigheit.

Dei veit alle tre om at eg syntest det kunne væra i overkant krevjane.

Nokon skulle oppdra der det låg utanføre området, nokon bruka humor der den ikkje var riktig å bruke og nokon hadde syndromatikk. Og eg prøva bruka smidigheit som skulle vega opp for alt.

Ei eigentleg håplaus oppgåve.

 

Trur vi alle kjenner igjen eit snev av det uperfekte, der det ikkje går på skinner. Der viljane buttar, forventningar lagar snubletrådar og tida er ikkje på parti.

 

Jula kan absolutt væra ei overfølsam tid.

 

Nokon er julete langt inn i margen, startar med jul mest før butikkane som skal tjena på jula. Andre vil greitt berre hoppa over heile greia. Og så har vi alle variasjonane i mellom.

Det handlar om så mykje, om relasjonar, ønskjer, forventningar, økonomi og nettverk.

Mi jul vil eg skal handle om varme og hygge. Det er for det eg kan……eller trur eg kan. Men det er ikkje sikkert alle dei eg blandar inn har dei same forventningane. Eller at dei forstår arbeidet som faktisk ligg attom for å få den velkjente jula til.

 

I kveld skulle yngste koma heim, ho var heilt knust da ho ikkje rakk bussen. Våt var ho og.

“Eg tek å ringer når eg ikkje synest så synd i meg sjølv” sa ho.

Ho kjem i morgon.

 

Eldstemann trudde eg kom i morgon -, men han hadde så mykje å gjera og syntest eg stressa alt for mykje. Dei kunne hente juletre den 22. meinte han, inga sak det.

For eg tenkte eldste og yngste kunne ta den oppgåva i år. Henta dei tre trea som brukar å verta henta.

Berre å slenge fram eit tre meinte han.

Eg forsøkte å forklare at eg skal både hente bil i ein by, jobb, ei sannsynleg gravferd, få opp tre med pynting til besteforeldra og at den 23. skal vi ha gjester og alt på plass.

Han syntest eg stressa alt for mykje.

 

Eg kan berre ta ansvar for det eg forsøkjer å få til. Og eg tenkjer vi skal ha det hyggeleg. Trur vi får og det. Sjølv om eg ikkje har tid og andre på part.

Alltid.

 

Det blir jul likevel.

 

Det som er grått

 

Det er mildt i juleland. Frå himmelen drypp det og naturen er hylla inn i grått.

 

I går bar eg både ved og hengte opp…..ikkje fugleband, men meisebollar. I dag er det ingen fuglar å sjå. Det er så grått og trist at det passar dagen.

I går skjedde noko vi visste ville skje. Men vi håpa nok at jula fekk passera.

For det er frykteleg sørgjeleg når nokon ikkje er med oss lenger. Eit søskenbarn er borte. Tenkjer på dei næraste og ikkje minst unge skuldrer som fekk ei for tung bør.

Livet og døden.

Vi som er her skal lage jul. Eg skal fortsetta med mitt. Arbeidet er ein god ven.

I går fekk eg unna meg ein del. I dag skal eg fortsetja. Baking og steiking. Og så skal eg unne meg ein kopp kaffi inn i mellom.

I morgon kjem yngste heim. I starten av veka kjem eldste. Mellomste kjem like inn i jula.

Ei veke att. Eg må rekke både ein Trondheimstur og ein tur til Kristansund. Den siste byen om bilen er ferdig.

Eg gle meg til fuglane kjem for å eta maten, til ungane mine kjem, til vi alle er samla i dei første juledagane og til at det vert ljosare dagar.

For slik er det, slik er det alltid…..det tunge og det lette , sorga og gleda…..vi lever midt i alt.

 

Ha ein riktig fin dag og ta vare på dagen, deg sjølv og gje varme til dei som treng.

 

 

Ti dagar før jul

Eg er berre i eit hektisk mood for tida. Og det har ingenting med jula å gjere-.

 

Men av og til er det berre slik. Dagane er berre enkelt slik vegg-til-vegg-teppe oppteke.

Plutseleg skjøna eg at det mest var jul. Eg hadde vaska ei skuffe og kandisert frukt. I rein desperasjon baka eg ein brødsort og vaska nokre fleire skuffer etter eg kom heim utpå kvelden igår.

No er det avtaler i haug og dung.

Kom seint heim i kveld også. Skal svært tidleg opp i morgon.

Så eg straks legga meg.

 

Her er nokre bilete frå søndagen da eg skulle veg å henta bilen. For ein gongs skuld hadde eg vore i eit lag der eg kunne gå heim……..eg slapp det i natta…..for eg fekk sitja på med nokon som tok kvelden utan alkohol. Men eg tok med meg boffen på søndag og fekk ein god tur i vinterettermiddagen med ein måne som mest var full. Og oppe i huset skein ljosa ut gjennom vindauga.


 

Heime hadde eg ei jente som las og las og las. Ho var så stressa at ordet stress ikkje dekka situasjonen. Den første eksamen skulle gå av stabelen.

Neste kvelden ringte ho meg, da sveva stemmen opp under taket. Kanskje er det den einaste eksamen ho vil kjenne ei så stor lette etter var over. Ho vert meir vant til heile situasjonen. Den første hausten er nok den verste.

Det er onsdag, eg har hatt to kveldar der eg har vore ute å ete. Som er rett så triveleg.

 

Eg har nok mykje eg må gjera dagane framover, ikkje berre heime og privat. Men absolutt det også. Det er snart jul og huset vil verta fullt av folk.

Derfor seier eg berre god natt. Men eg gleder meg til eg atter kan bruka meir tid her saman med dykk.

 

 

Løysningane og utfordringane

 

Trening gjer meister er det sagt. Så eg har skikkeleg bra tru….

Om dagen vert det mest mørkt før det er vorte lyst. Denne veka har inneheldt så mangt. No sit eg i ein kort pause mellom å prøva å få plassert brøytestikkar i frossen mark og feiing av golv før pynting til jubileum. Er bedt i rund dag.

 

Yngste sit bøygd over bøker og notata. På måndag skal ho til pers og ho gled seg både stort og vidt til ferien og livet etter.

 

På måndag startar og arbeidet med bil min.

No køyrer eg rundt i lånt materiale. Det å ha bil gjer alt enklare, men den har frykteleg dårlege ryggeljos – så her om kvelden kom eg alt for langt ut på ein kant. Dermed var det duka for nye problem, og neste dag hadde eg fult av avtalar. Men i mørket torde eg ikkje meir, i redsel for at bilen for utom. Det hadde regna i bøtter og spann i fleire dagar, så marka var sleip og gjørmete.

Etter kvart vert det ei løysing på det meste. Slik vart det denne gongen også, sjølv om eg tykte det var heilt unødvendig med fleire problem no.

I tillegg er ein livredd for å gjera skade på ein lånebil.

 

Men eg fekk meldt meg inn i NAF, rekvirert bergingsbil, ringt og snudd på avtalar. Så slik skjedde ingen skade, berre ekstraarbeid for å finna nye løysningar. Og NAF har eg tenkt lenge på å meld meg inn i.

 

Da nokon her om dagen starta å seia til meg “du er no uhel…”, braut eg av med eit skarpt “hysj!!!!

For at det skal gå troll i ord vil eg ikkje ha noko av -.

 

Problema og løysningane høyrer saman. Og når begge deler er passert er alt bra. Ein har til og med kanskje lært noko.

 

Ei lita helsing ein laurdagsettermiddag i desember vil eg ynskje deg ein fin kveld med å fortelja at alt er bra. Førre bloggeinnlegg var berre ein stemningsrapport frå nokre timar ein kveld.

 

 

Sorg eller forvirring

 

Plutseleg tenkjer eg; kva i all verda. Kva har eg gjort…….

 

Eigentleg skulle eg ha vore jublande glad. I går var eg veg å henta meg bil.

Lånebil.

Eg har bil til bilen min er ferdig. På måndag startar dei å setja inn ny motor.

 

I dag er eg skrapa. Ordlaus og sårbar. Kanskje vart gårdagen for hard…….

Eg prøva å tenkje jul før bilen kunne settast seg inn i. Eg gjekk innom butikk etter butikk. For å sjå om eg fann det dei eg kjenner ynskjer seg……men eg veit ikkje kva dei ynskjer seg -.

Det er så mange ting.

Så mange ting over alt.

Eg vart eigentleg litt ulykkeleg. Har folk lyst på alt dette.

Til slutt kom eg meg heim med bil saman med nokre julegåver.

Og eg var heilt oppbruka sjølv om eg skulle væra jublande glad.

 

Men det var godt å setja seg attom eit ratt i dag.

 

Eg fungerte berre så kriminelt dårleg.  

Tankane gjekk så sakte.

Og eg var flat.

Eg følte meg lita og kraftlaus. Greidde mest ikkje kome meg framover.

Ikkje på noko område.

 

Kva i himmelens namn held eg på med tenkjer eg plutseleg-.

 

Eg har eit oppgjær med det meste.

No i kveld.

Eg synest alle folk er så slitsame.

 

Her bor eg langt ut i huttuheti og gjer ting eg eigentleg ikkje kan.

 

I dag forsvann orda også, dei var så små og eg så slapp.

 

Kvifor gjorde eg alt dette som gjorde at det vart slik.

Eg har prøva å gjera meg slik som alle andre.

Slik tenkjer eg i kveld. Er det for seint å starta det eg skulle……..

Om eg skulle no veit eg ikkje kva det er ein gong.

 

Men eg kjenner på ei sorg.

I kveld kikar sorga på meg. At eg prøva å bli som alle andre.

(Eg veit dette fell på si eiga urimelegheit, for ingen er som alle andre).

Eg er berre ikkje der eg sjølv ynskjer. Eg veit ikkje ein gong kva det er.

Ikkje på ordentleg.

Men ein gong svikta eg draumen. Eg fekk mykje meir attende.

Likevel – tenkjer eg – er det for seint………

Svaret svarar seg sjølv, det er aldri for seint, aldri………

 

Men kan eg greia å frigjera meg nok?

Nok frå meg sjølv og tryggheita-.

 

 

Helsa gjenom sola og orda

 

Her om dagen tok eg fram ord frå seks år og åtte månader sidan.

 

For lenge sidan er det sidan eg starta å blogge.

Eg leita etter alt.

Mest……

Da……..

Kvar var eg og kor skulle eg?

Og i himmelens namn skulle eg finna energi?

 

For eg var heilt skrapa. Og verres skulle det verta viste det seg.

 

Eg ville så mykje, men til slutt berre kava eg. Husken og evna til å snakke forsvann.

Og eg vil seia blogging likevel førte framover, for den har klarert gjennom desse åra. Og det var derfor eg starta å skrive på dette viset. For å finne fram i alt som kjendes feil, kva og kvifor……

Denne første bloggen slutta eg for mange år sidan etter to år. Men eg har skreve mest heile tida.

To andre bloggar opna eg og, før denne eg har i dag. Den eine sletta eg og den andre finnest enno, men på ei anna plattform. Den tenkte eg etter kvart å skriva om andre med å gjera intervju. No ligg den i dvale.

Men eg legg ein link til eit innlegg for fem år sidan i den første bloggen. Kroppen hadde starta å slå krøll på seg. Krølla seg feil. Men eg prøva å gjera Solhelsing, ei øving i yoga. Eg prøva å få meg til å verta betre…….

Trykk på bilete, så kjem du dit og til innlegget som Solhelsing:

                                                                                                    (Google)

I dag vil eg ha skikkeleg problem med å utføra dette. For kroppen har svikta meir. Men eg er likevel betre. For i dag gje eg meg mykje meir plass. Så sjøl om kroppen er sviktande har eg det likevel mykje, mykje, mykje betre.

Og kanskje kan eg greia Solhelsinga att. Eigentleg trur eg at eg skal. For eg er sikker på at det er mange som har slitasjegikt og likevel greier mykje -.

 

Har du blogga i mange år?

Kvifor starta du?

 

 

 

Ein kveld dekka opp til meg sjølv

 

Mett er eg her eg sit. I ljoset frå teljosa på bordet.

 

Akkurat no sit eg med musikk på øyra. Den treff rett inn, inn til det indre av meg. Eg likar ta på meg headsettet og bo i musikken.

I dag har eg støvsuga teppa i stova grundig. Når ein har ein ullhund må ein rekna med alt som følgjer med. Det er ikkje mykje hår etter han, men ulla samlar seg i skavar.

Helga er godt i gong. I dag vakna eg til ein dag godt i gong. Atter.

Kvifor søv eg plutseleg så lengje? Eg skal ikkje påstå eg la meg kjempetidleg, men likevel. …..Må eg til å setja på ringarklokka i helgene???

 

Dagen har vore heilt utan stress. Berre smårydding.

 

Noko av det første eg gjorde var å ha enno meir sukker i sirupen. Eg er i gong med noko eg har tenkt i mange år; kandisera frukt. Er komen til dag fire. Prosessen tek to veker. Spent på resultatet.

Det er så godt å ha ei helg utan planer. – Men vurderar å laga smultringar i morgon. Smultringar er ikkje nokon favoritt, men vermer ein frosne er dei gode nok. Faren min er glad i dei, så for å gleda han gjer eg det. Og det er overhovudet ikkje noko offer. Når ein får ha ein så voksen far må ein stella fint med han.

Elles vert jula slik den har vore i mange år. Huset fullt av folk. Ungane, foreldra mine, søster, tanteborn og far til ungane. Det vil seia vi vert ni stykke. Når ein er så mange vert det og mange hender som hjelpe til. Det er ikkje så sikkert at ein kan rekna med at det vert slik i årtider framover. Eigentleg er det rett så koseleg dei dagane det står på.

 

Men i kveld er eg for meg sjølv. Eg synest det også er svært fint. Trivest inne i hovudet mitt med musikk og tankar i ei herleg røre.

 

Riktig god helg.