Andre desember

Dette er ein dato som alltid  vil være viktig.

 


 

For på denne dagen for 23 år sidan vart eg kjent med ein lita ei som kom inn i mitt liv. Ei som var så full av tillit at ein merka det frå første stund.

Ein rar ting å skriva kanskje, all den tid alle babyar er det. Men ho hadde noko i seg, noko som sa at no leit ho på oss ho var kome til med ei spesiell tyngde i det og den ho var.

Enn å væra så heldig å få ei jente når vi allereie hadde fått ein gut.

Denne jenta har vist seg å væra ein fantastisk person som vil alle berre godt. Ho møter verda med eit stort smil. Ho har eit stort hjarta.

I år har ho eit friår med å arbeida. For det er ikkje heilt lett dette med vegen vidare.

Men ho er glad i å skriva tekster og å syngja. Så eg vil gratulera jenta mi med dagen og samstundes dela ein av songane ho har laga for to år attende.

(Kan være eg har posta denne før, men da får dere bera over med det).

Første dag i siste månaden

 

Eg vaknar til ein kvit dag. Det snøar utom mine vindauga.

 

Nokså upraktisk i den vaksne verda. Brøytestikke, brøyting og får vi eigentleg nokon til å brøyta….

Og kjem eg meg dit eg skal i dag?

Men kva var dagen utan ørlite spaning -.

 

Eg set på meg headsettet og set på julemusikk. Ein av dei varaste og skjøraste innspelingar  eg veit om, med ei kraft som sette meg heilt ut førstegong eg høyrde den.

Ein juledag for tre år sidan.

Eg kom inn i ein heim der jula ikkje var prangande, eit lite, skeivt juletre sto skola opp med noko julepynt. I tillegg var det ei julestjerne i vindauge.

Eg skulle få høyra ei ny jule cd, og det var denne med familien Akselsen.

Musikken trefte meg så kraftig og eg fekk den sterkaste juleopplevingane på lang tid der i det enkle og skeive. Denne stova der overdådigheita ikkje budde.

Her kjem Juledrømmen med Akselsen: