Reise med ljoset

 

Eg reiste med ljoset og kom attende med ljoset i dag. Framom og attom låg mørket. Det var ei vakker reise.

 

Mørket omslutta meg da eg låste meg ut i dag. Så eg fekk ta del i den nye dagen som kom. – Opp over horisonten på den blanke oktoberhimmelen. Fargane og naturen greidde mest å trollbinda meg.

Og eg tenkte; kvifor står eg ikkje opp i sjutida og får med meg oppvakninga til ein ny dag når eg ikkje treng stå opp så tidleg. Saman med fotoapparatet.

Eg snakka seinare med mellomste om dette. Kanskje vi kan gjera det til helga….

Men det krev ein blank himmel og stille vatn av vind heilt i ro.

Da turen gjekk heim i ettermiddag fekk eg alt i reprise. Berre andre vegen. Dagen som forsvann inn i mørke. Og fargane, om muleg, enno meir fantastisk. Med sola som eit minne som fargela skyer til raude prikkar. Og blånar og dis og skylag over i den lilla farga. Det var til å verta heilt lykkeleg av. Eg trong ikkje meir enn alt dette vakre.

Til slutt klarte eg i å dy meg der i bilen. Eg kika fram og attende for å sjå at ingen bilar kom. Og så stoppa eg og tok bilete. Eg måtte, sjølv om eg berre hadde med meg mobilen.

Og så var eg igjen attende til mørke. Reisa i ljoset var over. Men opp over åskammen steig ein stor rund måne. Den skein så intenst at eg mest måtte famla etter solbrillene.

Jau, hausten ER vakker.

Så greitt

 

Etter ein stund i motbakke, sit eg her i kveld og kjenner eit snev av og meistra.

Og slikt skal ein skikkeleg nyta. Eg nyt det framom flammane i omnen medan dei fortel om snø i vêrmeldinga.

I dag starta dagen heilt i otta. Og etter ein natt der eg vakna mange gong, tumla eg ut av senga. Eg hadde møte, eg skulle på tur og tenkte å avslutta med å vitja foreldra mine til slutt. I går kveld da eg høyrde kor det regna og blas ute, tenkte eg at denne dagen gjekk ikkje bra.

Men eg kom meg ut med baggar, sekker, korger og boff da morgonen kom.

Etter og har rulla pinne og strekk og hengt med kroppen i dei tidlege morgontimane.

Og alt gjekk slik det skulle. Til slutt, etter ein gåtur i bratta i ein og ein halv time, var turen kome til mor og far. Dei ville at eg skulle eta middag saman med dei. Og vi drakk kaffi og eg strikka.

Eg har fått tilbakemelding om at folk ser eg har forandra meg. At eg har fleire ord, er både skarpare  og tydlegare i uttrykket. Og for meg er det enklare, alt vert enklare. Eg skjøner fortare, tek val fortare. Så sjølv om eg synest eg har altfor lite energi enno, går de framover.

Den gode veg

Tru eg treng kart, kompass og bremser.

Så var det søndagskveld. Og til tross for at vi fekk ein time ekstra merka eg det ikkje. Synest den gjekk like fort denne tida.

I helga har eg både vore på kino og hatt middagsgjester.

No ligg ei travel veke framom. Kjenner eg gled meg til ei ny helg alt no.

Dei to siste dagane rakk eg verken øving eller tur. Ikkje greier eg å eta ofte nok og leggje meg så tidleg som eg vil. Så her er det berre ein veg å gå og det er den som føre til den gode veg……

Nokre dagar…..

 

……..er berre slik. Litt for langt ned på skalaen. Eg trur kanskje det kan koma av for lite søvn.

 

I kveld er eg berre ei slikt slakt som mest har slokna. Eg er lei og kjei og kva meir er eg……..?

Treng kanskje ikkje brodera ut i det ytste hjørnet, men eg trur eg skal legga meg rimeleg tidleg. For i dag var det mest mørkt før det vart det.

Eg trur eg har pakka litt fullt av hendelsar utan eg gjer mykje. Det at eg har avtale både laurdag og søndag er liksom for mykje. Tru eg må skru litt på ting i hovudet mitt, mistenker det er nokre av skruane som sit for fast…….kanskje?

Eg sjå posetivt på at eg skal gjera noko anna enn å væra i mitt eige selskap.

Og så er det er fredag og det er eigentleg ein dag er utruleg glad i -.

Så i kveld skal eg avslutta dagen med god margin før natta.

Og så må eg finne bilete som kan muntra meg opp.

To knekkebrød og ein kopp te

 

Kor var det forb… holet. Eg sto der med nøkkelen i mørket.

 

Det susa i mørket. Det var ein storm eller ein kuling……eller var det restane av slikt som laga lydane i lufta. I tillegg høyrde eg bjøller av firbeinte som kommuniserer på mø-språket.

Eg var i alle fall heime. I gongen møter det meg eit spørsmål om den katta eg møter i døra på veg ut eigentleg har treft kassen. Oppe er det ennå verre, der skjøner eg at eg har vore alt for lenge borte. Stakkars boffen. Det var heldigvis lett og ordna opp i. Men eg tenker at eg bor i ein grisesti.

For i dag tidelg tenkte eg på at foreldra mine, det er ikkje mykje som skjer rundt dei. Så eg fann ut at i dag skulle eg skje –. Kjøpte med meg kaffimat etter ein treig dag attmed ein pult. Dei stilte med middag, fiskepudding med mykje løk. Slik mat eg ikkje finn på. Og så baud eg dei på middag til søndag, for eg vart så inspirert av annebe sitt innlegg her om dagen. I tillegg har eg kjøpt meg ei bok med oppskrifter av dessertar. Så da er det planer om kokkelering….

Medan eg var der fekk eg endeleg skrua saman den lampa som det berre har vore problem med. Slik type lampe som krev alt for mykje av gamle og halvgamle menneske. Altså meg. Slikt som ikkje burde vorte produsert. Da snakkar eg om lampa. Eg fekk og installert skrivaren til far utan at eg skjønte korleis det gjekk til. Enno var det eit par ting til eg skulle ha gjort, men det får vente til fredagen og handling.

Og medan eg skriv et eg knekkebrød og drikk te. Så etter eg har posta no, skal eg leggja meg.

Dette var og ein dag.

 

 

Bytur i all enkelheit

 

Så er eg heime. Som ein premiering etter mil i bil.

 

Det vart ein bytur med lesebriller og mobil. Her er det bilde av elende.

Lesebrillene ligg att, for dei rakk ikkje ta dei i dag og mobilen er med heim att. Eg hadde ikkje lasta opp det eg skal ha med meg vidare på telefonen. Fekk lada den opp hos yngste, for i går fekk eg ikkje det til ein gong. Så no er kontakta med utomverda usikker, men det har ikkje noko å seia. For no kan eg ha visse utfordringar med å lesa også. Men er det så nøye…..

Elles har eg tullbriller, så eg skal nok berga.

Etter ein lang og nydelig gåtur i vakker natur i byen ut mot havet utan fotoapparat………..ja, eg har fortalt om apparetet, det virker ikkje heilt det heller………….ikkje pc’n heller for å væra heilt ærleg…………..hadde eg avtale med yngste.

Her er eit bilete av oss for nokre år sidan. Ja, eg gjekk litt bananas i redigeringa i kveld.

Vi kjøpte oss Fishan (fritert fisk og chips) som vi tok med heim til henne. Etterpå la vi oss til å sova litt. Det var kjempeherleg. Da eg vakna etter 20 minuttar forsto eg ikkje kvar eg var.

Men no er heime, og sjølv om eg sette av varmen før eg reiste til byen var det ordentleg godt og være heime hos seg sjølv.

Og så har eg kjøpt den førstejulegåva i år.

Har du starta?

Tur med skodda som bakgrunn

 

Ei ny veke av livet og kalenderen. Så likt alle andre veker og likevel så unik.

 

I dag har eg hatt timen min og fekk tak i den naturlege pusten. Eg følte meg så friteke frå alt ei lita stund. Kjensla var så full av omsorg at augo mine fyltest med tårer. No er det to veker til neste gong; Til det eg skriv om her.

Da eg køyrde heim var det så vakkert, sjøen låg og gjenga alt i sin eigen ro. Eg må…….tenkte eg…….ut med fotoapparatet.

No hadde det seg slik at litt tid gjekk før eg var på veg, ut og ned til sjøen. På litt tid kan vêret finna på noko anna. Og det hadde skjedd -. Men har det så mykje å seia……..

Eg kosa meg stor og bredt. I skogen full av fukt og mose. Med trea i kaotisk orden.

Lucas labba kjent nedover vegen, vegen som er viska ut av trea her og der.

– Og motiva ropa på meg frå alle vinklar.

Mest som eit Japansk tegn -.

Sjøen, trea som speglar seg, linjene……

Greinene i silhuett mot den skodda bakgrunnen.

Ein stein som stakk så vidt oppom vassflata og laga ein “sjøblomst”.

Og så er vi på tur opp igjen. Boffen er ikkje glad i fotografering, men her rakk eg å knipsa han medan han såg mot meg…..det er sant, det er skikkeleg vanskeleg.

Og så var det dette treet……eg vart ståande ei stund å spekulera. Stammen og blada høvde først ikkje saman syntest eg.  Men så kom eg på det…..er ikke så vant til å sjå det som ein einskild stamme……

…..ser du kva tresort det er?

 

Turen gjorde godt. Og det var det å få på seg tørre klede også.

 

Kos deg i haustkvelden med mest ei heil veke framom <3.

 

 

Mitt er ditt

Han var sommar, han var leik og glede. Og han var broren hennar på liksom.

 

Det berre sto der. Som om ingen ting hadde skjedd. Og kanskje var det slik, at ingenting hadde skjedd. Ho såg opp i lufta. Det flaug eit par svalar høgt der oppe. Det betydde fint vêr hadde onkel Arne sagt. Onkel Arne som døde i fjor.

Sjøen gjekk knallblå nedanføre bakkane. Ho trudde det var nordavinden som vitja bitande i dag. Den laga sjøen gnistrande blå.

Fjøset.

Der det hadde skjedd.

Rødt.

Den kvite døra inn til mjølkebua var målingsslite.

Ho måtte koma seg inn til mor si. Ho venta nok.

 

“Arna, er det du?” ropa mora med ein gong ho hadde fått opp ytterdøra.

Den sat godt fast, så det var umogleg å lista seg inn. Ho svara mora. De var viktig å ikkje gjera henne redd. Ho sette bøtta med potetene på kjøkenbenken. Henta fram potetskrellaren. Etter og ha tappa bøtta halvfull med vatn og set fram ein kasserolle, den også med vatn i, starta ho å skrella. Ho sat på krakken med ein annan krakk framom seg. Der sto den gule bøtta. På bordet ved sidan av henne hadde ho plassert kasserollen.

På komfyren sto kjøtet å koka. Lufta var fuktig inne på det store kjøkenet. Mora hadde gløymt og sett på vifta. Dei skulle ha kjøttsupe til middag. Ryggen til mora var vendt i mot henne. Ho elta brøddeigen med vante hender. Tante Gerd kom i dag. Ho skulle henta Torbjørn. Han hadde vore hos dei i tre veker. Han var året eldre enn henne. Og dei hadde leika, samstundes hadde han hjelpt faren. Tobjørn budde saman med mor si i byen. Tante Gerd hadde ingen mann. Arna hadde aldri kome på å spurt om kvifor det var slik. Men det var ikkje så lett og spørje om slikt. Og ho visste ikkje korleis mora kom til å reagere. Og etter i går kunne ho aldri spørja om slikt.

Etter alle potetane var skrella og skjert opp gjorde ho det same med gulrøttene og resten av grønsakene.

Faren kom inn saman med Torbjørn. Ho kjende Torbjørn såg bort på seg. Men ho ville ikkje sjå på han. Ho ville kanskje aldri meir sjå på han. Faren skjenka seg ein kopp kaffi. Han slurpa når han drakk.

Mora sa heller ikkje noko.

“Eg køyrer for å henta Gerd” sa faren.

Mora, som var ferdig med brødet, tok av seg forkleet og strauk på dør.

Faren sukka.

Ein høyrde beina til mora for opp loftstrappa og inn på kjøkkenloftet. Soverommet til henne og faren.

“Vil du bli med” spurte faren.

Arna rista berre på hovudet. Aldri om ho ville ikkje sitja i bilen saman med Torbjørn.

 

Frå dei var små hadde dei funne på alle slags artige leikar ho og Torbjørn. Da dei vart gamlare laga dei ein hemmelegheit om at dei var sysken. Han bruka og væra hos dei om somrane og i påska. Arna likte så godt når han kom.

Eller ho hadde likt det.

Mora brukte å verta stille og fåmælt dei vekene han var der. Ho likte han nok ikkje, sjølv om han var ungen til søster hennar. Men ho likte nok ikkje søster si heller. Ho snakka mest ikkje med henne når ho var der for å levere og hente guten sin.

Arna synest ho hadde det fint i den vesle familien sin, men ho sakna onkel Arne. Torbjørn hadde sagt ein gong at ho var bortskjemt. Fordi ho hadde så mange vaksne rundt seg som sto på pinne for seg. Mora hadde sagt det sa han.

I går hadde dei leikt gøym og leit, slik dei ofte bruka. Dei starta å bli mest for store til slik leik. Det var hennar tur til å gøyme seg. Ho hadde sprunge inn på låven og gøymt seg i høystålet. Tobjørn hadde rekna til hundre, han sto utanfor fjøset og rekna høgt. Ho høyrde han kom gåande opp låvebrua. Ho måtte ikkje puste. Han kom bortover mot dit ho låg. Det knasa vislande og raslande da han tok seg fram i høystålet. Og plutseleg hadde ho hendene hans på seg. Han kila, og ho lo så ho heldt på å tissa på seg. Ho fekk kava av seg høy og han ramla ned ved sidan av henne. Ho fekk børsta av seg alt høyet og sette seg opp ved sidan av han.

Etter som dei hadde vorte eldre hadde dei desse stundene der dei kunne snakka om alt mogleg.

Han kika bort på henne, liksom granskande. Så sa han “du er vesle syster mi”.

“Ja visst ” sa ho leande.

“Ja, men du ER det” sa han. “På ordentleg”.

Ho såg på han. Augo hans var heilt alvorsame, utan tull, tøys og leik.

“Kva meiner du” fekk ho fram over tørre lepper.

“Far din er og far min”, sa han.

Ho kjende det som om grunnen under henne svikta. Kva var det han sat her og sa, dette kunne ikkje væra sant. Ho kika på han med bedande, vidopne augo, dette kunne ikkje væra sant. Men han møtte blikket hennar like fast.

“Faren din er også far min”, tok han opp att. “Han var kjærast med mor mi først”.

 

Ho visste mest ikkje korleis ho kom seg på rommet sitt, men ho fann seg att i senga si. Verda hadde ramla heilt sund. Den kvelden gjekk ho ikkje ned og åt kveldsmat. Mora kom opp med ei brødskive og eit glas mjølk. Ho strauk henne over hovudet før ho gjekk ned att.

Og no var dette ikkje til å viske ut. For alt var forandra. Ein leik hadde vorte sannheita, og øydelagt alt. Snart kom tante Gerd. Ho skulle få kjøttsupe. Ho skulle få nysteikt brød. Men Arna kjente ho gledde seg til dei for med bussen neste dag. Ho hadde flytta inn i den tause verda saman med mora.

Ingenting var slik som ho hadde trudd. Det ho hadde delt på leik kunne ikkje delast på ordentleg. Og det som berre hadde vore hennar var ikkje det lengre. Og det forandra alt.

Ei plan utan plan

 

Så lenge, som er lenger enn langt……..så langt og lenge, har eg ikkje vore i nærleiken av………på aldrar av år.

Eg vakna til dagen utkvilt. Dyra ga meg ein desperat velkomst, både dei inne og dei ute.

Helst var det vel Lucas og Ludvig som laga kaoset. Bestevennene, boffen og den hjerneskadde katta. Boffen vart fylt av uro når han høyrde ropinga på Ludvig. Så for å få slutt på ropinga utanfor og travinga innanfor, slapp eg han ute inn. Han sprang rett ned i trappa, der kattematen står, for at boffen ikkje skal få dårleg helse står matskåla til kattene der. Herr boff kan ikkje gå i trapper. Litt upraktisk, men mest praktisk. Så den hjerneskadde gjer slik han brukar, i grådigheita kastar han seg over matfatet med ein slik iver og intensitet at han puffar skåla utanfor trapptrinnet. Og under trappa, nedi kjellaren, står kattkassen. Men denne gongen ramla fatet på golvet, ikkje i skitkassen…

No er har alle fått mat og roen har senka seg.

Men etter alt dette, og etter eg fekk køyrd i gong ei vaskemaskin, oppdaga eg kva eg hadde gjort. Eg hadde sove ut att og tu att som eg ikkje har prestert og gjort sidan eg var ung,……. og kanskje ein gong til.

Men eg hadde nok eit slikt behov. I tillegg la eg meg seint. Så da vart resultatet eit halvt døgn i vandring mellom drøymane.

Denne laurdagen utan anna enn det eg såg for meg. Denne veka har hatt avtalar kvar dag. I dag tenkte eg å køyra inn til Kristiansund.

Her er lesebrillene mine.

Og her er mobilen min, eg føler mest han skjer meg i øyra når eg snakkar i den.

Så desse tinga treng utbetring, og da må eg inn til byen. Men det vart ikkje i dag.

Yngste hadde nokre timar ho kunne treffe meg , men det er møter i russestyret, det er venner og noko som er meir enn venner, det er fødselsdagar og full fyk for ei ung jente som helder på å verta vaksen, ung jente.

I morgon hadde eg ei lita plan om å reise til den andre byen, for eg bor midt mellom desse to byane. Der skal mellomste synga i Vår Frues kyrkje. Det er konsert for regneskog og morgondagen sin aksjon. Men det er ein lang veg for å høyra henne synge ein song. Eg spurde faren, som bor berre ein halv time reise unna, om han skulle…. For da tenkte eg at vi kunne samkøyre den siste biten. Men for å være ærleg høyrdest han ikkje slik overivrig ut. Og eg kan bestilla ein konsert neste gong ho kjem heim. Og den samkøyringa har eg det betre av å ikkje ta. Så det vert nok ikkje Trondheimstur heller.

Derfor har eg ei god, fri, avtalelaus helg framom meg. Eller meir korrekt er eg godt i gong med helga. Og eg likar så god desse dagane utan avtale og timeplan.

 

Kva tenker du å gjera denne helga?

Liker du best planer eller gjera det du vil på impuls?

H for helg

 

Så er eg heime på tampen av fredagskvelden. Eg har lyst til å bla om…….

H for helg og H for haust. Det er godt og……ja, enkelt og greitt å være heime. Fredagskvelden var gått før eg kunne vri nøkkelen om i døra mi.

Handletur med mor og far. Etterpå spandere dei ein salat. Far fekk henta skrivaren han hadde bestilt. No er dei heime og eg er komen heim til meg sjølv. Vi hadde det hyggeleg. H for hyggeleg.

Eg kjenner ei intens lyst til å leve, ha det artig og kaste slikt eg ikkje har bruk for langt over bord. Eg har lyst til å fri meg frå det som dreg ned. Denne intense lysta til å ta fram alle gode krefter og bruke dei.

Kvifor skal eg let folk få øydeleggja seier til meg sjølv. For eg treng ikkje tillate det. Eg treng det ikkje. Og akkurat det kjennest som ein enorm herleg tanke. H for herleg.

For eg skal ikkje sørgje for det som ikkje er å sørgje over. Tre veker er lang nok tid til å legge vekk ein illusjon.

Framtida ligg glitrande framom. I alle opplevingane eg ikkje har opplevd enno. Over å gje meg sjølv fri frå ei tvangstrøye eg sjølv har kledd meg i. Eg treng den ikkje. Ikkje den heller.

Eg trur eg held på å blar om i boka om livet mitt. H for håp, helg, hell og gyllen haust.