Bok og prat

 

 I dag er klokka for mange. Så i dag skal eg droppe gåturen, tenkte eg der eg sat i bilen på tur heim.

 

Klokka var over seks og mørket heldt på å dekke til naturen. Men skal eg ta med meg foreldra mine på handling i morgon vert det ikkje da heller, tenkte eg vidare.

Men det var for drøyt i kveld kjende eg. Oppslukt som eg var av lydboka eg høyrde på. ” Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap” eller orginaltittelen ” L’extraordinaire voyage du fakir qui était resté c” av den franske forfattaren Romain Puértolas. En debut roman som på to månader vart seld til trettiseks land.

Den er fornøyeleg og surrealistisk. Eg liker det surrealistiske. No er fakiren komen til Roma og har bestemt seg for å bli forfattar. Han skriv på skjorta si i mørket om ein blind mann.

Romanen minner meg om “Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant” av Allan Carlson i den elleville fabuleringa. Og ei bok eg vart vilt begeistra for.

Da eg kom heim greidde eg ikkje lausriva meg med ein gong. Sat i bilen utanføre fjøset og høyrde på at han hadde møtt verdas vakraste kvinne, fordi han hadde reist i kofferten hennar. Riktig nok hadde han kasta alle dei vakre og eksklusive kleda hennar for å få plass i den. Men ho seier at ho berre er glad til, for no må ho kjøpe seg nye klede.

 

Men til slutt kjem eg meg ut av bilen. Mest som lufta er lunka utan at den er det.

På tur opp til huset kjenner eg nokre regndropar. Eg kjem meg inn, eg kjem meg på do, kjem meg ut av badet…….og plutselg tek eg på meg joggeskoa og……….refleksvesten.

Kan tru eg vart overraska………

Og så strena boffen og eg ut halvmørket og fekk oss ein tur likevel -.

 

 

Midten

 

Det er på ein måte greitt å rekna, dele og kome fram til resultat som fortel noko. Om tid. Om glede. Og om det motsette.

 

For når eg er ute og går, så veit eg at om eg går dit, tek det så lang tid. Minutta, når eg set ein fot framom den andre, vert til tid. Eg har vore ute medan mørke kom. Men det er aldri så mørkt ute som det ser ut innafrå. Det viktigaste er refleksvesten for at andre skal sjå. Bilane som susar forbi. Nokre gløymar å blenda, da mistar eg evna til å sjå.

Turen i ettermiddagen var god. Lufta hadde krystallpreg. Eg langa ut, prøvde å rette ut knea, prøvde å let magen væra fri, kjende etter at skuldrene hang og pusten fekk gå naturleg.

Vi er framme ved midten av hausten. Midten av oktober slik omtrentleg, midt-i-månaden.

Eg reknar månadar attover og månader framover. April er seks månad attende og seks månader framover. Og det er ikkje så lenge sidan……..

Eg eksisterar i ei verd av tid. Ikkje er det ille og ikkje er det flott. Eg gled meg til at eg er ute av bobla mi. For eg trur eg er i ei boble der eg ikkje veit så mykje, ikkje tenker så mykje. Ei tid det er fint å dele med meg sjølv. Som eg ikkje har så lyst til å ha folk inni. Men eg blir overraska over kor greitt det er, når eg slepp folk inn til meg.

Det er ikkje tid for planar. Ikkje enno. Om ti dagar skal eg til å tenkje jul, tenker eg -. For da er det to månadar til den kjem og boset seg i hjarta. Eg ynskjer meg ikkje kav før den kjem.

I kveld trur eg at eg skal tenne på talgljos medan flammande i omnen leikar og fortærer veden eg gjev den.

Ein vårdag

 

Sola vermde i nakken. Kvitveisen blomstra i bakken. Og ein sommar låg framom….

 

Og vi skulle inn i vår første sommar i kommunen eg voks opp i og flytta frå som 16 åring. Jentene og eg hadde flytta på haustparten. Denne vårdagen er vi på besøk hos beseforeldra. Mormor og yngste på tur innover vegane, der mor sprang som lita og eg nokre år seinare. På tur inn til butikken.

Yngste balanserer i veg på steinane i sjøkanten. Attom ryggen hennar ligg garden morfaren min vaks opp, oldefaren hennar. Ringen er slutta, eg er attende til min eigen barndom med mine barn. Jenta skal snart avslutte femte klassetrinn.

Mormor og ho har sto sympati for kvarandre. Det er ein god kjensle at jentene får veksa opp saman med besteforeldre, at dei får vera ein del av ein stor familie.

Det kjenner eg på denne april dagen for sju og eit halvt år sidan. Med sommaren framom og sola i nakken.

No er butikken lagt ned og jentene har flytta vidare for å skape sine vaksenliv……

Behandling

Dette trur eg på. Eg trur det vert bra til slutt. Men du verden kor eg reagerer.

I dag har eg vore hos han igjen. Psykomotorikeren.

Etterpå er eg ikkje til noko. Heilt pumpa, heilt utslått. Og opplevinga av å gjera mykje er ikkje der. I dag sa han det, at han var forsiktig med dei øvingane eg skal utføra.

For det eg gjer er å øva på å sitja på ein stol. Sitja med heile baken på stolen. På sitteknutane kallar han det. Eg skal puste heile tida, noko så enkelt. Men likevel så vanskeleg, for eg stoppar å pusta rett som det er når eg konsentrere meg. Ei godt innøvd handling.

Og det å henga ned baken riktig kan eg ikkje.

Eg svaiar i ryggen, eg står ikkje på heile føtene og eg vrir meg mot venstre når eg står rett. Og rett kan eg ikkje stå, for ikkje står eg på heile føtene, tærne har fri frå golvet. Eg har knekk i knea når eg trur dei er rette. Eg held magen inn og stoppar pusen ved minste utfordring. Eg knyt kjakamusklane, eg svaiar ryggen og kjører brystkassa fram med å bruka ryggmusklane i korsryggen for å få det til. Det er ikkje det minste rart eg har vondt i ryggen seier han. For det er i grunn ryggen eg brukar for å halda meg oppe, korsryggen. Eg har permittert opp til mange muskelgrupper.


Når eg skal til å bevega og få tak i musklane som ikkje er i bruk, blir eg heilt utslått. Og med tanke på at det er dette eg har valt å gjera for å stå i slikt eg må ha stått i, – for å verne meg mot slikt eg følte eg måtte verna meg for……da er desse øvingane for meg skikkeleg tøffe.

Og eg trur, eg trur på dette. Eg trur at gjennom dette kjem eit nytt liv.

For tida har eg nokså sterke reaksjonar, blant anna sterk irritasjon for ting eg oppfattar som uvesentleg. Til vanleg er eg mykje rundarar og godtek forskjellane mellom oss menneske utan å verta irritert. Eg vil tru dette har ein overgong. For det er slitsamt å verta så irritert.

Og eg trur ikkje dette er noko spesielt for meg. Eg trur vi alle lærer oss til mønster av livet vi lever. Så eg tenker det….og seier det; psykomorisk behandling til folket!

Eg er liksom berre her

Dagane går. Dagar fulle av haust. Eg fann ut noko i dag.

Eg tenkte å delta i ein konkurranse. Så eg leita etter bilete som skulle passa til den. Da kom eg over ein minnepenn med gamle bilete. Det viste seg at eg fekk ikkje til å lasta opp bilete eg skulle senda frå ein tur. Ein tur i juni 2010, med bålrøyk og solstrålar. Så denne konkurransen måtte eg berre stå over.

Men eg fann ut noko anna. At eg ville opprette ein kategori som skal heite gamle bilete. Kva som er eit gamalt bilete er relativt. Men eg startar med nokre som vart knipsa på slutten av 70-talet / starten av åtti talet.

Det er sommar og eg er heime frå Oslo. Søstrene mine og eg bestemmer oss for og sminke oss.

Så vi sminka oss etter beste evne. To av bileta er frå at eg er oppsminka og to er frå ein meir naturleg utgåve av meg. Men uansett, med eller utan sminke var eg sterkt misfornøgd med meg sjølv.

Dette førte til stor ufridom.

Når eg vart mor mange år etter desse bileta var teke, var eg svært fokusert på at utsjåande ikkje skulle vere eit tema i oppdraging. Dei skulle bli trygge på seg sjølve som dei individa dei var ut i frå kven dei var som menneske. For det er det som er viktig. Ikkje kor lang nasen er eller kor langt det er mellom augo.

Det er kor trygg ein er på seg sjølv som menneske som er viktig.

Da, no og alltid.

Kvifor eg er heldig

 

Denne utfordringa var fanden i voldsk artig å få…….  Så takk til Fruensvilje som utfordra. Kvifor eg er heldig…jau no skal eg fortelja….

Desse dagane som har vore som ein øving i å koma seg vidare, forbi smerta og det å ikkje dette uti…….ikkje gå til botnen i alle ubrukelege tankar ein kan tenkje. Og når eg ikkje har gjort det handlar det ikkje om å være flink. Nei. Absolutt ikkje. Det handlar om at eg er HELDIG. Noko inn i granskauen heldig. For eg er slik samanskrua at eg vil opp i ljoset. Oppdrifta i meg er sterk. Og eg kjenner det bobler av både latter, og ikkje minst glede attom dei stille hyla mine over at verda ikkje går slik eg vil. Og kanskje er eg enormt heldig i at den ikkje gjer det, for eg veit ikkje kva som ligg der attom det ugjennomsiktige sløret som heiter framtida.

Eg får gå til ein psykomotoriker som gjer at eg blir frykteleg irritabel og får ei kort lunte, for eg er så heldig å få ein sjanse til å verta betre, til å fungere betre med kroppen min.

Samtidig er eg så heldig å bli født i Noreg, kan ein ha så mykje meir flaks når ein ser kva for himlar andre er født under -. Er ikkje det mykje større flaks enn å vinne i Lotto?

Eg har fått tankane mine, augo til å sjå og øyra til å høyre. Der kan eg oppleve det som er større enn orda. Det som fyller kvar ei celle med glitrande gull. Der den kreative sjela kan leika seg utømmeleg.

Og så er eg så heldig å få lov til å møte alle desse folka i livet mitt. Frå dykk her inne på skjermen og heile spektret…….. til dei eg har båre inne i meg. Dei eg kan ausa rein kjærleik over, utan å forventa meg noko attende.

Det å få ha kjærleiken til livet, til menneska, til dei eg er glad i, til meg sjølv……….det er hell og flaks.

Eg er så heldig som de går an………..eg får gå i lære med livet som lærer, veksa og utvikle meg så lenge som eg andar.

Derfor er eg heldig.

Eg utfordrar deg som les dette til å gje deg lov til å føle det du føler, for det er viktig å gje seg rommet til å være akkurat den du skal være. Alle planter som veks utan hinder veks mot ljoset -.


Frå returen i kveld, attende frå handletur saman med foreldra mine. Dei er 83 og 91 år og bor heime og greier seg  sjølv. Og er ikkje ljoset vakkert i fjorden eg bor ved?

Eg låner

Det er så artig å sjå andre sine bilete. Så eg spurte like godt om å få låne.

For nokre dagar sidan tok yngsteberta og eg oss ut i sol og vakker haust. Vi skulle på fotojakt. Yngste syntest ikkje ho fann motiva. Men da eg såg i gjennom det ho hadde fotografert spurte eg om eg kunne plukka nokre for å leggje ut. Da eg merka bilete eg lånte her om dagen av stjernehimmelen, spurte ho eg kunne linke til instagram kontoen hennar. Så da gjer eg det ein gong til………sjølv om slikt for oss som lærte seg å ikkje ta fokus, kan verta i overkant med alle selfiane. Men jenta har beina godt plassert på bakken, måtte berre seia det, fordi om du går inn på kontoen kan den kanskje gje eit feil inntrykk……….

Her er eit lite knippe uredigerte bilete av det ho såg den dagen vi labba i rundt i nærmiljøet.


foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

foto:ingrun

Irritabel eller sur

 

Sur, lei, kjei, tom…….og så bortetter. Kjært barn har mange namn er det sagt.

Men kjært………

Irritasjon er ikkje eit kjært barn. Eg synest best om å ha det bra eg.

I dag har eg vore på ein vakker tur på fjellet utan fotoapparat. I dag var det tid for snakk. Og snakke kan eg om eg opnar den krana. I dag var den vidopen. Slikt krev sin mann……..og ikkje minst kvinne.

Etter turen har det vore matfokus. Potetball og enkle wienerbrød etterpå. Det tok tid og det laga rot.

Og så ser eg ikkje fram til dagen i morgon, og ikkje har eg gjort ein einaste av øvingane mine i dag. Slikt løfter ikkje stemninga. I tillegg vil dotter reisa attende til byen på torsdag……..og ser den naturlege årsaka til at ho ynskjer og vel det, tida går viare……

Til slutt er eg ikkje heilt ferdig med det eg verta ferdig med.

Så mange pluss av minus blir ikkje pluss.

Eg er nok ikkje irritert, berre litt oppbruka av alt. I kveld. No skal eg ha ei natt og så skal eg verta ferdig med morgondagen, det trur eg vil hjelpe.

For eg trur ikkje eg er sur heller.

Eg har berre ein dag som knurrar ørlite mot stjernene, sjølv om dagen har vore vakker med sol på.


foto:
ingrun

Haust, sol og fotoapparat

 

I dag passa det perfekt å gå ut døra og opp i skogen med fotoapparat i handa.

Først vakna eg med tyngda av ein ny dag og kjensla av å ete godteri dagen før. Kjende meg ikkje topp. Eg måtte skunda meg for eg hadde ikkje gjeve meg god tid for dusj og køyring inn til sentrum.

Eg har time hos psykomotoriker på måndagar.

Så eg skulle til han i dag. Derfor var dagen fri etter behandling. Eg må ha operom etter eg har vore der, det tek såpass på.

Da eg kom heim somna eg og vakna etter ein times tid heilt øra…..

Yngsteberta og eg hadde avtalt fototur i dag. Fototur og fottur. Og med det strålande vêret var det ikkje noko som passa betre. Så til slutt hadde eg samla meg såpass at vi opna døra til ein herleg haustdag -.

 

Endeleg var det sjanse for å få tørka kleda.

Vi tok vegen opp langs jordet. Skogen sto inntil og baud på hausten.


Ospa skein i sola.

Yngst hadde funne seg firbeinte, ho påsto den eine var skikkeleg søt.

 

Kyrne……eller var det oksar…….eller kanskje kviger, var nysgjerrig på oss.

Ein gamal stamme sto å mintes da den var ung og var eit tre.

Yngste syntes ikkje ho fann dei gode fotomotiv, så vant som ho er til dei kvasse kontrastane i byen. Ljoset og skuggen appellert ikkje like mykje til henne som til meg.

Eg synest naturen er gavmild eit takksamt objekt.

Fleire som har funne vegen ut…..vegen ut på vegen denne vakre haustdagen.

Så var vi attende til huset, det låg i eit hav av rytme.

Høymol kan vera vakkert det og.

Stein på stein med mose.

Bringbærkjerra hadde vranga bladverket sitt.

Yngste vart mest fasinert av dei firbeinte ho kom over.

Ein skikkeleg selfie til slutt……..

Og etterpå, etter en handletur, etter bollebaking og middag. Da gjekk sola ned og fargela himmelen på eit slikt vis ein ikkje får gjengeve. Men måtte likevel ta bilete……

Ynsker alle ei god natt :)).

Laurdag på fredag

Ikkje heilt i vater, men heng med slik havveges i svingane.

 

I går hadde eg laurdag. Eg ringte til og med ein stad og beklaga meg for at eg forstyrra ein laurdagskveld.

Barna lo godt da dei fekk høyra kva mora heldt på med. Men eg trur eg var i eit laurdagsmood. Sjølv om vi henta yngste som kom heim frå vidaregåande med haustferie i bagasjen.

Men det er nok i dag det er laurdag. Det er stille utaføre novene. Vinden har herja frå seg. Men det er vått. Det renn frå taket…….men er nok opphalds akkurat no.

Her skal vi ha egg, bacon og bønner om ei lita stund. Enno søv fleire av gjengen. Eg gjekk å la meg i gårkveld, da var det ludo det gjekk på. Tidlegare i veka har det vore sjakk. Sonen og kjærasen har  nokre konsentrerte timar med sjakk dei dagane dei har vore heime. Sonen set på klassisk musikk og operaariar. Noko som kan væra krevjande når han samtidig vil diskutera verda sin økonomiske status. Kjærasten fekk for vondt i hovudet av alt. Så eg steppa inn som motspelar ein av gongane. Eg sat og venta på sonen sitt trekk…..og skjøna ikkje kvifor han ikkje tok springaren min med tårnet sitt. Slik sat vi i over fem minuttar. Da seier sonen “skal du ikkje snart ta eit trekk?” Da knakk eg saman av latter…….det var min tur, så mykje greidde eg ikkje følgje med……

I dag skal eg køyre dei til Trondheim og Værnes. Er spent på kor mykje tida vert kutta ned etter at den nye vegen som vart opna i går. I dag skal køyra etter den………

Sonen og kjærasten tek fly ned att til Oslo i kveld. Vi har hatt nokre triveleg dagar saman. Yngste vert og med opp til Trondheim, der møter vi mellomste. Så eit lite kort møte med heile gjengen min blir det.

Elles håpar eg på eit lettare vêr, det har gjort fantastisk godt.