Meg, deg og alle andre

Veka er godt i gong. Eg har komen meir inn i det. Vi trenar og et.

 

Og eg vil fortelje om treningsopplegget. Etter kvart.

Men når mange menneske samlast dukke det også opp ein sosial bit. Før eg reiste tenkte eg ikkje på at andre skulle hit, eller det opptok meg ikkje. Det einaste eg tenkte på var at lokalitetane låg heilt nedved stranda.

Og så møter eg gjengen eg reiser med.

På flyet nedover er plasseringa mi mellom to som kjenner kvarandre. Og i tillegg var dei strømlinjeforma. Mellom desse satt store meg. Men det er ingen vitså bruka så mykje kapasitet på slike tankar, eg er eg.

Men etter flyreiser, mange inntrykk og mykje info vart eg nokså sliten. Og der møter eg den unge, usikre meg, ho som rett som det var fant ut at meg lika nok ikkje dei andre. Der dukka ho opp. Eit skikkeleg interessant møte.

Heldigvis skjøner eg meir av meg, enn kva eg gjorde i unge år.

“No er du sliten”, sa eg til meg sjølv. “Du har for lite energi til å ha ein høg sosial profil, men at folk skal mislika deg før dei kjenner deg, er ikkje heilt sannsynleg”.

Så klart er det nokon som kan kome til å mislika meg utan at dei kjenner meg, men det kan eg ikkje gjera så mykje med. For det går på kjemi og dei andre.

Eg reknar med at det ikkje berre var eg som vart usikker i ein slik setting.

Og det gjekk seg heldigvis fort til for meg, men eit halvt døgn kjende eg på korleis eg kunne reagere før. For ein er alltid den ein har vore. Er ein sårbar som barn, så vil ein nok væra det som vaksen. Men heldigvis lærer ein å forstå litt meir, sårbarheit kan væra plagsamt – men det er også mykje bra med det. Så eg vil ikkje ha bytta den bort.

I kveld sto eg over det sosiale, ein tur.

Eg måtte ha tid for meg sjølv fordi dagen hadde vore krevjande for meg på treningsfronten. 

I morgon tidleg skal eg stå opp tidleg og før frukost skal eg ta meg ei berrføtt tur langs stranda.

 

Ut for å verta ein betre utgåve

Så er kofferten pakka og pakka ut igjen. Eg er på tur. Etter veker med førebuing, er eg ved målet.

Ei stund kjendes det som eg aldri kom fram. Aldri vart ferdig. Det var heile tida meir som skulle utførast.  Fire veker er lang tid. Lang tid å være borte.

Mykje som skulle planleggast. No trur eg på at alt rullar og går som det skal.

 

På  søndag vakna eg i Trondheim. Etter ein strabasiøs laurdag. Der alt som skulle gjerast blanda seg i eit gedigent kaos. Medisinlista låg att på jobb, utapåjakka mi hang att hos mor og far. Alt feil veg for kvar eg skulle. Men eg kom meg til slutt riktig veg.

Etter fire timar søvn gjekk eg på flybussen. Mi snille, yngste sto att på fortauet. Og mi snille, mellomste tok første veke heime med dyrepass.

 

Seint på søndagskvelden dukka flyet under skodda og landa. Og enno seinare kunne eg krypa under dyna. Eg er på mi første behandlingsreise. På Tenerife.

Etter to dagar med aktivitetar, kan eg berre seia at eg er svært heldig. Som får oppleva dette.

Data’n er med, intensjonane er å produsere innlegg. Vi får sjå kor godt eg klarar det.

No er dagen over.

 

Om å dra langt bort

Før syntest eg det var trist når 17. mai var over. Slikt forandrar seg.

 

I dag har eg kura meg gjennom dagen. Av den enkle grunn at eg synest synd i meg sjølv. Har lyst til å væra trist liksom, enda sola skin. Riktignok kaldt.

Og kvifor eg synest synd i meg sjølv, utan grunn, er nok ei samansatt sak, har eg funne ut. Det starta i går. Det går også over – kanskje i morgon. Har sikkert noko med tid å gjera. Tid på fleire nivå.

I dag er det berre ti dagar til eg reiser. Reiser til varme, trening og berre fokus på meg sjølv. Skulle sikkert ha gledd meg. I staden tenkjer på alt eg skal vinna å få unna meg først. I dag, midt under feiring av dagen, måtte eg stikke bort på arbeid for å sjekke og sende noko.

Det hadde ingenting å seia. Det var ikkje det.

Men eg trur at det handlar om at eg, akkurat no, treng omsorg. Slik vanlegvis taklar eg det meste, er nokså sjølvgåande. Men akkurat no, akkurat no er eg melankolsk, vemodig og kanskje litt lei.

 

Men eg har feira dagen, og forresten; gratulerer med dagen som straks er over.

 

No skal eg snart leggje meg, gje meg eit C-vitaminsjokk først. Det renn som besett ut av nasen. Og så må eg opp til ein dag som eg ikkje kan ta fri i likevel. Som eg tenkte.

 

Det er ikkje berre, berre å reisa heimafrå i fire veker.

 

 

Det romlar og ramlar

 

Eg har denne kjensla av at det skjer så mykje. Heile tida er det hendingar og ting. Men kanskje tek eg heilt feil. Kanskje er eg berre i slekt med snigelen eller dovendyret. Så det berre virke slik.

 

Men akkurat no kan eg setja meg ned, let tankane flyte og ikkje tenkje på alt eg kunne gjort. Let frustrasjonar leggast attom.

Slik som i dag; da eg ikkje fekk bankkortet mitt til å virke. Det vart avvist ved ein parkeringsautomat. Til slutt ringte eg for å fortelja  om problemet. Jau da, eg hadde pengar på kortet. Han eg snakka med sa at da skulle han notera bilnummeret mitt, slik at dei som gjekk vakt ikkje bøtela meg. Og da eg kom ut att fleire timar etterpå var det akkurat det dei hadde gjort. Eg hadde fått mi første parkeringsbot! Kontoret var stengt da eg ringte for å seie i frå, men eg får tru eg slepp problem når eg ringer i morgon.

For eit par dagar sidan kjem eg plutseleg på at eg har vassvakt i mai, så i går bar det i veg. Oppdaga at vatnet var på tur ned langs brønnveggen. Heldigvis hadde eg med meg folk, så vi fekk teke runden og løfta på steinar og kumlokk, reinsa og rydda. Eg vart frykteleg glad over å høyra at i dag var brønnen full. Private vassverk…puff.

I helga har eg hatt heile gjengen min og fleire til, innom dørene.

I sol og glede vitja vi besteforeldra i går.

For vêret er ein fryd. Plutseleg er verda grøn.

No har eg nettopp fylgt eldstemann på bussen. Så no er det berre eg og dei firbeinte her.

Framom meg ligg to veker som får oppføra seg som best dei kan. Det er mange punkt eg må kunne kryssa ut i løpet av desse to vekene. I dag kom billetten til fire veker i utlendigheit. For måndagen om to veker er mi aller første helsereise i gong.

Eg har ei kjensle av at det romlar og ramlar rundt meg.

Og eg som berre vil nyta tida vi er i.

 

Når dagen er på parti

Uvant med varmen sit eg her og er frykteleg trøyt. Og snart skal eg finne dyna mi.

Så kom sommaren liksom du knipsar med fingrane. Det var varmt, det var grønt. Eg var på jobb. Så heimom for ein desperat kamp mot støv og rusk, før eg tok turen over til Øra. For yngste kom heim. Førelesningane er ferdig, så ho skal lesa heime nokre dagar. Måtte også innom apoteket, skal starta med biologisk medisin i tillegg til det eg alt tek.

Fekk kjøpt mat også før vegen gjekk heim att.

 

“Kan eg får køyra heim”, sa ho som hadde kome.

Og så klart fekk ho det. Da vi var komen eit stykke, kom to menn ut av skogen på kvar side av vegen. Og inne i krattet sto politibilen. Men dei gjorde ikkje forsøk på å stoppa oss. Uansett hadde vi alt på det reine, riktig fart, sommardekk og L på bakluka.

 

Litt lengre framme, da vi rundar ein sving, får vi ein bil rett mot oss, i same felt som oss. Eg trudde det kom til å smella. Rart kor sakte tida fortonar seg i ein slik situasjon. Eg ser bilen framom bråsvingar, eg legg merke til at etter ei lang stund stoppar bilen vår. Og enno seinare trykker ho som køyrer på fløyta, da ser eg bilen vi møtte forsvinn rundt svingen attom oss.

 

Det gjekk bra!

 

Eg spurte korleis ho hadde det, om det gjekk greitt å køyra vidare. Ho takla dette. Eg likte ikkje tanken kven som hadde vore aller mest utsett og aller nærast den møtande bilen.

 

Men sola vermde og dagen var vakker. Ho gjekk i gong med maten og eg la opp føtene, da vi kom heim.

 

Og så gjekk vi ut for å innvia varmen med å eta middag ute. Gå barfot ut i det gule og grøne for å sjå på det som voks.

I kveld kan vi takke for dagen vår.

Forenkla forelegg

Når ein legg opp løpet alt for fort kan det verta kostande meir enn det smaker.

 

Det bør nok vera ein leveregel trur eg. Nokre gong kan det kosta i overmål å væra menneske. Om dagen har økonomien min litt vondt imagen, men eg veit det går over. Eg tenkte her om dagen at kanskje eg berre skal få skikkeleg god økonomi. For eg trur faktisk det kan gå an. For optimistisk det er eg. Det skal ingen få ta frå meg.

 

Men først må eg løysa restskatten, ja akkurat den biten er ikkje enno. Men eg driv å dreg på eit par rekningar, eg må til tannlegen for det har gått litt hardt utover tenna det eg slit med, og medisinen. I går var eg veg og henta brillene og fekk betalt ut dei. Så no er tida med tullbriller over, synet mitt er mildt sagt dårleg.

Slik ser brillene ut.

Så skal eg på denne helsereisa mi. Den har også ein kostnad. Men den mest unødvendige utgifta ramla ned i postkassen min her om dagen. På ein av desse Trondheimsturane mine til St. Olav var eg slik passe uoppmerksam på heimturen. Samtalen gjekk om eit tema som også eg var engasjert i.

Eg følgjer med i vegbanen og trafikken, men ikkje på farten.

Og best det er blinkar det raudt!

Første innskyting var å stoppa og rygga attende og ta turen forbi ein gong til…..men i det verkelege liv kan ein ikkje spole. Neste gong eg køyrer same distansen er eg så forsiktig at eg får ein bil opp i baken som blinkar med fjernlysa, han syntes visst nok det gjekk seint nok.

Men brevet med forenkla førelegg låg altså i postkassen, og eg hadde køyrd såpass for fort at eg fekk urolege draumar. Meeeen, eg må berre venne meg til at slik er det. Og betale.

Så det å væra for aktiv er ikkje lurt.

 

I dag tek eg laurdagen svært roleg. Hadde planer både om atelier og apotek. Eg skal til med biologisk medisin i tilegg til noko av det eg tek. Men, kan venta over helga.

 

I går var eg altså i Kristiansund, det var mor som skulle til augelege, far hadde time hos ortoped. Eg fekk henta briller, solbrillene som var bestilt måtte sendes inn att – dei stemte ikkje.

Det grønskas i rundt meg. Det ER vår. Ordentleg vår.

Og eg trur heilt enkelt eg vil ha god økonomi, har prøva lenge nok den andre sida. Men heldigvis kan ein ha det rett så bra der og, det er berre snakk om pengar-.

 

 

Kavalkade

Dagane sprett som våryre lam. Medan våren er kaldt og eg ikkje fattar at april er bruka opp for i år.

 

Så skjer det noko i livet mitt? I og med at eg ikkje får produsert ord her……

Nei, tru ikkje det.

Ikkje har eg fått bruka penslane så mykje, ein gong tru eg, sidan eg skreiv sist.

Men eg har køyrd ein del mil i bil.

Her er nokre dører på St. Olav, dei måtte eg ta bilete av.

Vore å vitja Trondheimssystera mi nokre gong. Noko som er triveleg.

Turar, sist oppdaga eg grøne blad som snart vil spretta ut.

Og på den vanlege turen ned til sjøen finn eg alltid flust av ting å ta bilete av.

I dag gjekk turen opp på fjellet. Køyrde eit stykke. Ikkje det beste hunden min er med på, men å få springa i lag med andre hundar er supert.

Og så er vi altså over på mai.

Eg har nokre dagar framom som heilt sikkert fyk i veg. Så om eg ikkje likar denne farten på tida, så er det ingen som bry seg om det.

Slik er det.