Første søndag

Det er første søndag i advent. Eg har tatt ned eska med adventssaker.

 

Det er ikkje mykje i eska. Det er ei stjerne, ein sjuarma lysestake, adventskalenderen som eg laga da den eldste var liten. I tillegg var det ei ljosslynge for og ha ute. Den får vente.


Eg venter med å tenne første ljoset i adventstaken. I morgon kjem ho midt i heim, så vi  tek det da. Den sjuarma virka ikkje da eg kopla på straumen. Men så kom eg på at den vi bruka før, og som takka for seg i fjor, sto i ei bod i kjellaren.

Og vips, eg leita i pæra om ikkje virka og dermed lyser den no. Vurderte å henge opp julegardiner, men i og med eg ikkje har montert gardinstenger fikk det vente.

Så no er vi kome hit, og i morgon startar vi med det siste månaden det året her.

Eg er svolten

 

Når ein er svolten må ein eta. Da må eg finne mat for å eta. Og så må eg sette meg ned.

 

Igjen!

 

Eg trur eg kunna levd med minimale rørsler i dagar, veker, ja kanskje månadar. Og så klar og sliten er det ikkje nokon som er. Ikkje eg ein gong. Men den der strandstolen har nok høva meg ypparleg om dagen. Med briller på nasen og bok i hendene.

Men eg er her. På Nordmøre. No kunne eg få lov til og senke den breie baken min i ein stol igjen. Mat. Eg var svolten. Det var ikkje mykje eg fekk gjort før eg fann dette ut. Så her sit eg da. Igjen.

Eg må riste opp i dette draumehovudet mitt, ikkje som at det ser ut som ein draum. Det er berre fullt av det. Så fullt av det, at det ikkje er artig. Så korleis skal eg gripa meg sjølv an for eit betre resultat. For det er frykteleg mykje eg kan gå i gong med.

 

Alle skuffer og skåp på kjøkkenet kan med fordel vaskast.  Ein enkel oppgåve det. Og så artig når det er reint. På tysdag skal vi feira 21 års dag utan eg har lagt ei plan. Eg har bedt samen, det betyr mat. Og så er det jul.


Veit de, det er jul snart?

Da kjem det også folk. Dei skal ha mat da og. Og alle rom som eg har tenkt skulle få ein omgang med vaskefilla. Enn lister og dører som skulle hatt eit strøk måling?? Og skal tru kor lenge sidan det er at eg planla å beisa dei to skåpa på stua?

 

Men kva er det eg held på med no da……..??? For no vart eg lei av meg sjølv dobbelt. Først vart eg leia av denne totale mangel på handling, men no vart eg lei av at eg kjeftar slik på meg sjølv.

Var ikkje det bra nok heller no?

 

Og eg som trudde dette skulle verta eit innlegg om kva eg hadde lyst til å bake til jul…..

 

Fiji eller Mauritius

 

I dag har eg første dag i siste ferien min i år. Den er på overtid.

 

Det einaste som er dratt på ferie er tankane mine, dei er så langt av lei at eg får mest ikkje kontakt. Byturen i går og alt som bør skje har lamma dei. Byturen var heilt grei og direkte koseleg, men akkurat no er det greitt eg verken skal til Fiji eller Mauritius.

 

Eg var inne å kika på nettet. Begge stadane ser paradisisk ut. Fiji ligg i Stillehavet og Mauritius i det Indiske hav. Og reise dit vil kosta nokså likt fann eg ut etter ei kort undersøking. Både med organiserrte turar og at ein kan bestille og sette saman sjølv. Så slik i første omgong kan dei to destinasjonane virke lik kvarandre.


Fiji (fra Google)


Mauritius (fra Google)

Las at Mauritius var ubebodd framtil 1500 talet, men var oppdaga på 900 talet.  Øya har vore under kontroll av både Frankrike og England, men vart frigjeve i 1968 og er i dag blant Afrikas rikaste land. Den har et stabilt demokrati.


Mauritius (fra Google)

Fiji vart også oppdaga av europearar på 1700 talet og var engelsk koloni fram til 1970. Det er ei øygruppe av 322 øyer. På ein tredjedel av øyane bor det folk. Fiji er også demokratisk, men har vore utsett for fleire militærkupp.


Fiji (fra Google)

Kanskje eg skal starte og spare til ein av desse stadane. Grovt rekna skal ein kome seg dit og få overnatting for rund tjue tusenlappar.

Kvar ville du ha valt og reist?

Slik når livet mitt er vanleg skal det kunne gå å få det til. No er det nok strevsamt med tur til Kristiansund. Skulle sjå etter klede åt meg, og det vart ein pakke med tynne ullstrømper. Så var vi hos yngste og åt ein lunsj, etter det var eg ikkje til meir. Køyrde mor heim, sovna sittande i sofaen hos foreldra mine.

 

I dag vakna eg til ferien min. Eg har tømd omnen for oske og køyrde i gong vaskemaskina. Elles har eg eit mål om å vaske kjøleskåpet. Tru eg får gjera som for mange år sidan, da eg passa ein liten gut og samtidig vaska kjøleskåpet til foreldra mine. Eg underheldt guten medan eg heldt på, så vi reiste faktisk til Afrika gjennom kjøleskåpet. Han trudde i mange år etter at han hadde vore i Afrika. Guten hadde sterkt utvikla fantasi. Så eg får prøva meg på same reisa i dag eg og, for fantasien min er heller ikkje heilt borte vekk.

 Skal eg velje Fiji eller Mauritius?


Fiji (fra Google)


Mauritius (fra Google)

 

 

Ferie i november

Det er håp, det er håp i hengande snøre, seier vi. Og kvifor seier eg no det……..

 

………ja sei det, eigentleg er det ingen grunn. Men da eg gjekk over parkeringsplassen i dag på høge heler til meg å være, kjente eg det. Eg kjente ei sjølvsikkerheit det er lenge sidan eg har kjent. Ikkje veit eg kvar den kom frå heller. Den berre var der. Eg var til stades i meg sjølv, eg kunne gå rak i ryggen utan at skuldrene heisa seg opp under øyra i stress. Seinare held eg på å få tullfliren, eg synes ting kan være så likt ein komedie. Eg såg at eg gjorde folk litt usikre, men eg greidde ikkje stogga. Og eg vil ikkje det, gjera folk usikre – eg vil at folk skal ha det bra. Men latteren berre bobla ukontrollert ut. Fikk tru at dei andre tilskreiv det at eg berre er slik, litt rar.

 

Eg kan godt ta på meg å være litt rar. Heilt greitt. “Trur du det er håp?” spurte eg seinare. Og den eg spurte trudde det. Temaet var eit anna, men det har ikkje noko å seia.

 

I morgon er det bytur. Eg fekk ei liste. Fekk beskjed om å ta med sengekleda med raude hjarta på og eit skift til. Det viste seg at det med hjarta låg i skittentøykorga. Så no durar vaskemaskina.

 

Eg skal ta ut den siste veka med ferie. Osloturen var utset til eit anna år. Til eit nytt år, eg skulle eigentelg dit til byen i mitt hjarta. Men det viste seg umogleg å få alt til å gå opp.

Så bra det vart som det vert.

Og i morgon skal eg kanskje sjå etter noko åt meg sjølv. Om vi får tid og kreftene til slikt. Eg er nokså trengande på noko nytt, synest ikkje på meg at ein gong var alt annleis. Men det synest nok ikkje heilt kor gamalt alt er heller, for dei gamle kunstane kan også brukast til å kamuflera.

 

No har eg snart slukt ein pakke med dadlar, skulle berre ta ein til kaffien etter middagen. Hadde nok ulvehunger etter noko søtt. No skal eg rekne ut realiteten for ein slik avsporing. Svart på kvitt.


 

Grått og vått

 

Det er ein slik skikkeleg grå dag. Ein grå og ordentleg våt dag. Den kan ikkje verta meir grå dagen.

 

“Eg må ta bilete, det er så fine fargar”, seier ho eg køyrer til bussen. Så fiksar ho opp mobilen. “Det grøne og oransje”, seier ho forklarande der vi står og ser ut på ei falma myr med furuskog attom. Eg ser berre ein grå dag.

 

Jentene vart til i dag, no er dei reist attende til liva sine. Det har vore ei fin helg. Ei intens helg. Ei helg som gjekk fort. Vi har snakka i haug og dung. Dyra har hatt ei storveges helg, dei har vore kosa med til den store gullmedalje. Alle dyra var inne, med mattankane sine. Gjekk ein over golvet var det i fare for og tråkke på ein hale. Dyra tok i mot all kosen dei fekk. Og all maten. Eg vart stressa over alt. Det vart mest for livleg.

No er eg i mitt einsame tilvære igjen. Ikkje som i; trist, men som i; av og til er det mange folk og andre gong ikkje, og alt er like greitt. Begge delar er godt.

 

Det ligg eit salig rot over heimen, og eg skal snart rydda i lortete handdukar og kasserollar som må vaskast. Men først vil eg berre ta inn lyden av knitringa i omnen og duren frå oppvaskmaskina. Eg må også sette på ein klesvask. Og må også setje meg opp ei lita plan. Over ferien, over fødselsdagsfeiring og over jula. Ta eit oversyn. Eigentleg er eg glad i planar. Men dei har drukna i å ikkje strekkje til.  Om eit par dagar har ei veke ferie.

 

Livet er ein mosaikk. Eg ser på bitane, glasbitane i farga glas. Eg er oppå ein liten haug med oversikt og ser på- og gjennom det farga glaset. Kjenner det er godt på ein grå dag å gjera slikt. Før eg fortset med mitt.

 

F for fredag

Innom i forbifarten. Her ståkar vi på kjøkenet, vi skal koooooose oss…. Er plana.

 

Ho midt i kom heim i går kveld. Kva skal vi eta er det moderlege spørsmålet. Problemet er at eg skal ha streng fokus på slikt eg puttar i munnen. Men etter nokre økter med lesing i kokebøker eg har lånt, gjekk vi laus. Så her har vi laga aioli som vil skal ha til kamskjel, vi har laga spicy tomatsaus og pizzadeig, så den skal straks inn i omnen.

I tillegg står nokre sitronkjeks klar for steiking. Så reknar med at det resulterer i ein ørliten utgliding over til utskeiingane sin verden.

 

Eg måtte unna meg ein liten pause, for ryggen vert litt umedgjerleg når det vert for mykje stapping på eit kjøkengolv.

 

Men-, har prøvesmaka aioli’en, hadde parmesan i den. Det smakte.

Så trur dette blir ein rett så bra kveld etter satsinga vår.


Oppstart på dagen

 

Er det ikkje sakt at morgonstund har gull i munn? Eg veit ikkje eg om det eigentleg er slik.

 

Har du det av og til slik at du har lyst til dra dyna godt over deg og sove vidare når du bør stå opp?

I dag hadde eg ei slik oppvakning. Og grunnen er nok så enkel at det står for mange bør’ar og må’ar i kø framom meg. Så eg må nok berre til å ekspedere dei, og dei løyser seg nok når eg tek ein etter ein og ikkje tenkjer på alle samstundes.

 

Så eg kom meg opp. Morgonritualet her i hus er eit stress. For det er opp mot mange ting som må skje samstundes. For det første ligg ein stor hund utom døra mi, han reiser seg og daffar bortetter gongen med logrande glede, men like før eg når baderomsdøra  legg han overkroppen bortover golvet i eit langt strekk og sperrer døra.

Inne på kjøkenet møter eg sjefskatta Miranda som vil ha mat NO. Ho jamsar med rusten stemme. Heile tida! Samstundes blir eg fotfølgt av ein hund med bedande augo. På terrassen kan det hende Ludvik går banans, og kaster seg på døra og krafsar frenetisk med klørne på vindauget, medan hovudet ligg attover og med eit vilt stirrande blikk, rett opp. Han er hjerneskadd, stakkars katt.

 

Miranda og Cleo, den tredje katta, er søstrer. Miranda har heile tida vore sjefen. Men dei er nokså gamle, og Miranda taklar nok alderdommen dårlegast. Så om alle tre kattene slepp til i matfatet samstundes, vert det ikkje mat på den gamle sjefen. Ikkje er ho noko glad i tørrmat lengre heller. Så eg har starta og kjøpe våtmat. Primært til Miranda, slik at eg er sikker ho også får i seg næring.

Etter at både Lucas og Miranda hadde fått maten sin i dag, tek eg med meg ein stor kopp med tørrmat ut til dei to andre. Men dei har nok fått teften av våtmaten og stormar inn og bort til fatet som Miranda et av. Cleo prøver å få tak i maten, men Ludvik legg seg over heile fatet så Miranda gjev heilt opp. Ut med begge dei svarte, finne i ny mat til Miranda – og da, da endeleg er det min tur.

 

Tenne opp i omnen, hugse vitamintablettane, eller det er eigentleg tablettar med olje for å smøre ledd. Det hjelper synest eg. Og så må eg få teke penicillintabletten, det er viktig . Og da er vi klar for frukost. I dag vart det to brødskiver med makrell og persille, juice, kaffi og yoghurt. Og da kan roen senke seg ei stund for alle.


 

Ha ein riktig fin dag.

 

Tenner og besøk

 

Ein strålande måndag er over. En dag med solstrålar rett i auga når ein køyrer bil.

 

Har vore ute og hengt klede. Kunne gå ut i korterma skjorte for å henge klede etter midten av november må ein seia er bra. Kjente det var litt rim i graset, så kanskje eg berre var ekstra varmblodig i dag. Etter både tannlegebesøk og besøk.

 

I dag skulle eg eigentleg starta å rotfylle den andre tanna. Eg fortalde om kulen i tannkjøtet og at eg er hard i kinnet enno. “Ja, eg ser du er opphovna” seier tannlegeassistenten. Så dermed vart det denne tanna i dag også, dei måtte få ut puss som hadde danna seg i kinnet. Og så vart det ein ny omgang med penicillin. No håper eg denne tanna roar seg. Og så lenge den ikkje er bra var det best å venta med den andre. Eg var mest øra da eg sette meg i bilen for og køyra frå Øra. Måtte innom apoteket før turen heim. Det er kanskje ikkje så rart eg er så tiltakslaus for tida, desse tenne starta å murre alt i sommar. Så kroppen har nok bruka energien til og handtere dette. Er faktisk ei trøst det, for da er det håp.

 

Heime gjekk eg i gong å lage ei suppe med gulrot, raudløk, chili, tomat, tabasco, grønsakbuljong og appelsin. Den er varm og god, passar godt om hausten. Søster mi frå Trondheim var på tur utover for å besøke foreldra våre. Ho kom framom her først, serverte både suppe og kaffi med sokoladefondant etterpå til henne og den andre søster mi. Vi fekk ei søsterstund der rundt bordet. Ikkje ofte berre vi er samla slik. Riktig triveleg var det. Eg laga gjettekonkurranse på ingrediensane og den eine gjetta nypesuppe men vart meir usikker da ho fekk sjå flatbrødet. Ho andre gjetta tomat og chili da ho fekk sjå, men greidde ikkje finna meir ut da ho smaka.


Oppdekt bord, så no kan gjestene kome.


Ein kaffikopp etterpå.


Så er gjestene gått.

No er det mørkt utaføre vindauga, og eg skal finne fram strikketøyet og berre ta kvelden avslappa. Og så er eg ein ørlite lettare utgåve av meg sjølv. Det hjelper å fokusere på kva ein puttar i seg.

 

Tur i harmoni

 

Eg må ut, men kvar, tenkte eg. Eigentleg hadde eg lyst til å berre væra der eg var.

 

Men eg skjønte at det ikkje ville væra noko lurt. Så eg spekulerte. Målet med turen hadde eg alt bestemt, det var og hausta inn ting eg fann. Ting som kunne brukast til dekor. Ned til sjøen freista ikkje, for da måtte hekksaksa med. Det kjendes for armodsamt i dag. Enn berre ta ein runde på haugen attom huset, men det kunne eg ta ein dag eg ikkje hadde fri også.

Så vart det setra da.

Det første eg gjorde da eg kom opp var og tenne opp i omnen.

Etterpå tok eg vegen langs elva. Einen var så fin, mange hadde bær også. Så eg fekk med meg ein del greiner. På mange av furutrea var det kongler som hadde sprotte ut, dei hadde nok slept frøa sine. Dei plukka eg med meg mange av også.

 

Eg kan ikkje kalla dagen i dag anna ein rekreasjon, ikkje noko som fekk opp formkurven. Men å gå der i ro å mak, strekkje seg etter kongler, høyra på susinga i furutrea…..det var så godt. Mest som alle tida opphøyrde å eksistere, at eg var i ein lomme som inneheldt alle åra eg hadde levd.

Inne i bua var det varm da eg hadde plukka korga full. Eg koka meg ein kopp te og skreiv i seterboka. Vi skriv alltid i den når vi er innom. Sist var for litt over ein månad sidan, da begge jentene mine og ei venninne var på overnatting.

Denne enkle tømmerbua gje oss så mange opplevinga og mykje godt.

Ute starta det å mørkna, så boffen og eg måtte finna vegen ned igjen.

Og det var godt med middag og ein kaffikopp da vi kom ned.


 Riktig god søndagskveld.

 


 

Snart slår eg av ljoset

 

Eit innlegg på tomgang utan driv. Berre litt facts ein laurdagskveld.

 

I kveld er eg sliten. Dagen har gått i full fart. Nei da, har ikkje gjort mykje. Men har hatt gjester og skal ha kontroll på mitt eige mat inntak. Ein litt motstridane handling. Eg klarte og ha inntak av mindre kaloriar enn eg skal, jippi, men det var heilt feil i fordelinga av karbohydrat, protein og fett.

 

Ideelt skal eg helda meg innan 50-60% karbohydrat men tok inn 44%, 10-20% protein og resultatet vart 9%, og til slutt skal fett inntak ligge på mellom 25-35% og resultatet vart 47%. Da har eg ete tre sjokoladefondant og spekeskinke, så i morgon må eg satse på mat med lite fett tenkjer eg.

 

Eg vakna tidleg i dag og starta smått med rydding, dekte delvis bordet kokte risgraut og kokte potet til spekemat. Gjestene mine var foreldra mine og veslesyster. Da eg henta foreldra køyrde vi og innom butikken og fekk handla. Det er ikkje så lenge sidan eg kom heim etter og ha køyrd dei attende.

 

Kjenner eg er litt godterisjuk, men ikkje aktuelt. Kanskje eg berre finn senga tidleg……..eller kanskje er akkurat det for seint. God natt i alle fall, no slår eg straks av ljoset.