Dagane som er gått

Så er dagane talte. Her. Om nokre dagar er eg attende i Norge.

Dagen i dag (som gjekk før eg rakk og posta), dagen i morgon og laurdag -. Tidleg på søndag går bussen til flyplassen.  Kofferten skal være pakka og klare i det eg vil kalle meir natt, enn morgon.

Enno er det treninga for fullt.

Testinga er unnagjort og det er absolutt mykje forbetring.

No er det fortsetjinga.

Når eg er heime att, få ein rutine der eg gjer om kroppen ropar “nei”. Den formelen må eg finna. Eg arbeidar med hovudet mitt for å finna vegane, dørene og nøklane for dette.

 

Men det kan eg seia og skriva, dette har vore heilt fantastisk. Treninga, maten, folka og omgjevinga.  Tanken om at eg er i paradis har dukka opp fleire enn ein gong.

Og noko strandliv vart det plass til også. Til slutt. Og kanskje enno litt meir før eg fer.

Dette skal levast på både loddrett og vassrett.

Men no skal dei neste par dagane nytast.

 

Her nokre bilete frå kveldsvandringar.

Ei god natt og ein fin fredag ynskjer eg alle!

 

Den steinharde sanninga

Når ein kjem ein stad er det sagt ein skal ta skikken dit ein kjem. Slikt må ein forsøkje og etterleva.

 

Eg registrerte ein av dei første dagane eg kom hit at det var sett fram fat med pistasjnøtter. Så hyggeleg tenkte eg.

Ein dag eg skulle veg å trena i trenings-salen, såg eg eit fat stå der med nøtter etter treninga. Jau, det kunne absolutt smaka med ei pistasjnøtt heller to. Så eg tok ei nøtt å putta inn i munnen. Salt var dei ikkje, og dei var nokså harde å få inn i munnen.

Og så gikk det opp for meg den steinharde sanninga; det var ein STEIN eg hadde putta i munnen!!!

Den kom fort ut av munnen, og eg kika meg skamfull rundt om det var om det var nokon som såg meg…….

Og akkurat det kan ein aldri være sikker på -.

 

 

Både høgt og langt

 

I dag har eg gått over ei mil i tusen meter over havet. I kveld er eg eit kadaver.

Så her sit eg på rommet ein fredagskveld medan folk fyk oppstasa forbi vindauget mitt. Eg passar best her eg er.

Men dagen har vore fin, og ikkje minst sveit – i strie straumar.

Vi tok buss opp til eit fjellområde som heiter Ifonche.

Og om du tenker at det er ingen sak når ein køyrer buss, må tru om igjen. Vi gjekk opp og ned, i skoglandskap og frisk luft. Det kjendes godt. Ein måtte og konsentrera seg, for falt ein kunne det fallet verta både langt og katastrofalt.

Så i dag vart det grundig trening ute.

 

Eg strør nokre bilete frå turen ut i innlegget:

Løvetannlignande planter på ein meter

Eit av fleire fantastiske utsiktpunkt

Trestammer skadd av skogbrann

Havet langt, langt borte

Rett opp i bratta

Heilt ut i det blå

Eit hus med ein rund plass

Ei eng med blomar

Mjuke furutre

 

Opphaldet går mot slutten. Men enno er ei veke att.

 

 

Blomane i paradis

Det er eit hav av blomar rund meg. Mellom dei kan ein leva på i gleda og i sorga.

 

Når kjenslene har stor plass vil det alltid finnast både glede og sorg. Når musikken fløymer og verda er blomstrande, så er den paradisiske tanken sterk. Men for at det skal være balanse, må og dei triste strøk målast. Ein må inn i det blå ljoset.

Eg har erfaring. Både med glede og sorg.

Den gongen eg køyrde fjellsidane opp og ned i Geiranger, det var mai, det var sol, epleblomane blomstra, fjella skar seg kvite inn i den blå himmelen og skogen sto ljosegrøn og eg var forelska. Endorfinar slo på gong gongar og eg var euforisk.

Slikt er fint å oppleva. Slikt skulle alle fått oppleva. Sjølv om betalinga kan være dei blå melankolske rom som mest kan gå i grått og det som verre er. Om det er ille nok.

 

I lang tid kan ein segla på dei rolege sjøar.

Eg er i paradis her. Det blomar fargerikt rundt meg.

Blant blomar, varme og musikk kan kjenslene slå krøll på seg. Sjølv om ein er i paradis.

Da er det bra ein har orda. Orda til å lage ein melankolsk blues medan ein ventar på sola. For sola kjem alltid fram att. Alltid.

Slik at ein kan segla på dei rolege sjøane eller slenge seg i greiner av endorfin. Høgt opp i det blå.

 

 

Ein laurdag halvveges

 

Andre veka er over og halve opphaldet er ferdig. Dette går fort. Men inga overraskning.

 

I går hadde eg ein nokså aktiv dag. Sjøvomdet var helg. Starta før frukosten med ein morgontur etter stranda. Etter frukost gjekk turen opp på Sukkertoppen eller Montana Chica.

Nokre joggar hit opp kvar dag.

Det er ei fin utsikt. Ser utover Los Christianos.

 

Eigentleg var plana mi ei strandhelg. Men sola ville ikkje riktig. I staden kom det nokre regndropar. Riktignok så små at dei mest var gløymt før dei trefte bakken.

 

Nokre av oss kutta middagen på senteret og åt ute. Vi gjekk til ein restaurant som serverte sushi. Og den var god. Vi hadde det riktig triveleg.

Da vi kom ned på gata igjen møtte vi noko spektakulært. Kraftig musikk, nokre musikkstykker over høgtalarar, samtidig som den store fontena framom køyrde ljosorgel inni vasstrålande som spruta i takt med musikken.

Det var fint, og eg filma?.men eg prøver ikkje å legge ut filmen.

Kvelden vart avslutta på ein strandrestaurant og eg kjøpte meg ein drink før eg rusla over gata og til rommet mitt.

 

 

Treningane gjennom dagen

Alle vekedagane er det trening der eg er. Korte intervall som tek for seg dei forskjellege områda på kroppen. I tillegg kan ein trena på eiga hand.

 

Det er greitt å setta på vekkarklokka. Frukosten startar klokka åtte. Før den er det mange som tek seg ein tur opp på ein topp, den er nokså bratt og får pulsen opp. Ein annan fin start på dagen er vandring i sanda, det har eg allereie skrevet om.

Første øving startar klokka ni. Mest alle øktene varer i 30 minuttar.

Vi set oss ned på krakkar og med pinnar. Ute på ein plass, under eit tre med stranda nedom, får muskelgruppe etter muskelgruppe gjennomgå. Den som trur at det å sitja på ein stol ikkje er trening, må tru om igjen. Og det er ein god start på dagen.

Så går det slag i slag. Ei økt tek for seg hender, styrke og rørsle. Vi sit under baldakinar ved langbord, trillar ballar både mellom fingrane og rundt om.

Føtene har og sin eigen halvtime. Der er det strekk og tøy på føter. Og få tær til å bevega seg ulikt er i alle fall vanskeleg for meg.

Mattetreninga er på benkar i eit blomsterhav. Her trur eg dei fleste prøvar å finne ein benk i skuggen. Det er to graderingar av intensitet. Her kan ein seia ein utfører gammaldags gymnastikk.

Ein halv time er via basseng. Eit varmt, salt basseng. Ein himmelsk plass å trena.

Og musikk er følgje heile vegen.

Ein halv time har vi individuell trening med fysioterapeut. Det er den einaste treninga som skjer inne. I går rann sveitten i strie straumar av meg medan eg gjorde øvingar.

I tillegg er også andre ting, ting som ikkje skjer kvar dag. Afrodans er to gong i veka. Ein ettermiddag var det bevegelsestrening som retta seg inn mot rygg.

Tilrådinga er tre økter om dagen pluss fysioterapeuten.

Det er freistande å få med seg fleire.

 

Ellers har vi lunsj klokka tolv, middag klokka seks. Der er det mykje salat.

Så her lever eg det sunne liv og opplever meg som erkeheldig som får være med på noko slikt. Når ting først er som dei er.

 

Ein må alltid forsøkje å bruka det negative til noko positivt. Har ein leddgikt må ein gjera det beste ut av det. Det må søkast og eg var heldig og fekk plass.

Dette er verken noko kvileheim, eller ferie. Men går ein utanføre portane til Vintersol, møter ein ferieverda. Men ikkje på dei tidlege morgonturane ved sjøkanten.

Akkurat det kan ein oppleva når ein er på ferie i dei varme strøk også, stå opp før sola brer seg utover og gå ein tur på ei strand.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sola og menneska

 

“Og solen går sin gang” skreiv Ernst Hemingway. Handlinga var lagt til Spania. Sola gjekk bort utanfor vindauge mitt. Eg er også i Spania.

 

Det var laurdagskveld og eg tok med meg fotoapparatet mitt ut.

På strandpromenaden spaserte folk. Kelnerane prøva å fange folk inn til borda sine. Eg og fotoapparatet fekk gå i fred.

Stemninga var fortetta.

Eg gjekk i retning solnedgangen.

Det kjendes som verda var mi og den var vakker.

Folk satt i rundt om, gjekk rundt om.

Sola hang lågt på himmelen. Det var varmt og det var musikk.

Eit par kom å spurte om eg ville ta bilete av dei. Håper bilda vert eit fint minne.

Det var ein romantisk kveld.

Lenger bort på stranda støyta det tunge rytmar ut gjennom kraftige høgtalarar.

Eg kjende tårane kom, over kor fantastisk det var å væra i dette.

Og så rusla eg og fotoapparatet attende igjen, til natt og draum.

 

 

 

Gå på strand i sand

 

Før dagen hadde starta sto eg opp og gjorde som tenkt. Gå berrføtt i sanda.

Det var så stille, berre nokre få folk ute. Ein som lufta hunden sin. Nokre gjorde stranda klar til ein ny dag. Klokka var litt over sju.

Fotoapparatet var med, og eg var så lykkeleg i kanten av havet. Bårene rulla dovent innover så eg var heilt svimmel.

Eg hadde lyst til å juble for det var så fritt. Så vakkert. Så godt å være menneske.

Ved enden låg det ein terning av stein.

Så gjekk turen attende til frukosten.

Og i mitt indre var det fylt opp av harmoni og glede.