ChiaX SUPERFRØ

 

Frukost er ferdig for ei stund sidan. Enkel og spesiell. Den smaka godt. Faktisk.

 

Snart er første veka ferdig. Og eg er midt i denne to vekers kuren. No ser eg at eg nok må avbryte den på torsdag. For eg skal i gravferd der eg vil væra med i etterlaget, og til helga blir det nok feiring av ho som fyller 18 år. Men eg reknar med eg vil prøva å finne to veker seinare der eg kan få gjennomført begge vekene. Ein gong fram i tid.

 

Eg må seia at dette har gått greitt denne veka. Har nok vore litt slapp, men det er ikkje rart. Vart freista til å vega meg i går og fekk eit lite sjokk. På desse dagane frå måndag til i går hadde vekta minka 3,7 kilo. Er absolutt klar over at det ikkje er så bra akkurat. Men no er altså det resultatet. Elles har eg ein ny tilnærming til dette med vekt, og tenkjer å laga eit innlegg om det seinare.

 

Frukosten min i dag var ein ny variant. I menyforslaga sto chiafrøgraut med mango. Frøa handla eg inn for ei stund sidan på helsekost. Dei var nokså dyre.

 

Dette står om dei:

Dette er eit superfrø og eit av dei mest fullverdige, naturlege næringsprodukt som finnes. Det er glutenfritt. I tillegg er det eit av planteriket sine kjelder på og ha mest omega-3.

 

Eg skulle legge frøa i soyamjølk i gårkveld. Fraus ned nokre bitar mango som skulle i. I dag hadde frøa utsondra ein gelesubstans, så om det ikkje var graut, så var det ein tjuktflytande velling. Opp i dette la eg dei frosne mangobitane. Eg likte det, litt artig å eta – på ein måte. Smakten var mild og det var frøa som gjorde at det var artig å tygga på.

 

Både frøa og geleen kan brukast i matlaging, i brød, i drikke…..altså bruksområdet er mangfoldig. Dette skal eg testa ut etter kvart. Eg likar så godt å bli kjend med nye matvarer. Det er ei heil verd å leika seg i.

 

Likar du å prøva ut nye matsortar og har du prøvd desse frøa?

 

Berre ein bitte liten..

 

tur inn her. Fordi eg har ingenting å meddele, eller eigentleg har eg det og….

 

fordi bilen står igjen utafor døra. Den er godkjent, endeleg! Den har vindaugeviskarar som virke. Den har hjul med eksakt riktig trykk. Og eg treng ikkje verken være redd for politi eller køyra meir buss.

“Køyrer du buss ofte du kan det løna seg å kjøpa eit verdikort, for om ikkje vert det dyrt for deg” sa bussjåføren til meg i dag. Eg takka han for at han sa i frå om det, men at dette nok var siste gongen i denne omgong.

 

Eg har teke skulebussen to morgonar. Det er eigentleg ei fasinerande reise og ei føling av å væra flue på veggen. For det første virka alle barna svært veltilpass og harmonisk. Det er svært godt å registrera.

 

“Eg trur Magnus er forelska i deg”, sa ein gut til jenta som sat på andre sida av midtgongen. Dei mimra attende og ho hadde nett fortalt at han Magnus bruka å ta kråkefot på henne før. Nei, det trudde ikkje jenta,  “eg er berre til plage” sa ho. Dei var i alderen ti, tolv år.

“Kom og sett deg her Anders”, sa ein større gut til ein mindre. Den vesle guten sette seg i setet attom den større guten. Da det var gjort snudde den store guten seg og sa “hei” til den vesle guten, og han svara “hei” attende. Det var den samtalen. Men eg tenkte at det var nok ein god start på dagen for ein liten gut og verta slik inkludert av ein større.

 

Men i morgon kan eg ta bilen og legga distansen attom meg akkompagnert av lydboka eg er i gong med; Mors gaver av Cecilie Enger.



Første og andre dag

Så er dagen komen og passert. Korleis er det med deg no da? Det er ikkje starten som er vanskeleg

 

…....det er etter ei stund. Etter ein månad eller to.

Og så før eg er i gong.

Før eg er i gong trur eg ikkje at eg klarar det. Slik som no, skjøna ikkje når eg skulle føle eg var klar for dette…..for det er akkurat slik eg kjenner det på førehand. Eg må over ein gedigen dørstokk. Finn alle på alt mogleg for ikkje å gjera det som er det beste for meg. Men eg veit eg nokså fort kjem inn i ein rytme, får ein giv på eit vis.

 

Dagen starta i går. Eg har levert inn bilen og måtte ta buss, derfor opp tidligare enn kva eg brukar.

Eg var både kvalm og uvel etter dusjenfør alt. Kanskje det var turen opp på vekta som slo meg ut. For den viste realiteten som knea har klaga lenge på, og til å forstå -. 

 

Kan seia det så  enkelt at starten på denne dagen ikkje var direkte vellukka. Så enden var at eg rakk ein kopp kaffi medan eg ordna maten, og oppdaga først da at dette nok er ein meny basert på lågkaloritanken. Men greier vel den i to veker. Vart aldri av dei frelste på dette. Eg pakka med meg to steikte egg, tomat, avokado og majones i ein boks. Det var frukosten.

 Lunsjen var en salat med kalkun, bruka ein heil eve på å laga dressingen. Og opp i alt dette skulle eg rekka bussen. Rakk den, fikk ete frukosten da eg var framme, før eit foredrag og etter vart det og lunsj med salataten.

 

Heime igjen, og trur du ikkje at eg fekk på meg tursko og kom meg ut som det første eg gjorde. Det var så fint ljos. Men den eigentlege grunnen var nok at eg var så tung i hovudet at det var ikkje noko anna som føltes riktig. Gjekk ned til sjøen i nokre centimeter med snø. Der var det høg flo og campane. – Farga på sjøen altså.

Til middag var det laks, og den smaka fantastisk godt……mest som eg hadde lyst til å sleike i meg tallerken – men sto likevel over det innfallet.

 

Det viste seg eg hadde lagt igjen bladet med oppskriftene på kontoret i går. Eg hadde teke det med for å handla, men så vart dagen så travel at eg rett og slett la det igjen. Men nokre forviklingar bør ein vel ha. Det skal ikkje vera for enkelt.

Og dette løyste seg. Fekk bladet levert. Men det skal bli godt å få bilen attende.

 

I går var inntaket 1439 kaloriar, i dag skal det vera 496, i morgon 728, torsdag 498, fredag 1371, laurdag 1447 og søndag 1018. Etter plana. Opp og ned altså. Så er ei ny veke i gong.

 

Men reknar eg går attende til VK-klubben som eg synest har vore fin å støtte seg til. Vanleg mat, gode oppskrifter, ein skal legge inn alle måltida. Og det er nok det viktigaste for meg, for det å eta jamt er nok utfordringa mi.

 

I dag starta det med ein tjukk grønsakjuice med mykje ingefær i. Eg er glad i ingefærsmaken. Og så to super, til lunsj tomat og til middag gulrot.


Dagen har vore så nydeleg. Da eg såg ut på vatnet som draup frå taket i sola, tenkte eg at her var det berre å koma seg ut. Så gjekk mest ein time etter vegen.

 

I kveld er eg nok litt redusert. Ser det står at dei første tre, fire dagane kan ein bli litt frosen og slapp. Så det beste er nok å legge seg snart tenkjer eg.

 

Kvit overrasking

 

Det lyser kvitt imot meg da eg dreg gardinene til sides i dag. Som i ein ny og uskriven start.

 

Mest annakvar morgon er scena forandra og omsnudd. Kvitt – gult, kvitt – gult. Det er snø og bart, snø og bart. Trur ikkje eg har opplevd ein så ustabil vinter før. Men været må få væra som det vart etter kvart, eg kan ikkje noko gjera med det. Om ikkje anna enn å verta enno meir miljøbevisst, men det hjelper nok ikkje på denne vinteren.

 

Utsikt frå kjøkenglaset

Noko eg kan påverke er meg sjølv. Eg er nok eit tungt materie, i dobbel forstand. For det er vanskeleg, så inn i hampen vanskeleg. Men er det verdt det kan ein spørje seg sjølv om……at kvar dag startar som eit kaos og ein motstand? Eg vil drøyma meg vekk frå det eg må i gjennom. Frå horisontalt til vertikalt. Likevel går det greitt når ein er i gong, står på to bein og ser på seg sjølv i spegelen på badet. Tenkjer – at ja, var det slik du vart ja. Prøver å strekkje ørlite grann på samanknytt muskulatur. Kjenner på kor dårleg kroppen er på parti, – eller slik eg lever med den.

 

Etter jul tenkte eg at først måtte eg få unna meg slikt eg hadde laga til jul. Da kunne eg gå i gong. – Men engelsk konfekt kan eg unna meg denne helga, tenkte eg fleire helger. Og så kom berlinarbollane marsjerande, og eg tok i mot med opne armar og munn. – Etter fastelavn tenkte eg så, etter krembollane. Men så hadde vi vinterferie. Og det var så koseleg med yngste heime at vi berre måtte kosa oss. Måndag er ein bra start tenkte eg til slutt, måndag etter vinterferien.

I morgon er dagen der – eller her, eller noko slikt.

 

Og kva er det vi tenkjer oss no da, spør eg meir eller mindre retorisk meg sjølv. Har vi plana klar?

Plan???

Nja, ei slags plan utan at det eigentleg er ei plan……kan ein seia, seier eg. Kanskje håpar eg at undrenes tid ikkje er forbi. Men inst inne skjønar eg at det må sterkare lut til.

Eg må!

Samstundes har eg kjent på denne utsklidinga i tankemønster, litt lobotomert liksom… Skal eg væra streng og puritansk, leve restriktivt og passa på meg med argusaugo eller skal eg leve livets glade dagar, gjera det eg har lyst til i noet, nyta og fråssa om eg vil det…..og det vil eg så klart, heile tida. Slik har tankane mine virra.

 

Slik statistisk har eg i rundt tjue, fem og tjue år igjen. Korleis vil eg leva dei???

 

Og det er det som er spørsmålet.

 

Eg synest ikkje det er så godt at kroppen er så dårlig på parti, så da er det vel likevel argusaugo som må på. I alle fall slik i starten. Eg veit at etter ei tid vil det følast godt. Når det ikkje er så mykje sukker i kroppen, når vekta ikkje er så tyngande.  Og eigentleg er det det ordinære livet eg skal fortsetta med, berre med nokre få justeringar. For å få inn noko meir overskot for å få til det eg vil.

 

Så i morgon har eg ei plan. For å koma inn på sporet vil eg gje meg ein pangstart. Derfor skal eg gjennom eit regulert farvatn dei neste to vekene. Eg skal eta vanleg mat, men eg vil regulera sterkt energi inntaket frå dag til dag. Frå nokre hundre kaloriar til rundt eit og eit halvt tusen om dagen. I går handla eg inn til dei første dagane. Trur dette vil fungera for meg. For å få kroppen lettare fort. Det for at eg i neste omgong skal koma meg ut. For det er hovudfokus, eg vil verta lettare for å ta med ut – i dobbel forstand.

 

Det er plana og målet.

 

Kanskje blir det toppturar denne sommaren? Eg vil i alle fall ha det betre med fysikken min, og eg seier ja takk til det dei sist åra eg har att. Så da får vi sjå.

 

Så i morgon er dagen.

 

 

Sjåfør på laurdag

 

Innpakka i pledd sit eg her. Det er inn i hampen kaldt.

 

Løna for å væra snill er ikkje alltid så god. Eg sit her på ein iskald hybel og ventar.  Ventar på at tida skal gå. Akkurat det siste lika eg. For oftast spring tida frå meg, så at det er eg som ventar på den er ein god oppleving. Men ikkje at det er så kaldt.

 

Men eg held nok ut. Eg har ein varm kaffikopp ei armlengd unna. Kjøpte meg og berlinarbollar, berlinarbollar med vaniljefyll. Og akkurat det er kjempegodt.

 

I familien min har folk det med å verta godt vaksen. Eine morbroren min var 93 da han nettopp døyde. I dag var både han og mange fleire bedt i 95 års dag. Dama som feirar sit i rullestol og har gjort det sidan ho var ung. I dag bedte ho inn til selskap, og det er ho sjølv som har ordna opp. Feiringa var i byen, og faren min er ikkje i slik form at han kan ta buss. Så eg sa nokså snart at eg kunne køyra. Eg synest det er så fint dei får møtast. Livet er ikkje lengre enn at slikt må ein finna rom til. Plutseleg går folk ut døra til den neste dimensjonen. Og da er det ingen vits å angra det ein ikkje rakk. Så i dag er eg sjåfør. Foreldra mine og mor sin bror med kone, dei er i alderen 82 til 91. Dama er søskenbarn til mor og broren. Så der fekk eg forklart det…….vi kan ha det med å væra  nokså detaljer. I alle fall nokre av oss. Av og til.

 

Eg hadde ikkje så mange ærend, kjøpte inn litt mat. Til tida etter berlinarbollane. Den tida må berre koma no. Men eg kunne sette meg inn på hybelen til yngste. Så her sit eg. Klaprande kaldt er det altså, alt av varme var avskrudd. Trur eg skal let det stå på ein liten lunk når eg går. I morgonkveld kjem yngsteberta attende frå ei veke vinterferie. Denne helga er ho og vitjar syster si i Trondheim. Dei tenkte seg på Urørt på Samfunnet i går kveld. Så dei er i andre enden av skalaen, med ungdom og livet som byr. Dei skulle møte eine syskenbarnet sitt  og dele helga under same tak. Og i dag var dei alle tre bedt til syter mi. Familie er viktig synest vi.

 

No ser eg at tida snart likevel har gått. Eg skriv no med valne fingrar. Det skal bli godt å setja seg i bilen, plukka opp dei som har feira, køyra ombord i ferga, koma seg over på andre sida. Køyre dei to ektepara heim, dei bor berre nokre hus frå kvarandre. Trur ikkje eg legg inn noko besøk hos foreldra mine i kveld, men berre køyrer heim åt meg sjølv. Får tent opp i omnen og krype saman framom den med kanskje ein wokrett på tallerkenen. Og ha ein liten bit laurdagskveld før natta kan taka over.

 

 

 

Min kamp med småtrolla

 

Eg har ein lurande bjørn attom meg. Eg har eit troll som fiksar og miksar. Eg har nokre smådjevlar attom øyra. Til saman vert det ein gjeng småtroll.

Likevel greier eg meg. På ein måte. Likevel kan nok fortvilinga herje i meg når eg ser kva denne gjengen kan stella i stand. For dei lagar rot. Saman med retteprogram har eg erfart dei har rota så ettertrykkeleg og ille til at det faktisk har bikka over i humor. Ja, rett ut gapskratt. Når det vart ståande i ei årsmelding at eit spesifikt område skulle seksualiserast i staden for spesialiserast, da fekk latteren føter å gå på, for og seia det slik. Og eg fann ut at det var likare å le enn og gråta.


Når eg skriv noko, så kosar eg meg. Eg trallar og trivest. Har det beint ut supert. Heilt til eg les i gjennom det eg har produsert. For da har dette trollpakket snudd om på preposisjonane så det er ei floke og rydda opp i; med-, på-, til-, er liksom sett finurlig feil inn, så eg blir sittande og smaka etter kva som er riktig, for eg ser med augo mine at dette er feil. Likevel er det ikkje alltid like enkelt og føla kva ein som er den korrekte og bruka.


 Det neste dei gjær er å snu om på orda, slik at dei vert bakvende på ein måte. Orda må snuast på.


Det siste og mest irriterande dei gjer er å plukke ut bokstavar. Og det er ikkje så enkelt og oppdaga når eg les gjennom teksten. For hjernen er eit hjelpsamt organ, den tolkar og fortolkar om ein bokstav ikkje er med…….eller står feil. Eller…..så er det dette trollpakket som er ute no og. Eg trur mest på det siste.


Når data’n blir slege av, og i ly av mørkets mumlande mørke listar dei seg inn, snik seg langstrekt gjennom leidningar. Leiter til dei finn akkurat mine skrivne ord. Da set dei i gong med ein utspekulert aktivitet, dei plukkar bokstavar. Ikkje så mange, berre nokre få. Dei morer seg stor med og forandra d til g i med…vips….så står det meg. Da kniser dei skadefro og snirklar seg ut att gjennom leidningsnettet. Slik kan dei helda på over lang tid. Så når eg tek fram att ting eg har skreve finn eg alltid nye feil.


Er det rart eg vert temmeleg oppgjeve. Men dei stoppar meg ikkje, for eg synest orda som kan settast saman til så mykje er for artig. Så derfor må eg fortsette min slitsame kamp mot desse små lattermilde nurka.


For orda er for meg som fargane i eit bilete. Dei lagar kontrastar, komposisjonar, rytme – bokstavane er som paletten, fargerik. Så slik held vi på, småtrolla og eg. Og slik held vi kvarandre i aktivitet.

Akkurat slik dagen skulle væra

 

Heilt på tampen av ein dag er det godt med stilla. Berre henge og høyra på lydane som finnes rundt ein.

 

Vi er datafreaks. Yngste og eg. Vi har ramla saman ned data i fanget begge to. Så mor som dotter.

 

Men dagen har vore sosial. Mi lange, slanke troppa opp ved sida av meg frå ho sto opp. Det var bra, for i dag var denne mora ein tanke ut av konsentrasjon. Korleis brukar ein to hender til å få flyt når hovudet ikkje forstår enkel koordinering. Men det vart mat, og alt var klappa og klart når gjestane kom for å dele feittysdagen saman med oss. Ertersupa var ein tanke for salt, men kjøtet var godt.

 

“Eg synes Thank giving virkar så koseleg”, sa yngste i går, som nok har sett meir enn ein Amerikansk film. Ho fortsette resonnementet sitt med at feittysdag hadde litt av dei same element og den same kosen som den Amerikanske dagen om hausten.

 

Og dagen her hadde både mat og koseleg familiær stemning. Det var den vanlege gjengen; foreldre og syster frå nedunder.  Ho henta-, og eg køyrde foreldra mine attende. Der mi yngste, som også var med på køyreturen, tok ein gjennomgong av familieveggen, der både besteforeldre, olderforeldre, tippoldeforeldre og tipptippforeldre heng i glas og ramme. Der det var fleire Sivert’ar og Ola’er. Mora mi er spesielt oppteke av likskap, og delte ut med rund hand. Men vi er no alle som vi er.

No er vi heime. Da eg kom på badet tok eg bilete av Miranda, ho kom mest vekk på det grå golvet. Tenkte at det hadde vore eit fint motiv, berre måla ei grå flate også laga gylne strek for å laga omrisse av pusen. Så strekte ho seg og krølla seg saman vidare inn i søvnen sin. Da vart ho liggande likt med søstera si Cleo, to parallelle katter på badegolvet.

 

No bles det ute, vindauga skramlar. Dagen har inneheldt sol frå blå himmel, regn, sludd, kjempehagl, lyn og dundrene toreskall og til slutt skikkeleg fokk og rokk. Ein fin dag til å kosa seg inne i vart det. Det blir nok godt straks å legge seg til å sove.

 

Sol over alle haugar

 

Den skein to gong på golvet. Sola. Den dukka først opp i den eine kløfta,

 

……og så i den neste. Den varte ikkje lenge, men den var der. Eg sat der med ein sein frukost som vart avslutta med seigmenn frå i går kveld. Eg måtte da ha nokre menn i livet mitt på ein dag som i går.

Så hadde eg funne fram eit nytt, gamalt handarbeid. Det vart liksom litt flatt, fargane var plukka ut etter eit stoff eg har liggande. Men i går skjøna eg kva som måtte til for å få fram blomsteren så den ikkje så ut som eit kors. Eg prøvde meg fram med å brodera rundt. Fann ut fargane som fungerte, så da er eg i gong att – da skal den verta ferdig til denne sommaren.

Medan eg fekk denne dosen med sol skjøna eg at eg måtte laga fastelavnsbollar, berlinarbollar og ut å gå tur.

Det vart liv i lemmer og lår. Så eg kasta meg over deigen, vog og rota saman.

Eg måtte ut.

Uuuut!

Eg måtte ut i sola. Sol ikkje gå din veg før eg er i dine strålar – bad eg inni meg. I enkel tekst betydde det; ikkje tur i skogen, ikkje ned til sjøen og ikkje langs vegen. Men langs vegen på andre sida, i fjellvegen. Eg var redd eg ikkje rakk det.

Men eg gjorde det.




Over fjorden med utsikt heim

Plutseleg sto eg der i sola. Vegen var vårleg og sølete, for den vegen på andre sida er ikkje asfalttert (etter turen la boffen frå seg sandungar på stovegolvet).

– Å lange ut i sola var ei nyting, gå i sola med sjøen glitrande nedanfor vegen.



Høyre sildringa, drypinga og fossinga av alt vatnet som rann.

Eg tenkte eg skulle gå i 40 minutt, for det var så lenge deigane skulle hevast. 





Tyttebær som har overvintra

Men tida i sola liksom tikka vekk. Da sola forsvann attom fjellet, først da snudde eg. Og turen tok i staden ein time.



Men deigen brydde seg nok ikkje så frykteleg om det. Eg fekk baka ut, steikt i omn og steikt i smult, samtidig som eg laga middag. Så bad eg opp syster mi på kaffi og bollar etter eg hadde ete frå meg middagen, og ho var lettbedt.

 

No står det att og trilla søpla ned til vegen, for i morgon er det tømming.

Elles er eg litt snufsete. Det blas nokså friskt i dag, og kanskje var eg litt for vårleg kledd. Så i kveld får eg pøsa innpå med litt C-vitamin igjen.

 

I morgon er det vinterferie i fylket mitt, og yngste kjem heim i morgon kveld. Det er koseleg. Så eg kjem til å ta litt ekstra fri den veka her, men ikkje i morgon.

 

Ha ei riktig fortreffelege veke. 

Feit mat og grått i lufta

 

Ikkje heilt slik eg såg for meg, men bort i mot. Teppa er i alle fall fri for hundeull og kattehår.

 

Att og fram er det like langt er det sagt, men alle veit det er feil. Men eg kom meg fint både fram og attende frå tannlegen. Da eg køyrde over fylkesgrensa på  tur heim, møtte eg ein grå vegg. Den kom veltanes over fjellet, så den grå dagen vart enno tanken gråare.


Før brukte alltid tannlegane å seia “gap opp”, men det har dei slutta med. I eit innfall av og vera skikkeleg i møtekomande heldt eg på å seia at tannlegen berre måtte be meg gapa meir om ho (det er ei dame) ønska det. Ikkje vera redd for å spørja liksom. Men heldigvis er det ikkje så enkelt å seia noko når ein gapar, noko som er like greitt. Ein treng ikkje seia alle dumme ting ein finn på.

 

Etterpå for eg innom apoteket, eg held på å bli tom for tannkrem. Eg hadde lyst på ein nattkrem dei fører der, men den kostar litt. Men så tenkte eg at så snill mot meg sjølv skulle eg vera. “Har du Vitus kort” spurde ho attom kassa. Og det viste det seg eg hadde i korthaldaren min, det låg så stille attom sertifikatet og var avgløymd. Og da vart tannkrem og nattkremen rett så rimeleg, så neste gong eg er innom apoteket ska eg prøva…..ja, å hugsa.

 

Tok meg og ein tur innom matbutikken for å sjå etter feittysdagsmat. Og det hadde dei, ein heil kjøledisk full. Så da vart det salta saukjøtt, røkt giseknoke og enno nokre variasjonar til. Ein pakke gulerter fekk eg og med, og ein bukett roser. Eg kjøpte meg smult, kanskje eg kan få laga berlinarbolla, for det er så lett å tenkje at en får til både det og det. Så svelta i hel er det ingen fare for.

 

 

No har eg tenkt alvorleg. Eg tenkte eg skulle lage ein kategori til i bloggen. Kanskje den skulle heita transformasjon eller noko slikt. For når fasta er i gong, da bør eg……. Eg bør slikt eg skulle……..lenge……. Slikt som gje meg energi.

Og så får eg ein heil diskusjon inni hovudet mitt som eg ikkje orkar utbrodera no. Først får eg feira det eg kan, både fastelavn og feittysdag. Men Valentin får berre feira og fara sin eigen sjø.

 

Aller først skal eg feira fredagskvelden. Djupt i godstolen. I går laga eg 10 pizzabotnar. Så menyen er både enkel og klar, ja ikkje heilt slik etenes klar og så klart ikkje alle botnane, men det skal ikkje så mykje til før ein er ferdig.

 

Fredag den 13.

 

Det er denne dagen i dag ja. Eg bryr meg ikkje så mykje.

 

“Det er ledig fredag den 13..” sa dama på tannlegekontoret. Så eg noterte timen og skal sette meg i bilen om under ein time. Det er ein halv time og køyra. Eg er nok ikkje så overtruisk slik av meg. Reknar med at denne dagen er like grei som andre dagar.

 

I går derimot, syntes eg det var ekkelt å køyra. I skuggeparti låg eit tynt islag, så bilen vart ustødig. Da må ein berre bruka tida. Men dagen i går var vakker, fekk slik må-ta-bilete kikk medan eg køyrde.

 

I dag er dagen grå.

 

Når eg er heime igjen har eg slike planar ein frå gamalt av bruka å ha på fredagar. Og som dei mest ihuga framleis har. Men kanskje skal eg kjøpa meg ein bukett av noko som ein premie for at eg forhåpentlegvis føler meg slik greitt flink utpå ettermiddagen.

 

Brukar du å vaska i huset ditt kvar fredag?

 

Er du forsiktig på fredag den 13.?

 

Ha ein riktig fin og god dag uansett.