Eg er ingen alder, eg er eit menneske

 

Eg er meg uansett alder. Er ikkje du?

 

Eg er av dei som reagerer på babyspråk. For eg har nok alltid snakka med barn og brukt dei same orda som til vaksne. Som ung vart eg frykteleg flirfull da eg møtte ein jamaldring som snakka om sukehuse. Altså sa han sukehuse om sjukehuset. Men det var ikkje han sin feil, det var det som hadde vorte sagt til han.

 

Eg tenkte i min speiast barndom på vaksne som av og til, rett og slett, var litt dumme. Fordi dei trudde ikkje barn forsto noko eller hadde tankar. Tankane mine da var samanskrudd nokså likt som dei er no.

Som ung jente og opp til vaksen kvinne var det mange menn som snakka til meg på eit anna vis enn kva dei gjorde etter eg fekk eit par tiår til på baken. Noko som nok handla om når eg hadde den unge kvinna sin glød. Eg opplevde det som rart, for eg var det same menneske. Men eg skjønte grunnen, eg hadde ramla ut av den båsen der eg var som mest attraktiv. Den andre måten ein kunne risikere å bli snakka til var den skeptiske, for unge folk var kanskje ikkje heilt å lita på. Spesielt vaksne damer kunne ha noko visst nedlatande når dei snakka med ein.

 

Så går nokre år der ein blir snakka til som det vaksne menneske ein er. Får den responsen som ein synest er naturleg. Ein blir høyrd på. Men så skjer eit kraftig skile. Det er når dei mange år har laga grå hår. Når fotlaget ikkje er så stødig og rørslene er vorte saktigare. Da skjer noko forunderleg. Folk startar å rope når dei snakkar, og dei legg tonefallet litt høgt, som når dei snakkar til barn. Dei kan finne på å seie slike ting som “korleis er det med oss i dag” i ein overberande tone. Ringen er på ein måte slutta, ein er der ein starta. Ein har nok ikkje tankar og forstand lengre.

 

Dit er ikkje eg komen enno. Men foreldra mine, som berre har eit par, tre tiår framfor meg, blir ikkje sett på som fullverdige individ lengre. Dei er GAMLE. Betjeninga på butikkar vender seg mot meg når eg er med mor på butikkar der dei ikkje kjenner henne. Sjølv om det er ho som er kunden. Faren min får levert dosettar med medisin, og dei fleste som er innom hos foreldra mine opplever dei ikkje snakkar med dei, men til dei. Noko dei synest er frustrerande og gjer noko med sjølvfølelsen. Dei er dei same menneska dei var, hovud og tankar fungerer, men det er ikkje interessant lengre. Skjønar helsepersonell slikt skal tru?!

 

Eg har levd i over fem ti år som det same mennesket. Og eg har ein bit av alle aldrane eg har levd i meg. Eg har den forundringa eg opplevde da eg litt over året blei båre på arma til far og ser stålampa oppa frå. Eg sug i meg inntrykk som eg hugsar enno; lenestolane, golvteppet og det mjuke ljoset i stova før eg blei båre inn i mørket til soverommet. Høgt oppe i lufta, trygt båre av faren min, observerer eg og gjer meg opp meining. Nokre år seinare, enno mange år før skulealder, opplevde eg at eg vart skamfull på andre barn sine vegne, når dei snakka frekt til andre. Den respekten eg opplevde var riktig å ha for andre hadde eg da som no. Gleda over å kunne hjelpe, sorga som kunne rive like kraftig i ein da akkurat som no. Kor artig det var at det var artig er heilt det same. Og ha det fint med andre var ikkje annleis da. Det er berre erfaringane som har kome til.

 

I dag har vi ein agenda med at vi krampaktig forsøkjer å halda oss unge med kropp og klede samstundes som vi vert ubrukeleg som for gamle tidlegare. Folk startar å unnskylde seg før dei fyller førti om at dei har vorte så gamle – men for guds skyld, dei føler seg ikkje så der gamle. Å nei!!!

 

Nei så klart ikkje, dei er menneske som vi alle er. Men vi går i rundt og trur vi er ein alder. Når vi er ung, riktig ung, synest vi dei på nokon og tjue er gamle. Og eg skal innrømme at eg tenkte i fullt alvor og berre bli tjue, da – når eg hadde vorte så gamal skulle eg bli 16 igjen. Det var dei fire år der eg syntest måtte væra best, dei ville eg leve opp att og oppattatt. Korleis eg tenkte det skulle skje hugsar eg ikkje.

 

Eg kan fortsett i dag føla på opposisjonen eg følte i førleveleg tid. For eg er den same. Dei grunnlegganes tankane er der som dei var.

 

Eg møter barn eg synest er ekle, eg møter eldre eg synest det same om. Eg kan synest det er mykje trivelegare å snakka med nokon på 29 år enn 56. Oppleve at fellesskapet med menneske ikkje er noko som tilhøyrer alder. Når eg møter menneske er det mennesket eg møter, ikkje alderen. Det er tankane, interessa og det eit menneske er i kraft av seg sjølv som er interessant.

 

Det har lenge vore snakka om den yngste sjefen, den yngste politikkaren, den yngste arbeidstokken som noko ein smykke seg med. For det unge har vorte ut av proporsjonar viktige. Og ja, dei er viktige – for dei bær oss, menneskerasen, vidare med å føre nye ungar til verda. Om ikkje døyr vi ut.

 

Men alle aldra krev respekten som det er å være eit menneske. Vi er ikkje alderen, men det som bur i oss. Og alle har noko dei kan bidra med. Det er også ein verdi å verta gamal, det bør få lov til å vera ein verdi.

 

Eg trur når vi ein gong innser det, vil få eit modnar samfunn. Der alle har plass og respekt i kraft av det dei er, og der alle kan væra seg sjølve tilnærma det beste for alle.


 

Det bles

 

Vinden rusker i rundt meg. Den har herja nokre dagar.

 

Først blas hagl-elingar  over marka. Kvitt og sørpete, sporete og glatt vart tilvære. Så blas alt vekk, medan regne piska ein i ryggen. No ser ute-rommet ut som ein fullkomen vår. Mest ikkje ein snøflekk å sjå. Og eg trur nokså sterkt at om skyene held seg unna, vil eg sjå at sola har vendt attende. Til huset mitt og vårt her i bakken. Eg trur eg da kan oppleva denne strålande, lysande firkanten som kryp seg bortover golva og oppetter veggene og er attende med all si kraft, sjølve sola. Og ein påminning om våren som er i emning. For neste månad er den her.

Våren.

I tillegg skal eg henta meg ein stor bukett bjørkeris i dag. Sette den i vatn. For no til søndag er det fastelavnen. Med bollar og farga fjør.

 

I dag skulle eg eigentleg til Kristiansund, møter og slikt. Så skulle eg laga middag til yngste kom heim frå skulen. Men så kom mellomste heim og eg må hjelpe henne. Den hjelpa måtte eg gje høgste prioritering. Så middagen med yngste får eg ta ein annan dag. Møtet var det berre eg som la på meg at eg måtte, trur ingen andre syntes det var så viktig at eg var der. Og å sleppa ferga i blåst er heilt greitt. Ikkje så glad i rullande bøljar med kvalme på toppane. Så da gjenstår berre eit par må’ar, og dei skal eg hamla opp med i blåsten. Men aller først skal eg blesa meg ut for å blesa inn med ein stor bukket kvister. For å prisa våren med sol i bakkane og snøklokker og kvitsymrer under buskane i emning……..snart.

 

YES, eg kan

 

Snart er midnattstimen her. Så eg må snart sette strek for denne måndagen. Straks.

 

Men eg er svolta. Kan eg ta meg ei brødskive så seint. Å yes, eg kan…..men kan eg sette infintivmerket framom eit engelsk ord som ikkje ein gong er eit verb. -Det kan eg nok sikkert ikkje, men i kveld kan eg det også.

 

I dag har eg køyrd fort i vinden som ruska i bilen, ei føling av krefter og kraft. Eg har handla ein liter kefir til minstesyster, eg har båre ved for foreldre og hjelpa min vaksne far inne på facebook sin veden. Fekk og middag der, altså ikkje på facebook, men hos foreldra mine.

Eg har vore leksehjelp til mi hybelbuande yngste med hjelp av telefon og snapchat…….kva er det som ikkje går i dag liksom.

Og no, som ein god borgar skulle eg teke av sengteppe av senga, teke tøflane forsiktig av og set dei fint frå meg halveges stikkande fram under senga. Men ikkje denne dama, ikkje er senga oppreidd og ikkje har eg tøflar. Men brødskive har eg lyst på. Så kan eg skriva å framom yes, så kan eg iallfall ta meg ei brødskive.

 

Eigentleg

 

Eigentleg skulle eg ha lagt meg no. Eigentleg skulle eg ha gjort noko anna.

 

Tru eg skal finne fram c-vitaminene igjen. Eit lite c-sjokk. For eg er ikkje i humør, skrapa for humor. Eg synest mest litt synd på meg sjølv.

 

Ute bles det, og det regnar. Omnen held på å sloknar om eg ikkje får lagt inn ei vedskie. Men skal eg legge meg kan den berre slokne.

 

Helga er over med all vinden som har herja utanfor husnovene. Her gjekk det nok greitt. Men eg har ikkje sjekka naustet og det gamle fjøset.

 

I kveld er eg ikkje klar for ei ny veke, har berre lyst til å draga teppet over nasen og sova ein to, tre veker.

 

Eg har fortent ein liten fruktsalat på tampen av helga. Så no har eg laga meg det.

 

Men eg satsar på ei god veke likevel, for både deg og meg og oss alle.

 

Å gjera

 

Jippi, eg skimtar i den meir flinke sida mi. Det siste døgnet har eg gjort ting. Ting utanom det som er naudsynt.

 

Så akkurat no har eg det litt godt inni meg. Plana var å gjera enno litt meir, men eg er tung i kroppen. For den vil ikkje noko. Den er litt håplaus.

 

Men likevel, eg har fått den med meg litt.

 

I går vart det ikkje noko ball…….den trilla vekk. Plana var ikkje for far, han syntest det var for mykje snø og vêr og slikt. Og når ein er 91 må ein få lov til å synest det. Så i staden trilla vesle syster mi og eg innover til dei og der fekk vi servert potetkake. Det er også godt. Før vi køyrde til dei rota eg i gjennom  korga med handarbeid, og opp tok eg ei strikking som har kvilt lenge. Den vart med, og eg fekk sauma inn alle trådane både på bolen og ermene. Og så fekk eg plukka opp til halsen.

 

For ikkje alt for lenge sidan fekk eg og avslutta eit jakkeprosjekt med hjelp av mor. Det tok eg og med. Knapphola vart alt for store, og knappane eg har i vil eg ha i. Så fekk eg sauma dei inn i går, så no dett ikkje kneppinga opp og jakken kan brukast.

 

I dag kledde eg på meg og fekk starta på ei plan. Eg har styra mykje med ved i periodar.

Og så er det eit la som står ute, og det står under eit tak – slik at det dryp ned i det. Inne i vedboda er det ikkje plass til noko meir.



Så fann eg ut at eg kanskje kan stabla inne under trappa. Da vil veden tørka. Så hadde ei lita økt med å trilla inn ved. Synest ikkje det har noko å seia om det ligg ved her under trappa.

I morgon er det meldt skikkeleg med vind, så plana er å koma meg tidleg opp for å reisa inn til butikken. Skal handla til foreldra mine, men må koma meg heim til vinden er meldt vil auka.

 

Grøn juice og pust

 

Natta var lang og drøymane var mange. No er dagen her og eg er i gong.

 

Nokre av det som rulla over natta sitt lerret var riktig plagsamt, det flagra folk i mange utgover i alt eg drøymde. Eit godt teikn på at no har det vore for mykje aktivitet for meg. Bra resten av veka har eit anna tempo.


 Eg la meg halv tolv i gårkveld og vakna litt over ti i dag. Det vart ei lang natt, er mest øra her eg sit med frukosten min. Grovt rugbrød med solsikkekjener og valnøtt i. Godt med levepostdei og rødbeter. Ein kopp kaffi til. Og eit glas med heimlaga juice.

I dag tok eg ananas, grønkål, sitron, eple og ingefær.



Det smaka godt. Eg kjøpte meg denne juicemaskina i fjor ein gong. Det var eit tilbod hos Coop, så den var ikkje så dyr. Når ein har for mykje frukt og grønsaker som held på å verta for modne er dette ein kjempefin måte å få utnytta dei. Det einaste er at det blir mykje avfall og reinhalde tek litt tid. Men avfallet kan brukast, ikkje minst om ein har kompost.

 

Eg har allereie set i gong ei vaskemaskin med klede. Straks skal oppvaskmaskina køyrast i gong. Eg har også ein haug med papir eg må gå i gjennom og ein gjennomgong av rekneskapet mitt kan væra greitt. Og så har eg ein stabel av ved som ligg ute. Har ei plan om å legge opp ved under trappa, trur det kan være lurt og trur det vil fungera. Og så var det denne turen etter ball, potetball. Ser snøen er våt og minkande, så det bør gå greitt og sitte på i ein bil under slike føreforhold.

 

Så her postar eg ein kvardagsrapport for dagen før eg fortset med den.

 

Ha ein god dag i februar, uansett kor du her. Og så kjenn etter om du pustar godt inn heilt ned i tærne og ikkje berre øvst oppe i kroppen din.

 

Parantesa med utfyllingane

 

Så sit eg her igjen. Full utkopling etter fire timar i bil.

 

 

Ferdigpizza og tende t-lys er tingen i kveld. Eg har ete middag, men hadde så lys på noko salt når eg ville væra komen heim (trudde eg, og det stemde). Så stoppa på den profilerte plassen Kyrksæterøra, godt oppøvd som eg er til å seia heile namnet, slik ein er når ein bor i nabokommunen……men Øra funker godt i daglegtale eller Kjersøra som innfødde visst nok skal seia (dette vart ei lang setning). Eg har aldri høyrd det eg (altså den uttalen på namnet), men det har mindre betyding, berre det det er sant, for om ikkje lyg eg.

 

Her er skrivestolen min.

Pizza med pesto og mozarella er godt. Eg kjøpte meg til og med ein sjokolade. Hadde lyst å kommentera min sunne handel da varane trilla over trillebandet, men slo det frå meg som uinteressant snakk.

 

I morgon-, i morgon skal eg ikkje gjera det slag – litt omskriving av ein rimeleg kjend tekst. Eg skulle -, men skal ikkje likevel det eg brukar. Det er så fantastisk fantastisk at eg fann på noko å gjera med ein gong. “Skal vi -” sa eg, “dra inn på Kyrksæterøra for å eta ball (legg merke til at eg brukte heile namnet på staden)?” For akkurat det kan eg ikkje til vanleg når eg gjer det eg brukar til vanleg (altså å dra inn på Øra på ein vanleg torsdag kan eg ikkje gjera vanlegvis). Det var mor eg stilte spørsmålet til da eg var på tur heim. Så du skjøner eg sat i bilen……. “Vi får sjå på snøen” sa ho. Sa da får vi gjera det i morgon, sjå på snøen og kanskje eta ball.

 
Sjå kor trøyte augo eg har i kveld, og ser du det ikkje så tru meg på mitt ord, for her snakkar eg sant heilt sikkert :).

Trur det vert ein tidleg kveld i kveld. Og ja, det har vore ein alle tiders dag. Berre at slike dagar kan kunsten og knuse energi. Så no treng eg enkelt ei lang natt, så er eg der (og her) att.

Nattinatt !

 

 

Kvitt med blomar på

 

I kveld er eg trøtt og det er akkurat det eg skal være når det er kveld.

 

For lang dag, men eg fikk unna meg mykje. Slik er fint. No er det avslapping i stolen medan vaskemaskina vaskar seg ferdig. Det er tomt for truser i skuffa, så da var det berre å gjera som er har gjort. I morgon skal eg opp gørrtidleg for å legge ut på landevegen. Innover i landet bærer det etter kvart. Trur dagen vil verta triveleg. Vil treffe damer det er lenge sidan eg har møtt. Eg køyer ei intensiv veke, men etter morgon er det mest helg.

 

I dag var eg hos legen. Fann ut at det var likast og fortsetta i same sjukemeldingsprosent. Tenkte at eg kunne auke ut, men nok ikkje så lurt enno. Blir for fort for klar.


 Da eg kom heim skifta eg vatn på blomar og skar stilkar. Eg er så glad i blomar. Spesielt gjer dei godt den tida vi er i no. Vil gjerne dei skal vara kjempelenge. Det hjelper og stella dei.

 

Og så har vi fått snø. Så det er kvitt og glatt. Og i dag……..det synet skulle eg gjerne ha vist deg. Men eg hadde ikkje tid til å stoppe opp. Da eg kom rundt ein sving stikk eit nes ut i sjøen. Det var så klart kvitt av snøen. Sjøen var for så vidt kvitgrå også. Men akkurat framom det kvite neste var sjøen ljosblå og det kvite neset spegla seg i den. Og det var ljosblå himmelen over. Det var så vakkert at det var mest som det sokk inni meg.

Blomar og snø.

Det er vakkert.

 

HEIM!

 

I ro og mak etter ein lang dag. Før ljoset slokkes for natt og drøymar.

 

Eld i omnen og ein stor kopp te. Nett vridd nøkkelen om i mi eiga dør. Ei lita stund i stolen med data i fanget må eg unne meg. Det er så utruleg godt med litt tid for seg sjølv på slutten av ein dag.

 

Desse dagane. Dei går så fort, så fort. Ja, veit det betyr at vi snart er komen fram til våren. Men det betyr også at den snart er over. Huff, dette vart kanskje litt drygt. Bomper over temaet.

 

Det har vore helg. Det er måndag. Det har snødd. Gradene ligg rundt 0 og eg pakkar i meg c-vitamin. For sjuk vil eg ikkje verta, sjølv om kroppen er litt ruskete. Eg har vore hos foreldra mine. Med rester av maten etter helga. Så da vart det middag på meg og. I helga feira vi fødselsdagen til far, med halvparten av barnebarna til stades. Dei to i Oslo og den eine i Bergen var ikkje med. Trur nok alle hadde nokre fine timar saman.  

 

Vi hadde det her hos meg. Det betydde i praksis at det vart gjort ei grundig rydding. Dotrene mine og eg var einig at det var bra vi hadde det her og fekk ein gjennomgong av heimen. Så å kome heim til ein rein og ryddig heim er godt.


 

Høyrde på radioen ein dag at folk som er for ryddig, for detaljert, vil ha problem med akkurat og ha det ryddig. Der har du meg. Mellomste søster kommenterte i helga korleis eg reagerte med misnøye når koppar var set feil inn i skåp. Det var heilt riktig, og er……eg likar ikkje at folk set ting på feil stad. Eg strever etter system over alt. Men eg har gjeve opp. I alle fall i mange år var eg nøydt til å oversjå systema. Men eg nyt det når det er tilnærma.  

 

Det ser kanskje ikkje slik ut hos meg, men eg trivest best når det er eit system. Sjølv om eg ikkje anar kor lesebrillene mine er for tida :).

 

No skal eg straks pusse  tenner og byssan lalle. Men først ein liten dose c-vitamin.

 

Riktig god natt.