Pannekake til frukost

 

Pannekake med bær og kesam er godt til frukost. Spesielt når det er helg og kanskje betre tid.

 

No er nettopp ei helg over. Yngste og eg kosa oss med pannekake både laurdag og søndag. Søndagen hadde vi igjen frå laurdagen.

Dette er enkelt å laga. Sunt trur eg også eg vil påstå, for her er ikkje bruka verken sukker eller kvitt mjøl.

Her skal du få oppskrifta, om dette kan friste:

Bananpannekake med havremjøl

2 bananar

2 egg

2 dl havremjøl

2 dl havremjølk

1 ts kanel (evt. meir)

 

Bananane kan godt vera godt modne. Først blir bananane mosa. Har så i egga, havremjølet og havremjølka i. Eg bruka foodprosecor, da går det fort. Ein kan så klart buka havregryn og vanleg mjølk.

Steik små pannekaker i panna, bruk gjerne kokosfeit å steike i.

Vips så er pannekakene ferdig.

Saman med bær, slik som vi bruka no i helga; blåbær, bringebær og jordbær. Og så ein klatt vaniljekesam.

Vi drakk grøn te til medan det brann varmt på omnen og etterpå var vi klare for dagen.

 

Bon appétit.

 

 

Sola skin og eg drikk grønt

 

Torsdagen glitrar. Til og med inne, sjølv om det er støvete. Fordi sola skin.

 

Eg sit her og ventar, på at eg kan eta. I går starta eg på att. Og verknaden var der med ein gong. Så no har eg ein kropp som er på parti. Men eg likar ikkje å putte slikt i meg. Likevel var det fantastisk. Eg var framom mor og far, eg svinsa i rundt, opp og ned av stol, utan kamp.

I dag har eg ikkje heile dagen heime. Det har vore godt med ein heil dag her. Ute og inne….ute i sola for glede og inn for å få vekk støvet.

Denne helga blir vi fleire. Er ikkje heilt sikker på kor mange, men jentene kjem i alle fall.

 

No skal eg laga min grøne juice. Den skal være reinsande. Reinsar kanskje litt ut av det eg ikkje er så glad for å ta. Trur eg snart har drukke den kvar morgon  i ein månad. Den er ein god start på dagen.

Den er laga av:

2 epler, 3 cm squash, 3 cm agurk, 2 cm ingefærrot, 1/3 sitron, ½ selleristong og ein neve spinat

Så puttar eg det i juicemaskina og får ein god, grøn juice ut.

Prøv den ein vakker dag. Om du kan og om du vil.

 

Men uansett, ha ein vakker dag.

 

Juice og søvn

 

Juice og søvn har ingenting med kvarandre å gjera, anna at det handlar om dagen i dag.

 

For da eg vakna etter ti timar søvn var eg alt for trøtt. Og alt med at eg ikkje skal noko før i ettermiddag, kraup eg under dyna igjen. Så sov eg like godt eit par timar til.

Tru eg held på å verta ung eg, dei skal trenga mykje søvn.

 

Da eg endeleg var oppe for dagen kom eg på at eg berre hadde frosne

brød. Men til sist helg tenkte eg å laga juice og kjøpte inn ingredienser. Det orka eg aldri å laga.

 

Derimot vart det juice i dag. Den vart laga av:

1 eple

1 appelsin

1 kiwi

¼ ananas

2 cm ingefær

 

Det vart eit stort, søtt, sterkt glas som reiv litt. Følte kroppen vart riktig glad.

Etterpå vart det ein kopp kaffi.

Så får eg tru at brødet tinar såpass til eg må dra, slik at eg får meg med ein matpakke.

Blir nok ein bra dag dette.

 

Kor mange timar søv du om natta?

 

 

Av og til

Av og til klaffar det. Heilt perfekt. Slik som med middagen i kveld.

 

Eg skulle gjerne vist eit bilete. Eit bilete med smak. For dette vart berre så godt at det var ein fryd. Heilt overraska over at smaken vart så god.

 

Klokka var mange da eg kom heim. Måtte få i meg noko mat med ein gong, og hadde nokre havre- og banan plettar i frysaren som eg tina opp. Da klokka var halv ni forsto eg at no måtte eg koma meg ut om eg skulle få til denne turen min.

Men først skrua eg på omnen,

fann i eit lite stykke laks som eg la i folie. For middag må ein ha.

Skar opp ein halv, stor søtpotet,

ei lita persillerot,

la over nokre spinatblad og

kutta eit fedd kvitlauk.

Salta og pepra,

tok over nokre dråper med olje med basilikum i og ein dasj sherry.

Sette det inn på 180 grader.

 

Så gjekk boffen og eg ut. Første bort i vedboden og fylte ei veske med ved. Etter det tok vi turen ned til vegen.

“Sitt” sa eg til boffen, og han sette seg.

“Klar” sa eg da ingen bilar kom.

 

Vi tok vegen ned til sjøen. I tussmørket. Sjøen låg heilt spegelblank og prikkete etter dei ørsmå regndråpane som falt. Fjøra var fotsid. Marsfjøre i april. Boffen er ikkje så begeistra når eg blir ståande heilt i ro og berre sjå. Eg synest det er godt å kvila augo i naturen, formane, kontrastane, fargane – det gjer så godt for balansen som menneske. Boffen startar å pistra når det går for lang tid med slik balansering. Han synest nok ikkje like godt om det han.

 

Vegen attende var enno mørkare og ikkje minst brattare. Men fjør i hatten, eg kom meg ut. Heime kasta eg nokre vedskier inn  omnen. Så tok eg ut maten. Den hadde stått i omnen mest ein time. Eg la alt på ein tallerken og tok med meg eit stort glas vatn. Og så smakte eg!

 

Det er eigentleg berre å seia nam, nam, ikkje ofte eg er så tilfeldig heldig.

 

Men av og til…….kan det skje :).

Rug fruktbrød

 

Dette brødet er godt med salt kjøttpålegg, eller bare smør på.

 

 

Oppskrifta her har eg fått av mi yngste søster. Dette brødet må du starte opp med eit døgn før det er ferdig. Kanskje om kvelden når nettene er lange….

 

Deig 1

 

Først tar du ein

¼ pk gjær og smuldrer i en bolle

3 ss honning

1 ts salt

Dette rører du saman, gjæren vil “smelta” i blandinga.

 

6 dl lunka vatn

6 dl grov rug

Blandast i gjærblandinga. Dekke så til bollen og let blandingen stå natta over til neste dag.


 

 Deig 2

 

4 dl grov bakst (grov sammalt kveitmjøl)

2 dl kveitmjøl

(2) 1 ss støtt koriander

1 ss kanel

10 mjuke svisker som skjæres i biter

10 mjuke aprikos som skjæres i biter

1 dl rosiner

100 gram heile mandlar

 

Dei to deigane eltast godt saman.

Slå den opp i ei form på 2 liter og press deigen godt ned i forma, prikk med ein gaffel. Etterhev i ein time.

 

Sett den inn i forvarma omn, gradane skal være 200. Sett brødet på nedste rille og steik det i 70 minuttar. Det var slik eg gjorde det. Men ser at i ei anna oppskrift med same brødet står det at det skal steikast i 70 minuttar og så ta det ut av forma og steik det 10 minuttar til.

Eg gjorde noko artig denne gongen, for både rosin og svisker som eg hadde i skuffa var litt harde. Så eg koka opp vatn og slo over dei, slik at dei mjukna. Den krafta som vart av dette pensla eg det varme brødet eller brøda med da eg tok det ut av omnen. Det var eigentleg ikkje så dumt. Brøda fekk ein fin glans, for eg dobla oppskrifta og laga to brød.

Dette er eit kraftig brød med mykje å tygga på. Eg brukar å lage det til jul. Så til julefrukosten 1. juledag er det eit av brøda som vert sett fram. Da skal frukosten vara lenge og tida til å tygge og ta inn alle smakar og stemningar være der. Tida til å nyta innsatsen før jula ringde inn.

Eg fekk lyst til å skrive god jul no….men det får venta litt til. Men ha ein riktig god og fin dag.