Av og til klaffar det. Heilt perfekt. Slik som med middagen i kveld.
Eg skulle gjerne vist eit bilete. Eit bilete med smak. For dette vart berre så godt at det var ein fryd. Heilt overraska over at smaken vart så god.
Klokka var mange da eg kom heim. Måtte få i meg noko mat med ein gong, og hadde nokre havre- og banan plettar i frysaren som eg tina opp. Da klokka var halv ni forsto eg at no måtte eg koma meg ut om eg skulle få til denne gåturen min.
Men først skrua eg på omnen,
fann i eit lite stykke laks som eg la i folie. For middag må ein ha.
Skar opp ein halv, stor søtpotet,
ei lita persillerot,
la over nokre spinatblad og
kutta eit fedd kvitlauk.
Salta og pepra,
tok over nokre dråper med olje med basilikum i og ein dasj sherry.
Sette det inn på 180 grader.
Så gjekk boffen og eg ut. Første bort i vedboden og fylte ei veske med ved. Etter det tok vi turen ned til vegen.
“Sitt” sa eg til boffen, og han sette seg.
“Klar” sa eg da ingen bilar kom.
Vi tok vegen ned til sjøen. I tussmørket. Sjøen låg heilt spegelblank og prikkete etter dei ørsmå regndråpane som falt. Fjøra var fotsid. Marsfjøre i april. Boffen er ikkje så begeistra når eg blir ståande heilt i ro og berre sjå. Eg synest det er godt å kvila augo i naturen, formane, kontrastane, fargane – det gjer så godt for balansen som menneske. Boffen startar å pistra når det går for lang tid med slik balansering. Han synest nok ikkje like godt om det han.
Vegen attende var enno mørkare og ikkje minst brattare. Men fjør i hatten, eg kom meg ut. Heime kasta eg nokre vedskier inn omnen. Så tok eg ut maten. Den hadde stått i omnen mest ein time. Eg la alt på ein tallerken og tok med meg eit stort glas vatn. Og så smakte eg!
Det er eigentleg berre å seia nam, nam, ikkje ofte eg er så tilfeldig heldig.
Men av og til…….kan det skje :).