Må berre igjennom

I dag har eg stabla meg bort til pc’n, og det er bra. Går rette vegen da.

 

Eigentleg skulle eg til Molde i dag, på eit spanande seminar om kjeldekritikk. Eg gledde meg til dagen, men eg skjøna i går at det berre var å kasta inn handkleet, så eg sa i frå om ståa.

Eg har bjeffa meir enn hunden, når han høyrer dyr på utsida, gjer. Sår i mellomgolvet.

I natt fann eg vegen til kjøleskåpet, hadde eg noko eg kunne bruka……og trur du ikkje, der sto ei flaske med hostemikstur mot tørrhoste. Det hjelpte.

 

Og no som eg skulle i gong med mitt supersunne liv……

Men det er berre ei utsetjing.

I dag er eg nok feberfri, og har tenkt meg jobb i morgon. Men eg trur eg berre får stå over treninga på ettermiddagen, er sikkert ikkje så lurt å pesa seg gjennom sirkeltrening med hostebøyer og rennande nase. Trur kanskje eg skal helda folk litt bort frå meg.

I dag koka eg på kaffien og bad opp leieboaren min. Ho torde å kome.

 

Ei venninne vil vi skal reisa til varmen – vi starta å snakka om det i november, eg har meldt meg på ei hotellhelg med spa, og før sommaren skal eg på opptrening…….jau, det skjer visst meir rundt meg enn på ei lang stund.

Og vekta går riktig veg.

Så det er mykje bra.

Leddgikta er ikkje heilt under kontroll ennå, men det blir etter kvart.

 

Til slutt blir dette overlags bra, ein drittforkjøling må eg vel tåla!

 

Når det ikkje går heilt på skinner…

 

Opp og ned som ein skinnfell er det eit ordtak som heiter. Det kan være konklusjonen av den veka her.

 

For eg skulle alt, og gøyv på veka med alt eg hadde.

Men da fredagen kom måtte eg ta fram ekstra energien og meir enn det. Eg vil gjerne fortelja om dagen, for det er aldri langt mellom tragedie og komedie. No hadde fredagen ingen av delane, berre eit snev.

 

Far skulle til optikar, der vart eg beordra til å væra med inn av herr optikar. Der sette han i gong å ta åt meg fordi far ikkje hadde møtt på siste time. Kva eg sa høyrde han ikkje på, han berre helt på det han sa. Far trudde han nok ikkje var tilregneleg.

Men undersøkinga var gjort, det var det viktigaste.

 

Eg hadde planlagt dagen, kvar eg kunne finne rullestol osv. Far har ikkje balanse, nevropati heiter det han har. For eg skulle hatt ein sjekk på augo mine. Fekk plassert mor og far ved eit kaffibord, før eg fauk dit eg skulle. Berre for å få vite at optikaren var sjuk og at dei hadde sendt ei melding som dei ikkje hadde fått sendt. Viste det seg.

Resten av dagen gikk greitt, men da vi køyrer i land frå ferga viser det seg vegane mest var uframkommeleg. Så det var berre å ta det riktig roleg. Nokre stadar var det brøyt. Vi bruka laaaaang tid, men tilslutt kunne vi køyra av der foreldra mine bor.

Eg tenkte med gru –.

Det er bratt opp til dei. Og sjølv om vi møter ein svært behjelpeleg brøytar, så kjem vi oss ikkje opp.

Far blir stabla ut, eg tek han i arma, sjølv har han krykker – og attom går mor å skubbar på. Eg var redd for at ho kunne detta også. Ho fortalte etterpå om føtene til far, som sto både på kryss og tvers.

Etterpå kom eg meg ned for å henta varene i bilen. Eg greidde også å manøvrere bilen ned att, utan at den starta å skli.

Har erfaringar frå den vegen der.

 

Heime hos meg sjølv var det heller ikkje mogleg å koma seg opp. Før eg går ut av bilen får eg melding frå ho ned i kjellaren, at katta hadde dratt inn mus.

Eg sendte ei melding om at det var nok no.

Døra står open inn i vindfangen og framom mi dør var det stabla fullt av tunge sofaputer.

 

Men eg er snart ved målët, gle meg til å tenne opp i omnen. Mus har eg ikkje kapasitet for.

Oppe oppdagar eg spy, og ikkje vanleg spy, men hundemat blanda med noko fryktleg seigt. På teppet også. Eg får skrapa opp etter beste evne. Dreg ut teppet, men da har eg ikkje krefter til å gå ned å hente sko. Går ut i sokkelesten. Dei er av ull.

 

Så kan eg endeleg sette meg på do, men rullen med toalettpapir står igjen i stua……og da eg skal ta opp ein rull…….viser det seg at det er tomt! Vi har vore fleire i huset ei stund, da er det ikkje like enkelt og ha oversikt over slikt.

Da hadde eg berre igjen å ta sprøyta, tek den fredagskvelden……..den er berre så ekkel å ta, skikkeleg bra avslutning på dagen.

 

Slik kom eg til endes av fredagen.

 

I går var eg sjuk. Hosta og pøsa på med c-vitamin.

Ikkje super i dag heller. Veit ikkje om eg tør besøkja faren min, som fyller 94 år i morgon. Eg vil ikkje smitte han.

 

Men eg satsar på at alt er så mykje betre når ein ny dag står opp.

 

Dette var avslutninga på mi veke, som eg elles er rett så fornøgd med.

Bruka sikkert berre noko opp for at alt blir så bra at, framover.

 

God natt!

 

 

Heime hos seg sjølv

Eg hadde for lite ved til å tenne opp no da eg kom heim. Men det går bra for det.

 

Koka meg ein kopp te og fann fram litt mat.

Det er nokre timar sidan eg reiste heimafrå. Til levering av bil, jobb og slikt.

Etterpå kom eg meg i bassenget. Første gong på nyåret. Det var så godt å kjenne det varme vatnet rundt kroppen. Godt etter gårsdagen også. Kjenner eg hadde bruka noko som ikkje hadde vore i bruk på lang tid.

 

No er kvelden her. Snart natt. Det skal verta fantastisk godt å legga seg.

Bilen har fått ny olje og nytt filter. Pengeboka mi sukka tungt. Men det er viktig å koma seg både fram og framover.

 

Eg sender melding åt barna. Dei har vore på ein filmfestival og sett film. Yngste var med med eit par filmar, kortfilmar. Fekk melding om at det vart ingen pris. Men mellomste fortalte at det var koseleg å henga saman med broren, søstera og kjærasten sin. Og trivsel er det viktigaste.

 

Eit lite glimt av min dag.

Ein fin dag.

Det håper din dag var også.

 

 

I flow rett opp

 

Av og til skjer berre alt eg tenkjer av seg sjølv. På ein måte…..

 

No er eg nettopp komen ut frå ein varm dusj. På omnen fresar vegetarburger av raudbete. Snart middag.

Da eg vakna til dagen tenkte eg; eg må pakka veska…….for i neste omgong tenke; neeeeiiiii, inga veskepakking for meg.

Da eg skulle ut døra fann eg fram treningsklede og sko som eg plasserte i ein bag likevel. Og så for eg ut døra. Eg trong ikkje gå, sjølv om eg hadde klede med meg. Tenkte eg.

 

Det starta eit lågterskeltilbod i kommunal regi i dag.

 

Det nye året har trening i fokus………jaaaa, eg veit. Svært originalt av meg. (I tillegg brukar eg å seia at ein skal væra forsiktig med ironi når ein skriv).

Eg har meldt meg på eit program som Norsk Revmatikerforbund har kjøyrd i gong. Forslag på intervalltrening og styrke som blir sendt oss. I dag fekk eg strikk i posten.

I går hadde eg bla. ein time hos fysioterpaut på revmatikeravdelinga da eg var på St. Olav i Trondheim.  

“Du får vel ikkje treninga tilpassa deg der”, sa ho til meg.

 

Og det hadde ho så klart heilt rett i.

 

“Eg trur det er nok at vi får trena opp musklane i låra først”, sa ho.

“Og du skal ikkje overdriva når områda er opphovna av betenning” sa ho også.

 

Så derfor tenkte eg kanskje ikkje det var så bra å væra med på opplegget i dag.

Men da klokka var der henta eg bagen.

Da eg sto i treningshallen, var eg var skeptisk. Korleis skulle eg koma meg ned på golvet??

Det er berre det at det alltid er råd. Når treningsmatta vart lagt ved ribbevegg kom eg meg både opp og ned.

 

Med andre ord, eg har vore å TRENA i dag!!!!!

Det var godt!!

 

Og i morgon er det basseng.

 

Våren er rundt svingen, på bordet har eg kjøpt meg teikn på det.

Og no skal eg eta burger med mykje salat og kjenne meg mest litt perfekt ei stakket stund.

 

Ha ein riktig fin kveld :)))))).

 

 

Langt ut i året allereie

Det nye året tok eit langt steg inn i seg sjølv. For berre å væra i gong antakeleg.

 

Og eg heng med.

Men i morgon er eg gong på ordentleg.

For her har det på ein måte vore unntakstilstandar. Eg fekk ein sjukling i hus. Ei lang litajente som fekk time for å ta mandlar.

Endeleg.

Etter fleire år med problem.

Vi kom oss heim att andre dagen, med is og super og smertestillande.

Etter vel ei veke var mi lange, slanke gått ned alt for mange kilo. Så etter kvart som fast føde kom på menyen vart den heller feit. Mi slanke plan måtte settast på vent.

I kveld er eg heime igjen. Til tomt hus. Dvs. dei firbeinte er her.

Vi reiste på nok ein Trondheimstur i går, for i dag var det min tur – full sjekk og kontroll av mi helse.

Eg fekk med meg treningsprogram heim, musklane er liksom ikkje heilt der dei skulle væra. Det er bra alt som kan gjerast noko med. Og det trur eg på. Sjølv om eg ikkje er i ein super periode no. Litt  ekstra oppfølging her og litt anna medisinering. Men dette er så frykteleg uinteressant -.

Men eg er i gong med å finna ut meir om meg, og korleis eg skal bli…….kanskje rett og slett bra!!

 

Eg gle meg på å ta fatt.

 

Med sola lurande attom fjellranda og lyset strekkjer seg både mot morgon og kveld.

 

Eg håper alle eg ikkje har fått tid til å følgje med har det bra-.

 

 

 

Nytt på nytt

 

Plutseleg var det over, og noko nytt er på gong. Medan alt er ved sitt gamle.

 

Eg har lese mange innlegg på fb som startar med “det har vore oppturar og nedturar” og variantar over denne ordlyden -.

Sjølv datt eg ut av nettverdene da året gjekk mot slutten.

 

I dag tok eg fram datamaskina.

Den har ikkje forbetra seg i det nye året. Den er like vanskeleg å skriva på. Bør til å vurdera ei ny, skrivegleda vert øydelagt når tastane ikkje virke.

 

No har eg tent på talgljos og skal kosa meg her. Like før kvardagen.

Ute skin ein måne som er full.

Her har det vore jul. Jul slik den har vore dei siste åra. Med mat og folk. Logistikken med senger og soveplassar gjekk opp. Vi starta faktisk ein dag før, på veslejulaftan. Med lutefisk. Og maten har vore sentral.

Tru kroppen min reagerte negativt på jula. I alle fall fekk den eit tilbakefall. Så eg er spent på nyåret. På kor mykje mat har å seia. Eg forskar på meg sjølv.

 

Eg skulle prøve å tenkje over året som har gått. Oppdaga at ingenting utprega seg, anna enn at eg fekk denne diagnosen, smertene føråt og håpet og gleda etterpå, da alt roa seg.

Det var ingen store turar, reiser og hendingar som sit att. For slik kan det også vera.

 

For det nye året gle eg meg på salatar og frø. På fortsetjinga til mindre kropp. Sjølvsagt har jula ført meg noko attende, det var forventa ville skje. Eg kom meg ned 1/3 og har att 2/3 før eg er ved målet. Eg har sagt ja til opphalde på Tenerife. Ut på året skiftar eg tiår, det er ein rar tanke. Litt hysterisk morosamt, at eg har vorte så vaksen. Eg har sagt eg ynskjer meg konsert av og med barna.

Vi får sjå.

Til hausten er det 40 år sidan eg starta på det som kallast Staten kunst og håndverk skole. For ei stund attende kontakta eg dei eg starta saman med, om vi skulle møtast. Fekk positiv respons, men er usikker på kor mykje eg kan engasjera meg.

 

Det er ein ting eg har vorte mykjeflinkare til; eg stressar ikkje like mykje, eg har slutta og tøygd strikken, slik eg gjorde.

 

Livet folkens…..det er det som skjer heile tida. Ikkje det som har skjedd eller det som skal skje. Jau, det er det også…..men mest er det det som skjer akkurat no.

No!

Samle på dei fine dagane, og bruk dei negative dagane til noko som fører til noko positiv.

 

Godt nyttår!