Vintervegane

 

Vala ligg alltid framom. Det å ikkje vela er også eit val. Nokre val har for høg pris. Alt for høg pris. Dei vert for store…….

 


Ytterdøra var ikkje låst, men elles var det berre ljoset i gongen som sto på. Huset sov og ho kjende at ho var trøyt. Turen heim var krevjande. Det hadde vore holke mest heile vegen. Da ho skulle køyra inn porten ville ikkje bilen lystra, den sklei forbi sjølv om ho svinga.

Både turen dit og attende hadde vore ei utfordring, men no var ho endeleg heime. Klokka hadde passert midnatt med ein halv time. Ho hadde sagt at ho sikkert var heime i ti tida. Det var møte i bygdekvinnelaget og møtet var i ei lita fjellbygd med bratte og krunglete vegar. Ho pust letta ut over å kunne låse døra attom seg, og at turen hadde gått bra.

 

Ho fekk ordna seg og kome seg i seng. I senga låg ektemannen og prusta og sov. Ho la seg attom ryggen. Han hadde godt sovehjarta og hadde vist ikkje noko bekymring for henne som var ute. Ikkje hadde han ringt for å sjekke korleis det gjekk med henne på glatta før han la seg. Og ikkje tok holka frå han nattesøvnen.

Ho kjende på det gamle sinnet. Kunne han bry seg så lite om mor til barna sine?

Ho huska da ho gjekk gravid med førstemann og det var vinter, holke da også. Han hadde ikkje brydd seg om å strø oppkjørselen, fordi han hadde ingen problem med å gå stykket. Ho hadde eit bekken som vart så vanskeleg, derfor torde ho ikkje utfordra skjebnen med isete vegar.

Like før ho sovna kom ein av dei vondaste episodane opp, ho var gravid da også, med sistemann. Det var vinter og slaps. Ho skulle møte nokre vener og var seint ute. I ein oppoverbakke med to felt mista ho kontrollen. Bilen fauk att og fram over kjørefelta før den slang inni autovernet. Det kom bilar til og ho fekk låna ein telefon. Hovudet var heilt utkopla, men ho fekk ringt mannen.

“Dette får du ordna opp i sjølv” sa han tvert og la på.

Der sto ho i desemberkvelden og venta på bergingsbilen og det kjentes hardt å møta så lite omsorg og ikkje vite korleis det hadde gått med barnet i magen……..

Sjåføren på bergingsbilen var så snill og køyrde ho til sjukehuset slik at ho vart sjekka.

Blødde ho?

Alt såg bra ut, men ho gjekk inn i ein sjokkreaksjon der ho både skalv og gråt. Legen viste heller ingen forståing og sendte henne på dør. Ho tenkte at ho skulle greie å koma seg heim, men buss skulle ho sleppa å ta i kveld, sjølv om det hadde passa økonomien best. Så ho bestilte seg taxi.

I to veker etter denne hendinga var manne regelrett sur. Sur over bilen som var øydelagt. Både barnet og ho hadde overlevd, men det betydde visst ikkje noko.

 

Ho kjente pusten i øyre, varm og intens. Ho kjende armane som følte seg fram. Ho kjende lysten og lidenskapen.

I sveitte og solflimmer såg ho opp. På denne manne ho elska så høgt, så heit og sterkt. Mannen i hennar liv. Det flimra i mange fargar så sterkt var alt før det vart mørk og ho vakna brått til. Ramla ut av den sterke draumen, ho kjende på gråten.

Ho heldt den eine handa opp framom seg. Ho såg på dei blå årene og den skrukka huda på handa som tilhøyrde henne. Eit så tydeleg teikn på åra som hadde gått, åtti år hadde livet vart. Ho høyrde snorkinga ved sidan av seg. Der låg han, han som tenkte mest på seg sjølv og som ho ikkje hadde greidd å legga attom seg på livsvegen. Og den lidenskapen ho nett hadde drøymt om var berre ein drøym……… Ho kjende dette sterke sinnet og den store sorga som hadde vokse seg enorm, den bitre følelsen mot han – men også mot seg sjølv.

Det at ho aldri hadde turt og sette seg fri, gje han fri……..

Det er ikkje godt å føle hat mot eit anna menneske.

Men det var ho sjølv som hadde teke frå seg gleda med å tru at ho ikkje klarte å leve livet sitt i leine.

Det skok i gjennom henne, og det var som ei stor bølgje kom og kasta ho utfor eit stup.

 

Ho vakna ør og klam, sengekleda var heilt i uorden. Lakanet var reve halvveges av. Det var ei gråljosning i rommet. Han ved sida av henne hadde stått opp og var nok reist på arbeid. Ho måtte også stå opp. Få ungane på skolen. Drøymen sat i henne som eit søkk. Både første og siste del.

 

Da alt hadde roa seg etter morgonrituala. Da ho hadde fått alle dit dei skulle og igjen var i leine med seg sjølv tok ho fram telefonkatalogen og brosjyrane ho hadde teke med seg sist ho var på legekontoret. Den eine sto det om skilsmisse i.

Endeleg løfta ho røret for å slå eit  nummer. Etter ti år klarte ho å gjera noko. Starta eit arbeid for å finne ut og gjere det ho måtte……

Ho var berre noko og førti enno, og ho ville ikkje bli den der åtti år gamle dama som aldri hadde turt å leva i samsvar med seg sjølv. Det skulle aldri skje.

I mellom sol og regn

Dagane har hastverk. Dei skal heile tida vidare. Og eg heng med som best eg kan i sol og skygge, i regn og kuskitlukt.

 

Da eg vakna i dag regna det. Og eg kunne ikkje forstå kvifor eg ikkje tok inn kleda frå snora i går kveld. Kanskje var det rett og slett fordi eg var sliten.

For gårdagen sto opp med sola. Vakkert venleg sildra strålane utover dagen. Men slikt var ikkje å dvela ved. Så etter ein romsleg frukost med tida i handa bar det ut på hjul. Først var det ein stopp på denne vakre staden. Eg fekk knipsa nokre bilete før eg fauk vidare og rakk akkurat ferga.

Bommen hadde gått ned, men dei tok den opp att.

I Kristiansund var arbeidsgjengen godt i gong. “Er det vaska i omnen” spurte eg, “er det vaska attom”. Jau, dei hadde vaska både her og der. Dei hadde vore flinke og var nok ein aning lei.

Heilt til å forstå.

Vi pakka inn i bilen eske etter eske. Eit puslespel på høgt nivå. Eg gjer nok lurast i å ikkje vise korleis det såg ut da alt var kome inn i bilen. Men vi fekk alt med, nær så skohylla. Den kan nok vera grei å finne for neste hybelbuar.


Men før vi var heilt ferdig såg eg inn i kjøleskåpet………der var det hukommelsessvikt.

Men til slutt var vi ferdig og til og med det kalde skåpet. Jentene og eg tok ein matbit i full fart før turen gjekk heim att. Vi hadde forresten ein nokså mislykka softis leiting før ferga. Etter tredje forsøk ga vi opp.

Vel heime vart både yngste og eg overraska…….ho fordi ho var så glad for at ho var heime, og eg fordi ho var så glad fordi ho var heime……… Stemmeleiet hennar gjekk nokre oktavar opp. Men det var riktig koseleg å ha begge jentene sine heime.

 

I dag da eg kom heim i regnet låg eimen av kuskit over jorda, og kleda hang ute…….men da kom dei inn………og kanskje hadde ikkje lukta rekt å festa seg så eg slepp oppattvask.

Etter middag og før mellomste reiste attende til Trondheim, måtte eg knipse litt desse unikuma av nokre dotrer…….er det ikkje det dei er desse jentane og gutane vi har fått blitt kjend med og fått under vingane våre nokre år…..??


For å dele tida enno litt meir med ho som reiste køyrde vi likegodt til Kyrksæterøra så ho tok bussen der i frå og vi fekk ein ekstra halvtime saman.

 

Og til slutt gjorde yngste og eg noko som ei reflektert og oppegåande mamma og mor ikkje gjer saman med attenåringen sin……..vi leita opp eit solarium i regnværet og rett og slett tok SOL.

Ei helg på tur forbi

Etter ein super laurdag går eg i gong med søndagen. Og noko er bra og noko er slik som det er.

 

Dagen strålar opp…….

I dag og……….

Som i går………

Ein må berre nyta.

Det er dette ein lengtar etter når alt er annleis.

Sol og sommar.

Eg vakna til gårdagen og kjente klumpen i magen over alt eg syntes eg måtte. Veka hadde skrapa opp dei gode følelsane. Parkert kontrollen og plukka fram att stresset. Eg hadde innteke hamen til eit piggsvin.

Så da eg vakna, slik og slik tenkte eg, måtte eg. Men ein eller annan plass på formiddagen tenkte eg

……….KVIFOR?

Kven har sagt det. At ting skulle vera slik og slik. Jau, det var meg sjølv.

Om geraniumen ikkje sto i vindauga denne søndagen, kva så? Eg hadde alt for mange timar, alt for mange……..så kvifor skal eg prøva det umoglege……….tenkte eg.

Den tanken var nok det luraste eg presterte i heile går. Og den førte til RO og at dagen var t der eg var.

Heime.

Så frå da kom arbeidslysta fram, eg rydda og spyla terrasse, eg planta om planter, eg tok fram putene til sommarmøblane, eg baud opp søster mi på kaffi, eg støvsuga inne, eg sovna i solstolen på terrassen, eg fekk til og med gått meg ein tur med innslag av jogging. Og eg la meg rimeleg tidleg. Det var ei bieffekt av å gje meg sjølv fred og få lov til ikkje skulle ALT.

I dag er dagen meir slik må’aktig. No skal eg straks sette meg i bilen. Eg skal framom ein stad for noko bilettagning og eg skal hente to jenter og så mykje stuff at det er usikkert om vi får alt inn i bilen. Men vi får finna løysningane og ikkje avgrensingane.

Ha ein riktig fin søndag.

Velkomen helg

I kveld er eg ikkje til meir. Eg kom meg heim………eg kom meg på land. Eg trur eg somnar på stranda eller i stolen……men eg kom fram.

 

Når du sit på legekontoret ei veke før du skal føler du deg idiotisk. Når du leitar etter eit ark i ein perm utan å finne det berre for å oppdaga at det var i permen da blir ein oppgjeve. Når folk vert sint på deg for noko andre har gjort da er det berre å dra pusten roleg inn og slepper den fri……

Når ingen forstår da er det på tide ein forstår seg sjølv.

 

“Nei” sa eg. Det var dugnad. Eg klarte det, men lett var det ikkje.

 

“Korleis går det?”

Eg fekk telefon frå Muritunet.

“Det går ikkje så bra”, sa eg medan telefonane kima i rundt meg.

 

Ja da, eg veit det. Eg er på ville villa veger.

 

“Vi vil gje deg ein støttekontakt”……….nei det var ikkje det dei sa, men det eg høyrde. Eg var i eit møte som heiter dialogmøte.

Nei, nei, nei hadde eg lyst til å seia. Eg vil klara meg sjølv.

Men eg vil bli bra, derfor sa eg ja. Må berre arbeida med hovudet mitt en del først. Det vart søkt til i september, så eg har mykje tid på å visa for meg sjølv at eg klarar det sjølv. Trena og få opp forma!

 

Men i kveld er eg alt for trøyt, for eg vil så mykje, prøver så hardt og blir sliten, blir irritert på meg sjølv for eg ikkje klarar det eg vil.

Fordi det er så lett og taka det same mønsteret som før. Når det vert for mykje gløymer eg meg sjølv, gløymer det som er bra.

 

No er det helg. Smaken av ordet er fantastisk. Eg skal berre litt i helga, berre litt………..men kanskje eg noko i morgon også………..men det vil eg ikkje tenkje på no.

For no er det helg.

Midtsommar, jonsok eller St. Hans

Så er vi passert midtsommar. Men enno er det tidleg sommar. Men båla er ikkje som dei var…….

 

I går var det jonsok. Eigentleg tenkte eg grill………for eg har ingen grill. Så da eg spontant hamna i Kristiansund etter eit møte, for eg innom ein butikk. Grilling på jonsok er mest obligatorisk. Men eg greidde ikkje heilt avgjera om eg ville gå for grill eller bålpanne. Derfor vart det to solstolar.

Ja – SOLSTOLAR! Og i dei kan ein berre grille kroppar, derfor vart grilltanken lagt bort i år.

 

Så da mor sa rømmegraut og slikt, heime hos dei – ja da var det heilt greitt.

Dette skulle væra eit innlegg med bilete av sju slag blomster, for det skal ein kunne legge under puta og drøyma om kven ein blir gift med har eg høyrdt. Men eg fann ut at eit slikt innlegg var litt bortkasta, for eg har vore gift og veit ikkje om eg bryr meg så hardt om å verta det igjen. Så det innlegget vart skrinlagt.

 

Jonsokbålet glimra eignetleg med sitt fråvær, men eg har ein kreativ far som kombinerte nytte med nytte. Han hadde mykje hagerusk, og han gjekk i gong med å saga. Han fekk kvist og kvast sundt og brent opp inne i ein peis han bygde ein gong. “Det må ryka” sa han. Og så peisa han vatn inn i peisen og fekk til røyk.

Men før det sa mor “kom å bli med”, veslesyster murra litt da ho fekk sjå kor vegen gjekk. Dei ville ha oss med på ein rundtur, for far fekk laga ein veg nettopp som han kopla på ein skogsveg det folk går mykje tur – og no kunne dei gå i den nye vegen og ikkje klatra i ein mæling som før. Med godt grep om veslesyster fekk vi ein tur, ho og far på krykkjer…….og eg fekk nok med å passa på at ho ikkje datt – så det vart ingen bilete frå turen vidare gjennom hagen.


Etterpå vart det graut. Det vart spekemat etterpå grauten.

Og enno seinare vart det kaffi med både sitronfromasj, eggedosis og sjokolade. Sjølv om eg ikkje smaka på alt vart det likevel ALT for søtt. Og i dag , i dag hadde eg vegedagen……… Og eg berre seie det; ……..vekta kremta alvorsamt og så sa ho at eg har gått opp 600 gram frå den famøse veginga for ei og ei halvveke sidan.

Opp!!!

Ikkje ned. Ikkje det at det er slik kjempekrise, men eit varsku er det. Absolutt eit varsku.

Vi seier ikkje meir om den saka, men no har sola snudd og vi startar nedteljinga mot mørkare tider. Men akkurat det snakkar vi ikkje høgt om i kveld. Ikkje det heller….

Så eg sluttar berre enkelt dette innlegget eg.

 

Hadde du fin feiring av jonsok? – Eller seier du St. Hans?

Orda

Orda ber si eiga vekt. Av tyngde. Dei lette orda. Limet og det som riv sundt. Det som løftar opp til uana høgder, det som fører til å tru og ikkje tru…….

 

“Eg elskar deg” sa han og ho vart sett heilt ut. Han sa det ikkje andlet til andlet. Det kom på telefonen, det kom som ei melding. Ho la telefonen frå seg, paff, puffa han liksom litt bort. Dette var for mykje og ho visste ikkje kva ho skulle svare. Ho tok seg ein runde rundt om i leilegheita. Kva skulle ho svare?

Ord. Orda har ei meining, dei har eit hierarki, ei gradering. Ho var strenge med desse orda. Ho passa på dei. Sa dei ikkje slik i hytt og vær. Orda hadde ein verdi som var viktig å balansere av til det dei skulle fargelegge, det dei skulle formidla, dei riktige, dei orda som passa.

Ho valte tida, den fekk gå, korleis skulle ho svara på dette?

 

Tidlegare hadde ho sagt mykje, gjeve mykje.

“Forelska” hadde ho sagt. “Bry seg om”. Dei hadde dekning. Dei hadde absolutt dekning.

Han hadde svart det same og føydd til “og kanskje meir”.

Og det var ikkje noko anna ho ville enn verta elska.

Kven vil ikkje bli det?

Elska?

Men orda var for store, skoa passa ikkje. Ikkje enno.

 

Men kanskje fram i tid. Det håpa ho, at fram i tid kunne slike ord bera vekta av seg sjølv. Inn i ei framtid ho visste for lite om. Ein gong litt lengre framme. Når dei hadde veksla enno fleire ord, når dei kjende kvarandre betre. Hadde kjent armane enno meir rundt kvarandre. Varmen. At det viste seg at det stemte, at det fortsette å stemme. At det som stemte no også stemte da. Avstemt og finstemt. At dette førte til vakker musikk. I framtida.

 

Det var slikt ein ikkje visst. Ikkje enno.

 

Ho såg bort på mobilen. Det kom ikkje fleire meldingar. Det var bra. Denne som kom blas ho litt over ende. Fekk ho til å spekulere på kva dette var. Dette vart for mykje. Ho kunne ikkje gje det same svaret attende. Skulle ho fortelje om respekt av orda, at det gjekk ikkje å seia noko slikt enno. Ho kunne ikkje vite, men tenk om…….tenk om det var slik han følte det……..

 

Ho tok opp mobilen, og så tasta ho inn “Så vakkert sagt”.



Hav og himmel hand i hand

 

Når sola skin og det er sommar vil eg gjerna væra over alt…… eigentleg. I dag skulle eg noko heilt anna enn kva som vart.

 

Eg skulle på fjellet…..eller opp til ei seter i dag. Det var plana. Hadde i kledd meg riktig antrekk da eg fekk ein telefon. Om eg ville væra med på båttur. Eg er heilt tullerusk etter båt……født som eg er om bord i ein.

Men eg ville plutseleg alt og ingenting.

Riktig vanskeleg vart eg.

Eg sa først nei og så sa eg ja……..i same setning omtrentleg. Og eg angrar ikkje på at det var ja eg sa sist.

Og her kjem eit utval av dei 500 bileta eg tok frå kommunen min med alle bruane.

På tur ut Mjosundet.

Passerer ein av alle bruane som har gjort kommunen samanhengande.

Eit typisk naust med svalgong.

Sjø og himmel hand i hand…..himmelen hadde lett, lett skyar.

Det er så mange pittoreske hus ein passerar.

Det er mykje fisketurisme i kommunen.

Gjennom Lesundet er det grunt når fjøra er sid. For store båtar ikkje den luraste leia.

Mykje båtliv.

Eit sjøhus som gjorde nytten i ei anna tid.

 Ferieleilegheitar ut mot havgapet.

Sjøen var glitrande blid i dag.

Blåne over blåne.

Glitter.

Merking er viktig.

Brue fasinerar meg. Spesielt frå undersida.

Men også på avstand, forma og det at dei knyt saman.

Lurvika, ein gamal handelstad.

Fargane….

No er det pubdrift her.

Den gamle krabbefabrikken.

Aure sentrum.

Så runder vi Rotøya og kjøyrer gjennom Straumen.

Attende til Mjosundet.

Her er riket mitt frå barndommen. Eg bodde dei fleste åra i det gule huset under krana. No bor foreldra mine i det øverste huset der det raude treer står.

Nedunder var den kvite bygninga, som er heilt nede ved sjøen, ein gong butikk, men i dag marina, restaurant og pub. I dag åt vi middagen vår der.

Og så bakka båten seg på plassen sin ved flytebrygga,og turen var over.

Reiseradioen

 

Plutseleg høyrer eg det, det er Reiseradioen som sender og himmelen er tindrande blå.

 

Eg ser det med det same eg vaknar – himmelen……… Den er BLÅ med sol på.

Det får berre våga seg at temperaturen er jomfrunalsk forsiktig. Det er laurdag med reiseradio og urefusert sol.

HURRAAAA!!!!

Her er nokre bilete frå hagen min for et par år sidan….kanskje det er tre, for året var 2012.


Her er den no, etter energitap og aukande reduksjonar av ho som sit og trykker tastatur.



Men kanskje-, tenkjer eg, kan eg koma……..og her arresterer eg meg kraftig.

klart skal eg greia å få den slik, ja til og med betre enn da. Eg skal få plenkløpparen eg kjøpte for eit par år sidan til gjera jobben, eg skal få høgtrykkspylaren, som eg kjøpte for enno lengre sidan, til å gjera den jobben den var tildelt.

YES, I can – tenkjer eg så.

Og så i eit brøkdels sekund skjøner eg også at da må eg slutta med det eg no gjer. Eg må enkelt reisa meg og gå.

Gå ut! Eg har funne fram shortsen og har den på.

 

Ha ein nyyyyydeleg dag aller fine der ute :)).

 

Natta og dagen

Som ein zombie eller ein amøbe. Eg er eit vrak. Orda sit fast. Det er overskya . Og det er nye sjansar.

 

I gårnatt vakna eg. Det dura like ved hovudet mitt. Slik at eg opplevde det uttrygt å sova. Eg sette meg opp i senga og såg ei stor humle like ved puta mi……..som transformerte seg til ein veps da den tok vengene fatt og flaug. Den tok peil mot vindauga. Eg tumla meg opp og etter. Fekk opna det enno litt meir og vifta den ut. Etterpå sette ein fugl seg til å kakke på vindauga……….


I ein ventelomme før vegen går vidare.

Dagen i går vart ikkje av dei beste. For lite tid, for mye avgløymt og ting som ikkje vart. Anna enn stresset. For i går gjorde eg det. Til gangs. Eg stressa. Og dagen før dreiv eg det alt for langt. -For kapasiteten min.

For å seia det enkelt, eg er attende til det eg reiste i frå. Eg går inn i det same sporet med ørlite grann meir intensitet.


Noko av slik ein gjer minne meg på om at sola har vore framme opp til fleire gong.

Og eg veit det ikkje er bra dette når eg gjer det slik.

I dag har eg fri. Eg sit her og veit at eg må stoppa med det. I går kika eg gjennom permen frå Muritunet. Eg tok fram nokre ark som eg skal arbeide med.

I helga.

Timeplan, faren for å ramle ut og tankemønster.

Men aller først skal eg gjera litt i huset, eg skal ein tur til foreldra saman med mellomste. Vi tek med middagen vi laga i går, ei indisk gryte med kylling. Vi tek og med ein hengar med ved, hunden for tur i skogen. Det skal bli ein tur på butikken med dei og så skal mellomste reise attende til Trondheim. Det skal vi rekka før kvelden. Yngste er ferdig med skolen no, men har arbeid i Kristiansund i helga.

Så eg får også denne helga for meg sjølv der eg skal ta og dra meg sjølv opp og sette meg på plass i den gode strukturen. Med hjelp av arka og tankane og den gode vilje.

I dag gjorde eg noko eg ikkje skulle gjera

 

Og for å seia det med ein gong, det var min eigen regel eg braut. Vil tru det var eit eingongs tilfelle……

 

Eg har alltid vore flink til å rota meg inn i regelstyrte system med strenge reglar. Slik og slik skulle eg gjera, for da gjekk alt så bra så. Etter ei stund var eg så frykteleg lei, slik overlei……. 10 ville hestar kunne ikkje få meg attende til reglane. Ikkje det at eg veit kvar dei skulle koma frå, men hadde dei kome har det nok ikkje hjelpt. Trur eg.

Så eg har funne ut at nokre reglar skal eg halda meg unna, og da vert DET ein regel og.

 

Da eg sto opp til morgonen kjende eg at baksida av føtene føltes velbruka, så dugnaden eg var med på i går, der eg prøvde å væra flinkare enn kva eg er, hadde funka kan ein seia…..eg hadde ei kjense av at eg hadde trena. Samtidig hadde eg ein lett bibring i kroppen, slik som når kroppen får litt for lite mat. Og da kjende eg det, eg fekk berre så lyst………, frykteleg lyst…..til og ta fram……ja, akkurat, VEKTA.

Men så har eg funne ut at for og ikkje bli hekta på vekta, så skal den få fred det meste av tida. Eg skal berre vege meg kvar tredje onsdag. Så det betyr at no til onsdag er det ei veke til veging. Det er regelen.

Men før eg rakk å stoppa meg sjølv hadde eg reve vekta fram frå under vasken, og før eg fekk sukk for meg sto eg der…….. Oppå vekta.

Og…….den hadde minka TO kilo!!!! To kilo på ei og ei halv veke berre fordi eg et ofte.

 

Plutseleg følte eg meg så tynn og lekker……ha, ha, at eg fann fram ettersitjande klede og drog ut i verda.

Og det ga resultat, eg fekk tilbakemeldingar om fresh og at eg hadde minka og at eg såg så fin ut, det var like før eg stilte meg opp i positur. Eg vart så høg at eg heldt på å gløyma å takka. Fekk berre lyst til å svinsa i rundt slik at alle skulle sjåååå.

Men – skal eg var ærleg, så har eg både mage og kilo i mengder. Var berre artig å prøvesmaka kjensla.

Så sjølv om det regnar og bles no skal eg ta på meg passande tøy og sko, ta på hunden band……..og ut på en rask kveldstur. Men eg trur eg skal få ha musikk på øyra….uten ein einaste regel…..