Mistanken er ein bitter malurt

 

Av og til opnar ein døra inn til dei hemelege rom. Der ein må trø varleg fordi det ein finn der kan raspa som ein sår hals, som ein piggtråhals på sitt verste.

 

Når ein har opna døra er det for seint. For da veit ein noko ein ikkje visste før døra vart opna. Tilvære kan verta så snudd om. Kanskje får ein vite ting som kan væra til hjelp i framtida. Realisme er alltid bra. Kanskje tolkar ein feil, fordi ein ikkje veit. Kanskje får mistanken sin blå flamme brenna. Kanskje ein set seg i ein fryktleg vond situasjon. Kanskje alt det ein har trudd på var heilt feil……….

 

Eg tenkte det, slik skal eg ikkje gjera. Men så gjorde eg det med alle gode unnskyldningar som var å oppdrive. For eg skulle eigentleg noko anna. Tenkte i eit raskt augeblink at eg hadde sadistiske tendensar, at eigentleg lika eg å plaga meg sjølv. Så kika eg, som ein spion gjekk eg til verks. Og fann ut slikt eg ikkje ville finna ut. Eg trudde eg skulle greie å bæra informasjonen på strak arm, men det var før tankane starta å mala sundt alt. Alt var gjort om til pinneved som ikkje kunne reisa ein einaste fin tanke. Meir vart det finito, over, ferdig og ut.  

 

Eg må elska å plaga meg sjølv.

 

Dagen gjekk og alt greidde å falla til grus som drømmeslott og ingenting. Augo mista glansen, eg hadde gjort det, verkeleg gjort det. Var det bra eller var det ikkje bra……….

 

Enn å plage seg sjølv slik?

 

Dagen gjekk utan at strålane frå sola nådde meg, eg kjende berre den kalde vinden.

 

Så med eit snudde alt. Nokre ord ga meg gleda tilbake. Pinneveden smelta saman til tømmerstokkar til byggverk.

 

Eg går for trua og følelsen. Ikkje for spiontilvære. No skal eg gå og rive kamuflasjeteltet med kikkerten i. Eg treng den ikkje. Eg treng ikkje plage meg sjølv. Eg treng det ikkje. Berre den gode kjensla skal få plass.

 

Mistanken skal ikkje få brenne sund gleda.


 

Grøn laurdag

På tallerken min ligg ein haug spirer. Utanfor vindauge er det ei intens grøn verd.

 

Det er laurdag og eg et frukost to timar etter mi eigentlege plan. Men det har ingen ting å seia. Det er laurdag og eg har inga plan. Og det er godt det.

 

Det har vore slik i overkant travelt etter eg kom heim frå Sunnmøre, men i helga skal eg roe ned og berre fokusere på det som er bra for meg. Det er mest to veker sidan eg kom heim frå opphaldet mitt i Valldal. Dei første dagane i den første veka tok eg det for så vidt roleg. Men så eskalerte det liksom berre.

 

Men i dag har eg klatra opp på ein fri laurdag.

Friiiiii!

 

I går avslutta eg dagen med sommar avslutning…….ja ikkje at sommaren har slutta – sjølv om det kanskje kan sjå litt slik ut. Det er noko med dette med “vær og klær”. Turen starta frå ei kaie i ein liten båt. Vi fekk på oss redningsvestar og utover bar det dusk, dusk over båra. Etter ein kort køyretur gjekk vi i land på ein holme med gamle hus som har vorte restaurert gjennom fleire ti-år i tilegg til at det var set opp ny bygningsmasse. Så sjølv om veret var slik det var, var det fint likevel.

Det var første gongen eg var her. Verten fortalte si historie om- og rundt staden. Seinare fekk vi servert både bacalao, creme brulee og talar. Og eg kosa meg ei gooood stund. Men så vart eg frykteleg lei og all sosial glede hadde fordufta. Heldigvis var det nokre fleire også som hadde det omtrentleg slik, eller berre var trøyte, så vi fekk båten attende. Klokka eit i natt var eg i senga mi heime og det var frykteleg godt.

 

Da hadde eg tidlegare på dagen vore på slikt ein skal, sett litt på opninga av eit sentralbaneanlegg, køyrd heim, fekk gått ein luftetur med boffen, ordna meg til kvelden, køyrde eit godt stykke attende og fekk atter gjort litt av slikt ein skal før vi møtte opp på kaia for resten av kvelden.

Sjølv om dagen min no er fri og utan plan, så tenkjer eg både slik og slikt. Eg har ein hund å lufta, eg har ei vaskemaskin som ikkje virke og mange klede som eg må få vaska, eg har og vinterklede som skal leggast bort…..for eg trur på sommaren, det skal eg ha. Og i går kveld såg eg sola, ei ørlita stund skein noko på himmelen utan skydekke og eg kom på at det var sola. Det var slik den såg ut.

 

Ha ein fin laurdag :))).

 

Tida og avstanden

 

Kven ventar over blånande blånar? Kva er det som skjer? Den som lever får sjå.

 

Og leve har eg da tenkt og gjera. Her eg sit med eit hovud fult av gørr. Men fordi kan ein sveve på rosa skyer, om regnet høljar ned. Elvene fyller elveleia med frodande masse.

 

Panna er varm og tek att for den kalde sommaren. Kaldt i lufta, varmt i hjarta.

 

I morgon er fredag. I morgonkveld er det sommaravslutning og eg har meldt meg på. Må prøve og få denne forkjølinga til å forsvinna. Minka først……og vips borte. For litt sosial bør ein væra. Slik av og til.

 

I dag vart eg bedt med på ei reise som eg gjerne skulle sagt ja til. Men eg kunne ikkje, for ferien min startar ikkje før i august. Så eg får smøra meg med tolmod med tida og drømme over avstand. Det går det og. Sjølv om å drømme at sommaren skal gå mot slutten er paradoksal.

 

Eg og avstandane, dei kan eg. Dei har prega nokre epokar. Men slik er det, akkurat slik er det.

 

I ein kvit stol

Eg sit i stolen min, i omnen brenn det. Eg snufsar og et ost og kjeks.

 

Da eg kom heim i kveldinga gjekk eg rett til sengs. Og eg sovna med ein gong. Sist natta var eg oppe fleire gong og gurgla meg med saltvatten. Da eg skulle koma meg ut av huset i dag tidleg virka eg mest ikkje.

 

Men eg har gjennomført dagen. Foreldra mine fekk kontrollert augo. Eg var å henta yngste som var superglad for å ikkje ha vorte trekt ut til eksamen. Ho åt lunsj saman med oss. Samstundes fekk eg tatt med nokre av tinga frå hybelen hennar. Ho har funne ut at ho vil skifta hybel til hausten, så før juni må det tømmas der ho bor no.

 

Eg fann ikkje lesebrillene mine som vart knekt, men eg fann eit par vintersko som glidelåsen stoppa å virka på den eine skoen. Dei vart levert.

 

Så kjøpte eg meg eit par sko, for eg har lite sommarsko. Eg kjøpte meg og eit sett nattklede og sokkar. Så der overraska eg meg sjølv.

Vi tenkte å eta middag da vi var i byen, men faren min på 91 år syntes det vart for slitsamt. Dei ville at eg skulle eta med dei da vi kom dit, men da heldt ikkje eg lenger. Så eg kom meg heim, sovna, vakna og åt kjeks med ost. Så i dag droppa eg middagen.

 

Så dette kan ikkje kallast en god og sunn dag……….men slike som dette må ein nok berre ta med. Og så håper eg halsen er i orden til i morgon.

 

Hjula går rundt, rundt, rundt

 

I ein grøn, våt oase lever eg medan timane forandrar seg til døgn og nye dagar.

 

For tida tek pulsen på travle dagar. Eg er heime og tida fyk i veg med meg. Desse dagane har vore så travle at bloggen ikkje fekk plass. Medan regnet inntek ulike variasjonar av seg sjølv. Men vått er det, og jorda er surklande.

 

For eg har fått til turar, i går kveld gjekk den ned til sjøen og opp att igjen over ein hammar og ned til ei anna strand. Det var fint og litt forskrekkeleg, for den andre stranda, der naustet er, har det kanskje gått fleire år sidan eg var nede ved.

 

Vi var ein liten gjeng. Jentene mine skulle heim i helga. Men på fredag fekk eg telefon frå sonen som sa “vi kjem oppover og flyet går straks”. Dei skulle til faren først, og så kom dei hit på søndag. I og med lite bussavgongar avtalte faren og eg og køyre halve strekninga kvar.

“Kan ikkje jentene være med og”, sa sonen, som tydeleg gledde seg til å møte familien sin igjen. Så i går gjekk vi i bratta ned til sjøen alle fem, saman med boffen. Det var såpass vått i marka at turskoa ikkje har tørka til i dag.  

 

Vi har hatt nokre koseleg dagar, – og travel dagar. Og det har vore køyring og atter køyring. Frå fredag med handling til foreldra mine, laurdag med køyring til sentrum med henne som skulle på arbeid, søndag for å hente sonen og kjæresten, og i går, i går viste det seg at yngste skulle til tannteknikar som held til godt over ein time frå her, og når eg var på slikt ein må ein halv time andre vegen og når i tillegg vi måtte attende dit – for yngste også måtte til lege……….da var dagen så på hjul at den mest gjekk rundt seg sjølv. Og i dag var det attende til Orkanger, der eg var i går, med dei som reiste attende i dag.

Og berre for all enkelheit si skyld, så køyrde eg yngste til bussen i kveld, for med snufsete nase og opphovna kjertlar reiste ho til byen, for i morgon skulle dei få vite kven som var trekt ut til eksamen. Og i morgon skal eg henta foreldra mine for å køyra dei til byen for kontroll på auga.

 

Så eg er attende til tilvære mitt tut og køyr. Derfor har det ikkje vore tid til trykking på tastaturet for produksjon av ord. I kveld tek eg meg fri frå trasking i regnet, eg finn senga mi i staden med ei aning for full mage. Sjølv om både mat og ut på tur har gått nokså bra.

 

God natt folks…….ønskjer dykk sol og glede i morgon.

 

Det sterke

  

Av og til er det for sterkt. Det er godt, skummelt og utruleg spanande. Det kan og væra frykteleg trist.

 

Gjennom livet kan ein ha desse sterke kjenslene. Det går eit brus gjennom kroppen og ein kan verta heilt skjelvande. Desse kjenslene som ingen alder har. Livet kan væra sterkt.

 

Eg sat på bussen og kjende ein sterk flamme inne i meg. Det brann i kinna og livet var heilt fantastisk. Eg tenkte på ei historie, ei om ei lita jente. Ei jente eg hadde skapt i fantasien min. Det vart søkt om midlar for å sette opp ei forstilling om den jenta. Ei forstilling med dans og dukketeater. Livet var flammande da dette sto på. Vi fekk berre 10.000 der på midten av nittitalet og det var for lite.

 

Dei intense følelsane. Dei intense følelsane sorg tek med seg. Dei store hola ein ramlar ned i. Som blir forløyst av gråt. Frigjerande på ein måte. Så klatrar ein opp av dette holet fullt av tomheit og fortset, før ein ramlar ned i eit nytt. Slik held det på til den Store Sorga slepp taket litt etter litt. Alle har vi mista nokon. Eg måtte gje i frå meg to heilt perfekte barn, berre så alt for små.

Eg fann ut at sorga var som tidevatnet, som pulsen i naturen.

Dei intense følelsane. Dei som brenn i hjarta. Dei som lagar slag av sommarfuglvingar i bringa. Dei som gjev deg pusteproblem og dobbeltslag. Som får deg til å ville le og ta heile verda på strak arm. Der du går i rundt med ei mjukleik som bomull i sinnet. Kinna brenn og i magen kilar det. Fordi ein er kjær i nokon. Opp gjennom livet har desse kjenslene fått plass. Men nokre froskar må kyssast før prinsen dukkar opp. Er det denne gongen?

 

Lengten, der tankane strekke seg mot det ein ikkje kan nå. Tid som er forsvunne, tid som skal koma. Nokon som er borte for alltid eller berre alt for langt borte. Som kan riva i kroppen, som kan dele den i to; i det som er og det som er utanfor rekkevidde.


Det er så mange av desse sterke kjenslene, mange er vonde og mange er gode. For oftast er ein imellom på trygg grunn, andre gong balanserer ein på ein knivsegg mellom det ein veit og det ein ikkje veit. Der i mellom alt kan det væra godt. Det kan væra slitsamt. Det kan væra strevsamt.


Men det eg har oppdaga på vandringa mi gjennom livet er at eg lettare aksepterer. Eg kan kjenne på dette sterke. Eg kan væra i det utan å veta. Dei gode kjenslene kan eg nyta, dei vonde veit eg går over.


Det er sjølve livet som vaskar, vaskar av meg kantane. Som lærer meg tolmod, som oppdreg og som gjev meg styrke……. og glede, stor STERK glede.

 

 

 

Mett til frukost

 

Fire dagar er ikkje materiell nok til nokon statistikk. Eg vil likevel ha ei lita summering. Eit lite overblikk på kontrollen sitt alter.

 

Ute regnar det i dag og. Må legge ut eit bilete frå gårdagen. Da det var riktig ille.

Seinare vart det likar, og boffen og eg fekk oss ein tur i rask gange. Det var så surt og utriveleg at eg måtte ha musikk på øyra. Litt slik rocka og småpunka musikk, det resulterte i taktfast og rask gange.

 

Hittil har eg vore ute kvar dag. Eg har funnet ut at framover no skal eg bruka naturen, koma meg ut. I dag skal eg veg å kjøpe noko som heiter 4-fjell. Og nei, eg får ikkje fire fjell, men eit kort der det er merka ti fjell der ein må opp på fire for å være med i ein konkurranse. Ikkje det at den konkurransen er så viktig. Akkurat i år er det tjue fjell fordi det er tjue år sidan dette her starta. Eg skal kjøpe til jentene mine også, for i helga kjem dei nok begge heim og plana er ein fjelltur.

 

I tillegg til å være ute har eg planer om å plukka fram innkjøpa opp gjennom tida; matta, den store ballen, strikket, vektene…….og kanskje rockeringen. Til hausten kan eg kjøpe meg treningskort og melde meg på spinning, men ikkje no. No vil eg styre alt ut frå ein enkel modell.

 

Sovinga og legginga, som er det eg har størst fokus på no, det fungerer. Eg får lagt meg, og vaknar gjerne tidleg……..men eg let meg være i drøymane mine fram mot åtte.

 

Maten har det og gått greitt med. Eg har baka meg brød og rundstykke som er på frukosttallerken min akkurat no.

Og eg greier dei fire måltida om dagen. Men i dag var eg mett til frukost.

I dag må eg ha med meg middagen, for i dag startar eg opp med slik ein skal. Eg tenkjer også å ta med meg brød og rundstykke inn til foreldra mine i etterkant til kveldsmat. Da får eg også ta ein klesvask. For akkurat den biten er eit sørgjeleg kapitel. Vaskemaskina pumpar ikkje, vasken eg fekk vaska med å bruka ein heil da, vart hengt ut. Da starta det å regna og det blas, så no da eg såg etter nettopp, hadde klessnora med dei våte kleda lausna og låg i bakken. Men alt kan ikkje være bra. For det der som heiter husarbeid, også utanom klesvask, det skal eg ikkje skryta av.

 

Ha ein riktig fin dag.  

 

Regn, regn, regn

Så våt som denne dagen er, bør det snart veksa ut finnar.

 

Eg har vore ut i bil. Eg har vore i eit møte. Eg har vore på vitjing.

 

Det er triveleg å sjå dei som det er lenge sidan ein har sett. Og eg fekk ein riktig så triveleg velkomst frå dei eg møtte. På fredag skal eg attende.

 

Eg fekk kjøpt meg minnebrikke og solsikkefrø. Trur eg skal baka litt i dag også. Det er rotete etter økta i går. Men eg må rydda opp.

 

Trur eg er i eit vakuum. I mine eigne tankar.

 

Det er så mykje eg kan gjera.

 

I dag vog eg meg. Vekta var gått ned 1,2 kilo frå sist onsdag, men eg er ikkje sikkert på om det er reelt. For ordentlege vekter viser høgare vekt enn badevekter er mi erfaring. Men no skal eg ikkje på vekta før om tre veker. Det er ikkje vekt som skal stå i fokus.

 

Og så har eg tatt av meg bandasjen på foten i dag. Eg har også hatt på meg sko.

 

Så om berre vaskemaskina har vore i orden no og det har slutta og regna så har alt vore bra. Eller mest alt bra. Eg har eit ynskje til, men det held eg for meg sjølv. For eg kan ikkje let det regna vekk.

 

Ha ein riktig fin regnfull- og regnfri dag. Sola kjem attende.

 

I dag

 

Tysdag i mitt hus. Korleis styra alt frå nytt perspektiv.  – Og gamalt.

 

Da eg skulle heim frå Muritun kjende eg tankane hopa seg opp. Dei hopa seg opp alle vegar i frå. Skal…..skal……slik og slik, sa dei. Ei venninne sa noko om og gapa for høgt. Eg følte mest ho banna i kyrkja……..for det var klart eg måtte ALT.

 

Og så skjøna eg at no var eg inne på gamle handlingsmønster og tankebanar, om at oppskriftene skulle følgjes til punkt og prikke. Kanskje det som gjorde at eg har mislukkas. Alltid.

 

Og så tenkte eg gjennom saka om tankar, trening og mat……kva var viktigst og få til.

Så klart alt, men kvar skulle eg starta. Det eg måtte få til å fungere først var døgnrytmen. Altså vart det å leggje seg i rett tid, nokså relativt, det viktigaste. Men det viktige for meg er før kl.23.00.

 

Så kjem det neste som er kosthald. Og hittil går det grei. Ha, ha……dette er no berre andre dagen. Men eg har vore og handla inn i dag. Full fokus på sunt og magert, men uten hovudet fullt av oppskrifter.


Middagen i dag var eg fornøgd med. Tok seifilet og la på en seng av hermetiske tomatar, saman med basilikum, koriander, timian og kvitløk. Steikte det inne i omnen. Koka litt brokkoli til, og laga ein purre av søtpotet, mandelpotet og persillerot. I tillegg hadde eg ein klatt humus av kikkerter til.

Det var faktisk nam, nam.

No skal eg ha ein opprydding i kjøleskåpet, kjøre søster mi for levering av bil. Og så tenkjer eg også å lage brød og ein tur ut for berre slikt som er fint og få til.

Ha ein riktig fin tyrsdagskveld.


 

Det er enkelt berre stort

 

Nokre gong inneheld livet så mykje at det kan være vanskeleg å fatta. På så mange plan.

 

Så er eg attende i mi eiga verd. I stolen min. Ein månad har passert.

 

I dag vakna eg tidleg i mi eiga seng, laga meg havregrynsgrøt til frukost med blåbær på. Tok på meg treningsklede og tok med meg boffen. Vi køyrde inn til foreldra mine. Der gjekk eg meg først ein tur opp til ei seter – men aller først greidde eg å rote meg vekk i skogen. Tenk det.

I går køyrde eg meg vekk. På tur heim skulle eg ta ein snarveg og køyrde feil. Men eg rota meg inn på rett veg att, etter ekstra køyretid. Akkurat som eg ikkje fekk nok bilkøyring.

 

Men det var skikkeleg godt å sjå fjorden min framom meg da eg kryssa fylkesgrensa.

Laurdag køyrde eg og feil, men eg fann fram. Eg fann absolutt fram. Eg har hatt ei heil fantastisk helg med svært sterke naturopplevingar. Fjord og fjell, frukttre i full bloming, og blå himlar. Vegar som gjekk bratt i store svingar. Fjellvatn som spegla naturen rundt som ein mest vart svimmel. Eg kunne ikkje sjå for mykje, på alt.

Fjordar djupt under meg medan eg køyrde opp, opp og opp.

At det finnest så mykje vakkert. Og eg tok for meg berre ein liten del av landet vårt. Og eg tenkte……dette skulle alle få oppleva, det som eg opplevde no.

Det var dei store kjenslene som var i sving. Alt var fantastisk og sterkt. Det er godt og ta dei fram. For dei vil gjerne verta bruka.

 

I går vart og spaninga stor. Da eg skulle over Sognefjellet. Men heldigvis var det i går. I dag er vegane stengt og folk har vorte berga ut frå der eg for i går.

Og før helga starta hadde eg siste kvelden må Muritun. Vi hadde avskjedskveld, og dagen etter reiste dei andre på gruppa.

Så sto eg der igjen da, følte eg var i eit minne. Fekk mest lyst til å gråta. Den siste kvelden skulle eg så mykje, eg skulle skriva her, eg skulle snakka meg folk på telefon og eg skulle på tur. Men denne kvelden gjekk og fort. Men eg fekk med meg turen. For turen var viktig. Turen gjekk opp til Klovsetsetra, det vil seia …… eg stoppa litt før. Om ikkje hadde eg ikkje nådd kveldsmaten. Slikt er også viktig :).

Så eg avsluttar med å legge ut nokre bilete frå turen med eit stille takk for meg og gleda over det nye livet som ligg framom.




Her snudde eg.