På tur


Vegane er lange og mørke. Nedover Østerdalen møter vi konvoiar av langtransport. Dei siste mila inn til Oslo er det liten trafikk. Eg er ikkje for noko storbyliv akkurat no.

 

Jentene er oppstemt. Dei likar slike lange bilturar. Turen til Oslo. Dei mimrar om andre turar. Det skjer noko. Eg glede meg til eg er heime att. Til turen opp og attende. Det er den eg vil planlegga. Eg kjenner eg må konsentrera meg, merksamheita mi er pakka i sirup. Kva står det på skiltet vi skal køyra av spør eg. Eg må ha alt klart, for eg lit ikkje på verken gps eller meg sjølv.

 

Vi kjem fram. Da har det bikka midnatt. Vi kom oss for seint av garde. Dei første timane måtte vi bruka til reinhald av huset vi forlèt. For laurdagen kom vi ikkje i mål. Idealverda er så for langt unna.

 

Fekk brev frå Muritunet før eg drog. Det er eit rehabiliteringssenter. Eg kunne få plass, på gruppe som var ute eller sto i fare for å falle ut av yrkeslivet pga. overvekt.

 

Er det meg?

 

Eg skulle ringa tenkte eg, i dag. Men så gløyme eg att brevet.

I dag vart eg oppringt.

Fekk vite eg kunne få plass i starten av mai. Eg seier at det er ikkje vekta mi som er det eigentlege problemet, vel har eg ein BMI over 30 – men problemet er husken, gløyminga, den fullstendig manko på energi. Eg veit mykje om kva som må til, og livsstilen min er ikkje heit feil. Ikkje drikk eg brus, ikkje et eg junkfood, minimalt med halvfabrikata. Et lite snacks, men grønsaker, frukt og nøtter høyrer til i kosthaldet. Elles er det grove mjøltypar eg held meg til og magre produkt. Men eg et for sjeldan, et for mykje og bevege meg for lite.

Elles tru eg at alle tenkte tankar som eg trur er ferdigtenkt tek for mykje plass, samstundes som eg ikkje slepp fri for bekymringar. Og dei er for så vidt reelle, men opp til fleire finnest det løysning på. Og dei som omhandle andre individ må eg sikkert berre innfinna meg eg ikkje kan gjera noko med. Akkurat det er ikkje så lett når det er ditt eige kjøt og blod du er redd for. Redd for dei ville vegane, dei som kan føra til liv du ikkje ynskjer nokon. Men likevel – eg veit ikkje oppskrifta, eg må sikkert læra meg større tillit. Tillit til alt skjer som det skal. Det er vel slikt eg må ta innover meg og læra. Og så må eg læra meg mykje betre kva som er mine eigne behov. For eg lever eit rikt liv med å ta meg av andre.

 

Eg seier ikkje alt dette på telefonen. Men eg tenkjer nok mest på at eit slikt opphald nok er viktig for meg. Går det i hop med slikt eg MÅ……, ikkje den dummaste tida slik, – hunden, -foreldra mine?

Tankane summerer og summer. Eg har påska til å finne ut av det.


Frukosten  i emning, sonen og kjærasten i aksjon

Så sit eg her. På ein sofa i ei husvære like utanfor Oslo. Orkar ikkje treffe venninna mi.

Ikkje i dag.

Den yngre garde drog inn til sentrum, og eg fann ut eg hadde best av og ikkje bli med. Dei fekk spela bowling utan meg.

“Du ser så sliten ut mamma” sa dei. Og dei såg det eg følte.

 

Så derfor kan eg blogge. Derfor kan eg tenke og reflektere. Og det er godt og berre sitja her. Så inn i hampen godt. I morgon kan eg dra inn til byen. Og på onsdag kan eg reisa heim. Med bilen full av folk. Men no kan eg ha det heilt, heilt roleg og fredeleg. Det er det eg føler eg treng.

Skriveglede

 

I dag vil eg presentera mi yngst og lengste. Ikkje slik ordentleg presentasjon, men dele noko ho har laga.

 

Ho fekk den gleda å bli like lang som mor si. Glede og glede…….men ho sto i alle fall ikkje i soveromsdøra mi og klaga og bar seg.

Ho er ein strukturert skapning og ho er kreativ.

 

Her ein av dagane hadde dei innlevering av novelle. Og ho likar å skriva. Denne novella spurte eg henne om eg kunne få legga ut. Og her kjem noko av den:

 

NATTETANKER

 

Jeg følte meg dum. Det hadde ikke gått ett minutt enda engang. Men jeg klarte ikke å la vær. Jeg tok opp mobilen for å se etter om han hadde svart. Ingenting. Null nye varsler. Jeg la mobilen ned ved puten igjen. Han har sikkert ikke sett det enda, tenkte jeg. Var tilfreds med den tanken. I noen få sekunder. Hva om han har åpnet? Hvorfor svarer han ikke? Tankene spant. Alt jeg ikke ville tenke, tenkte jeg. Nei, jeg må se etter! Jeg tok opp mobilen, trykte meg fram. Desperat. Nesten litt sint, såret. Ikke åpnet. Jeg ble fylt med lettelse. Jeg hørte regndråpene som trippet utenfor soveromsvinduet mitt. Vinduet var så vidt åpent. Bare en liten sprekke. Jeg kjente et snev av kaldt trekk, klamret meg fast i dynen. Spann litt med bena for å få i meg varmen. Han skulle vært her nå. Ligget ved min side, varmet meg. Varmet hverandre. Faen.

For å lesa heile novella, trykk her:

NATTETANKER

 

Ein mett kveld

 

Stemningar kan snu på hælen, og dei kan snu nitti gradar. Dei kan og snu seg på hovudet.

 

Så fantastisk, utruleg herlig å kunne sitte her. I dobbel forstad, slik som at eg greier å sitte……..og at eg sit her fordi eg er heime.

Det er påskeferie.

I morgon skal eg ta ein svingom med støvsugaren, handhelsa på moppen. Vri om brytaren opp til fleire gong på vaskemaskina. Eg skal legge på plass klede…….og eg kjenner eg gler meg.

 

No har eg ete ein sein middag. Rakk det ikkje før. Men eg rakk det eg skulle. Og altså…..middagen til slutt.


Siste post på programmet i dag gjekk også bra. Sjølv om eg hadde lyst til å gå mi veg ei stund. Når det er noko ein synest er så mykje rettare  enn noko anna, og når ein ikkje får andre til å forstå det synet, er ikkje det artig. Men så snudde stemninga seg, og fleire var einig i måten som eg såg tingas tilstand på. Så på tur heim følte eg meg som ein sigerherre, både fordi kvelden var ferdig og at stemninga snudde.

 

Akkurat no er verda god, eg er mett og trøtt. Fekk og ein kommentar på at eg fekk godt til å seia det eg sa på eit greitt vis. Det har vore noko av problematikken min, at eg mista orda eg skulle bruka, tråden i det eg skulle seia. Fordi eg var så sliten vart det brot på nettet mellom tankane og det verbale. Derfor var valet mitt i fleire år og helda munnen godt igjen, ein orkar helst ikkje å babla. Og når ein er i ein situasjon der ein bør seia noko og ikkje evner det, så er det er ein forferdeleg fortvila situasjon. Så sjølv om eg synest denne framgongen går seint, så kan eg absolutt sjå ein framgong. 

 

I natt trur eg at eg skal sova rett så bra. Seier god natt til deg også J.

 

Kast last i hast

 

Oppdrift og glede. Eit liv på skinner. System, orden og struktur. Men også fantasien buldrandes vulkan. Slik vil eg ha det.

 

Slik er det ikkje. For tida går eg i motbakke…….motbakke med myrunderlag. Flyten i livet kryssar seg. Økonomien er eit sørgjeleg grin. Og dette er i ferd med å verta ei sørgjeleg historie. Så i dag treng eg ein ventil.

 

Eigentleg har eg lyst til å frigjera meg for alt som raspar og skrapar opp. -For følelsen av ein kniv som raspar rurane av ned til kjøtet. Av alt og alle som dreg i meg, som eg føler dreg. Så her krev nok sortering og gule lappar på veggen.

 

Noko kan eg nok rydda vekk frå tankane, noko krev handling og noko må eg leva med. Det er slik det er.

 

Eg har hatt ei tid med konvoluttfobi………eg samla dei forskjelleg stadar…….UÅPNA. Skal ta det i morgon har eg tenkt. Men som kjent kjem aldri morgondagen, for det er alltid ein ny morgondag. Dette er nok  den beste måten å handle om ein har lyst til å miste oversikta.

I går opna eg tre brev!

I det eine sto det innkalling til møte, og kjem du ikkje går det deg ille og du får ikkje leva lenge i landet. Eg skulle møta……eller møtt…..for……..nokre timar sidan. Og på det tidspunktet møtet skulle væra var eg i nabobygget til der eg skulle møta…….

 

I dag tok eg den fortvila telefonen, etter og ha tenkt på dette kvart minutt eg var vaken. No viste det seg at denne etaten skaut med lauskrut, for utan brev med paragrafer var dei imøtekomandeheita sjølv……..for alle kunne gløyme sa dei. Og avtale om nytt møte var på veg i brev heilt utan konsekvensar sa dei smilande.

 

Eg må sortera og gjera det eg . Ryggen har vorte mykje betre, ikkje bra, men greier meg fint utan smertestillande. Og da, når eg slepp og ha så mykje vondt, da fungerer hovudet betre.

 

Så får eg prøve å taka alt framom meg på strak arm, påska og pinsa med jula for døra.

 

I dag har eg siste dagen før påska med MÅ, ein litt lang dag uana i forma. Men får omforma den til spanande i hovudet mitt. For eigentleg er den det. Greier eg å spade saman ein dunge energi kan den verta kjempeartig og fantastisk.

 

I morgon kjem jentene heim, på søndag køyrer vi nedover til sonen og kjærasten, som blir med opp att i midten av neste veke. Og få ha barna heime nokre dagar er svært fint, sonen er ikkje så ofte heime og han er saman med ei superjente. Så dette blir så bra. Skal og besøkje ei venninne i Oslo som eg ikkje har sett på eitt år ……trur eg. Heime igjen er tanken å feira den ufeira 18 årsdagen. Så det bør vera klart før vi køyrer nedover.

Så her er det berre å stupa inn i gjeremåla. For når alt er plassert, parkert, vaska og steikt………da vil alt vera mykje betre.

 

Da har eg fått ventilert litt…..det gjorde godt……..for meg.

 

Så håper eg du som las ikkje fekk mein av guffen min.

 

Eg vil i alle fall ønske deg ein fantastisk fin torsdag, for det er alltid noko som er fint om vi ser etter.

 

Ei tid for alt

 

Heime igjen. Brette seg langflat ut i sofaen. Kjenne, med kvar trevl i kroppen kor fantastisk det er.

 

Sjølv om alt er mindre, meir uorden og større kaos, så er det godt. Godt og være heime.

 

I går sette eg kursen opp til Trondheim der søstera mi og mannen hadde kjøpt seg nytt hus. Eg var spent på å sjå nyhuset. Elles var eg med i bøtteballetten som skulle vaske ned gamlehuset. Ein sosial happening. Det var godt organisert, så det tok ikkje lange stunda. Huset dei hadde budd i i over tjue år hadde fått seg nye eigarar.


Eg synest hus er artig. Og å få visning i ein ny bustad er ein nyting. Mest som eg kjenner tærne krøllar seg i fryd. Huset var stort, fantastisk og låg eit steinast frå sjøen. Det einaste var at da vi kom var det ei frykteleg lang fjøre.

Vi åt pizza etterpå og så fekk vi ei flaske vin kvar.


Jentene mine kom og framom   

 Eg vart over til i dag. Først gongen eg vakna og såg ut, var det snødd. Det viste seg at klokka var så tidleg at eg kunne sove litt til.

Da eg sto opp var eg spent på utsikta, men det var fjøre no og.

Seinare kom sjøen opp, og vi gjekk oss ein lang tur.

Og eg tok bilete:


 Endene låg  duppa like nedanfor

Vi er i alle fall ikkje born

Her vil eg bu når eg vert fuggel   


Attende til endene

Etter turen var tida komen til å reisa heim.

 Eit lite minne frå ei svunnen tid da alt var anleis sto like bortom

Kjende eg var for energitappa og sa i frå til jentene mine at eg reiste heim utan å koma framom dei. Men så køyrde eg feil, og plutseleg var eg på tur inn til sentrum der dei var.

Det vart likevel ikkje noko treff, for dei hadde hatt telefonen på lydlaust, det var litt dumt…..men vi treffest snart. Så da var det å finna vegen ut igjen, hamna på Ila og kjende meg mest ikkje igjen i Prinsenkrysset.

Men eg kom meg heim utan at det skjedde noko formasteleg. For i ettermiddag var eg verken ein god bilkøyrar eller noko spesielt god til noko. Eg var berre litt lei meg for å møta på denne forbaska labre energien mine. Men det er berre ein veg og det er oppover.

– Blir bra til slutt.

 

Så gjekk ljoset

 

Ja, ikkje heilt. Men lampa var nokså neddimma ei stund. – Eller solformørking som er det meir riktige å kalla situasjon.

 

Og det var spesielt ljoset som vart.

Morgonen kom med blå himmel og flommande sol, så skjøna at eg ville kunne få med meg månen som mest ville skjule heile sola så mykje som den ikkje ha gjort sidan 1954.

Eg skulle eigentleg sette meg i bilen, men forandra planane og koka kaffi og baud opp søster mi opp på terrassen. Så medan sola skein vart det lagt eit filter over naturen. Akkurat som ei lampe som vart nedskrudd. Akkurat som synet held på å forsvinna. Eg såg på sola gjennom ein cd. Da tredde solsigden fram.

 

Kanskje det virka på humøret mitt. Eg har vore litt skarp i dag, for eigentleg er eg FRYKTELEG lei av tull og tøys! Så inni hampen. Eg er absolutt ikkje i humør til tida eg lever i. Til det velregulerte, av reglane, av synsing og avgrensing.

 

Og så er eg ein tanke sliten.

 

Gledde meg til å sige ned i ein stol da eg kom heim i kveld. For i kveld ville eg sjå tv.

Eg ville sjå og høyra Voice.

Eg som for oftast let apparatet stå mørkt ville sjå akkurat dette programmet i kveld. Såg eg ikkje rakk heim til det starta, var litt hard på gassen. Skunda meg inn, opp trapp og inn på stova. Fekk tak i fjernkontrollen og skrudde på. I travelheita hadde eg kome bort i noko på fjernkotrollen – så opp i høgrehjørne kom det fram ein kvit firkant. Det viste seg at kanalveljaren ikkje kunne brukast med denne firkanten på. Tv’n sto på Nrk1……og der HERJA Ivar Dyrhaug. Med sine overenergiske hopp og irriterande glis.

Eg heldt på å få FNATT, og kom med meir ein eitt utbrot. Stakkars hund, han såg rimeleg forskrekka ut.

Har du sett ein forskrekka hund?

Eg skrudde av og på, drog ut leidningar, ut med kort og eg kjende lysta til å pelma noko i veggen vart større og større. Og på skjermen var ein inn-zooma Ivar Dyrhaug.

 

Eg kunna brodert ut denne historia med både korssting og hardangersaum til ein duk som har passa på eit riktig langt langbord. Men eg stoppar her.

 

Eg fekk til slutt alt til, veit ikkje korleis, da var førsteavdeling omtrentleg ferdig. Og så oppdaga eg at den eg ville sjå ikkje var på i kveld. Så slik vart det.

 

Trur det er på sin plass med litt søvn. I morgon er det Trondheim.

 

I krekenes fotspor

 

Eit lettare skydekke ligg over dagen, og eg prøver og bøya å kreke……..det blir fort krekar ut av det. Men det er vel noko heilt anna?

 

Eller eit krek….kjem kanskje eit krek av å kreka……eller motsatt. Den linken har eg ikkje sett før. Å kreka, krek har kreke. Eller er det eigentleg eit ord? Eg må google, for er det ikkje eit ord er det for så vidt ikkje noko å skriva om…..

 

Sjølv om eg synest det. For akkurat dette er overskyggande i dagen min. Sjølv om sola  kom fram akkurat no. Så kanskje eg skal ut og ta øvinga igjen…….med å kreka eller kreke….

 ………………………….

For det første er å kreka ikkje eit ordentleg ord fann eg ut. Ikkje kreke heller, men det er brukt om når nokon ikkje går rett, men går sakte og krokete. Elles er kreke ei plante. Og har eg no feil etter ei raskt undersøking på nettet får eg satsa på tilgjeving.

 

Uansett, eg kom meg opp frå horisontal til vertikal. Faktisk var det nok betre enn den tilstanden med knekk i hasane, som også heiter å sitje……..på nynorsk altså. Nei no må eg stoppe.

 

Eg kom meg ut. Rimeleg rett i kroppen. Var ein tur ute tidlegare i dag også, da var ganglaget litt meir sørgjeleg. Eigentleg skulle eg noko heilt anna i dag, men når smertestillande ikkje tok bort smerta kapitulerte eg.

RYGG altså.

Kjekk og ha som ven, litt meir trøblet som uven.

 

Eg rusla ut.

 

Vil du bli med på turen er det berre og fortsetta.

Den her mursteinen er skummel, spesielt med ryggen så krigersk. Må treffe når eg trapper ned frå terrassen. Har kjøpt materiale til ei lita trapp……skal tru når den kjem på plass?? Eg prøve-sette-opp vangane. Eg bør vel kunne klare det -?!

Roooot……eg må bli bra snart!!! Mykje og meir, er nok å ta tak i. Terrassen må målast og rusk kastast.

Sjå snøklokkene, det er andre året dei kjem opp. Dei ein ha i hagen sin. Hugsar da eg var lita, – gleda over dei kvite blomane. Dei gjer meg framleis glad. Dei ber bod om vår og sommar.

Eg planta og to syrinar, ein kvit og ein lilla….av dei med lukt. Dei er små enno. Dette er av slikt som væra i ein hage. Tenk å kunne ta inn store bukettar med duftande syrin.

Denne krukka planta eg full av krokus førre hausten. Eg vart skuffa da ingen kom opp i fjorvår. Så det prosjektet prøva eg ikkje opp att. Men ser det kjem opp stemorsblomar. Denne krukka skal liksom ønska folk velkommen når dei kjem på vitjing denne vegen. Men dei fleste kjem inngangen i første…..men i fantasien min er dette inngangen til vår heim.

Så er vi ute av “hagen”, og dette går strykande. Eg er ganske rett i ryggen faktisk.

Her i fjøsveggen varmar sola godt. Kanskje eg skal sette ut ein benk her, slik at ein kan nyte den lune veggen. Apropos vegg, den skulle også vore måla….

Dette er tremasse etter all oppkappinga av veden i fjor haust. Kan det brukast til noko tru?? Har du nokon forslag?

Eg har så lyst på ein allé i oppkjørselen. I haust var fem tre planta. Etter vinteren er det berre dette som står att. Han som brøytar brøyta vekk trea. Eg trudde dei sto langt nok ut, men til vinteren skal dei eg får planta merkast!


Du ser kor åpent det er……

Boffen og eg tar turen over vegen. Kanskje vi skal sjå ned på jordet nedom vegen for å sjå etter kvitsymre…?

Det er så godt å være ute, og enno går turen heilt greitt.

I kanten her fann eg kvitsymre i fjor, men det ser dårlig ut…..

Eg går heilt ned jordet og inn i skogen, akkurat her har eg ikkje gått før.


Det er bratt ned til sjøen, og det er skikkeleg blikkstille i dag.        


Det er mykje fukt og mosekledde tre å sjå.

Roten skog.

Kome seg opp på jordet igjen….


Ikkje så langt heimafrå, men langt nok i dag. Men turen går strålane, likevel kjenner eg det er greitt eg snur no.

 

 

Berre attende bortover her og så oppover….

Kanskje eg skal sjå under lauvet her…..

….nei……..ikkje noko symre.

Mest komen opp att, bortanfor jordet er det ein steingjære – og der står ein gamal heim og forfell.

………………………………… 

 

Og etterpå var det godt og inntaka horisontalen igjen. Så gjekk kvelden til middag, telefonsamtale og slikt.

 

I morgon er ein ny dag.

 

Takk for at du følgde med på denne lang/korte turen i nærmiljøet mitt :).

 

Dei runde og dei firkanta

  

Eg snakkar verken om vekt eller musklar, men slik vi er samanskrua til den vi er. Korleis vi fokuserar og kva vi vektlegg som viktig.

 

“Føler du det? Ja vel, ja? Og da er det rett da liksom?”

 

Skeptikarane, dei med fakta. Dei som hugsar og har kontroll på vedtekter og lovverk. Som hugsar korrekt lengda på- og kva for elv som er den lengste. -I Noreg eller i verda elles. Det er dei som set premissane.

 

Om ein går rundt i verda og føler ting, er eigentleg ikkje det gangbar mynt. For kvar står det om du har rett eller feil? Du vil fort verta mistrudd, for kven veit om dette berre er noko du innbiller deg?

 

Føler og ting er to ord som er ubrukeleg i ei verd der alt skal dokumenterast.

Ting?”

-“Det heiter kalligrafipenn”.

-“Det der er ei hydraulisk kran”.

-“Det er feil å seia dubbeditt, dette er ikkje noko skitt, det er tavlekritt!”

 

Kan du orda og kan du bruka dei utan å føle, men med å kalla alt med det rette namn, utan å seia ting, da kan du regjera og vite korleis det er i demokratiets namn.

 

“Ho er lei seg?”

 

“Korleis veit du det, har ho sagt det?”

 

“Nei, men eg ser det”

 

“Og da meiner du at du har rett?”

 

Dei runde og dei firkanta menneska var det ein som sa, han hadde lov til å seia slikt fordi han var psykolog.

 

Det er interessant. Vi menneskjer er interessante.

 

Hadde ein samtale med mi mellomste.

 

Eg fortalte eg følte eg ikkje kunne bruka ordet føle i ein diskusjon sa eg.

“Eg føler akkurat det same,” sa ho.

“Og ordet ting“.

Vi var einig om det også. Det var eit ubrukeleg ord når vi ville bli teke på alvor i seriøs samtale.

 

Men vi kunne bruke ordet når vi to snakka, og når vi snakka med våre likemenn. Dei som trur på at vi føler, og at det vi føler er meir riktige enn ei subjektiv oppfatning farga av oss sjølve.

 

“Er du ikkje heilt frisk” sa eg til legen før ho hadde opna munnen.

Nei, ho var ikkje det, eigentleg var ho ikkje det.

 

For vi  menneskjer sender ut fullt av ørsmå signal, og nokre av oss oppdagar dei lett og andre gjer det ikkje. Og korleis kan dei som ikkje ser dei tru på noko dei ikkje ser……..??

 

“Så du forsto det du altså, ja……nei eg såg det ikkje da, men eg og ser det no”.

 

Slikt kan nokon som les verda gjennom følelsar høyra………..etter ei stund, frå nokon som likevel trur på ein og har oppdaga det same.

 

Eg hugsar eg las til barna ei historie om maurane, dei streva og sleit, bar og drog  og kika i bakken etter meir å sanka. Så var det den eine mauren som såg opp. Han fekk sjå himmelen, alle stjernene, og han fortalte kva han såg. Dei andre maurane lo og syntest denne mauren var heilt håplaus, for deira jobb var å leita på bakken etter det dei hadde bruk for. Og ikkje brydde dei om slikt tull som å sjå opp, kva skulle det føre til? For dei visste da at heile verda var slik som den på bakken.

 

Slik er det. Alle veit vi berre det vi veit. Står vi med ryggen mot kvarandre vil perspektivet være heilt ulikt, sjølv om vi står så nærme.

 

 

No har eg sett vakre himlar. I kveld. Eg køyrde mellomst i veg for at ho kunne reisa attende til byen. Den siste natta hadde gjort underverk, og ho greidde både eta og snakka. Så håper ho blir heilt bra no.

 

På tur heim måtte eg stoppa og ta bilete av fjorden eg bor attmed. Og himmelen. Fekk med meg solnegongen etter nok ein nydeleg dag.


 

Hals og rygg og sol

 
Ein slik sjuk dag har passert. Og så var den sjukt vakker.


Sola skin over ein bedrøveleg heim. Eller…… kanskje ikkje riktig bedrøveleg……..men sterkt redusert er den. Halsbetennelseskrigen herjar hos henne som har den.

Med smerte.

Ho går på penicillin og smertestillande. Eg krøker meg rundt om i tilvære. Eg har og bevega meg innover bretta med smertestillande. Feiring av ho som fyller er 18 er utsett til påska.

 

Vi har dessverre ikkje anset tenestefolk, så huset ber sterkt preg av dette fokuset på sjukdom og andre begrensnigar. Slik som kjøkenbenkar, bad og golv ber sterkt preg av situasjonen, rot og uorden.

 

Da eg sto opp i dag fekk eg meg ein skikkeleg overrasking. Inne på badet var det vorte rydda i løpet av natta. Eg fekk ein mistanke og stakk hovudet inn til ho med halsen.

“Eg fekk ikkje sova fordi det var så vondt” sa ho.

 

Så gjekk eg på kjøkenet, og da trengte det seg eit utbrot ut av munnen. For der var alle benkar BLÅST og alle koppar reine.

No søv ho.


 

 

Så har dagen gått og vi er framme ved kvelden. Ho som sov vakna igjen. Vi fekk besøk og hadde vår første kaffistund utpå terrassen dette året.

Da vi var for sjølv att, fann eg mellomste på badet oppløyst i tåre. Halsen vart ikkje betre. Legevakta vart kontakta, og her utmed kysten har vi ein legebåt som turnerer rundt. Den var eit stykke unna, så det var berre og sette seg i bilen. Vi tok farvel med yngste som skulle attende til byen og hybelen, så ho fekk berre pakke og ta bussen utan oss til stades. Ba henne ta med seg det ho ville av mat, for rakk ikkje laga middag før vi måtte dra. 

Det viste seg at det måtte sterkare lut til, for halsen var visst ikkje så vakker. Og jenta fekk beskjed om at enno nokre dagar heime, så byen og det som lokkar må venta.

 

På returen måtte eg ta ein stopp, desse polerte himlane, fargane, solnedgangen og sjøen. Prøvde å fange det til deg som leser. Men som du sikkert forstår var det vakrare i røyndomen.


No er senga neste post på programmet. Nokre gong vert det berre slik som det er no. Men eg får nok hyve innpå med litt C-vitaminer, neste helg skal eg til Trondheim og den etter det til Oslo. Noko anna enn ryggen tenkte eg ikkje ta på meg, synest vi har teke vårt ansvar av sjukdom i dette huset no.

 

Draumen og kunnskapen

 

Eit svar på eit spørsmål eg plutseleg fann  ut eg ville stille. Ei gjennomgong av det som var og det som er.

 

“Kva synest du eg skal skrive blogg om” seier eg til den mellomste jenta mi, som synest det tek alt for lang tid med denne halsbetennelsen.

Tabutema kjem det raskt til svar.

Men kjenner det ikkje fører til noko tema eg har lyst til å skriva om. Seier det til henne.

“Enn om du skriv om korleis du trudde livet ditt ville verta og korleis det vart, og kva du synest om det”, seier ho. Eg svarer at det er for stort tema. Men vert sittande å tenkje.

For eg trur at om eg hadde sett livet mitt i dag, som ungdomskvinna den gong da, hadde eg nok grått mine modige tåra. For eg hadde så store forventningar til livet at Norge rundt var det verste, mest tristaste, horrible programmet eg såg. For folk var så fornøgd med så lite.

Eg vart slege ut i frustrasjon av å sjå på at folk bygde stavkyrkjer av fyrstikker.

 

Som riktig lita ville eg bli elefant pga. støyttennene. For slik ville eg og ha.

Da eg var rundt tolv hadde eg ein samtale med morfaren min.

“Det skulle vore starta arbeidsplassar for kvinner” sa morfar.

Eg trudde han meinte at det skulle vore starta eit båtbyggjeri for kvinner, for det hadde han starta først på tjuetalet og der var det berre menn som arbeidde. Seinare, på syttitalet arbeidde det to, tre kvinner i produksjon, utanom dei to som arbeidde på kontoret.

I dag tur eg det berre er ei kvinne på kontoret. Men etter som begge foreldra mine er ute av arbeidslivet har eg mista oversikta kva som skjer på det som ikkje lenger  er eit båtbyggjeri, for det er neste generasjon som har teke over, – gutane i neste generasjon, dei veit og dei styrer firmaet.

Og det var ingen som starta verken båtbyggjeri for damer eller anna verksemd spesielt for dei, sjølv om eg tenkte som den tolv åringen eg var, at det kunne EG sikkert når eg vart stor.

 

Heilt i starten av ungdomsskulen kom ein yrkesrettleiar for å snakke med oss om framtid og yrkje. Eg hadde inga formeining om kva eg skulle bli.

“Likar ikkje du godt og teikna, kan du tenkja deg å utdana deg innan det?”, sa læraren eg hadde hatt  i to veker.

Lettare sjokkert over at det gjekk å utdana seg og arbeida med teikning møtte eg opp hos yrkesrettleiaren. Medan alle andre jentene i klassen stilte spørsmål om sjukepleie og barnepleie og slikt, hadde eg bestemt meg….. Eg skulle bli reklameteiknar.

Men så kom eg ikkje inn på reklameteikne skulen i Ålesund like etter ungdomsskulen, det som seinare vart grafisk formgiving. Derfor vart det kjole og draktsaum på meg, for der var det ledig plass da skulen starta om hausten. Det førte til at eg forandra retning.

Eg fekk vite om Statens Håndtverk og Kunstindustri skole i Oslo, at der kunne ein verta motedesigner. Eg måtte søkje tre gong før eg kom inn på linja klær og kostyme. Eg såg for meg eit liv og ei framtid i Paris. Eit dekandent liv i svart og kvitt i det sjølvsentrerte åttitalet.  Da dei fire åra var ferdig var lysten til å flytta til Paris over. Eg hadde i staden lyst på ein verkstad etter og ha arbeidd nokre sesongar hos to menn som laga motevisingar kvar haust og vår i Oslo, for ein seleber gjeng av både mangt og hitt. Eg tok diplomarbeidet mitt på verkstadarbeid.

 

Eg vart med i eit verkstadutsal, og eg fekk også hatt ei motevisning, den store draumen.


Og det var sant, det var artig da eg var komen dit at eg kunne sende modellane ut, ein etter ein i spottlyset.

Men eg forsto ikkje tida som måtte brukast, trua eg måtte ha og innsatsen som måtte til. Og ikkje tente eg pengar, så inntekta måtte eg ha frå annan jobb.

Seks år etter endt utdanning og i overkant av ti år i hovudstade ga eg meg.

 

Eg flytta saman med han som var kjærasten min i Trondheim. Det vart giftemål, det vart økonomisk nedgangstider, det vart tap av arbeid, kollisjon med nakkeskade, seinaborter, etter kvart levende barn, syndromatikk, flytting frå Trondheim, ekteskapsproblem og til slutt skilsmisse. Det var ingen ende på livet i svart og grått, i spedt litt kvitt.

 I Trondheim starta eg å laga dukker, havfruer, tussar  og sauma kostymer for å prøva utan at det gjekk vegen


I dag ser eg Norge rundt utan å gråte. Og eg veit så mykje meir om livet. Nei, eg vart ikkje designaren. Men eg er mor til tre barn.

Går det på skinner?

Nei.

Men barna mine er dei mest fantastiske barna eg kan ha. Eg er rik på eit innhaldsrikt liv. Eg er glad i livet mitt. For eg har fått lov til å lære myke, mykje eg ikkje forsto den gongen eg vart deprimert av det vanlege livet og at folk fann seg i så lite.

 

Så du tøttetralletutta mi som spurde, på denne sida av år og alder er eg glad i livet slik det vart. Det var eg ikkje da, da eg tenkte eg skulle verta ein rik og berømt designer. Men det er ikkje sikkert at den jenta eg var for tretti år sidan har forstått verdiane da av det eg fikk. For ho syntes det dekadente livet i svart og kvitt frå nattelivet var spanande. Ho forsto ikkje vitsen med å få barn og sitja ein fredagskveld framom tv å sjå Norge rundt.  Ho trudde det var det tristaste som fantes. Så det bra ho ikkje fekk veta korleis det gjekk da. Men eg er glad i dag for alt som var, er og er spent på det som kjem.

For eg lever enno. Og det FULLT UT enn om eg er litt sliten.