Og dagen gjekk over himmelen

 

Liksom berre tom og trøyt. Eg vakna nok for tidleg.

 

 

For i dag tidleg spratt eg opp av senga berre etter seks timar med søvn. Eg skulle køyra yngste til bussen som gjekk fem over halv sju. Tenkte å vera att på sentrum, eg syntes eg hadde så mykje å gjera som kunne væra greitt å få gjort når verda mest var folketom.

 

Da eg kjem ned på rommet for å kvitra god morgon, fekk eg berre eit sukk attende om lite søvn og hosting natta lang.

 

Så det vart trede dag heim frå skule, men i kveld reiste ho. Mellomste held på med sitt, tenkte å reise opp att til Trondheim – men i kveld er forma elendig.

 

Og ryggen min og eg er eit skikkeleg sørgjeleg kapitel, vi er uvener.

 

Eg sto likevel opp tidleg og fekk gjort litt av alt.

 

Så dagen har vandra med sine gjeremål. Papir og telefonar. Kattane fekk ormekur. Boffen stakk av til morgonen med tydeleg dårleg samvit da han var innfanga.

 

I går vart legen og eg einig om at dette gjekk for sakte, med meg og betringa. Ho foreslo opphald på rehabilitering, og eg er villig til mest alt om det kan føra til framgang. Redusere denne irriterende manko på energi og oversikt.

 

Så slik er det heime hos A/S Klag og Syt, Host og Hark. Men reknar med eit rimeleg kort opphald før eg skal vidare til Vakker Bloming i Vårbakken sponsa av Varm Sol i Nakken.

Sjuk og sjukare

 

Basselurkane er flytta til hus. Dei herjar med nasar, hals…. og rygg.

 

Ei doven stemning ligg over heimen. Litt feberheit. Stikkande og sår for nokon. På retur for andre. Det hostast og harkast, verda har vore betre for opp til fleire.

Absolutt.

 
Lucas og Miranda er nok friskare enn oss på tobeinte

Eg er den friske. Men det er så rart med det, eg hadde inga lyst å stå opp til morgonen – sjølv om sola skein lokkande inn gjennom vindauga. Eg ville berre forsvinna inn i drøymar om walk-in closet, skyvedører av glas og store terrassar. Ei verd utan problem, ei verd som eit illustrert vekeblad.

 

Vart trekt ut av draumane av telefonen. Det var mellomste. Ho greidde ikkje få noko gjennom halsen. Det stakk. Forma var langt unna formfull. Det måtte avlysast det eine etter andre. Og som den mora eg er sa eg så klart at ho måtte koma heim! Eg sendte melding til faren om han kunne henta henne og så møttes vi på halvvegen. Men ho måtte ta bussen seinare på dagen da den gjekk. Faren var også heime og var sjuk.

 

Yngste kom opp og følte seg betre, medan ho hosta surklande. Ho tenkte å ta bussen attende til hybelen, men da eg såg på henne syntes eg kanskje ikkje det var så lurt. Ho fekk venta til neste dag.

 

Eg kom meg opp og etter kvart ut for å trilla åt slike gjeremål som å starte utskrivinga av over eit og eit halvt tusen ark. Kjente at kroppen ikkje var heilt på part. Så det spørs om det er noko rusk i koppen min også, for det er typisk at dei svake punkt i kroppen vert angrepet. Så ryggen vil ikkje retta seg ut, med det ubehaget det er.

 

No er heile denne fantastiske gjengen samla i stova, to på data og ei under dyna i skuvsenga. Ho i senga kjem med nokre rasande, pistrete utbrot, for tilstanden er nok litt meir enn ubehageleg..

 

No skal eg laga supe av gulrot og ingefær. Den er sterk.

 

 

Er dei så viktige desse kiloa?

Gamle bilete frå ein gamal telefon ein vindfull dag -. Da alt hadde ei anna plan, fann eg ut at eg skal prøve å fortelje det som er viktig, illustrert av dei gamle bileta.

 

For i dag måtte vi skrinleggja planane på hengande håret. Slik i sist liten.

“Eg vil hjelpe til”, sa yngste med ein flat stemme utan trykk. Da hadde eg spurt henne fleire gong om ho trudde feiringa av fødselsdagen gjekk bra, -ho ville sova, stemmen hengte seg opp i en sår hals og ho var feberraud.

“Skal vi – ?”, sa eg for ‘nte gong.

I en straum av tårer trudde ho til slutt det var det beste.

Å avlyse!

Fekk ringt og sagt i frå, til syster og faren, besteforeldre og tante. No søv ho og eg kan skrive eit blogginnlegg.

 

Eg tømte den gamle telefonen min for bilete for nokre dagar sidan. Fordi yngste skulle låna den, hennar har vorte eit problem. Det var opp til fleire bilete av store, frodige meg, utan staffasje og krimskrams. Berre med den naturlege utgåva, usminka og med nokre av alle dei ansikt ein kan ha.

 

Eg ser på yngste, på alle gratulasjonane ho fekk på dagen sin, der vener hadde lagt til bilete av henne på facebook. Alle dei ansikt ho ikler seg. Full av spelopper. Som når ho konsentrerer seg om å få det til å sjå ut som ho sett fingeren på nasen til ein sovande morfar…………eller leikar fjortis med trutmunn.

 

Vi tullar og tøyser ein del i denne familien, og vi tek oss nok ikkje så frykteleg høgtideleg, ikkje om det er vener på besøk heller. Men andre gong kan vi så klart ta oss frykteleg høgtideleg…..det høyrer med til menneskenaturen -.

 

Vi pussar gjerne tennene i samla flokk, og jentene tek bilete i alle situasjonar; om vi køyrer bil – her er mellomste i aksjon med knipsing. Slikt er så enkelt i denne tidsalderen vi har hamna i.

Eg har mykje å sette pris på. Foreldra mine som er i livet og greier seg med det meste sjølv. Det var ein kraftig nedtur for far da han ikkje fekk ha sertifikatet for eit par år sidan, dei mista noko av fridomen sin da. Så dei må ha hjelp til å koma seg hit og dit.

–  Det er dyra. Dei er trufaste. “Kanskje du skal leike med meg no?”, seier Lucas med augo.

– Gleda med teikning og måling, som eg må til med igjen.

 

Desse bileta er frå i fjor sommar. Det er snart eit år sidan. Åra går så fort. Kor mange år er det no sidan eg tenkte; eg må slanka meg, eg må bort med kilo….. Dei er der enno, like godt.

Alle kiloa.

Aukar kanskje litt også. Dei kom brått på, på eitt år var dei der……etter eg hadde gått gjennom fleire svangerskap i tett rekkjefølgje. Etter 25 månader hadde eg alle kilo, da hadde eg og to alt for små, døde barn gravlagt og eit levande.

 

Eg bort med kiloa, har eg tenkt mang gong. Og så har eg klart å få bort 10 eller 15 kilo, men så har det vore stopp. Eg orka berre ikkje meir. Motivasjonen var så overdøyvande borte, at det var ikkje sjans.

Eg vil bli tynn og ha på meg lekre klede har eg tenkt, eg vil være riktig…….. slik vi skal være………….slik eg eigentleg er, for eigentelg er eg tynn, inni meg er eg tynn, slik har nok underbevisheita tenkt teker eg.

Det hjelpte berre ikkje.

Det hjelpte ikkje at eg var ein tynn baby, eit tynt barn, ein tynn ungdom med spisse knær – og som ikkje var det slag artig-. Eg var ei tynn kvinne………fram til eg var 32, da var det bom stopp!

 

Det eine er det med dei lekre kleda, verre er det dei vonde knea, stivheita i kroppen, alle vondtene.

Eg må slanke meg har eg tenkt. Sjølv om eg veit at tjueåra er ferdig, og at eg i dag må velje mellom ansiktet og rumpa……..om eg skulle greia det eg har tenkt eg må, vil nok ansiktet bli som ei rynkete rosin.

 

Heilt til ein dag eg tenkte: eg DRIT i kiloa!!!!!

No datt eg litt ut her og tenker at akkurat den setninga kan det vera gang i…………,  ……….det var en digresjon.

 

Men altså kiloa……..skal eg bruka opp dei siste åra eg har att, som kanskje tilsvarer dei eg har levd med for mange kilo, med å ha enno meir fokus på  kiloa?

Det var da eg forsto at akkurat det skal eg faktisk ikkje.

Eg skal gi blaffen i kiloa, det funker ikkje likevel – det har vist seg at tanken og fokuset på kiloa ikkje fungere, den tanken går over, gong på gong.

Og da bestemte eg meg – eg gje blaffen og eg DRIT i kiloa.

MEN…….., og her er eg framme ved pointet, sakens kjerne……….alt slikt – for eigentelg har eg eit storveges bra liv, eg har så mykje og vera glad for, eg har så mange p væra glad i og som er glad i meg – så derfor MÅ EG TA VARE PÅ MEG SJØLV!

Utan å tenkje på kiloa. Men eg må tenkje kva som er bra for meg, at eg har det godt. Derfor vil eg i staden kjenne etter korleis kroppe min har det!!! Har den det bra kan alle dei kilo som sit det få lov til å bli. Men eg vil ha ein GOD kropp og bo i, derfor må eg kjenne etter, tenke etter kva eg puttar inn i den opninga i ansiktet. Og da reknar eg alle forstår eg ikkje meinte nasebora.

 

Så det er den nye strategien, eg skal ha sterk fokus på å gjera det eg kan for at EG har det godt med å bo inni meg sjølv. Om du må sjå ei dundre på over hundre er ikkje det mitt problem, men det at denne kroppen-, uansett kva den veg, er vond, – det er mitt problem og kan bli samfunnet sitt også.

Det er mitt nye fokus, ikkje tala på ei vekt, men stivheita og smerter i kroppen min.

Eg har lyst og hoppa opp tappa enno nokre år (akkurat som det er noko eg driv med), eg har ikkje lyst og pesa opp ein bakke.

Dette er fokuset mitt og motivasjonen min for og ha det godt saman med dei eg deler livet saman med.

For å ha eit bra liv saman med dei, både for min del og dei sin.


 Takk for at du lytta og las om kva eg har funne ut er vikig.

Så må du ha ein riktig GOD laurdag.

 

Ein liten pause

 

Sol, regn og vind. Fredagen er glitrande med dråpar på ruta. Og ljoset viser fram det ei flink husmor ikkje ville ha vist fram.

 

Her i huset bor inga flink husmor, men eg treng å leika ei i dag. For går alt som det skal, blir det feiring i morgon. Akkurat i skrivande stund er eg usikker. For snart på tur heim kjem ei sjuk, nyutsprunge 18 åringen. Og i seinare tid har vi ikkje blanda sjukdom og gamle menneske, så det er den feiringa i morgon……. Men får berre avventa, og eg må handtere dagen som det vert fest i morgon. Derfor er det berre å brette om armer og ermer og slikt.

 

Dei kurande og diettprega dagane slo meg på ein måte meir ut enn elles. Plastikk etter salatar, frukt og anna emballasje vart berre liggande igjen på benken. Slik kan det ikkje ligge. Men dei ti dagane har resultert i fem kilo vips borte……sjølv om eg er fullstendig klar over hendinga plutseleg attende……. Og i går fekk eg klump i magen av sodd og kaker.


 

Gårdagen, ein dag for tårar, vemod og tankar. Slik det er når nokon har gått bort. Men og ein dag til å treffe folk eg ikkje har sett på lenge. Kjente at energien min ikkje var heilt til stades, så måtte forholda meg til det. Derfor var eg nok meir introvert enn ekstravert. Og ein slik dag er god når ein er heime igjen, når ein kan ta av seg dei mørke kleda.

 

Gårdagen starta med ein frukost, ein fri og vanleg frukost. Feiring av ferdig fart. Eg hadde mykje halve matrestar att, halv appelsin og opna granateple, slikt. Derfor brukte eg opp noko med å laga meg ein fruktsalat. Ein god start dagen.

 

Snart må eg ut og hente klesvasken som har blåse av klessnora. Ta med meg boffen inn, som er ute og leikar seg med venninna si. Han var oppe på nabogarden og henta henne. Når leiken for hunden er slutt skal eg til å leika denne husmora. Før eg hentar sjuklingen som kjem med bussen. Ein frank og fri dag er godt i gong heilt utan fritidsproblem.

 

Ein riktig fin fredag til deg som har vore innom på vitjing.

 

Å brenna

 

Det ramla ned i hovudet mitt i kveld. Tanken. Om alt som er ein brann, alt som brenn…….

 

I kveld var det betre enn det meste å koma heim. Hyva omnen full av ved. Skikkeleg få det til å brenna stort og varmt. Kjenna heilt inn i margen-, kjenne varmen og kor god denne varmen var.

Dobbelt godt.

 

Eg fekk unna meg mykje i dag, eg greidde å konsentrera og fokusera. Følte meg som ein sigerherre da eg rulla kontrollert over eit tynt snølag på tur heim, etter at mørket hadde lagt seg.

 

I dag sto det supe av rotgrønsaker på menyen. Den skulle krydras. Blant anna av cayennepepper. Ei halv teskei. Tok det på slump………..

Det er lenge sida eg har ete mat så snør og tårer har runne. Supa var i brann, tunga var i brann, så no held eg på med ettersløkking. Det prikkar i leppene.  

 

Siste dagen med diett er over. Eg sluttar fire dagar før eg skulle, før dietten var over. I morgon skal eg ein tur opp på vekta. Før eg kle meg i svart. Eg skal følgje mor sin eldste bror på det som vert kalla den siste reisa. Eg vil møte mykje familie, folk det er lenge sidan eg har sett. Da passar det ikkje det eg har heldt på med. Det får eg ta opp att seinare. I morgon skal eg berre være tilstades. Så om dagen er tung, så er den naturleg. Men eg kvir meg. Morbror min var over 93 år. Eit liv har brunne ut.

 

Så heilt til slutt i kveld vil eg trekkje fram mellomste jenta mi. Ho brenn for det ho har lyst til. Ho vil synge. I dag hadde vi ein lang prat. Ho var trøyt og sliten og det gjekk ikkje slik ho ynskte. Derfor vil eg dela med dykk ein av songane ho har skreve. Fordi eg tru ho vert glad om eg gjer det.

Frå ein varm, fuktig dag i fjor sommar tok ho med seg gitaren på terrassen for å synge om snø og hjarta som kan flamme, medan skydekke hang lågt over fjorden.

Slik i all enkelheit

 

Kveld i stua, i stolen sit frua…….men eg er kanskje ikkje det?

 

Men eg er meg sjølv uansett kva eg er. -Frue eller ikkje.

Kanskje eg er ei furu eller furie?

Akkurat no er eg mest mett og trøyt. Slik snart midtvegs i mi travle veke. Når for mykje skal inn i timane tek eg bloggfri. Men så er det eigentleg så godt å trykke ned nokre ord også. Og når eg først ha gjort det så må eg innom med nokre kommentarar til fleire av dei eg følgjer. Det er da tida går enda fortare. Så blir eg sitjande å henge ved data’n  langt inn i tida som går og går og går -.

 

Eg trur eg kviler nå eg skriv. Kosar meg gjer eg i alle fall. Det er berre for dumt dette med tida……..knappen, kvar er den? Det har vore så fint og variert denne tida.

 

I gårkveld, etter dagen i byen, returen med ferga og alt. Da orka eg ikkje å tenkje eit ord ein gong.

Forresten var det nokre fantastiske himlar i går. Prøvde å fanga ein av dei på mobilen i ferjekøa. Men for og ha fått fram noko skulle eg nok gått ut……..og akkurat det orka eg ikkje.

 

Da eg var på tur heim til meg sjølv, etter og ha køyrd ho som var med heim, skulle eg ned ein lang bakke……..og plutseleg mista hjula veg-grepet. For det hadde vorte glatt, slik hysterisk isglatt. Mot meg kom fleire store søpledunkar, ikkje at det var det verste å kollidere i. Eg svinga desperat på rattet, og bilen dansa og kvein. Og like før samanstøet fekk eg bilen til å skrifta retning, og rett ut på hovudvegen bar det.

Heldigvis kom ingen andre bilar da.

Phu-, så det var eg frykteleg, enormt glad for.

Vegen heimover gjekk i nokså roleg tempo kan ein seia. Og da eg var komen heim, inn og opp, såg eg strøbilen passera nedpå vegen. Det trur eg var bra.

 

Da orka eg ikkje å skriva. Det var i går.

 

No har eg nett ete ein sein middag. Eg har invitert til fødselsdagsfeiringa i helga. Så det var vel det eg rakk i dag. Jaa-, eg har gjort noko før dette. Akkurat no dunkar vaskemaskin i sentrifugal takt. Og det første eg gjorde da eg kom heim i ettermiddag, også kalla kveld, var å skifta sko. Ta på ullgenser, vindjakke og refleksvest. Finna fram bandet og det var ein som ikkje let seg be to gong, for å seia det slik. Det heldt å seia “vi skal ut”, da vart det både piping og vill dans. Og det gjorde godt både for dei med to bein og dei med fire den turen ut.

 

Slik i all enkelheit.

 

I kveld

Vi er framme ved første vårmånad. Noko så inn i hampen godt. Godt langt inn i dei inste avkrokar av sjela.

 

 

Så sit eg her. Det er søndagskveld og helga er over. I kveld må søpla trillast ned til vegen. Og i morgon er det bytur. Mor skal på kontroll, og eg er sjåfør. På soverommet nede står ein bag pakka, så slapp yngste ha med seg den på bussen full av sengklede, handklede og slikt.

 

No er begge jentene dratt, eg køyrde dei til kvar sin buss for og ha mest mogleg tid saman med dei. Ja, eg måtte køyre etter den eine bussen eit stykke for marginane vart for små.

Like før vi for var sola kome framom nok eit fjell, og soldagen har auka myke. Husveggen vart bada i sola.





Fargane var så fine, så måtte ta nokre bilete. Og mellomste sprang barføtt ut for å sjå etter snøklokkene. Dei var komne langt, men dei blømar ikkje enno.

Attende frå bilturen var mørke kome, berre litt ljos attom skyane.

 

Dette blir ei travlare veke enn vanleg, men får tru alt går greitt. Neste helg skal vi feira ho som fyller 18 år.


Er det nokon her som ikkje skal væra her?..

 

Søndagen har gått stille i dørene. Det er godt og berre let det væra stilt, fordi her i huset orkar vi ikkje så mykje.

 

Da vi flytta hit for sju og eit halvt år sidan var eg så sliten at eg visste ikkje kva for farge eg skulle måla kjøkenet i. Slikt har eg alltid visst, smaken min har alltid vore sjølvsikker. Men så hadde eg like før gått gjennom ein prosess som hadde kosta, og som til slutt enda med sal av hus og klargjering til neste eigar. Derfor var det ikkje så rart eg var sliten. For slikt gjer seg ikkje sjølv.

Flytting frå huset vårt i 2007

 

Her var det mykje å ta tak i, og vi flytta inn etappevis. Kjøkenet vart måla kaldt, ljosegrønt med golv i sjakkmønster i eit forsøk på ein 60-tals touche. Heilt greitt, utanom at kjøkenet var bakvendt og eit dårleg arbeidsrom. Slik det var fram til vatnlekkasjen for akkurat 13 månader sidan i dag på dagen.

Riving av gamalkjøken i gong etter lekkasjen


Nytt kjøken utvida og montert
 

I dag er kjøkenet godt, nytt og eg trudde ei stund det ikkje gjekk og få det rotete. Men det gjer det.

Absolutt.

Og eg er så sliten som ein jammerdal mykje av tida, og det fører i grunn til dåleg struktur i kvardagen sine ting og tang.

 

“Eg er så sliten” seier yngste når ho er heime. Ho flytta ut for vidaregåande skule og hybelliv for eit og eit halvt år sia. Dei første to åra var vi tre i huset, tre damer, eldstemann flytta til faren for vidaregåande der. Sakte og sikkert budde vi oss til.

 

“Det gjekk ei lita, gamal dame attom deg”, sa yngste ein dag. “Eg såg ho da du gjekk gjennom gongen”. Ein litt rar kommentar i og med det ikkje var nokon gamal dame her. Eg fekk forklart korleis den gamle dama såg ut. Ho vart ikkje sett noko meir.

 

Eg fekk bestilt elektrikar for å kontrollera straumtilgongen, for det gjekk så fort desse ljospærene. Men det viste seg at spenninga var tilnærma normalt. Så det var berre å skifta til nye pærer etter kvart som dei gjekk.

 

Jentene mulla i at dei trur det må spøka her. Men huset føles godt og trygt, og så er det bygd i 1986. Ikkje har det døyd nokon i huset heller.

 

Elles er eg open for at det finnes mykje mellom himmel og jord, og eg veit det eg veit – utanom at det er mykje eg ikkje veit.

 

Jentene var sikker på at dei hadde høyrd lyd frå pianoet i gongen fleire gong. Og da søster mi flytta inn nede med dotter si, trur eg dette kunne væra eit tema rett som det var mellom dei tre jentene.

 

Ein dag fekk eg vite ad omveier at det var nokon hos oss som ikkje skulle vera her. Ei eldre dame. Ho vart oppfanga av nokon som budde milevis her i frå. Seinare fekk vi og vitjing av nokon som følte sterkt og såg det vi andre ikkje såg. Vi fekk vite at dama var i rundt oss og kven det var. Det var og ein logikk i dette, at denne dama var her. Skulle det vera nokon var det ikkje rart det var henne.

 

Eg skal innrømme eg er redd for det overnaturlege, men eg føler ingen redsel. Når hunden gjev seg til å bjeffe frenetisk om natta tenkjer eg at det er lydar han høyrer utanfrå. Men han kan bjeffa mykje like etter vi har lagt oss.

 

I går fortalte yngste at da ho vakna om morgonen nede på rommet sitt og sette seg opp i senga, vart ho vars eit ljos på golvet som ikkje kom nokon stad frå………..

 

Det er derfor eg er så sliten, for det tapper energi har eg fått vita. Så er det derfor eg heile tida er så klar, vondt i hovudet og kan sova utan ende?

 

Det er ein rar situasjon og ha hamna i. Har vi rett og slett i huset vårt nokon som ikkje skal væra her? Og skal vi få i nokon som reinskar hus for slikt? Og svaret mitt på det er ja. Men i himmel og hav korleis går ein fram for å finna nokon som kan gjera slikt?

 

Som eg seier, ein rar situasjon og ha hamna i. Men uansett bør eg nok prøva. Tenk om det fører til at eg ikkje føler meg så tappa av energi heile tida………

Så det bør nok testas ut før eller seinare. Fann ut eg ville skriva om dette, for å høyra om nokon av dykk der ute har syn og erfaring på slikt?

 

Eg er glad i menneske, men eg vil helst omgje meg med dei som lever og ikkje dei som er gått bort.