Dagar og år

 

Så gjekk denne dagen sin veg også. Sjølv om kvelden ikkje er ung laga eg meg ein kopp kaffi.

 

Ikkje lurt, nei ikkje lurt å drikke kaffi etter halv elleve om kvelden. Men veit du, akkurat det gjer eg-. Eg drikk kaffi og et eit feitande kakestykke. Deileg!!

 

Eg har ikkje gjort noko i dag. Men eg har hatt eit hyggeleg besøk. Vi snakka om slikt vi synest er viktig. Om levd liv og framtid. Eg vart spurt om og være med på eit kurs, så skal sjekke opp det etter eg har posta innlegget. Men eg veit nok eg ikkje må leggja opp til for mykje. Det er så lite som skal til for at ikkje er noko til.

I helga skal vi feira far, han fyller 91 år i morgon. Vi tek feiringa på søndag her hos meg. Og blir 10 rundt bordet. Så i morgon må eg være litt flinkare enn i dag. Og seinare dreg eg innom forelda mine, vi må feira litt på sjølve dagen også. Det er og sannsynleg at ei av jentene mine kjem heim i morgon kveld. Faren min ynskjer seg gamalost, men vi må da vel finne på noko meir. Men heilt enkelt er det ikkje å finna på noko.

Frå feiringa i fjor da far runda 90 år

 

Di plikt

 

Medan dagen deiser over i kveld og mørke fann eg ut det var min plikt og skjenke meg eit glas kvitvin. Fordi eg berre treng det.

 

Middagen i dag var ikkje planlagt, så eg stakk innom frysaren i kjellaren da eg kom heim. Der låg kveita som var att frå julekvelden. Og eg skjøna det med ein gong at der var middagen. Med kvitvin til. I dag er akkurat ein slik dag at det passa perfekt.

 

Eg tenkjer på plikt. Plutseleg har det gått opp for meg kva det er. Eigentleg dukka det opp ein dag eg skulle parkera i ei lita gate med parkeringsautomat som vil ha pengar. Ikkje kort. Eg greidde ikkje oppspora ein mynt i verken mine lommar, eller dei som var med meg sine. Da eg sto der kom ein parkeringsvakt og eg braut ut med min frustrasjon over at det forsett finnest slike gammaldagse greier. Eg går ikkje rundt med pengar lengre. Kven gjer liksom det? Det var da eg fekk vita det, at det var mi plikt etter Vegtrafikklova ein eller annan paragraf.

 

Etter dette har det gått opp for meg alle plikter eg har. Plikter som går ut på og lese mengder av ord, side opp og side ned. I tillegg må ein lese alle endringar som skjer. Og ikkje minst hugse det. Eg skjøna plutseleg at eg lever i eit minefelt. Av plikter.

 

Alle forventningane av kva eg skal kunne. Kva eg skal greie. Og skulle eg synest noko er urimeleg har eg heilt sikkert ei plikt som motseier det. Ei plikt eg skulle ha sett meg inn i. Eg kunne sikkert ha lese om plikter dagen lang, likevel ha eg nok ikkje fått med meg alt.

 

Så i kveld trong eg vin. Og kveite i rømmesaus. Etterpå skal eg finne senga, eg treng også ei natt med god søvn. Dagen har kravd sitt, det er ikkje alltid så lett å gje seg sjølv det riktige forsvaret. Det står plikter over alt.

 

Men parkeringsvakta og eg vart gode bussar, for han vifta ikkje berre med pliktane, han var også hjelpsam.

 

Ei god natt med beddfull av vakre draumar sender eg til deg. Ikkje fordi det er mi plikt, men fordi eg ynskjer deg det.

 

Eg og meg

 

Fredagskvelden på tapetet. Denne gode kvelden ein berre kan sige ned i sofaen og kosa seg.

 

Mitt dansecrew har svinga seg over skjermen, eg har storledd med nytt på nytt, eg har sett på skravlinga på Skavland.  Eg har kverka ein juleøl. Lageret er snart tomt. Eg har ete ein fiskerett med rotstappe til. Og til slutt ein kopp kaffi, eit kakestykke og ein konjakk.

 

Litt tidlegare i kveld høyrde eg på eit program på radioen, om å være singel. Om folk likte det, eller ynskte seg inn i parforhold, var spørsmålet som vart stilt. Og kva som var positivt og kva var negativt-. Eg merka meg at psykologen som vart intervjua alltid hadde eit men i svara sine, som bikka mot at det og leva tosaman nok var det som eigentlege var riktig. Programledaren, som opplyste at ho var singel, lo i eitt sett, som for å overbevise at ho hadde det fantastisk. Ein litt merkeleg seanse heile greia.

 

Så korleis er det med meg? Det er mange år sidan eg skilde meg. Trur det næme seg ti år. Etter den tid har eg levd utan mann i husholdninga. Eg har hatt eit par forhold som eg valte bort fordi det vart for mykje eg ikkje treivs med. I det praktiske og økonomiske ser eg at det har vore fordel og væra to. Men det er så godt og ha råderett over tida si. Konsentrere seg om ungane når dei er heime. Hjelpe foreldre, møte dei eg har lyst når eg har lyst.

 

Høyrest dette trist ut? Eg vert ikkje yngre og meir attraktiv. Likevel greier eg ikkje føle noko stress, for ting må verta som dei vert. Tenkjer eg her eg sit i mitt eige selskap. Eit selskap er har det svært bra i.

Ein gong, tenkjer eg, kan det nok væra fint. Fint å være to, med den riktige. Sikkert rimeleg brei den tolkinga om kven som er riktig. Men eg veit kva eg ikkje orkar og ikkje vil. Og innan den tid trivest eg slik det er. Eg trur heller ikkje eg er unormal eller at det er unormalt og trivest i eige selskap. Uansett synest eg det er heilt greitt at eg gjer det.

 

Kos deg du og, uansett korleis du har det.

 

Damp

 

I går, ja i går……. Ja, her ein annan dag også. Kva er det som skjer?

 

Det kan ein spørje seg om; kva er det som skjer? Med meg. Eg blir sint. -Noko så frykteleg sint. Eg blir så sint at eg blir kvalm. I går skjedde det igjen. Det buldrar opp eit raseri eg ikkje visste at eg hadde. Det tek meg i gjennom fleire lag av følelsar. I gårkveld enda det med gråt, for eg fekk slike tankar på kven eg eigentleg er…… Når alt dette skjer meg. Når folk ser det som sin rett og møte meg slik eg blir møtt av og til. I går kveld fann eg ut at det beste var og trøste seg sjølv. Som ei mor trøstar ungen sin trøsta eg meg i tankane. Det kan faktisk væra fint. Tankane våre kan brukast til så mykje fint på så mange nivå.

 

Eigentleg trur eg dette er bra. Bra at eg kjenner dette sinnet. Fordi eg trur det er år med press med å sette seg sjølv til sides som held på og lausnar. Og når eg no møter uforstand som går utover meg da buldrar eit kraftig sinne opp. Eg vil ha respekt der eg før lett det passera. Der eg ikkje hadde orda og kreftane. Det er på tur attende.

 

Det er ein spanande prosess. Den er også slitsam. Men eg må nok gjennom dette for å bygga energien opp igjen.

 

– Du ser så snill ut, har eg høyrt nokre gong gjennom livet. Snillheit kan for mange bli tolka som at ein ikkje ha meiningar. At ein på ein måte er litt “fjottåt”. Og når ein tillegg har mista det meste av energien sin, evner ein ikkje taka til motmæle og markera.

 

Det var nokså godt i går og sende frå seg ein mail med snert, om det vart oppfatta er ei anna sak.

 

Men eg tolkar det som eg er på tur attende til overskot og energi og det gjer meg ikkje sint, men enormt glad. Eg held på og slepp ut dampen av mange år med undertrykking av meg sjølv.

 

Hurra!!!


Skulle kjøpa blomar

Ein liten oppdatering. Veka er i gong. I morgon er vi midtvegs.


I dag har det atter vore bytur. Far var på kontroll. For augo. Både mor og far var med. Da vi sat på venterommet opplevde eg noko artig. De veit slike venterom der folk sit rette på stolane sine og blar i vekeblad. Medan dei vert ropa opp ein etter ein. I dag var det tomt da vi kom inn. Berre oss tre.

Så kjem ei lita dame med rullator inn. Ho snakkar mest før ho kjem til luka. Ho fortel høyrer eg. Så sett ho seg i ein stol. “Det er så isete” seier ho, “eg skulle kjøpe meg blomar”.

Og slik starta det. Den vesle dama hadde så blidt eit andlet, og så snakka ho. Stemmen var stille men ho snakka i ein jamn straum. Så kom det inn eit par, litt yngre enn dama og foreldra mine. Dei starta også å snakke. Det viste seg at både forelda mine og desse hadde felles kjende. Både far og mannen som var kome til var tunghøyrte, men dei snakka. Når dei køyrde seg fast i misforståing pga at dei begge hadde nedsett hørsel vart dei retta på av oss andre. Og den vesle dama snakka, ei stund snakka dei alle saman om ein mann sølv om dei ikkje snakka om same mann. Det hadde ingenting å seia.

Eit så summande venterom har eg aldri vore borti. Men det var forfriskande. Det var artig. Og sjølv om dei snakka mest om seg sjølve utan å høyre på kva den andre sa var dette kjempemoro. Og eg trur alle hadde ei riktig fin oppleving av å være i rommet, både dei som snakka om seg sjølv og dei som fekk rolla som publikum :).

 

I kveld var det godt å være heime att. Tenne opp i omnen. Slå på tv og høyre på drøfting om at nabokommunen er valt ut til å få ein av landets mest berykta menn som gjest. Plutseleg var nabostrøket sett på kartet……men trur ikkje det vil skje. At mullah Krekar blir flytta slik langt ut på landet. Bokstaveleg talt.

 

Riktig god natt.

 

Dagane i eit nytt år

 

Inte vissta jag at det var sjølva livet…… Men eg gjer vel det, trur eg.

 

Denne veka fauk fort forbi. Fredagen er fri og eg sit her med utruleg mange ugjorte oppgåver i rundt meg. Så slepp eg å spekulera på kva eg skal gjera. Eller -? Det er kanskje akkurat det som blir problemet……..kvar skal eg starta………?

 

Eg har mest ikkje vore innom her, ikkje kommentert, ikkje lest og ikkje skreve. Etter ein lang dag på måndag dura eg opp til Trondheim. Hadde ein koseleg kveld med mellomste søster, mellomste dotter og tanteborn. Vi vart servert paella og heimlaga sitron- og lakris is etterpå. Det resulterte i innkjøp av lakrispulver dagen etter. Eg er ein lakrislikar.

 

Og det har vorte nokre innkjøp. Både i Trondheim og Kristiansund. I går gjekk turen dit. Eg har fornya garderoben. Det trongst. Like før eg ikkje hadde noko å ta på. Og det er faktisk inga overdriving. Eg hadde samla saman pengar over tid slikt eg har fått i gåver. Og no skal eg huskas på, så måtte skunda meg før det forsvann i det store sluket.

På onsdag fekk eg til og med lyst til å måla neglar i pur glede av innkjøpa.

Eg sminka meg og måtte ta bilete. Det visast ikkje, men eg ser heilt utruleg trøyt ut. Så eg syntest det var artig at eg trudde eg tok bilete av ei fresh dame. Bilete her er teke om morgonen før eg skulle ut i verda for slikt ein må.

 

Så må eg visa dette bilete her også. Skulle sende ein snapchat til jentene mine for å vise jakken eg hadde køpt. På Zizzi, ein butikk med klede for oss litt store. Dei hadde mykje brukbart. Så sender eg dette bilete…til ALLE på lista. Heldigvis har eg ikkje så mange på snapchat lisa mi. For å plutseleg få dette bilte seier ingenting. Ha, ha…..eg syntets det var så dumt at det vart morosamt.

Skjerfet eg har på fekk eg forresten til jul. Det er i fin tynn ull, stort og godt.

 

No må eg til med pleiing av heimen. Yngste dotter kjem snart heim, og for at vi skal ha ei triveleg helg må eg gjera ein innsats.

 

Ha en riktig god fredag.

 

Planlegg ei plan

 

Snart er eg i gong. Snart. Med det som er godt for meg.

 

I dag skal eg ingenting…………..eller, noko skal eg sikkert. Men eg har inga plan. Eg har vorte så glad i tida utan plan. Når ein dag står heilt tom og eg kan disponera den akkurat som eg sjølv vil.

 

Men noko må ein, det er klart. Sjølv om det å sitte i meditativ stilling i heile dag har funka for meg. Og så må eg ha mat. Eller må og må -. Lite ein må. Eg har i alle fall kome i mål med havregrynskjeksene frå jul. Omtrentleg. Dei siste er smurt på, og med ein stor kopp kaffi er det heilt greitt. Så no nærmar det seg.


 

Eg kom over eit forslag i TARA helse, til å få bort nokre kilo. Ei lita sjokkbehandling i spenningsfeltet avgrensa kalori inntak, vegetarmat og faste. Og så gjekk dette berre over to veker. Syntest det såg greitt ut. Det er ikkje hovudsakeleg for å gå ned, sa eg til nokon her om dagen. Og det er sant. Men eg vil tru det vert ein hyggeleg bi effekt. Det er denne kjedeleg stivheita i kroppen, alle vondtene i musklane som eg vil få bort. Og eg veit at når eg får ned sukkerinntak og oppgradert grønsakinntak, så vert alt mykje betre. I tillegg til mindre kilo blir det betre å være meg.

Men ikkje i dag……i morgon, i morgon, men ikkje i dag…….

Ikkje i morgon heller. I morgon har eg planar, opp til mange. Når dagen lakkar litt utpå set eg meg i bilen og durar opp til Trondheim.  Skal ha ei søsterviting. Dei flyttar frå huset sitt som dei har budd så lenge i når våren startar.  Så vi har avtalt dette medan alt er som det er. Det er eit hyggeleg hus. Ja, ei hyggeleg søser også. Så da passar det ikkje å strata med ekstraordinære mat inntak når eg er der. Om eg skal starta midt i ei veke, eller om eg startar ein måndag har eg ikkje funne ut enno. Men det er ikkje så lenge til no. Og for så vidt gle eg meg. Til å få ein kropp det er betre  bo i. I alle fall det.

 

Går eg i gong med desse fjorten dagane er dei berre inngangen til ein sunnare og meir kontrollert livsførsel. Kan være bra med ein sjokkstart. Berre så det er sagt.

Fram for energi, opptur, topptur og kropp med futt..truttelutt.

Ha ein riktig fin søndag.



Ps. gløymde eg må lesa nokre dokument i dag.

 

Tida bles vekk

 

Når Nina fråder på Vestlandet går laurdagen fort over i mitt fylke. Kanskje den rett og slett blas vekk den også.

 

Dagen kom og gjekk. Ja, det er nokre timar igjen før eg tenkjer dagen har vart lenge nok. Men den har gått med tempo utan resultat. Eg vakna med stress i kroppen. Måtte opp. Måtte ut. Ekstremvær i vente var det sagt. Tenkte på alt som kunne finne på å blåse både hit og dit. Eg måtte ut. Ut å berga verda omtrentleg.

 

Det er så rart med det; når ein står loddrett er det ikkje så ille. Kaffi først tenkte eg. Veslesøster i kjellaren ropa noko nede i gongen så boffen spratt opp. Eg og. Mor hadde sagt, sa ho, at ho ikkje måtte kome på grunn av veret. Veden som skulle dit sto klare i vesker. Eg ba henne opp på ein kopp kaffi, eg klarte godt ein til……og det som hadde hasta, hasta ikkje så lengre. For eg hadde lest på nett at vinden var avblåst i ekstremvarianten i min del av verda.

 

Så vi drakk kaffi, og eg foreslo at vi begge kunne køyre og eg ville fint greie å kome meg opp alle bakkane til mor og far. Greitt med bil som har 4W. Så fann eg rømmegraut som låg i frysaren, tok meg ein runde rundt huset for å sjå om det var noko eg skulle sette bort. Tok ein dusj og så drog vi.

 

Heime hos foreldra våre fekk eg sjå eit spektakulært syn medan grauten vermdes. Sol på tur nedover fjella på fastlandet. No kan aldri foto på ein telefon yte rettferd for det synet som viste seg, men eg legg likevel ut bileta eg tok.



No er eg heime. Vinden har auka på, men eg trur ikkje det bli så frykteleg. Det har dei sagt på nyheitene. Og det trur eg, vi slepte fri denne gongen.

 

På tur heim tenkte eg meg innom butikken å kjøpe meg noko godt til kvelden. Men trur du ikkje eg hoppa over heile greia, for eg skal snart til med dette sunnare livsløpet. Straks. Og så fann eg ut at strengt teke var det ikkje naudsynt.

 

No ruskar vinden i hushjørna, men vi bor ikkje i Bergen. Det er eg glad for. Eg kjenner mange hyggeleg Nina’er, men denne Nina som herjar på Vestlandet no har eg ikkje ynskje om vitjing av.

 

Dei fine menneska

 

Det finnest så mange fine møter. Både her på blogg og utanfor data’n. Eg er så glad for alle dei fine eg får lov til å møta.

 

Fredag! Smak på ordet. Eg synest smaken er underbar. Sjølv om det er meldt storm. Heilt opp til orkan styrke. Og eg er nok litt redd. Redd for det gamle fjøset. Men eg håper inderleg det greier å stå i mot denne gongen også. Likevel, det er fredag. Det er helg.

 

Eg drikk kaffi ut av raude koppar i dag. Har nettopp hatt ei hyggeleg vitjing av ei dame som la lunsjpausen sin hit. Det er så fint å møta dei fine menneska med dei gode tankane.

 

Her på blogg.no har eg møtt mange som gjev meg stor glede. Eg har både ledd og grått framom skjermen. Folk som gjev av seg sjølv, som ein kjenner varmen frå gjennom dataskjermen. Som lever liva sine og deler det med andre. Som har sanka av livets visdom.

 

Vi er så mange menneske, det er så mange variasjonar av oss. Og det er langt frå alle vi vil føle fellesskap med. Men det er så viktig å vise kvarande respekt og toleranse. Sjølv om andre har heilt andre interesses og uttrykkjer seg heilt annleis enn ein sjølv gjer. Og kommunikasjonen gjennom nettet er så avgrensa, ikkje ser vi augo, ikkje ser vi kroppsspråk. Eg synes det er så viktig å hugse det.

 

“Ein må bruke forstanden den som har den” brukte mor å seia når ho prøvde å få slutt på ein krangel mellom oss sysken da vi var små. Nokså effektiv, for kven ville ikkje har forstand? Og av og til kan det være frykteleg lurt å bruke den type forstand. Ikkje leggje veg ein krangel for å “vinna”. Vi skjønte at det var kanskje ikkje det viktigaste likevel. Kanskje det ikkje var slik at den som fekk det siste ordet var “vinnaren”-. Etter som ein har vorte vaksen veit ein at det er ikkje alt ein treng å bry seg verken med eller om. Det er også fint å forstå.

 

Dei varme menneska med dei store hjarta, dei vil eg bry meg om. Både her på bloggen og ute blant tyngdekrafta, der ein ser både augo og kroppsspråk. Det er fint å tenke på ein fredagskveld før stormen kjem.

 

Takk til deg eg har fått lov å bli kjent med, og takk til alle som delar av seg sjølv her inne. Det finnest noko fint i alle.

 

Ha ein god og fin fredagskveld.

 

Kaffe og kjeks

 

Ein pause i ein lang dag er ikkje å forakta. Torsdag i kvardagen sitt teikn er i farta.

 

Da eg sto opp i dag var naturen gul og himmelen blå.

Lyden eg vakna til førte til at eg tenkte på kleda. Kleda på snora. Det regna. Fann ut at eg berre kunne ta det med ro, for dei vart nok ikkje våtare. Da eg seinare var på tur såg eg at vinden hadde også herja med dei. Så eg har teke dei inn og putta dei i tørketrommelen. Dei var forbausande tørre etter regnskyllet.

No har eg funne fram havregrynskjeksa, dei eg baka til jul med både mykje sukker og smør i. Eg kan ikkje kasta maten, derfor et eg den. Etterpå skal den magre sti følgjes.

Greier du å laga passe med mat til jula?

 

Om ikkje så lenge skal eg på farten. Først nokre timar i bøkene si verd, så skal eg handla for foreldra mine og hjelpe dei med å rydda jula bort.

 

Juletreet mitt har hamna på terrassen. Lucas, boffen, vart med i dragsuget da eg var ute ein tur. Han måtte svinse framom kattene, så da eg var på tur inn att skunda han seg for da ville han inn også.


Paff vart han da døra stengdes framom nasen. “Men Lucas, du veit da du ikkje går inn gjennom terrassedøra.”

Men han var snar rundt huset der eg opna for han ved inngangsdøra. Eg har ein rar hund, ikkje går han trapper og han rygger rett som det er.

Ha ein nydelg dag.