Jula er over

 

Dagen har vore høg og blå. Utan ei einaste stjerne på. Og dagen er litt lengre, ørlite meir ljos. Eg er heime og det er berre kos. 

 

Fort går det ikkje med meg. Eg treng tiiiiiiid. Til alt. Og så gruer eg meg, for å gå ut. Eg var å henta søppelkassen nedved vegen. Fann ut det er mellom 70 og 80 meter å gå. Frykteleg langt, og så må eg ha på meg tungvintes sko. Bort til vedbua litt kortare. Eg henta eit trillebårlass med ved. Døra fekk eg ikkje opp, for det har rasa snø ned frå fjøstaket. Spade? Sa du spade…, ja det har vore greitt…. men kvar er den? Eller kanskje har eg berre hagespade no. Veit eg av den da? Ikkje greitt med dette hovudet som ikkje har særleg konsentrasjon og vorte heilt elendig på struktur. Den virke berre normalt nokre timar etter eg har stått opp. Og så går det berre over.

Eg fekk ei såpass opning at eg fekk trengt meg inn i bua, og gjennom to fjøler som er borte fekk eg kasta ved ut i trilla. Så i kveld vart det tent opp i omnen.

 

Eg fekk og hengt opp to maskiner med klede.

Ute!

7. januar!

Men det var kaldare enn eg trudde. Eg vaskar klede. Maskina durar, eg skal få orden på eit vaskerom det flyt over etter jula.

 

Og så har eg starta å samla jula på det store stovebordet. Advent- og juletretinga er gruppert og skal ned i kvar sine kassar. Men adventsljosestaken treng ein skikkeleg reingjæring før eg legg den bort i kassen med adventstinga.

Kanskje eg skal sjå etter vårblomar i butikken i morgon? Det er godt med ein dag i ro og fred og i selskap med seg sjølv.

 

Er vi mislukka?

 

Dagar med skiftande vær, som det var undertøy. Alt frå snø til strø til ingenting…..på vegane altså. Eg skiftar tankar og diskuterar med meg sjølv.

 

Tysdagskvelden er mest som slutten av veka for meg, eg har fri. I alle fall i morgon. Dagane i det nye året har også tempo. Men jula har eg i hus enno. Trur eg vil starta å pakka den saman i morgon. Saman med gåtur og vasking av kler……og rydding i all alminnelegheit.

Eg kjenner desse dagane eg har attom meg i det nye året har vore krevjande. Så mykje vil eg ikkje påstå eg er til. Ikkje enno. Fekk spørsmål om eg kunne tenkje meg å stå fram. Stå fram som eit utbrent menneske. Gje det eit ansikt. Ser plutseleg for meg denne utbrente fyrstikka medan eg skriv. Men eg er ikkje svart som den. Eg ser nokså likt ut som andre menneske, med dei naturlege variasjonane innan temaet. Men innsida mi ser ingen, føler ingen…..akkurat som det er likt for oss alle. Vi ber våre eigen følelsar einsame.


Eg er for opaheit. Det er så mange bører vil vel å drassa på, så mange unødvendige bører. Vi trur vi må fordi reglene er så stramme rundt oss. Det er derfor eg skriv ein blogg som eg gjer. Om at av til er det utfordringar. Og det er mange dagar med solskin og glede, og det er riktig godt. Men livet er alt dette, og det må det ha lov til å væra. Det er sjølve livet som sliper på oss. Sliper oss til vakre edelsteinar. Livet er mykje meir enn ein perfekt fasade.


Så når energien tek slutt, når ein sluttar å virka så er det ikkje noko ein treng å væra flau over i tillegg. Men eg trur mange er det fordi dette ikkje høyrer inn under opplevinga av det perfekte livet. Ein har vorte ein tapar som ikkje greidde. 

 

Denne børa er ikkje noko nokon treng. Derfor vurderte eg å stå fram, men ville forhøyra meg med andre eg lit på. Dei tre menneska eg hittil har spurt har alle svara det same. Dei har råda meg frå det. Fordi dette er såpass negativt og det er for stort rom for mistolking. I eit lite samfunn og kanskje i dei store også, på sitt vis. Dette er eit tankekors. At det i 2015 er så negativt om ein har strekt seg for langt så ein bør ikkje snakka ope ut om det. Fordi folk vil misforstå og feiltolke. Eg vil verta den mislukka taparen som ikkje greidde betre. 

 

Men eg er ingen tapar, eg sit inne med mykje lærdom. Det er kanskje ikkje ein gong så ille at ting ikkje går slik ein har sett for seg, når ein er gjennom det, -etterpå. For det fører berre til auka forståing av kva eit liv er. Ein får større respekt, større empati og mindre ego…….noko eg synest er heilt greitt. Eg trivest i alle fall godt saman med menneske som er der. Men dette skal vi ikkje snakka om. Vi kan snakka om utsjåande, klede, gardiner og hus. Kjøpe oss skakke på ting, ting og ting…….apropos, januarslet er kanskje i gong no??


Så vert vi lykkeleg og får leva lenge i landet. Og så må vi stå på, stå på slik at vi kan kjøpe alt dette som fortel om oss, at jau, eg har riktig lukkas. For eg har frykteleg mange ting, så eg er ein vinnar som tel. Og ingen ser tomheita i hjarta, men vi fyller opp med ting for å døyva slik at tankane slepp å tenkja.


Erfaringane frå eit liv må vi ikkje visa, for riper og skrukker etter livet skal ikkje synast, vi skal være unge, lukkeleg og rike. Og det skal synast!


 

Stiller eg ansiktet mitt fram som den svarbrente fyrstikka? Eg veit ikkje. Kanskje vil det berre bli frykteleg slitsamt å gå på butikken å spekulera kva dei eg møter tenkjer. Dei små samfunna har ikkje alltid stor takhøgde. “For kva trur dei andre?” er viktig. Og det handlar ikkje berre om meg, det må eg og vera klar over. I mitt liv er det mange andre.

 

Eg er ikkje heilt kome fram til svaret. Men eg trivest best i Öppna Landskap.

 

Godt og nytt

 

 

Vi er i gong med alt som er vårt. Alt det gamle er liksom nytt. Det og vi får ein ny sjanse. Nye sjansar er gode.

 

Så er vi komne til det Herrens år 2015. Vi er framme ved den fjerde dagen. I dette året, dette gode året som er starta. Det som er å rart, drøymane mine har forandra seg. Mine drøymar har vore prega av kaos, fullt av folk og ikkje strekkje til. Nyttårsnatta hugsa eg ikkje drøymen, men dei to neste nettene. Dei er gode og full av harmoni.

 

I nyårsskiftet får eg ein telefon frå ei eg kjenner. “Vil du vere med på yogakurs i helga?” spør ho.  Og det har eg lenge snakka om, at eg har hatt lyst til. Så i dag har vi hatt tredje dag. Eg kjenner eg har ein kropp, kan du seia. Og stå å balansere på ein fot med all min prakt er eit kunststykke som er bort i mot umuleg.

 

Da eg låg på golvet og slappa av etter økta i går tenkte eg “korleis er det eg har gjeve meg sjølv lov til å behandla meg?” Eg kjende faktisk ei tåre i augekroken av sjølvmedkjensle. Eg såg på dei sprukne hælane med alt for hard hud, kjende på den stive, tunge kroppen. Høyrde på min eigen pust og instruktøren sin kommentar om stive nakkemusklar. Vi menneske kan greie å behandla oss sjølv frykteleg stygt. Eg er dessverre  eit godt eksempel på dette. Men det er alltid håp, om det er i hengande snøre, så er det håp.

 

Snakka med ei dame, ei dame som er mykje yngre enn meg, om at ho hadde starta med først til 50. Vi var fleire som ikkje visste kva det var, så vi fekk forklaringa. Dei var ei gruppe som skulle leggje ut bilete av seg sjølv på snapchat eller var det Instagram? Kvar gong dei var ute og trena. Bileta vart merka. Så eg fann ut at kanskje eg skulle starte ei slik gruppe. Så eg spurte sonen min om han ville, han bør koma seg i betre fysisk form. Og han ville. Yngste var meir bak på, men ho er godt i gong med sitt opplegg. Må og høre med mellomste og kanskje nokre fleire. For eg må få opp aktivitetsnivået mitt. Elles vil ikkje dette året verta så fantastisk som det kan. Kanskje kan dette virka som ein motivator faktor…..?

 

No skal yngste og eg snart eta middag før ho reiser attende til sitt. Kanskje eg dreg framom foreldra mine. Mor er vorte sjuk, og da eg var framom i går høyrde eg stemmen henna fekk meir kraft. Så tek kanskje turen i dag også.

 

Ha ein fantastisk søndagskveld.