Kor tida går

 

Eg er midt i utan å skjøna farta.

 

November tek slutt i slutten av veka, eg har ei jente som snart er 24 år. Jula lurer rundt hjørnet og eg vurdera å kjøpa meg dampvaskeutstyr.

 

Eg tenkjer nokre gong at eg kan klarer alt. Om eg berre vil.

Dagar og veker rasar forbi. Det er kurs, reiser og møter.

For tida går.

Går, går og går.

 

Eg ser attende og til sides. Eg ser framover og tenkjer på det som har vore, som kan brukast.

Alt….kunnskapen, smerta og redslene. Det å ikkje strekkje til. Gleda og det ein veit ein meistrar.

Det kan brukast.

Konstruktivt.

 

Og medan går tida.

Eg står framom ei ny veke.

I sekken har eg meir energi enn eg har hatt på lenge.

Mindre smerter.

Meir sjølvsikkerheit.

Dei siste vekene har eg fått trua attende, om at alt kan gå.

Og at eg ikkje orkar meir, orkar ikkje meir av å væra der eg har vore.

Lenge.

Lei av å ikkje kunne, av å verta mistolka av dei som ikkje er så fline til å lese andre.

Eg vil berre noko anna.

For her har eg vore lenge nok.

Og eg trur eg kan.

Utan dei store faktene.

 

Men no er det på tide å pakke ned helga.

Ei fin helg med minusgrader, vakre himlar og varme i omnen.

 

For i morgon kjem ein ny dag.

Ein ny dag med oppgåver.

 

 

Dagen, maten, kroppen og eg

 

Det hjelper og det hjelper. To månader sidan eg klarte å ta opp igjen fokuset. Fokuset på meg sjølv kan eg mest skriva.

 

Det fokuset har fleire nivå, men eg har i alle fall mykje større fokus på kva eg puttar inn i munnen.

Maten.

Og etter å ha starta med medisin for det som skal væra leddgikt, er det akkurat som noko har skjedd.

For det første har eg vorte enormt mykje betre , vondtane er redusert med ca. 70% trur eg, og for det andre……..eg har ikkje lyst til å bruka medisin.

Eg les om tarm og betennelsar, det kan eg skriva om seinare. Lesestoffet er interessant. For eg leitar etter andre måtar å kunne bli bra på, utan å måtte medisinera seg.

Det er to matvarer eg har redusert kraftig. Eg les ikkje ein plass at kvitt mjøl og sukker er bra. Så desse to raffinerte matvarene prøver eg å helda meg mest mogleg unna.

Elles brukar eg ein app som eg sa tidlegare eg kunne skriva om, og det skal eg gjera. Der ser eg kva et et og kor bra eller gale det er.

 

På tysdagar er veiedag. Og det viste seg at nedgangen gjekk seinare denne andre månaden, men til saman har eg redusert vekta mi slik ca. 7,5 kilo sidan eg starta for to månader sidan.

Det kjennest så klart.

Det blir dobbel verking av at eg er lettare i kroppen og at ledda omtrentleg ikkje er vonde.

Derfor overdriv eg nok litt, eg trur eg klarar så mykje meir. Og så gjer eg mykje meir. Så eg tenkjer eg må ikkje overdriva alt formykje…….

Men det er så forbaska artig å kunne fungera!!!!

Eg blir heilt høg eg.

 

No er det berre å gå i gong med tredje månaden, og når den er over skal eg igjen fortelja om ståa.

 

 

Kaffi og farsdag

 

Seinare høyrer tittelen saman, no er den kvar for seg. For slikt ein berre gjer og tenkjer er lurt.

 

For kaffi må ein ha, eller og må…… For meg kan det faktisk variera. Nokre dagar heilt utan, andre dagar mykje. Heime kan det gå fleire utan.

 

I dag, på ein søndag, ville eg laga meg ein kopp. I kaffiboksen var det litt lite att, så tok fram ein pose å tømte oppi. Da eg skulle laga den til registrerte eg at korna var grove. Eg hadde teke feil pose i feil kopp.

 

For kaffi er ikkje berre kaffi for meg. Til eg var 30 år drakk eg mest ikkje kaffi heime, i hovudsak drakk eg te. Men da kaffiar med C dukka opp på åttitalet, vart det ein vanleg sosial arena å møta vener fram til eg flytta til Trondheim, ekteskap og familieliv.

 

Vi fekk tre kaffitraktarar da vi gifta oss. Alle tre vart levert inn. Eg likte ikkje trakterkaffi. Hadde ei slik espressokanne som ein kunne setja på kokeplata.

 

I dag, mange år etter, har eg fortsatt ikkje traktar, men kan drikka det når eg får det servert.

Eg sjonglerar mellom tre måtar å lage kaffi på.

Den eine er den gammaldagse måten som eg brukar så sjeldan at den mest vert eksotisk, kokekaffien. Da eg fekk meg induksjonsomn ønska eg meg kaffikjele til å bruka på den. Så det har eg.

Den neste er presskanna, den er bruka mykje. Og til slutt har eg veggkaffi….ei maskin i veggen som lagar kaffi. Den passar når eg skal laga meg ein kopp, eller vi er to som skal ha kaffi.

Dette betyr tre forskjellege posar meg kaffi; kokkaffi, presskannekaffi og espressokaffi.

Og i dag gjorde eg det formastelege  med å tømme presskannekaffien opp i boksen med espressokaffien.

 

Så slik hell ein på.

Må avslutte denne dramatiske historia med at det gjekk bra og det vart kaffi på meg.

(Litt ironi må ein kunne bruka).

 

Er bedt til foreldra mine i dag. Til feiring av farsdagen.

På fredag rakk eg ikkje kjøpa gåve til han, jobba for lenge. Og i går orka eg ikkje dra i butikkar. Fekk koma med ei gåve etterpå tenkte eg, ullsokkar eller ullskjorte eller noko slikt.

Men litt kjedeleg er det.

Så slo tanken plutseleg ned i meg.

I dag.

Med litt i minste laget av tid.

Far er ein gamal mann og matlysten er ikkje heilt der alltid. Mor fortalte at dei siste brøda dei kjøpte smaka han ikkje. For ho bakar lite i dag. Før baka ho alltid. Men når dei er 93 og 85 år må ein forventa at alderen påverkar kva dei orkar.

 

Heimbaka brød må væra ei fin gåve, var tanken som plutseleg slo ned.

Som tenkt så gjort.

 

No står dei å hevar. Det er ein time til eg må dra, så marginane er i minste laget. Etterhevinga får berre bli litt kortare.

 

Eg synest farsdagen kan være ein grei dag å feira. Men ein kan godt ta det moderat med tanke på gåver og slikt. Så at eg kom på dette var midt i blinken.

Ungane skulle be faren på middag i byen i dag, det synest eg og er koseleg dei gjer.

 

Det er fint å kunne gje kvarandre omtanke. Og ein treng så klart ikkje ein spesiell dag. Men greitt det også, utan å springa ned butikkdørene.

 

Feirer du slike daga som f.eks farsdag?

 

 

Alt ein vil

For det kan verta mykje det. Når tankane tenkjer og viljen vil.

 

Laurdag med ei nokså grei kjensle. Eigentleg. Men også at det er alt for mykje som har alt for lite tid til det må væra i mål.

Ikkje ei slik kjempeuvanleg kjensle for nokon. Og på eit slikt nivå at det kjennes berre som frisk vind i håret.

Slik som det bles ute i dag. Friskt og kaldt. Med fuglar som flaksar i vinden.

 

Tema, eg har så mange av dei i hovudet.

Skal eg skriva om det eller det tenkjer eg. Eg kan ikkje skriva om alt.

No høyrest det ut som eg har eit kolossalt aktivt og interessant liv…….

For akkurat det trur eg dei fleste ikkje vil synest. Men eg har det bra med livet mitt.

Tenkte på det her om dagen. Eg kom heim og huset låg heilt i mørke. Søstera mi var heller ikkje heime. Den tredje søstera mi hadde vore oppom med mor tidlegare på dagen for at den andre søstera skulle køyra ho til tannlegen. Sjølv skulle ho attende til livet sitt i byen. Tenkte ho over våre liv i eit hus langt ute på landsbygda, på eit uverksamt gardsbruk. Ei som er ufør og ei som går for halv motor. Der energi og økonomi ikkje har dei beste forhold.

Sannsynleg gjorde ho ikkje det, for alle er vi så midt i vårt eige. Men eg tenkte tanken da eg kom heim til den mørklagte heimen.

 

“Alle tolkar det dei høyrer ut frå der sjølv er i livet sitt,” sa eine dotter mi her om dagen. Eg syntest det var klokt sagt.

Men eg har tanke meir energi om dagen. Og da kan tankane mine gå lengre, og med det følgjer aktivitetene.

Derfor vert det mange tema. Og også fleire gjeremål.

Både jobb og privat.

 

Eg kan ha nokre nedturar. Men dei taklar eg.

 

Helga er mi, eg er heime. Varm med brennande ved i omnen.

Eg gje ungane råd, men eg kan nok like godt gje meg sjølv råd. Om korleis ein skal leggja opp livet sitt til at det kjennes godt.  For det er eit så viktig fundament. Og fundamentet er viktig. Alltid og alle vegar!

 

Ynskjer deg ein fin laurdags ettermiddag.

 

 

 

 

Irriterande energi

Gjennom dagane og vekene og åra oppleve ein utfordringar. Av typen irritasjon. Korleis ein vel å reagere er individuelt.

 

Dei siste dagane har eg vore meir irritert enn kva eg har opplevd på lenge. Det er inga god kjensle, men eg tenkjer det er bra……..at det kjem av meir energi i dette. Og kanskje at vekta også har gått noko ned.

Men uansett må ein prøva  sortera i snør og bartar. Dela skyld så å seia. I svært mange tilfelle kjem ein attende til seg sølv. Er det nokon som kan råd for at livet mitt er slik som det er liksom…..?!

Og ofte vert svaret slik at det er berre deg sjølv som kan gjera noko med dette.

 

Ein opplev også at folk oppføre seg irriterande, og ein kan alltids prøva å seia noko, oppdra så å seia. Men seier ein det ikkje riktig, eller at folk ikkje er mottakeleg, så hjelper det lite.

 

Men  den eksistensielle irritasjon er det i grunn ikkje andre enn ein sjølv som kan gjera noko med.

Slike irritasjonar har eg kjent lite til i det siste. Eg har på ein måte hatt nok med meg sjølv, og det var berre kjempeartig å skriva , for handlar liksom ikkje det eksistensielle om individet, om ein sjølv……..

Likevel, det handlar nok også om både perspektiv og energi.

Kva dette handlar om for meg no, er eigentleg ikkje så interessant. Men ei blanding av situasjonen og gamle draumar, innblanda av åra som går. Går så forbaska fort.

Og nok ein tanke meir energi. Absolutt meir ENERGI.

Så summa summarum er det svært bra!

 

Og det er berre eg som kan få til forandringane. Eller……det kan alltid skje noko som er positivt eller negativt som påverkar og gjev forandringar. Det er berre at negative forandringar er ikkje å ynskje.

Eg kan i alle fall tenkje gjennom situasjonen, sjå på kva ein kan forandra og kva ein ikkje kan gjer så mykje med. Uansett er det interessant hovudgymnastikk. Og det ligg utvikling i slikt.

Trur eg.