Dagane mine fyk i veg enno. Denne veka skal dei gå inn for landing. Gled meg på å lande, senke skuldrer og vifte med tær.
I morgon fyller mor mi år.
Den feira vi på laurdag, med pizza og kaker. Masse av både pizza og kaker.
Skal ein tur innom henne og far i morgon på dagen også.
85 år.
I dag har det vore arrangement. Musikk og foredrag. Da eg skulle takke var eg så rørt at eg måtte tørke tårane. Det handla om kvinner som hadde levd tøffe liv for meir enn hundre år sidan. Foredragshaldar var Leo Oterhals.
Det var godt med besøk. Det er artig når ein har eit arrangement.
Etter eg var heime sovna eg på sofaen. Eg hadde skikkeleg bruka meg opp.
Men sommar og snart ferie er ein riktig så bra kombinasjon. Sjølv om eg har funne ut at eg nok vel ein ferie utan det store innhaldet.
Dei gode, varme, vakre dagane som kallast sommar. Som er å springe barføtt i graset og jordbær på strå.
Som er til å nyta !
Henta jentene på setra i går, som hadde hatt ein fin dag – men også hatt eit møte med dei menneskelege variasjonane og var litt frustrert over det. For da eg kom opp fekk eg vite at dei ikkje hadde hjelpt til der dei skulle. Noko overraska vart eg, for dei brukar å ta ansvar.
Sjølv kunne dei fortelja at dei hadde spurt med gjevne mellomrom om dei skulle ta over, men fekk kvar gong beskjed om å berre gå for dei som sto likte det så godt.
Vi får kalla det ein kommunikasjonssvikt-.
Mellomste som kom heim frå Trondheim for å hjelpe til med dette, reiste attende til sin kjære.
Oppe ved huset sette eg meg på terrassen berre for å sjååå. Eg sat det og tok inn korleis himmelen skifta karakter da tora rulla og lynet blinka over himmelen.
Ein gamal mobiltelefon er ikkje god nok til å ta godt bilete av ein slik situasjonen, men eg tok bilete likevel.
I dag hadde eg nokre få timar med arbeid. Det var kaldare inne enn ute. Før eg for heimafrå såg eg det var 24 gradar i skuggen.
Etterpå skulle vi til ein stad å eta. Den har ikkje vore opent for publikum. Eg har vore der ein gong før, og vart svært fasinert.
Dei har bygd opp sakte, men sikkert eit område der dei dyrkar bær økologisk. Dei har bygd produksjonslokale og ein liten restaurant. Dette har dei gjort så samstemt og gjennomtenkt at det er ein fryd. Ungane har flytta attende med partnarar og som er med på dette. Sjølv har dei overlet garden til ungfolket og bygd seg eit nytt hus ved sia av. Dei har lagt opp terrassar av stein der frukttre og bærbuskar er planta på platåa.
Eg kjøpte meg fritert fisk med chips, og eg må berre seia det er den beste eg nokon gong har smaka. Til dessert tok eg økologiske bær med vaniljesaus. Nydelig var det.
No har eg køyrd begge jentene opp på setra. I morgon er ein dag med mykje folk og aktivitetar der. Trur det første eller andre gongen eg ikkje er med på arrangementet i løpet av dei åra eg har budd her.
I år gjekk det ikkje opp, men jentene er der for å hjelpe til.
Dagane er fulle med program og etter denne diagnosen min har det ikkje minka, for å seie det slik.
Eg vert sendt hit og dit, i hytt og pine. Undersøkingar slik og slik. I morgon er det fastlegen, vart innkalla. Sist veke var det Kristiansund og røntgen den eine dagen og Trondheim og reumatismeavdelinga den neste. Føler eg vert ivaretatt, ingenting å seia på det. Men det vil heldigvis roa seg ned.
Eg skal over på medisinering, bryta ned immunforsvaret mitt for å få ned beteningane i kroppen. Og for å finna fram til det som funker for meg, må det testast ut. Eg har ein jobb å gjere. Inn i framtida trur eg dette skal verta bra, eg skal fungera rett og slett.
Så når eg hadde invitert på dugnad på laurdag og feira fødselsdag på søndag vert dagane som ein flimmer-film som fyk forbi.
Plenkløpparen vart montert. Og er testa ut. For mykje gras no så klart, men det skal bli. Neste sommar tenkjer eg…….for ein hage det skal bli……hi,hi.
I går tok yngste og eg med oss spadar for å få ned det eine treet som vart kjøpt i starten av juli. Ein hyll.
Gavlveggen på huset vart måla på laurdag, og sjølv om vi held på å bli nedgrodd av villbringebær, så hjelpte det enormt synest eg.
I dag fekk vi køyrd eit kjøleskåp og ei oppvaskmaskin på søpla.
Så etter kvart, etter kvart, da har eg tru både på energi og aktivitet.
Det er vakkert om dagen. Det ER sommar. Akkurat slik den skal væra.
Her er frå går kvelden, da sola gjekk inn i fjellet.
(Innlegget er frå i går, men nettet har vore nede).
Det regnar. Utan tanke eller teikn på å skru igjen. Bilhjula nede på vegen er regnvåte i lyden. Ein ny dag har stått opp. For meg svært tidleg. Klokka hadde eg sett på ni, skal være i varmebassenget klokka ti. Men kokka fem forsvann søvnen. Eg prøva, men etter at tida gjekk ga eg opp. Det var berre godt å koma seg opp. Eg koka meg havregrynsgraut. Lenge sidan eg har funne på det.
Det er stille i huset, både boff og yngste søv.
Fann nettopp ut at det var ikkje i morgon sikringsboksen skal skiftast. Det er godt å finna ut slik når ein føler veka er for programmert. Eg skal både til Kristiansund og Trondheim. Eg har invitert til dugnad og skal feire ein fødselsdag i løpet av denne veka.
Etter helga køyrer eg rundt med eit keybord. Arrangementet var godt besøkt. Her er ho som song.
(Her skulle eg lasta opp ein video frå helga. Etter at eg ikkje har klart det gjennom ein heil dag, har eg gjeve opp. Morgoninnlegget mitt vert posta i kveld. Utan video).
Om ein time skal eg ut i regnet, med veska pakka for det enno våtare elementet.
Det skal bli fint å koma heim att, til denne fridagen.
Berre å koma heim utan ei plan, anna enn å nyta kvelden.
Min herlege kaotiske heim. Eg kunne gå ut av bilen utanføre huset mitt og det var fantastisk godt. Strå som strekte seg mot himmelen. Å vite at morgondagen har eg fri og det er meldt bra vêr.
Natta før var uvanleg, søvnen ville ikkje koma, for tankane var spretne. Eg kom meg seint på jobb, men fekk unna det et måtte……eller omtrentleg. Nokre småting står att, men det får eg ordna før konserten på søndag. Kjem nokre herlege musikarar på museet.
Etterpå var det handling med mor, framom ei tante og så gjekk turen heimover etter kvart.
Vil du være med på ein bruktbutikk sto det i meldinga frå søstera mi. Og ja, det vil eg…..men kanskje ikkje i morgon. Kanskje eg vil vaska eit golv eller setja meg i ein stol, berre for å reise meg opp att heile morgondagen, berre for at eg kan det.
“Du strålar” sa mor. “Men du må ikkje overdriva”.
Men det er fredagskveld, himmelen er blank og eg har ostepop i ei skål.
Noko har eg sagt, men når ein er i ein tilstand kan ein ikkje skriva om den i eitt sett.
Det vert traurig lesing.
I tillegg har det vore skreve ein del om sutring her inne, og eg ville ikkje stå fram som ei sutrekjerring.
Sjølv om eg veit godt at det som livet vert fylt av får ein trong til å dela. Spesielt i ein start.
Dette går på alt som er nytt, om det er helse eller hending.
Eg dett ut frå bloggen rett som det er. For mest all energi går med på å koma gjennom det eg skal.
I lang tid har eg ikkje jobba meir enn 50%, det starta med ein diagnose på å være såkalla utbrent. Og sjølv om den tilstanden betra seg frå det som var hovudproblemet; hukommelse og energi, så forflytta alt seg meir og meir over til ein kropp som både svikta og ga smerte.
Så da fortsett ein med leitinga da, kva er dette?
Opp i dette har eg vore svært heldig, eg beheldt gleda og eg fekk mest ein distanse til meg sjølv. I tillegg har eg hatt trua på at det ville bli betre og ei overtyding om at det ikkje var noko farleg.
I dag er eg mest i ein euforisk tilstand.
I går var eg hos ein spesialist. Han fann ein diagnose.
For å seie det som det er har eg INGA lyst på nokon diagnose. Men når det har vore som det har og som det ikkje skal være, har eg lyst dei skal finne den “slangen” i meg, som om eg var ein bil, få festa den slik at eg kan fungera -.
Eg har betennelsar i kroppen, i ledda, i mange ledd. I og med at eg har vore gjennom koloskopi utan funn, saman med undersøkningar i går, var konklusjon å gå i gong med behandling av leddgikt.
Eg skal nok gjennom nokre fleire undersøkningar for at dei skal være enno meir sikker.
Men…..i går vart knea tømt for veske og fekk kortisonbehandling, saman med ein av fingrane.
I dag skal eg ta det med ro.
Det som er det fantastiske, det som gjer meg euforisk, eg kan reisa meg utan at det er vondt.
Da eg i vår var på røntgen for fingrane og skulle reisa meg frå stolen på venterommet, gjorde eg slik eg måtte….satt og vrikka for å mobilisere for å koma meg opp, noko som resulterte at ein som sat og venta spurte: “Sit du fast i stolen?”
Han såg ei stor dame som ikkje fikk seg opp, konklusjonen var at stolen måtte sitja fast i kroppen. Eg har ledd mykje av den kommentaren, for det vert eigentleg komisk.
– Ei heilt ny framtid har opna seg for meg. Ei framtid der eg kan igjen. Trua på at no endeleg er eg gjennom denne tunnelen.
Greitt, eg er ikkje glad for tanken på at eg må i gong med medisin. Eg likar ikkje ha i meg slikt.
Men får eg attende eit meir fungerande liv gjer eg det med glede.
Og eg ER glad.
Eg føler eg har fått livet mitt att.
“Korleis reagerer du på dette” spurte sjukepleiaren eg var innom for å snakka med etterpå undersøkingane i går.
Tankane mine er at ein må gjera det beste ut av alt, og no får eg hjelp til å koma ut av den bobla eg har vore i. Og eg trur på at eg kan igjen. Eg kan tru og håpa.
No har eg vore inne og sett både på tog og fly. Kanskje eg tek meg ein ferietur likevel……fordi eg KAN!
Så i dag er eg glad. Ordentleg glad.
Og så kan eg starta å bygge opp musklar som har minka….for no trur eg på eg kan både det eine og det andre. Trur eg kan alt. Utan desse fordømte vondtane.
Eg gjev meg lov til å glede meg til framtida.
(Noko smårusk må ein akseptere når ein nærmar seg 60).
I kveld er det godt å være heime igjen. Men det har vore eit triveleg døgn.
Henta foreldra mine og plukka opp dotrene på returen i går. Turen inn til byen er litt krevjande om dagen. Det er omlegging, graving og rundkjøringar an mas. Men vi kom oss fram og på plass.
Søster mi har vindauga fulle av orkidear. Dei var overdådige.
Og kveldshimmelen var vakker utanføre stoveglasa.
I dag vart ærenda utført og turen attende var etter kvart klar. Vi kjøyrde innom Ikea, for glasa mine hadde liksom forsvunne på eit mystisk vis. Eg er glad i desse store. I dag gjekk eg for farga grøn.
Yngste hadde fått kjøpt seg nytt brett etter det gamle knakk. Ho er lykkeleg ogrulla nettopp ut i kvelden med boffen.
foto:ingrun
No er vi heime, vi er trøtte og skal straks sova både ho som brukar tastatur og ho som rulla ut.
Fredagen var som ein fanfare, vakker som få. Her stoppa eg bilen i fart frå og til. Måtte ta bilete.
Eg var på andre sida av fjorden. Såg rett over på mitt rike. Det var berre fjøstaket som reflekterte sola. Hustaket, som er grått, vistest ikkje.
I går var dagen grå og sur. Vi var invitert til feiring av mellomste søster mi. Ho fyller år i morgon.
I går var dei på hytta med heile familien. Her er ho saman med eldste dotter. Det var ho som hadde gått i bresjen for feiringa to dagar før datoen. Ho laga pizza for den store gullmedalje. Eg spurte om dei nokon gong hadde hatt så mange gjestar på hytta. Dei trudde kanskje ikkje.
Vi hadde en triveleg ettermiddag, klokka hadde vorte svært mange da vi såg på den. Samtalene hadde fløyma. Var nokon som kommeterte at det summa skikkeleg da dei var ute ein tur. Summa frå oss inne. Da går tida fort.
I dag har vore av desse dagane ein ikkje ynskjer for mange av. Tung og grå. Eg har sove mykje. Yngste kjenner på sår hals.