Blinke, blinke…..

 

Av og til er det vakre så vakkert at det ikkje kan delast.

 

Enn så gjerne eg vil.

Eg kom nettopp heim. Da eg gjekk ut av bilen vart eg heilt andektig. Mørkre funkla. Det glitra, stråla og viste fram ein nattehimmel vakrare enn få.

 

Attom fjella kom strålande kaskadar av ljosskin. Som lange strek før det laga seg om til ei slags mjølketåke. Det var nordljoset som strekte seg opp attom fjellrekkja.

 

På andre sida, attom trea – der funkla og glitra stjernene.

Ikkje ei.

Ikkje hundre.

Det var eit funklande hvelv over meg som gjorde den mest fantastiske julegata tam.

 

Det var så vakkert.

 

Men å ta bilete av det var ikkje verdt å forsøke. Eg kan berre fortelja.

 

Du kan leta att augo å sjå for deg ein høg, funklande himmel med nordljos på.

Ta med deg synet inni natta til dei vakraste draumane.

 

Sov riktig godt.

 

Vinterdagar gjennom veka

 

Siste veka i siste vintermånaden kom det snø. Verda vart grafisk. Vegane vart glatte.

 

Eg har heldt meg vegane.

Eg har vært i tankane. I tankane mine.

For tankane køyrer etter sine vegar.

Dagane går så fort.

Og eg rekk så lite.

Dette går utover blogglesing og bloggskriving.

 

Men sola, den runde kula, skein attom skylaget i starten av veka.

Det første strøket av snø hadde lagt seg og ein kunne sette spor. Kortvarige spor.

Det er godt å koma seg heim. Tenna opp og berre pakka huset rundt seg.

Torsdag måtte eg knalltidleg ut. Ut på glatte vegar.

Var innom her, innom museet som går i hi om vinteren. Mest går i hi……..men likevel ikkje heilt. No er det montert opp ovnar som kan fjernstyrast. Det er greit det.

Og eg kom meg gjennom dagen og eg vart mest høg og trudde på alt ei stund. At alt kunne skje.

 

Men veka har også teke for seg slikt som tenk om det ikkje er for mykje håp………med kropp og slikt.

 

Men alt kan skje.

Alt kan faktisk skje.

Eg trur eigentleg på det.

At alt som er bra KAN skje.

 

Kva vil eg skal skje?

Eg vil at fotoapparat skal skje. -At verda er ljos og vakker. Menneske som er full av det gode. -Ei heil verd av godheit.

 

Boffen ser på meg. Han har vorte frisk.

Han og eg fekk nokre slitsame dagar. Da mage og tarm ikkje var på noko godt parti. Ein dag fortalte han meg at no ville han ha mat igjen. Og da vi var ute kom farten tilbake i hundekroppen. Han jumpa, byksa og sprang.

 

I dag tok eg med meg henne nedunder og kjørte til nabofylket og nabokommunen. Der fekk eg handla ei lita snøskuffe. Ny kaffikanne og litt mat. Vi kjøpe også kaffi og ei alt for søt sjokoladekake på Kafe Koselig.

 

På turen attende over fjella ropar ljoset på meg og eg måtte ut for å ta eit mobilbilete av ljoset, fjella og sjøen.

I kveld har eg ete shusi og drukke ingefærøl….ginger beer. Det er nydeleg saman.

 

Kvelden er her, det er laurdagskveld og i morgon er det fastelavn. Eg har ikkje baka bollar og ikkje teke inn ris. Det har jentene mine. Baka bollar altså. I byen. Stafettpinnen med tradisjonen er gått vidare.

 

Og her sit eg ein vinterkveld i februar og veit at våren er like rundt hjørne.

 

Musikk og matematikk

 

Så fekk eg klarsignal. Det er greitt sa han. Sjølv om eg kanskje angrar om eit halvt år.

 

Eldstemann i gjengen min køyrer sitt eige løp.  Det første som slo meg da han var liten var at han elska latter.

“Kan vi ikkje le” sa han.

 

Det neste som viste seg var ein fasinasjon for musikk. Pianoet til besteforeldra fann han like etter han lærte seg å gå.  Når vi var på vitjing sprang han først inn i kjellarstua og klatra opp på krakken ved pianoet.  Da han var tre år vart han heilt fjetra over ein opptreden med fiolin han var på. Han ville ta på fiolina.

Så han starta i kulturskulen med fiolin da han var gamal nok. Eg drog med meg tre ungar frå 0 til 6 år, barnevogn, stelleveske og fiolin på bussen ned til sentrum av Trondheim ein gong i veka. Det var nokså stressande. Eg gjorde nok mitt for å drepa musikkgleda, seinare vart det gitar.

“Du må øva” sa eg.

Musikken var lagt vekk.

Lenge.

 

Matematikk viste seg også var noko som han likte og hadde lett for.

 

Så ein dag viser han meg ein link. Han hadde laga musikk på data. Og eg vart så begeistra.

 

No får eg endeleg lov å dela noko av det han har laga. Det siste. Han har laga alle lydane sjølv seier han. På data.

 

For musikk trykk på bilete  (må avsluttast i etterkant):

PS.Best lydgjengjeving med øyretelefonar.

Eg spurte han tidlegare, lagar du musikk etter kjensler eller etter matematikk.

“Matematikk” sa han. “Mest matematikk.”

 

Vi hadde ein dialog tidlegare i dag, der han sa:

“Liten artig greie forresten, hvis du høre den pipelyden fra starten av på den nyeste sangen no så e det den eneste lyden som ikke passe inn i rootnota, eller dem ligg vel i skala en plass men feil note liksom i forhold til ka som høres best ut kan du si, men, den valgt æ pga det e en sånn spirituell greie med forskjellige frekvensa, frekvens e vibrering og alt vibrere, både jora og menneske vibrere på en frekvens, og den frekvensen vi vibrere på e for lav til at vi klare å hør den men 432hz e visst en healingfrekvens, så æ har bare snekra sammen en greie slik at det e kun den frekvensen på nøyaktig 432hz (som tilfeldigvis e en A eller nå sånt og resten går i E som rootnote) også la æ på nå effekta så den sprett og får litt ekkoeffekt. Så æ veit ikke æ men det e artig å eksperimentere med litt sånne “overnaturlige” greier å eller ka æ skal si..”

“Er det greit om eg klippe inn noko av det du skriv inn i teksten min”, spurte eg.

Det var det, men han understreka at han ikkje hadde tenkt publisering da han skreiv.

 

I går send han bilete av teikningar han har heldt på med. Kva sirklar som vert saman dannar og det gylne snitt.


 

“Alt i naturen har den same oppbygningen” seier han.

Formlane og matematikken.

 

Eg får lov til å leggje ut på bloggen min, men han vil ikkje leggja ut noko sjølv. For han har så mykje meir å lære enno. Seier han.

 

Min eldste går ikkje den vanlege vegen, men på eit eller anna vis er han på veg.

 

 

Ein sjuk søndag

 

Det er sommar, det er sol og det er søndag er heilt feil….søndag er det riktig nok.

 

Ein våt, grå, dundrande, regnade, illeluktande søndag å vakna til. Eg er redd synet allereie før eg opnar soveromsdøra. Først trur eg ikkje det er ille.

Det var det.

Det var stova som hadde fått det. Klatt i klatt. Heldigvis var teppa på golvet gått fri.

 

I går starta boffen å kura. Han var ikkje opplagt på tur, men hadde mange småturar ut.

Rart dette med dyr. Han har aldri vore nokon bjeffar. Når han vil ut startar han berre å trava rastlaus rundt. Så ut av det forsto vi.

I natt høyrde eg travinga gjennom søvnen.

 

Likevel har han hatt ein periode med bjeffing i seinare tid. Når han blir glad for å sjå nokon. Så når eg kjem heim frå dagens dont sit han oppe i trappegangen og bjeffar vilt så det gje gjenklang i veggar.

Frykteleg ubehageleg.

No trur eg at eg har fått slutt på dette. Eg seier sit!

Han sett seg ned og bjeffinga sluttar. Sist eg kom heim sette han seg før eg sa noko.


 

Men å stå opp til sjuk hund er ikkje det beste du gjer.

Det var berre å gå i gong. Papir, eingongshanskar, såpe og vatn. Mest som magen min og kom i opprør.

 

No kan eg gå i gong med ein sein frukost. Eg trur eg klarar det til tross. Kaffi og yoghurt med frø og korn. Sist sonen var heim hadde han så lyst på det, og eigentleg er det godt med alt ein får å tygga på; havregryn, solsikkekjernar, linfrø, sesamfrø og greskarfrø. Sonen skal eg forresten skriva litt meir om etterpå.

Ute dundrar vêret. Sjøen går kvit nede på fjorden.

Dette er dagen som har vaska seg.

 

Pust er liv

 

Det kjennes så lett. Berre sitja å tenkje og sjå.

 

Fire brødskiver er eigentleg to for mykje. Men det blir litt slik både frukost og lunsj. Det lir på dagen og eg har vore oppe lenge. Det gjekk faktisk greitt. Men eg vakna i natt, var uroleg. Eg måtte ikkje forsova meg.

“Kvifor pustar du ikkje”, spør behandlaren. Eg held pusten for tiande gong under behandlinga.

“Er du redd?”

“Er det vondt?”

Men eg skjønar eg har eit godt tilvendt mønster. For eg er verken redd eller kan påstå at det var så vondt.

Av og til kan ein verta så lei av seg sjølv og dei innarbeidde mønstra.

Er det håp spør eg.

Det er godt å høyra at det er ei utvikling.

 

Ute regnar det. Mildt vårregn og vegen opp til huset har fått spor i grusen.

Etter ei stund greier eg å lausriva meg frå lydboka. Eg gjev Linn Ullmann ein sjanse. Det er godt å sitja inne i ein bil i regnet å høyre lydbok.

 

No har eg nokre timar før eg må ut igjen. Det er godt med kaffi.

Tenk om det kunne lausna. Tenk om at……

Det gjev meg håp. Håp er alltid godt.

 

Det er snart helg igjen. I denne får eg ikkje besøk. Denne helga er berre mi. Eg skal kanskje ut å leita etter motiv. Eg skal gå, bøya knea å gå i motbakken. Ein herleg og aktiv tanke.

 

Ute er det heilt grått. Heilt, heilt grått. Dis og ljos. Det er også vakkert.

Brødskivene er oppete og eg skal berre slappa av ei god stund.

 

 

Mellom ljos og mørke

 

Snart vil sola flomme over heimen. I mange timar. Snart. Men enno er det berre midt i februar.

 

Om dagen går dagane utan eg kan seia meir om det. Dagane blir lengre og lysare. I dag såg eg etter sola, men det var overskya. Trur kanskje den rullar over fjellet no. Det var nokså sterkt ljos attom skyene.

 

I dag starta eg dagen i eit varmt basseng. Fantastisk godt. Heime igjen var eg ikkje til så mykje meir. Men etter nokre timar tok eg på meg skoa og ropa på boffen.

Ljoset heldt på å forsvinna. Dagen skein sidt inn gjennom vindauga og trea laga filigransarbeid på himmelen.

Vi gjekk nedover og kryssa vegen.

Ljoset laga ljos og skyggeside på trestammene.

Gamle, grøne trestammer, ein skog i skyggen.

Ei stund sidan vi hadde tatt vegen ned til sjøen no.

Enno hang det gule ljoset igjen.

Sjølv om mørke starta ta plass.


På tur opp igjen ser eg den første stjerna kjem til syne over tretoppane.

Opp igjen var mørket vorte synleg og naturen heldt på å forsvinne.

Eg tok med meg søppeldunken opp og sette den på plass. Fekk også med meg eit par vedposar inn.

Det var skikkeleg godt med ein tur. Og eg greidde det.

Slikt blir ein ordenleg glad over.

 

 

Dei reiste

 

Han skjøna det boffen. Han skjøna dei for. Han er ingen dum hund.

 

I helga har han fått fleire i flokken sin. Først berre såg han. På den nye. Augo gjekk.

Kven var dette?

På slutten var venskapen forsegla. Han trengte litt tid, for dei som skal høyre til må fortena plassen. På slutten hadde han vorte ein skygge, han følgde den nye.

Helga har vore full av folk.

Eg bad om hjelp, kva skulle vi eta……og hjelp har eg fått i mengder. Ikkje berre om kva for mat, men i kutting, bæring, dekking,  vasking…..det har vore eit levande hus. På butikken hadde vi diskusjonar ved frysedisken og menyen kom fram med godt samarbeid.

I dag ville dei at besteforeldra skulle koma til middag, så nokon køyrde å henta dei og andre ordna.


 

I gårkveld vart vi sittande rundt bordet ut i dei små timane. Da klokka hadde passert to om natta kom eg på at eigentleg var eg ikkje like ung som dei andre og kanskje skulle leggja meg. Var greitt å koma etter med det også.

Vi er ein pratande familie, og dei nye som er komne er heller ikkje kløyvd for tungeband. Eg har hatt ei hyggeleg helg. Eg trur i grunn vi alle hadde det.

Eg kjende på det i går, at skuta flaut godt. Her fantes varme, kjærleik, empati, refleksjonar og gode kjensle.

 

I kveld skal det bli godt å leggja seg. Livet er ei reise med høgdedrag og dalar……i kveld kan eg konstantera at helga var god, no er eg trøyt og i morgon er ei ny veke.

 

Boffen har somna, det er godt med folk og det er godt å kvila trur eg han også tenkjer.

 

 

Fridag og fredag

 

Enno ligg dagen der med mange timar. Dei har eg ei plan på å bruka godt.

 

Snart kjem sola over fjella, ikkje mange dagane igjen-. I dag kjem barna, alle tre og to kjærester. Den eine har eg ikkje helsa på. Det blir spanande. Eg trur det blir bra, ho verkar snill.

Når barna vert glad i nokon så kan det fort henda ein sjølv og vert det. Og når forhold tek slutt får ein vera med på at det er trist. No er ikkje ungane mine av dei som heile tida må ha nokon. Det er nok sonen som har vore ivrigast.

Kva for partnar ungane finn er interessant. Går dei godt overeins med familien elles og kvarandre er det ein skikkeleg god sjanse for mange fine stunder som storfamilie. Det er å ynskje.

 

Men før dei kjem må bad, stue og soverom få ein omgang med støvsuger og vaskefille. Og eg satsar på at kroppen min er på parti og oppfører seg som ein kropp skal.

I går hadde eg ein så hard behandlingsdag at eg hadde lyst til å dra opp “glidelåsen” og gå frå heile kroppen. I gårkveld tenkte eg at eg må finna vegen bort og vekk frå dette. Og den vegen går nok gjennom vektreduksjon og aktivitet.

Sukk!

Eg er berre så lei av det. Av tanken, av å prøva og av ikkje å få det godt nok til. Ikkje få til eit nytt mønster.


 

Men snart trillar sola over åskammen. Eg hugsar ikkje datoen det skjer. Men uansett er det snart. Om det 9. februar eller 14. februar….. Men det er ikkje riktig enno.

No må eg gå til oppgåvene. Ha ein riktig fin dag både du i nord og du i sør.

 

Kva er dine planar i dag?

 

 

I svart og kvitt

Slik gjekk dagen. Litt slik fort, men utan stress. No er den over.

 

Minus og pluss, sjø og land. Litt glatt og litt vått. Fjøra ein vinterdag. Dit gjekk turen i dag.



No er natta her. Og eg skal avslutta dagen, skru av datan. Seie god natt åt hunden og seia god natt til deg som fann vegen inn.