Pust er liv

 

Det kjennes så lett. Berre sitja å tenkje og sjå.

 

Fire brødskiver er eigentleg to for mykje. Men det blir litt slik både frukost og lunsj. Det lir på dagen og eg har vore oppe lenge. Det gjekk faktisk greitt. Men eg vakna i natt, var uroleg. Eg måtte ikkje forsova meg.

“Kvifor pustar du ikkje”, spør behandlaren. Eg held pusten for tiande gong under behandlinga.

“Er du redd?”

“Er det vondt?”

Men eg skjønar eg har eit godt tilvendt mønster. For eg er verken redd eller kan påstå at det var så vondt.

Av og til kan ein verta så lei av seg sjølv og dei innarbeidde mønstra.

Er det håp spør eg.

Det er godt å høyra at det er ei utvikling.

 

Ute regnar det. Mildt vårregn og vegen opp til huset har fått spor i grusen.

Etter ei stund greier eg å lausriva meg frå lydboka. Eg gjev Linn Ullmann ein sjanse. Det er godt å sitja inne i ein bil i regnet å høyre lydbok.

 

No har eg nokre timar før eg må ut igjen. Det er godt med kaffi.

Tenk om det kunne lausna. Tenk om at……

Det gjev meg håp. Håp er alltid godt.

 

Det er snart helg igjen. I denne får eg ikkje besøk. Denne helga er berre mi. Eg skal kanskje ut å leita etter motiv. Eg skal gå, bøya knea å gå i motbakken. Ein herleg og aktiv tanke.

 

Ute er det heilt grått. Heilt, heilt grått. Dis og ljos. Det er også vakkert.

Brødskivene er oppete og eg skal berre slappa av ei god stund.

 

 

6 kommentarer
    1. <3
      Håp er det alltid, tenker jeg. Selv om det ikke alltid er så lett å tenke sånn.
      Men det høres ut som du disponerer tiden godt når du har egentid. Viktig det <3
      Klem

    2. Ja dårlig” pustemønster” har lett for å bli en vane..og da blir man anspent og klarer ikke å slappe godt av.. men alltid fint når ting bedrer seg selv om det bare er små steg av gangen.. Du skriver så vakkert om hverdagslige ting <3<3

    3. Det eg lurer på, gje Liv Ullmann ein sjanse, var det verdt det? Dersom du anbefaler skal eg og gå i gong med denne boka. No held eg på me klassikaren Stormfulle høyder.

    4. annebe: Takk skal du ha :)).
      Det er mye en ikke er klar over, men veldig fint å få en bevissthet på det, pust har jeg trodd jeg har hatt fokus på….men altså, det hadde jeg ikke.
      Klem <3<3<3

    5. Anonym: Anonym: Jau, eg er i gang med andre lydboka av Linn Ullmann. Før tenkte eg at ho skreiv nok ikkje bra, at grunnen til bøkene hennar var gjeve ut var dei berømte foreldra. Ho skriv litt kaldt, men er uventa. Du vert med i handlinga og ho bosett seg i alle personane i “Det dyrebare”. Det er den nestsiste boka hennar. No er eg i gong med den andre “Når jeg er hos deg”. Ser ho har fått ein del prisar. Du må også gje ho ein sjanse :). Eg likar verkemidla hennar.
      Eg måtte stoppa med “Stormfulle høyder” for ikkje så lenge sidan, eg vart så irritert. Forsto meg ikke på reaksjonane til personane i boka. Men skal forsøkje seinare :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg