Tankar på tampen

Så er 365 dagar snart oppbruka. Og vi får udelt 365 nye. 

I 2020 får vi faktisk 366, men det er da.

Men i året som kjem, er det berre det vanlege talet med dagar vi skal fylla opp. Dei er ein lang rekkje med moglegheiter. Mykje vil ein ikkje kunne påverke, men ein ting er innom eins eige kraftfelt; korleis ein vel å møte alt.

I det kan forskjellen mellom det som er bra og det som ikkje er bra, ligga.

Eg likar den tanken.

Året har rasa i veg. Mykje greier eg ikkje hugsa frå kvarandre. Men – ingen har gått bort og eg har ikkje hatt store sorger.

Eg har ledd mykje.

Så greier eg bedtre kjenna på kva eg meiner og også seia i frå. Orda er meir på plass.

Eg har hatt fokus på matvarer, utan om no i jula. Sukker og kvitt mjøl har omtrentleg vore borte frå koshaldet. Dette går eg attende til i det nye året. Eg greidde å gå ned mange kilo. Enno skal nokre fleire ned.

Helsa har hatt fokus, og i lange periodar har eg vore mest heilt bra, som i å virka normalt.

Den siste tida har det ikkje det, men eg veit det vert betre. Og reknar med at eg kjem i remisjon, det vil seia at kroppen slepp sjukdomsaktiviteten.

Kjenner eg må understreka at dette ikkje er noko «stakkars meg», eg er beint ut heldig eg. Det er berre min realitet og veit det er mange der ute som jobbar med å helda leddgikt nede.

Derfor vel eg å skriva om det, enkelt og greit.

Noko som eg heldt på med i mange månader var solhelsing, ein yogaøving. Den opplevde eg enormt positiv og gle meg til at eg kan starta igjen. Fekk ein styrke eg set pris på. Muskler som vakna til funksjon.

Og når eg snakkar om dette, eg var så heldig at eg fekk ein heil månad trening i mai til juni gjennom universtetssjukhuset i Oslo. Det var fantastisk å få.

 

Litt før dette vart eg kjent med ein og klarte det utrulege å forelska meg. Da overraska eg meg sjøl.

Eg vart med å leie eit atlerie, men det viste seg at eg fekk mindre tid til å være der å jobba. Så no i desember flytta eg tinga mine ut.

Eg tok meg tid til å skriva, eit heilt, halvt manus. Der overraska eg også meg sjøl, at eg klarte å finna på alle orda. Eg forelska meg i handlinga. Så enno ei forelsking.

Men så greidde eg å mista pcn min på ein flyplass. Det er meininga å kjøpe meg ein ny. Men hittil har det vorte med tanken.  

Ungane er på fart i sine liv. Yngste skal til med sin bachelor i film. Ho og gjengen ho samarbeidde med, fekk ein pris på ein italiensk kortfilmfestival. Fantastisk oppleving for dei tre som reiste ned. Mellomste kom i gong med studier igjen, der er det teater. Så arbeider ho for å finanser studiet, det synest eg er svært bra. Og så flytta ho saman med kjæresten sin gjenom fleire år, i haust. Dei har fått det skikkeleg koseleg. Eldstemann starta å snakka om utdaning. Da vart eg glad. Han er i ein utviklande prosess. Han er ein oppvakt og snill gut, men han tok lite for seg av impulskontrollen.

I kveld skal dei feira saman. Dei liker å dela tida si saman.

Eg var glad for å kunne reise heim til min rolege kveld etter og ha køyrd yngste på bussen .

For å tenkje.

Fortid.

Framtid.

I år skjønte eg plutseleg noko om kommunikasjon. Når vi seier noko gjev vi aldri heile bilete. Ei setning kan ikkje dekke ei heil tankerekke. Derfor er det viktig å gje kvarandre tid før ein tek ei slutning. Det er alltid noko meir.

Ord er det vi har. Dei kan mang ein gong ikkje være gode nok. Eg vart 60 i år. Eg har så mykje å lære.

Det er fint. Ein kan alltid lære meir.

Og framtida….

Året som kjem…så mykje eg vil oppleva, høyra og sjå.

Eg kan alltid verta eit betre menneske. Der har eg mykje å gå på.

Og så har eg vorte flinkere til å ta hensyn til meg sjølv. Ikkje presse meg så mykje. For det er ingen bra eigenskap. Den kan virke bra, men eigentleg er det dumskap.

Elles er det så mykje. Men over alle ting, eg veit året som kjem har både glede og sorg.

Men det er spanande. Det er så mykje å gå i gong med. Eg kjenner eg gleder så det kiler i magen.

Takk til 2018. Velkommen 2019.

 Riktig godt nyttår til alle gode bloggvener. 

 

 

Noko var igjen

Av klabb og babb. Dei siste timane av eit gamalt år hadde meir att. 

For det var noko att i sekken. Av hendelser som skulle ha plass i dette året. Og når det er slik, må ein berre akseptera det. For slutten av året vert ikkje etter plana.

På nyttårsaften skulle eg ha ein «Lady og Lanstrykeren» middag uten kjøttboller og spaghetti. Vi skulle eta kalkun med waldorfsalat. Eg skulle gjera alt ferdig, for når flyet landa halv fem, var det berre tida og vegen.

Meeeen, så viste det seg at kombinasjonen sykkel og bil i solnedgang var uheldig. Heldigvis ingen knuste bein, men skikkeleg forslått og på sjukehuset frårådde dei flyreise.

Så ingen romantisk middag og nyttårskyss.

Trur kanskje eg vel å ha kvelden for meg sjølv, med messanger noko av kvelden.

Ellers er vêrmeldinger dårleg og med uviss omgangssjuke i systemet, tok liksom dei siste timane litt av.

Likevel, dette går bra.

Og eg har aldri vore heilt aleine på ein nyttårsaften, men i fjor gjekk eg inn i eit nytt år utan selskap – så det går heilt fint og avslutte året på same vis.

Faktisk er det ein fordel å være såpass sliten som eg er no. Eg har ikkje overskot til verken forventningar eller skuffing.

Og det er bra. For det er noko positivt i alt.

Ønsker deg ein fin og god dag, den siste i 2018.

 

 

 

 

 

Opprør og avlysning

Nokre gong må planer legges om. I dag vart det slik. 

 

Eg vakna tidleg, eg beit kjakar og var rett og slett stressa. Men til slutt fekk eg sova meir, tenkte det var lurast. Sova litt til. Og vakna alt for seint.

For ein del måtte gjerast. Før gjester kom.

Telefonen var også fortulla. Ingenting ville seg .

Mine gamle foreldre skulle også kome, men da dei fekk vite om faren for magesjau og tumultar, tok dei avgjerda.

Dei turde ikkje.

Å koma.

Og eg var glad. Det kunne være fatalt for far om han fekk dette, som nokre har fått.

Så det endte med ein enkel frukost for yngste og meg.

Henne var eg over fjella å henta i gårkveld. Eg fekk gjort nokre ærend og møtte så vidt eldstemann. Han er frykteleg gavmild når han har anledning, så han hadde kjøpt eit ullsett til meg.

Eg sa eg ville betale for det, men det var ikkje aktuelt.

Yngste og eg kom oss attende over fjella, med skummelt føre.

Ho somna og sov heile vegen heim. No har ho somna på sofaen. Så det spørs om noko herjer i kroppen hennar.

Hovudet mitt verkar, så det er kanskje noko rusk i marskineriet vårt begge.

Men håper vi slepp unna spysjuka. Mellomste vart dårleg etter at kjæresten vart dårleg, medan han var her. Stakkars gut, ikkje artig å verta dårleg når ein er på besøk. For så vidt var ikkje mellomste heime hos seg sjølv heller, men ho var hos faren. Så litt meire kjent ho, der, enn han her.  

Men brunsj vart det ikkje hos oss i dag.

No skal vi lista oss stille gjennom dagen. Så vil eg tru vi kjem oss unna. Satsar på det. 

 

Kva dag er det

Dagar kjem…og går. Fjerde juledag, femte… men kva for dag er det?

 

Har kjent på forvirring.

Når er torsdag og når er laurdag. I går trudde eg det var onsdag, men det var det ikkje. Laurdag og nyttårskvelden, tenkte eg for nokre dagar sidan. Skal eg på arbeid tenkte eg, men så var veka over.

Slik virrer eg på slutten av året.

I dag krekte eg meg ut av senga utan ei plan. Medan eg stressa med tankar i hovudet. Skulle eg det og skulle eg slik-. Medan kroppen var eit håplaust sørgeleg kapitell.

Yngste ville gjerne kome attende og kjekt sa eg at eg kunne henta henne kombinert med nokre ærend. Men eg hadde ikkje ein gong tiltak til å spørre, men til slutt fekk eg sendt ei melding.

Ho ville være hos faren ein dag til.

Og så vart eg bedt på kaffi samtidig som eg tenkte; eg må ut.  

Det vart begge deler. Kaffibesøket var koseleg, med musikk, talgljos og kaker.

Etterpå tok eg på meg ein julegåve, ein av gåvene eg fekk frå sonen.

Ein jakke.

Innom hadde eg ei ullskjorte.

Det var akkurat passe. Gåturen gjorde godt. Til tross for at mykje med meg ikkje er….det har eg visst allerede sakt noko om.

Etterpå kom eg etter at skulle eg få handla til foreldra mine, så måtte det skje i dag.

Og slik vart det.

Dei er glade for besøk. I kveld syntes eg at alderen deira var meir tydeleg.

Men det er altså fredag. I morgon henter eg yngste og gjer nokre ærend. Søndag har eg invitert til brunsj. Nyttårsaften vert det ein tur til Trondheim, både ei vitjing hos mellomste søster og hente min gode ven på Værnes. Og så heim til middag med rødvin, talgljos og slikt.

Da skal det være måndag. Og først onsdag startar kvardagen.

Det var slik det var.

Og no er fredagen gått over til laurdag.

 

 

Orienterer du deg kva dagen heiter i denne søte juletid?

Juledagane og mat

Så kom jula. Med kyrkjeklokker og mat. No ein liten pust i alt. 

 

 Klokkene var riktig nok berre på radioen.

Men maten er gong på gong. Det vert nok. Tru eg skal køyra ei mer nøktern jul neste år.

Vi starta med lutefisk veslejulaften.

Jentene pynta pepperkakene til kaffien.

Så var det ein avslappa frukost julekveldsmorgonen. Rømmegraut ut på dagen.

Og kveite om kvelden. Den første flaska med kvitvin vart nøye fordelt.

 Etterpå var det himmelriks munnfull til dessert.

Før det var gåveoppakking.

Med kaffi og søte kaker etter på.

Så var det den gedigne julefrokosten i går.

Og ribbe til middag. Med riskrem etterpå. Var forresten heldig med raudsausen i år. For eg hadde oppi både jordbær og bringebær. Og igjen drakk vi kaffi.

I dag tok vi frukostbuffe.

Mat er sentral i jula. Kjenner eg ser fram til kvardagen.

 

Spiser du mye mat i jula?

Ei moderne julefortelling

 

Året var straks omme. Ho hadde den siste dagen på butikken før jul. 

 

 

Tredje juledag skulle ho attende.

Det var vesle julaften og ho måtte arbeide så lenge butikken var åpen. Ho traska mistrøstig gjennom snøslapset.

Det skulle verta godt å koma heim til ho mor. Ho fekk skyss med ein nabo i morgon. Så ho rakk så vidt heim før jula ringte inn.  Det gjekk ikkje buss framom mora sitt vesle hus.

Eit heilt år hadde gått. Ho hadde trappa rundt mellom butikkhyllene, for å setja varer på plass og hjelpe kundar.

Da ho starta der, fann ho ut at ho ville sjå  kundane. Sjå mennesket som var innom på leiting etter mat, snus, kondom og øl.

Det var mange folk, mange studentar, mange lag av alle slags folk innom. Alle skulle ha noko.

Inn i mellom kom ho over dei som ikkje tenkte betala for alt. 

Ho kom i prat med dei alle når ho sat i kassa.

I fruktdisken fekk ho fram eit smil hos den middelaldrande dama som ikkje var fornøgd med bananane. Kjendisen som ikkje svara på spørsmålet, forretningsmannen som oversåg henne. Målaren som ville måla henne. Kunden som starta å kjøpe flax-lodd til henne. Den gamle dama ho starta å besøkje, som bodde i paralellgata. Den unge guten som rødmande ba henne med ut.

 

 

 

 

Alle desse folka.

Dei spurte etter henne når ho ikkje var der. For ho ville ha innhald. Sjølv om det var ein matbutikk. Ho ville dei skulle verta sett. Kvar kunde ville ho gje ei oppleving av at dei var spesielle. 

Sjå på verda frå perspektivet frå eit butikkgolv. Ein studie i mennesker.

Golvet  var hardt å stampe rundt på, ryggen protesterte iherdig mang ein gong. Men etter ho fekk verdas beste sko frå faren, hjalp det. Det var eit par dyre joggesko med støtdemping, dei gjekk ho holete på det harde betonggulvet. Men dei gjorde nytta.

Verre var det med hennar framtid. Kva skulle ho gjera med livet sitt. Etter vidaregåande starta ho å studera, men fokuset og helsa hadde ikkje vore på plass. Resultatet var studielån utan resultat.

Heile økonomien var eit sørgeleg kapittel. Ho fekk det ikkje alltid til å gå rundt, så ho hadde teke seg opp kreditt. Den prøva ho å betala ned.

Mora og ho hadde vorte einig om å hoppe over julegåver i år. For mora hadde heller ikkje god økonomi. Men ho også gjorde så godt ho kunne.

Pengar, pengar, pengar.

Det var det einaste folk brydde seg om.

Kva med kjenslene, det å bry seg om kvarandre. Ho såg ho gledde mennesker med å sjå dei. Det gjorde også henne glad, når ho fekk kontakt med mennesket og ikkje fasaden.

Ho var framme og dei automatiske dørene gjekk opp.

«Hei», sa ho i kassa smilande.

Det var eit godt miljø blandt dei som jobba der.

Ho smatt inn på bakrommet og fekk på seg butikkuniforma. Ho tok etter dei gode joggeskoa.

Kva i all verda?

Ho kika under skohylla, ingen sko der heller. Tankane rasa rund, ho hadde ikkje teke dei med seg heim. Dei sto ikkje der.

Skoa ho hadde fått. Som ho hadde vore frykteleg glad i.

Til slutt kom ho seg ut, på dei stive uteskoa. Korleis skulle ho koma seg gjennom denne dage utan at ryggen slo klikk.

Ho møtte sjefen på tur ut. Han var ferdig og skulle heim til familien sin på julefeiring. Så ho fortalte at joggeskoa henner var borte.

Ei rask undersøking viste at det var vaktmesteren som hadde hatt ein ryddesjau. Der hadde hennar sko møtt enden.

«Du må da ikkje berre kasta utan å spørje» sa sjefen.

«Dei var da så slitt» sa han som hadde rydda.

Ho kjente på sorga da ho noko seinare sat i kassa, støl og stiv i ryggen etter nokre timar på hardt golv. Det var ikkje berre å kjøpa seg nye sko, og dette var skoa ho hadde fått frå faren.

«Det blir 542,90», sa ho til dei tre jentene på hennar eigen alder med oppblåste lepper, farga hår og svarte, lange augevippar.

Dei kika tomt på henne.  Da ho sa god jul smila dei så vidt, før dei forsvann ut i dei dyre klede sine og ein stor pose med snop. Det siste ho høyrd var diskusjonen om kor store inplantat dei skulle ta neste gong.

Ho prøva strekka både ryggen og føtene. 

Enno var det to og ein halv time att før ho kunne ta vegen attende til hybelen sin og få sparka av seg dei stive og tunge vinterskoa.

 

Før morgonljoset

Godt å vakne tidleg. Før dei andre. 

 

Koke seg te, høyre på radio og flytte inn i seg sjølv og inn i dagen.

Huset held på å fyllast opp.

Dyra var frå seg av glede da jentene kom. I gårkveld tok vi innover oss at no var vi der, der at dei var heime.

Ho som hadde levert ein heimeeksamen somna sittande i senga med mobilen i handa.

Vi la oss tidleg alle.

I natt kom det fleire til hus, og i morgon kjem dei siste. Da er huset fullt. Og så vil dagane utover være slik dei brukar, nokon reiser og andre kjem.

I dag står mykje på programmet. Jentene skal til skogen for å finne det perfekte treet. To, for å være nøyaktig.

Vaskefilla må fram og kassene med julepynten ned frå loftet. Kanskje noko meir matlaging også, i allefall må dessertene til å produserast.

Mat og mat.

Og ein handletur må også rekkast. Dyra må ha mat.

Så dagen går nok fort. Og alt eg tenker rekk eg ikkje. Men det går bra likevel.

Eg synest eg er heldig, eg trivest med alle desse eg har i rundt meg. Og eg trivest dei dagane det berre tusler firbeinte rundt, berre dei ikkje masse for mykje.

For mas er eg ikkje glad i.

Og heller ikkje stress, så da må eg nok til å virke her.

 

Håper du som er innom også har ein fin dag. Kva er den viktigste tanken din i dag?

 

Min første

Stolt som ein hane sit eg her. For eg klarte det. 

 

Har du høyrt om kombutcha?

Det er ein nydeleg drikke, fermatert. Det vil seia at den er gjera.

Eg har kjøpt det nokre gong. Spesielt den med ingefær likar eg.

Men ein kan lage det sjøl.

Eg fekk med meg ein liten slump frå Danmark. Og så kjøpe eg ein kombutcha på helsekost. Dette slo eg opp i ei glaskrukke saman med svar te og sukker.

Ein skal i tillegg ha ein scoby, det er ein geleklump av gjærbakteriar.

Det hadde eg ikkje. Men etter kvart som dagane gjekk danna det seg eit kvitt lokk oppå kombutcha/te-blandinga.

I dag var det fedig, smaken var perfekt og eg har fått scobyen min.

Trur det har stått omtrentleg to veker. Kanskje litt mindre.

Eg er lykkelig over å ha fått det til. Gjekk rett på å koka svart te med sukker i, som eg skal slå oppi glaskrukka til scobyen.

Når den får sukker fortset den å vekse. Det vil også danne seg ein scobybaby.

Da kan ein lage enno meir kombutcha.

Eg fekk til å lage min første kombutcha, og ein heilt ny scoby.

No nyt eg smaken. 

Søndagen gjekk over

Der kom natta. Den er der plutseleg. Søndagen forsvann inn i historia. 

 

Plana var å legga seg tidleg og så stå opp i morgon for å finna ut av dagen.

No er det for seint.

Kvelden går så fort. Og når eg oppdagar at det var søppeltømming i kveld, ei veke før det skulle, da var det berre å gå i gong med rydding. Så no står det berre att å vaska kjøleskåpet.

I dag kom eg meg ut litt lengre enn vedbua. Eg tok med meg smultringar og besøkte foreldra mine.

Vi drakk kaffi og snakka til mørket kom.

Gjorde nok godt for oss alle tre.

Heime att monterte eg ferdig ein genser. Den var eg godt fornøgd med.

Har att garn og tenker å strikka skjerf til.

I morgon har eg tenkt på handling og bytur, men er kanskje for slapp enno. Kanskje eg skal ta nokre timar på arbeid, og så sjå an.

På tirsdag er det eit møte, eg har meldt meg på ein julelunsj som eg er usikker kva for dag er.

Ellers må eg få unna meg opp til fleire ting før juleferien. Får håpe at i morgon, i morgon så fyk eg avgårde som eit prosjektil.

No skal eg drikka opp teen min og så eg det rett i seng. 

 

Kos og kaos

Formiddagen er lang, sjøl om den er oppbruka. Eg sorterer. I tankar. 

 

Himmelen er blå, fjella skin kvite med sol på.

Eg vurderer solhelsing i dag. Om eg greier å gå ned på knea.

No får kroppen til å oppføre seg!

Kom på eg hadde gløymt å ta sprøyta for leddgikta. Kanskje derfor. Derfor fekk eg teke den i dag, nokre dagar på overtid. Kortisonbehandlinga startar eg nedtrapping på i dag.

Det er bra.

Eg kan ikkje fordra å putte alt dette inn i meg.

Men eg vil også fungera.

Skal skrive til legen om ståa i dag. Om sjukemeldinga skal forlengast. Trur eg vil prøva meg på jobb, så mykje som står og ventar.

Førjulstid.

Kos og kaos. Kaos og kos.

Grønkåldrikke, oppskrifter, vitaminpiller og baking.

Eg kjenner på at eg koser meg også.

I kaoset.

Jul, jobb, kropp og ingenting heilt på stell. Faktisk det meste att. Men det er mitt liv. Mitt uperfekte liv som er perfekt for meg.

Og det må seiast, eg har alle desse små tinga eg går opp i. Mitt reknestykke som skal gå opp, ha ein balanse. Utanfrå kan det sjå ut som dette ikkje var eit så godt oppsett. Innanfrå er det eit riktig bra.

Hurra for livet.

Det er ikkje eit glasert kakestykke med rosa fyll på. Livet er til å settta tennene i og fortære. Det er kos og kaos.

Ha ein nydeleg dag.