Før morgonljoset

Godt å vakne tidleg. Før dei andre. 

 

Koke seg te, høyre på radio og flytte inn i seg sjølv og inn i dagen.

Huset held på å fyllast opp.

Dyra var frå seg av glede da jentene kom. I gårkveld tok vi innover oss at no var vi der, der at dei var heime.

Ho som hadde levert ein heimeeksamen somna sittande i senga med mobilen i handa.

Vi la oss tidleg alle.

I natt kom det fleire til hus, og i morgon kjem dei siste. Da er huset fullt. Og så vil dagane utover være slik dei brukar, nokon reiser og andre kjem.

I dag står mykje på programmet. Jentene skal til skogen for å finne det perfekte treet. To, for å være nøyaktig.

Vaskefilla må fram og kassene med julepynten ned frå loftet. Kanskje noko meir matlaging også, i allefall må dessertene til å produserast.

Mat og mat.

Og ein handletur må også rekkast. Dyra må ha mat.

Så dagen går nok fort. Og alt eg tenker rekk eg ikkje. Men det går bra likevel.

Eg synest eg er heldig, eg trivest med alle desse eg har i rundt meg. Og eg trivest dei dagane det berre tusler firbeinte rundt, berre dei ikkje masse for mykje.

For mas er eg ikkje glad i.

Og heller ikkje stress, så da må eg nok til å virke her.

 

Håper du som er innom også har ein fin dag. Kva er den viktigste tanken din i dag?

 

10 kommentarer

Siste innlegg