Ein god tanke

Eg sit her i kvelden. Straks før eg legg meg. Sliten og glad for at dagen kom i mål.

 

Men litt for travelt. Litt for streng timeplan. Det er det no. Likevel ser eg at eg greier litt meir. -Enn før.

Dagen i dag vart for lang. Men fekk sendt i frå meg alt av dokument som eg skulle.

I går hadde eg ein vakker dag ute i havgapet. Ønska meg ein sykkel og eit fotoapparat og haugar av tid. For det eg køyrde i gjennom var så vakkert.

I morgon er det sjukehus og røntgen og ungetreff og søstertreff. To av ungane vert med heim, kanskje den tredje også. Helga vert kortare enn den brukar, og neste veke fortset med timeplan som er for streng.

Men neste fredag, neste fredag har eg ingenting på timeplana.

Og det er ein god tanke.

 

 

Flue i mi stue

Det surrer-. Vakna etter vinderdvalen. Eg skal straks sove etter ei helg.

 

Den først flua som tumlar fram ber bod om sommar og varme tider, den går an, alle dei andre kan eg styra meg sterkt for.

Men i kveld dukka den første surrande opp.

 

Eg er ferdig med ei helg – slik alle er. No.

Ei helg i sol og varme der isen sjokkert gløymer å smelte.

Eg har tatt plass ut i sola, eg har skreve og eg har måla. Eg har gått tur og har besøkt foreldra mine og teke dei med på køyretur.

 

Så slik summa summarium har helga vore ei fin helg.

 

Til avslappa nattmusikk legg eg inn bilete frå turen i dag.

Og så seier eg god natt.

 

 

Rydding i tankar

Kome heim til helga og finvêret, våren og varmen er ei nyting. Men eg er stressa.

 

Så eg må rydde.

Rydde i hovudet.

Da eg set på radioen kravde dei lokale sendingane for mykje. Derfor måtte eg i staden bytta ut med musikk som roa ned.

Eg køyrer i eit for høgt gir. For eg vil så mykje og kjenner på at tida går så fort.

 

Det er ikkje døden og livet eg snakkar om.

Men eg skal ut å på reise om under to månader.  Fire veker med behandling dit eg skal. Og det blir heilt sikkert godt.

“Er det kva du skal pakka med deg” spurte den eine søster mi da eg snakka med ho i går.

Nei, det er eg ikkje kome til enno, pakkinga og opphalde har eg ikkje ofra ein tanke. Men alt det andre, før åt. Eg går i kryss.

Så eg må rydda i hovudet. Kva er det eg og kva kan eg utsetja. Kanskje eg ikkje skal ta alle møta på denne sida av sommaren. Men eg må sy saman sommaren, den som handlar om jobb. Det vera i boks.

 

Privat må eg ta same ryddeaksjon. For eg vil ALT!

Eg vil trena, gå ned i vekt, skrive, male, vaske, hjelpe dei eg skal og være kontaktperson for ein del i ei tv-sending. Det siste punktet har eg fått med ein person som skal hjelpe til, for etter kvart må eg trekkje meg ut, for eg kan ikkje væra den kontaktpersonen når eg har reist.

 

Det fine veret stressa meg til og meg, for eg må UT å nyta.

 

Så eg trong musikk til å roa meg ned. Til å pusta djupt. Ingen er tent med at kaveknappen er set på.

 

Eg har ei helg som er fri framom. Utan ei avtalt plan. Eg skal bruka den til å snakka fornuft med meg sjølv. Og å rydda i kva som er mogleg og det som eg må sette på vent.

 

Ønske deg ein fredeleg fredagskveld. Her forsvinn snøen så ein mest ser den krympar.

 

Folk

 

Ein nydeleg dag har enda. Eg har hatt fri. Og hadde lyst til å gjera alt.

 

Det går ikkje. Men eg fekk meg både grøn te i sola og måla.

Er berre litt lei i kveld.

Lei av folk.

Av folk som skal meine så frykteleg mykje.

Om andre.

Om korleis andre skal være.

Når eg skriv dette fell eg i den kategorien sjølv. Eg meiner at folk ikkje skal meine så mykje. Om andre. Og da vert eg altså paradoksalt ein av dei eg er lei.

 

For eg vil så gjerne at alle skal forstå at alle har sin veg å gå. Vi treng ikkje oppdra kvarandre så frykteleg heile tida. Gje plass og rom. Alle prøve garantert sitt beste.

 

Ingen har fasiten.

 

Det er bra med mangfald. Men nokon gong er det krevjande. Dette å forstå dei som ikkje forstår. Ta imot dei som vil overbevisa deg. Dei som trur sjølve dei veit korleis alt skal være.

 

Kan ikkje folk væra litt stille og berre høyra. Høyra godt etter. Av og til.

 

No skal eg tie.

Berre legga meg for så å stå opp til ein ny dag i morgon.

 

Eg likar dei nye dagane, når dei startar er eg klar til å ta runden att. Opplagt og klar for mangfaldet. For eigentleg er eg svært glad i folka.

 

Etter eg har kvilt.

 

 

No skal du få vite

 

I kveld tok eg vegen over fjellet nok ein gong. Vi var to. Vi var på veg til eit møte.

 

For ei stund sidan viste eg dykk denne døra.

I dette innlegget HER.

 

I dag skal eg fortelje kvifor denne døra vart låst opp til rommet innanfor.

Det var artig å sjå at fleire gjetta rett så riktig.

 

Syskena mine og eg hadde fått nok av noko.

Fantasi og kreativitet.

Alle tok vi fatt i dette i utdaninga. Men ingen jobbar med det i dag. I alle fall ikkje direkte.

Yngste er uførtrygda og lever nede i ein kjellar………og eg ordlegg meg slik for at det SKAL høyrest trist ut.

Men i fjor vart ho kjend med ei som ho fekk låne ei krå hos, for å måla.

Det gjorde henne riktig godt. Da lokalet vart oppsagt vart søster mi frykteleg lei seg.

Eg tenkte at dette var svært viktig for henne. Så eg sa at greidde ho å finna eit anna lokale til same prisen, kunne eg vera med på å dela.

Og så fann ho eit lokale!

Snakk om å ville hjelpa nokon, men så er det deg sjølv det treffer med full tyngde. Midt i noko som eg hadde kapsla inn og fortrengt, antakeleg………

Energien kom straumane i store, gule straumar. Som ein openbaring.

 

– Det første eg skal måla er gult, tenkte eg.

Eg fann fram målesaker som ikkje hadde vore bruka på over ti år. Fekk plassert det eg trong.

Fann ut at malinga var heilt grei etter alle desse åra. Litt sjanglande tok eg fatt. Men eg berre prøva. Kosa meg med å prøva. Tenkte på at det var mykje å henta fram. Men eg har hatt mi første økt. I alvor og glede, inne i mi verd.

I kveld møtte eg ei til som skal være med på lokalet. Vi snakka om praktiske ting, som vasskokar, klossetpapir og termokanne. Slikt ein ha i eit fellesskap.

Og kanskje tek eg vegen over fjella i morgon også, for mi andre økt.

 

Ja, så natheless, det var atelier det skulle værta. Du gjetta heilt riktig.

 

 

Går mot vår

 

Å gå mot vår. Det hjelper så godt , sjølv om snøen bortimot ligg randheil. For ljoset lyg ikkje.

 

Eg må ut – ut å gå. Det er så godt.

Her kjem det bilete frå laurdagen og i går.

 

Hjort og rådyr hadde nok berga seg gjennom vinteren med greiner, mykje kutta greiner å sjå.

Snøen held meg enno. Mest verre med Lucas.

Det kvitra i høge tonar, men det var vanskeleg å få augo på songarane. Berre greiner å sjå.

Sola skein utan skugge, som ein måne hang den på himmelen attom skylaget. Men ljoset var intenst.

Nedanfor låg fjorden, mørk i tonen.

Innerst inni bukta krusa vatnet seg litt.

Dette treet hadde ikkje mindre enn tre kjuker.

Da var haugen min mest gått i rundt.

Boffen vil gjerne gå i tet, men han er aldri mange metra framom.

Så er vi mest heime, fjøset ligg å kvile nede i bakken.

 

I gårkveld tok vi vegen langs vegen. Solnedgongen fargela kveldshimmelen.

Fjella fekk kveldsola over ryggen.

I kveld tok eg ikkje bilete,og det var like greit. For om ikkje har eg lagt ut enda fleire bilete. Men i kveld vart det ein lengre tur i frisk vind. Og den gjorde også godt.

Riktig godt.

 

Min grøne

 

I min grøne ungdom, medan syttitalen var rimeleg blankpussa, var åra noko eg ikkje visste om.

 

 

Eg hadde frykteleg lyst til å væra strålande vakker.

– I min grøne ungdom.

Men avstanden frå den eg såg meg som og ynskje, var ALT for stor. Eg var sikker på at alle syntest eg var stygg. Den tanken hadde fanga meg.

 

Her om dagen opna eg eit gamalt fotoalbum.

Eg hadde leika meg med bilete eg hadde teke i fotoautomatar. Eg var rundt ein 15-16 år.

 

Finnest det fotoautomatar i dag?

Sikkert ikkje.

 

Det eg huskar var at folk trudde desse ansikta var mange personar.

Det var artig.

Akkurat det syntest eg, i all begredelegheita om at eg ikkje hadde eit utsjåande som vekte stor åtgaum.

 

I dag skjønar eg at eg hadde eit heilt normal utsjåande som hos ein vanleg ungdom, men med alt for usikkert indre.

Det var ikkje heilt godt å bo inne i denne ungdomen, som syntest det var utåleleg og møte sitt eige spegelbilete.

 

Når eg vart mor mange år seinare, vart ein av dei viktigaste oppgåvene å gjera ungane trygge på seg sjølve. Trygge på dei menneska dei var.

 

Enda mange år seinare, da mi yngste var like gamal som eg var på desse bileta, var det ein lærar som hadde sagt at inga jente i den alderen var fornøgd med seg sjølv. Da hadde mi yngste protestert, at det stemte ikkje. Ho var fornøgd med kven ho var.

 

Dei orda var eg svært fornøgd med å høyra.

 

Attende til kvardagen

 

Så har denne påska fossa gjennom dagane. Minna og nokre bilete er att.

 

Og mat. Alltid er det mat att. Men no må eg attende til striskjorta og havrelefsa, eg må få ned magamålet.

 

I dag reiste jentene. Eg køyrde dei. På vegen attende stoppa eg og tok bilete av fjorden eg bor ved.

Mellomste ville spandera sjokolade på oss på Kafe koselig på Øra, før bussen gjekk.

Og det var så klart koseleg. Vi har alltid meir å snakka om. Det er alltid noko vi må tenkje over.

Før vi for, var det likestilling som vart drøfta. Kva er eigentleg det……er det at damer skal verta som menn…? Eller skal dei få lov til å ha dei eigenskapane som er naturleg…...dei føder, blør og føler kanskje meir, er meir sårbare. Ikkje alle, men mange. I dag som fødande skal ut same dagen dei har født. For det er økonomisk. Samtidig som dei skal kle seg i forsvarets klede i likestillingens namn.

 

I går hadde vi gjestar og lammelår. Eg valgte også forrett; blomkålsuppe. Desserten var appelsinris. Tida gjekk fort, eg både køyrde og henta foreldra mine. Og så var den dagen over.

Yngste i samme bukse som meg som16 åring.

 

Påskeaftan vart nokså kjasande. Plutseleg var dagen kome for langt, eg skulle handla, hente jentene og eg la også inn ei vitjing for å snakka om noko med nokon. Det vil eg gjerne vil fortelja om seinare, eit tv-program og ein reality serie. Og nei, eg skal verken væra med på jakta på kjærleiken eller noko slikt, det handlar ikkje om meg.

 

Jentene kom, vi skulle grilla ute. Det viste seg eg hadde kjøpt lite mat – men vi vart mette. Eg heldt på å setja fyr på meg sjølv. Da eg skulle skyve litt på panna, den er på hjul, falt det eine beinet saman og bålpanna vart hengande i berre to kjettingar medan det brann lystig.

Eg tok å løfta opp kjettingen, medan flammande sto høgt. Det slo meg at dette kanskje kunne væra ei aning farleg, så eg måtte tilkalla dei inne. Vurderte om eg skulle ropa hjelp…., men fann ut det vart for dramatisk. Så eg ropa namnet på den eine jenta og fekk hjelp med å setja på plass beinet og dermed henga kjettingen på plass.

Det viste seg at håret mitt var brent, augebryna og vippene.

Men vi fekk grilla, men kjærasten til midtarste hadde uttalt at han syntes det var mykje arbeid for ei pølse.

 

Bra påska er  over, slik at det ikkje rekk å skje fleire ulykker. I gårkveld fann eg ut at fallet torsdag nok likevel gjekk utover eit ribbein. Det grør, men må finna ut når eg kan gå i gang med hardare trening. Virke som eg ikkje får lov til å gå i gong med treninga mi. Vore eit eller anna sidan jula, mest det eine.

 

Så slik humpar og går tida i lange byks. Eg trur eg må attende til å setje opp timeplan, om eg skal ha sjanse til å lykkast med det eg har sett på programmet framover.

 

Men det er artig også.