Ein god tanke

Eg sit her i kvelden. Straks før eg legg meg. Sliten og glad for at dagen kom i mål.

 

Men litt for travelt. Litt for streng timeplan. Det er det no. Likevel ser eg at eg greier litt meir. -Enn før.

Dagen i dag vart for lang. Men fekk sendt i frå meg alt av dokument som eg skulle.

I går hadde eg ein vakker dag ute i havgapet. Ønska meg ein sykkel og eit fotoapparat og haugar av tid. For det eg køyrde i gjennom var så vakkert.

I morgon er det sjukehus og røntgen og ungetreff og søstertreff. To av ungane vert med heim, kanskje den tredje også. Helga vert kortare enn den brukar, og neste veke fortset med timeplan som er for streng.

Men neste fredag, neste fredag har eg ingenting på timeplana.

Og det er ein god tanke.

 

 

10 kommentarer

Siste innlegg