piiP

Så sit eg her. Vil blogga. For det er ei stund sidan. Sidan eg skreiv eit innlegg.

 

For alt er ved det same og alt er ansleis.

Slik er det alltid.

No er eg trøyt. Dagen har vore lang. Eg har vore i Trondheim. Nokon har reist høgt opp i det blå.

Medan eg sto igjen. I sol ein kald oktoberdag som likevel hadde plussgrader.

Etterpå henta eg yngste på Dragvoll. Vi fann ein stad og eta.

Vegetabilsk.

Så dro vi innom midterste, ho var på arbeid.

Og så reiste eg heim, men var framom eldstemann. Vi snakka om jula. Den blir nok som den har vore dei siste åra.

Det er godt og væra heime til tross for at det er kaldt, stille og tomt. Men det er akkurat no i kveld. Og no skal eg sova meg kvil til arbeidsdagen i morgon. Da skal eg gjera så mykje.

Tenkjer eg.

Og så vil eg tru eg kan få orden på at eg om dagen ser rødt…altså utanfrå. Eg går i rundt med eit raudt auge, og er litt lei av det.

Men alt ordner seg. Slik er det. Og aller først ei natt med søvn for å rydda bort denne dagen. I morgon kjem ein ny, og etter det enno ein.

 

 

 

Blad, blomster og krusedullar

Opp frå der eg parkerte bilen tok eg bilete. Eg hadde lyst til å knipsa i det uendelege.

 

Ein litt tung dag er snart oppbruka. Og det er like greitt.

Men den vesle stubben frå der eg parkerer bilen og til inngongsdøra kunne fortsatt i det uendelege. I dag trong eg omsorg. Det og kan ta bilete kan hjelpe. Å sjå kor mange krusedullar som finnest.

Der ute i naturen. Strek og linjer.

Avblomstra. Livet er ein aning avblomstra i dag.

I skyggeland. Haust og alderdom. 

Men formene er fine.

Og inn i mellom- og attom, finnest det.

Lyspunkta.

Eg ynskjer meg berre ei snill verd. I dag har den hatt ein litt høg pris. Og eg har for låg pris.

Men godt å kunne ta bilete. Høyre musikk og være inne i si eiga verd. For det er greit å trøsta seg sjølv nokre gong. Når verda er ein aning for tung og ein kjenner seg sår.

Med musikk, blomster og krusedullar.

Og i morgon er ein ny dag!

 

 

Ein måndagskveld framom varmen

For kaldt er det i kveld. Berre tre gradar. Godt å sitte framom omnen og legga ut bileta frå dagen.

 

Dette var siste fridagen, av fleire etter kvarandre.

Sola kom også fram etter regnet. Så det å koma seg ut i den friske lufta var godt. Den friske lufta på fjellet.

Vi ville finna fotomotiv.

No har eg berre mobilen, men ei viss glede kan også det gje. Fargane held på å forsvinne. Sola forsvann også attom dis. Men motiva fann vi.

Heile tida.

Og eg måtte ta bilete av mitt yndlingmotiv.

Enno er elva isfri. Og nokre lauvblad heng fortsatt på trea.

Men det startar å verta nakent.

Godt var det å koma heim, få mat og varme i kroppen.

I morgon er det arbeidsdag, lang med mange møter. Så no må eg finna natta. Og i tillegg må eg fasta for ein unevneleg time på sjukehuset. Noko eg trudde eg skulle få sleppe med da eg var til same time i fjor. Men når det først er slik, så er det så klart bra ein vert følgd opp.

Men først natt og så arbeidsdag.

Ynskjer god natt og fin tirsdag<3.

 

Varme vindar

Ein vakker, fri, fredag har runda himmelhvelvingen. Det er kveld og snart natt og alt er godt.

 

Temperaturar opp mot 20 grader og mjuke vindar i solglitter. Sjøl om sola er sid, er den enno der. Enno nokre dagar og veker.

Dei varme vindane som strauk gjennom dagen tørka kleda fort.  

Handdukane blafra mellom trestammane. Og høgt i det blå svinga ein ørn seg. Runde på runde.

Og medan gjekk dagen. Med solhelsing, tekopper i solveggen, samtalar og planlegging av helga.

Og alt ein ikkje rakk får ein rekka ein annan gong.

På handletur møtte vi eldstemann og yngsteberta som kom med bussen. Etter middag vart yngste køyrd til vennefest, eldstemannen, kjæresten og eg er datanerder over i natta. Med tekoppar, headsett og fokus på det vi kvar er oppteke av. For etter mykje prat kan også det være godt. Før natta tek oss.

 

Når dagen og natta leiest

For dagane flyt gjennom tilværet som ein gyllen straum. I haustskrud. Dei flyt og hastar forbi.

Desse evindelege dagane, som står opp og legg seg. Og med alt dei har innanfor ramene sine. Eg lever med dei. Med alt mitt. No har eg nokre fridagar. Der hausten er på det vakraste med milde og gode temperaturar. I gårkveld var det ein gåtur før mørke tok over. Her er nokre bilete.

Idag, på tur heim, vart det stopp for nye bilet. Akkurat da sola gjekk ned og fargela verda.

 

Ein nyt slikt. Det vil vera noko å leva på når vinteren har teke over. Og så passa det godt med denne skya som ein avslutning før ei ny natt.