Tarmar, ferie og langt gras

 

Sola skein på oss i dag. Varmt i sola med knallblå nordavindsjø. Likevel leika solglitre på båretoppane.

 

I kveld sit eg her med raudt ansikt og andre raude område på kroppen. Ikkje visste eg at sola tok så godt den stunda eg sat ute på terrassen og ikkje sola meg.

 

Eg har hatt nokre travle dagar med å gjera i stand til sommaropning på museet. I tillegg startar eg med ferie, så det var nokså mykje koordinering føråt for å få dette til. Berre ei veke ferie i denne omgong, resten tek eg seinare.

 

Da ferien starta var eg rimeleg ute av fokus.

 

Fokuset er ein gjengongar. Eller manko av det.

Eg fortalte om den delte plenklipparen. Men graset er for langt til å bruka ei slik innretning.

Likevel, kva er det eg ikkje har……

I går vart det innkjøpt riktig blanding av olje og bensin, for eg trudde kanskje det kunne være litt lite igjen. Eg måtte så klart ta i bruk kantkipparen.

Akkurat ja, men kvar var denne kantklipparen…..?

 

Her har det vore leiteaksjonar, opp til fleire gong på dei same områda.

Og når bruka eg den sist?

Var det i fjor eller året før?

 

Skal ikkje seia meir om å ha fokus, men eg har nok alt for mykje plass og alt for dårleg husk.

 

Så her sit eg og drikk……

 

Nei, nei, eg har ikkje slått meg på flaska.

Så ille er det likevel ikkje.

Men eg skal drikka nokså mange liter blank veske i dei næraste timane no. Eg kunne drikka te, kaffi, buljong, mineralvatn og vatn, men det sto ikkje noko om at det kunne være alkohol i dei blanke veskene eg måtte få i meg.

I morgon skal eg få eit heilt “filmteam” på vitjing i unevelege delar.

 

Noko må ein vel finna på i ferien.

 

Så dei neste timane må eg være i nærleiken av toalett. Noko som vil verta utfordrande fordi eg ikkje har innlagt slikt i bilen min, men ein skal ikkje problematisere.

Og så tenkjer eg på i morgonkveld, viss på at eg overlever. Da kan eg atter eta normalt og så kan eg kryssa av på lista av kva som ikkje feilar meg.

 

Eigentleg vonar eg dei finn ein liten slange, slik som på bilen da den starta å få problem i motbakkane, som berre måtte festast og så gjekk bilen som eit olja lyn.

Når den vesle slangen er festa slår fokuset til, eg kan spretta og hoppe som ei kvige om våren og eg blir tynn som ein sytråd.

Det blir noko det!

 

 

 

10 kommentarer

Siste innlegg