Min kamp med småtrolla

 

Eg har ein lurande bjørn attom meg. Eg har eit troll som fiksar og miksar. Eg har nokre smådjevlar attom øyra. Til saman vert det ein gjeng småtroll.

Likevel greier eg meg. På ein måte. Likevel kan nok fortvilinga herje i meg når eg ser kva denne gjengen kan stella i stand. For dei lagar rot. Saman med retteprogram har eg erfart dei har rota så ettertrykkeleg og ille til at det faktisk har bikka over i humor. Ja, rett ut gapskratt. Når det vart ståande i ei årsmelding at eit spesifikt område skulle seksualiserast i staden for spesialiserast, da fekk latteren føter å gå på, for og seia det slik. Og eg fann ut at det var likare å le enn og gråta.


Når eg skriv noko, så kosar eg meg. Eg trallar og trivest. Har det beint ut supert. Heilt til eg les i gjennom det eg har produsert. For da har dette trollpakket snudd om på preposisjonane så det er ei floke og rydda opp i; med-, på-, til-, er liksom sett finurlig feil inn, så eg blir sittande og smaka etter kva som er riktig, for eg ser med augo mine at dette er feil. Likevel er det ikkje alltid like enkelt og føla kva ein som er den korrekte og bruka.


 Det neste dei gjær er å snu om på orda, slik at dei vert bakvende på ein måte. Orda må snuast på.


Det siste og mest irriterande dei gjer er å plukke ut bokstavar. Og det er ikkje så enkelt og oppdaga når eg les gjennom teksten. For hjernen er eit hjelpsamt organ, den tolkar og fortolkar om ein bokstav ikkje er med…….eller står feil. Eller…..så er det dette trollpakket som er ute no og. Eg trur mest på det siste.


Når data’n blir slege av, og i ly av mørkets mumlande mørke listar dei seg inn, snik seg langstrekt gjennom leidningar. Leiter til dei finn akkurat mine skrivne ord. Da set dei i gong med ein utspekulert aktivitet, dei plukkar bokstavar. Ikkje så mange, berre nokre få. Dei morer seg stor med og forandra d til g i med…vips….så står det meg. Da kniser dei skadefro og snirklar seg ut att gjennom leidningsnettet. Slik kan dei helda på over lang tid. Så når eg tek fram att ting eg har skreve finn eg alltid nye feil.


Er det rart eg vert temmeleg oppgjeve. Men dei stoppar meg ikkje, for eg synest orda som kan settast saman til så mykje er for artig. Så derfor må eg fortsette min slitsame kamp mot desse små lattermilde nurka.


For orda er for meg som fargane i eit bilete. Dei lagar kontrastar, komposisjonar, rytme – bokstavane er som paletten, fargerik. Så slik held vi på, småtrolla og eg. Og slik held vi kvarandre i aktivitet.

8 kommentarer
    1. Dette kjenner eg til, her er det og slike troll som listar seg inn og driv på med å putte bokstavar inn der det ikkje passar seg. Det er i allefall ikkje eg som f.ekspl skriv tre k i ikkje, slik at det blir ikkkje. Dette hender støtt. Min humoristiske sans strekk ikkje til i slike høve, der er me to ulike.

    2. Oldemorbloggen: Du gjær og det ja :). Dei er håplause. Må berre seia at for oftast ler eg ikkje eg heller……men det var den der eine gongen det vart så heilt frykteleg, riv gale…..:)

    3. Gjenkjennelse!! Jeg har f.eks skrevet e-post til “Satans lånekasse for utdanning”. (Jeg leser alltid i gjennom før jeg sender.) Du beskriver fenomenet veldig godt – og med en herlig undertone av humor! Liker også godt bildekomposisjonene dine!

    4. Hi hi, så de små trollene er hos deg også 😉 Det er greit når man skriver på pc for da kommer jo den røde streken, men jeg taster mye på mobil. Der blir det mange stygge skrive leifer helt uten små trollene også.
      Jeg lo godt når jeg leste din skrive leif som små trollene hadde ordna med ordet spesialiserast 😀
      Ha en riktig så god helg 🙂

    5. fruensvilje: De kunne godt holdt seg langt unna både pc og mobil mener nå jeg. Så for en stund siden en samling av sendte meldinger på mobil der retteleifen hadde vært ute. Men fornøyelig var resultatet :).

    6. karidansen: Ha,ha, fikk du kommentert den e-posten? Det hjelper ikke alltid å lese i gjennom, for øynene er faktisk det stedet en først blir blind på ;)))

      Ellers takk for fin tilbakemelding :)..

    7. Du har dem du også ;). Ja, det kan bli mye rart.

      Den feilen der for noen år siden tok liksom helt av…..det vistes den gangen hvem som hadde lest sakspapira sine og hvem som ikke hadde, for det ble en del humring på de som hadde lest…..

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg