Dagar som går og går og går

 

Eg veit ikkje att og fram på tida. Den er eit utydeleg begreip. Det einaste er at den går.

 

Det er lenge sidan eg har sitte her med data’n i fanget. For tida går så forskrekkeleg. Eg skjønar det. Vi er snart midt i mars.

I dag er det nydeleg både ute og inne. Ute skin sola. Inne er det ryddig med blomster på.

Det er laurdag og eg unner meg latskap.

Og ein kopp med kaffi.

Eg veit ikkje heilt kva som opptek tida mi. Men noko har eg tenkt å lage blogginnlegg om.

For noko må eg gjera på, utan at eg her kan framheva noko spesielt.

Eg kan heller greie å skriva om alt eg ikkje gjer, men det er så frykteleg kjedeleg at eg let det bli.

Men noko eg har gjort lite i det siste er å skrive…..for orda har kanskje ikkje så lyst til å lufte seg som tidlegare.

Men slikt kan plutselg gå over.

Og eigentleg trur eg det er pc’n si skuld……for den er ein tolmodsprøve å skriva på. For den kan fort kome  til å dra samen alle orda, samtidig som den hoppar over bokstavar. Slik som s for eksempel. Så må eg gå over heile teksten, dele opp og setje inn.

Det øydelegg for skriveglede.

Derfor-, den dagen eg blir akutt rik går eg rett i veg å kjøper meg ein ny pc……eler kanskje ein mac…….

Men av og til tek eg på dette…..og i dag er sinn og vær så vakkert at eg har tolmodet.

Vakker laurdag til akkurat deg som les.

 

8 kommentarer
    1. Synes det er veldig greit det går litt fort nå, til snøen går, så kan vi godt ta litt roligere tempo igjen 🙂 Ha en nydelig kveld <3

    2. Pc’ar som ikkje samarbeider er frustrerande, ein kan miste blogglysta av mindre. Å skaffe seg ein ny, er litt av ei investering, det er sikkert og visst. Den nye min er eg særs fornøgd med, med både touch og vanleg tasting, og så menn kan den gjerast om til nettbrett og.

    3. Så koselig med et sånt blogginnlegg. Litt undrende, litt fundrerende men samtidig optimistisk. Nei, gamle datamaskiner er ikke gøy. Da jeg byttet min sist,så virket ikke flere bokstaver. Men neste gang tror jeg at jeg skal satse på en mac, for den ser så fin ut. Ha en herlig kveld, og kos deg 🙂 Snart vår!

    4. natheless: Veit du, det verste er at denne maskina ikke er så gammel…tror den er tre år. Du kan tenke deg mac du også ja.

      Herlig den tida vi har foran, i dag regner det her….hjelper nok på all denne snøen. Riktig fin søndagskveld til deg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg