Søndag i juli

På tampen av ei helg med ei heil, ny veke framom. Likevel er veka mest alt oppbruka. Slik er det. Men om denne veka vert travel, så er det like før ferien min snart…….

Første ordentlege pust i bakken denne dagen. Nettopp heime frå og køyrd mellomste til bussen. Ho kjem att allereie onsdag. Begge jentene var med meg i dag tidleg til vaffelsteiking på historiske område. I denne regnfulle og grå dagen rekna eg besøket likt null. Men så kom den eine etter den andre, så dei fire timane gjekk fort.

Eg rakk akkurat å laga ei supe av nykål, gulrot og løk da eg kom heim. Hadde også i pølser og blåskimmer ost og litt krydder. Det vart faktisk ein svært god smak av blandinga.

I morgon skal eg veg igjen på slikt ein må. Yngste har ein sommarjobb ho skal innom. Eg håper eg er opplagt til å dra opp på setra når eg kjem heim. Den må vaskast. På tysdag tenker vi oss dit for overnatting, og dagen etter er det ein slik seterdag med sal av rømmegraut og vaflar. Så da vil det nok verta ein arbeidskrevjande dag, om den ikkje regnar vekk. Ikkje dei beste varsla.

Torsdag er det nokre timar i bøkene si verd att. Etterpå har eg tenkt å ha gjester og må ha det meste klart til eg kjem heim.

Men no skal eg ikkje masa meir om veka mi. Den kjem, og den går……..og neste søndagskvelden skal eg senka skuldrene og kruse roleg gjennom siste veka fram mot ferie. Det er plana.

Og veka som har gått har vore hastig………og eg hugsar mest ikkje korleis, men fredag var det endeleg sol. Og det var fint å sjå ut. For da sat eg inne og såg ut på finvêret. Da var ein nabo og slektning ført til det som blir kalla den siste reise, men eit så stort oppbod av folk at ingen har sett maken. Han var ein triveleg mann.

Så slik kan eg sjå både attover og framover i tid ein søndag i juli.

8 kommentarer
    1. Her ser eg at vekene går på kvardagsleg vis hos deg. Ein får syngja “Sol. ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinnet”. Her får me halda på sol i sinnet, elles kjem me til å gå i frø. Bildet ditt viste akkurat slik stoda er denne sommaren. Me kan jo alltid kosa oss med innesysler, som lesisng og handarbeid og håpa på ein fin haust.

    2. Oj du har det travelt du 🙂 Men godt å ha ferien å se frem mot 🙂 Solen er en sjelden gjest her også. Eller dvs. den har vært innom, men uten at det har vært noe varme å hente. Denne uken her begynner Gladmatfestivalen i Stavanger, og jeg har tenkt å vie noen timer der, å smake meg rundt på all den gode maten, i folkehavet. Håper solen kommer på besøk da i alle fall 🙂
      Ha en fin uke, og pass på å puste litt innimellom 🙂
      Klem <3

    3. Oldemorbloggen: Nokre sommarar må nok verta verre fordi andre skal bli betre…… :). Og det er alltid noko å finna på, uasett vêr :).

    4. Eva: Den uka her er nok skikkelig slik traveluke for meg…..men SÅ er det straks ferie.
      Gladmatfestivalen var da en skikkelig optimistisk tittel på en festival, både til å bli glad i og for den som er glad i mat :))). Får absolutt håpe dere er heldige med været.
      Riktig fin uke til deg også….skal snart puste inn fjelluft her :))).
      Klem:)

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg